14.09.2016 Views

Unikum 3 – 2002 (september)

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Wenneslandsamlinga

– heart beat for the art beat

Har du lagt merke til den

spesielle kunsten som

heng på Kampus

Gimlemoen?

HiA og Kristiansand Katedralskole

har tilsaman den største samlinga av

Beat-kunst i verda. Dette er samlinga

som kunne ha vore San Fransiscos

største turistmagnet, men som dei ikkje

ville ha – før det var for seint!

Legen Reidar Wennesland (1908 –

1985) vart født i Kristiansand, men

levde storparten av livet sitt i San

Fransisco. Han vart kunstinteressert

alt i gymnastida, og då han slo seg

ned i San Fransisco i 1947, kom han i

kontakt med kunstmiljøet i byen, beatnikarane.

San Francisco var arnestad for

beat-rørsla før hippiane sette preg på

byen. Beat-diktarane og biletkunstnarane

var dei første som tok til orde

mot materialismen og åndsfattigdommen

i USA i etterkrigsåra. Dei protesterte

mot kappvæpninga, atomprøvesprengingene,

hykleri i det amerikanske

samfunnet og senator Mc

Carthys hekseprosessar mot kommunistane.

Klengenamnet beatnik fekk

dei av journalisten Herb Caen då

Sovjet skaut opp den første satellitten,

Sputnik.

Søppel i kunst

Mange av beat-kunstnarane levde

eit hardt liv med ulike stimulansar og

mange døydde unge. Dei var fattige

og hadde i mange tilfelle ikkje råd til å

kjøpe fargar og anna materiell, men

dei eksperimenterte friskt: raska med

seg papir som skulle makulerast frå

trykkeria i byen, brukte skrot og søppel

i arbeida sine og vatna ut målinga.

Dei fattige beat-kunstnarane var

pasientar hos doktor Reidar

Wennesland, og nokre av dei fattige

kunstnarane budde hos han i periodar.

Wennesland tok gjerne imot

kunst som betaling, både for medisinsk

hjelp o som husleige. Dessutan

kjøpte han det han lika, og det hauga

seg opp med kunst som det var lite interesse

for i samtida.

Stor gåve

På 1970-talet gav Wennesland bort

store delar av samlinga si til Agder

Distrikshøgskole (no HiA) og

Kristiansand Katedralskole. Tilbodet

gjekk visstnok først til San Fransico

by, som ikkje var interesserte, truleg

fordi dei såg på samlinga som verdilaus.

Det blir sagt at Reidar

Wennesland heller ville ha

samlinga si på skuleveggar

der ungdom kunne få sjå ho,

enn at kunsten støva ned på

galleri.

Fleire i San Fransisco har sagt at

om byen hadde teke imot det dei i si

tid såg på som verdilaus kunst, hadde

Wennesland-samlinga truleg vore ein

av dei største turist-attraksjonane i

byen. No kan dei berre angre...

Mykje å sjå

HIA sin del av samlinga er plassert

rundt om på Kampus Gimlemoen.

Kunsten, som er bilete og skulpturar,

er absolutt verdt ein kikk! Skulle behovet

for å gjere noko anna enn å sitja

på lesesalen bli stort (eller berre litt

stort, kanskje?), anbefaler Unikum ei

lita runde for å sjå samlinga som vekkjer

glede, undring og kanskje litt sinne

i nokon og einkvar!

Tekst: Signhild Stave Samuelsen • Foto: Anders Bastøe

Vil du lesa meir om samlinga?

Sjekk ut

www.wenneslandsamlingen.com/

www.dagogtid.no/arkiv/1998/17/bo

km2

www.dagsavisen.no/kultur/kunst/20

02/06/662926.shtml

September 2002

Unikum

7

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!