04.12.2012 Views

gemini på pdf - NTNU

gemini på pdf - NTNU

gemini på pdf - NTNU

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

DET SISTE ORDET ■

Sjukleg presisjonsnivå

Det var eigentleg berre ein helt uskuldig fiskemiddag.

Laks, for å vera presis. Steikt. Lagt på ei seng

av risotto med squash og gul paprika. Med sautert

spinat som eit lite laken mellom den italienske rissenga

(som strengt tatt var laga av Ming grautris,

som er nett like god til risotto som den som heiter risottoris)

og den steikte fisken. Ein merkeleg (truleg

misslykka) soyasaus høyrer også med til historia.

Kokken var eg. Etarane var mor mi som eg kallar Mottro,

og kjærasten min som heiter Elena og er svensk.

Halvvegs uti fisken på rissenga (begge deler gjort

stor ære på av det vesle selskapet, berre så det er

sagt) kom samtalen inn på svineinfluensa og andre

sjukdommar. Særleg andre sjukdommar. Og i motsetnad

til innleiinga på denne teksten blir detaljnivået

heretter så stakkarsleg at det er ei skam for

all norsk sjukdomsopplysing, all historieformidling.

Ja, all opplysing og utdanning generelt. Men eg stiller

samtalen vår ut til skrekk og åtvaring. Men også

som ei tragisk påminning om informasjonssamfunnets

paradoks. Di meir informasjon, di mindre

kunnskap. Di fleire sjukdomar me veit om, di mindre

veit me om dei.

Det einaste beroligande med denne samtala er at

den syner at dei gamle framleis er eldst. Men berre

så vidt.

Slik gjekk ho:

– Kva var spanskesjuka, då? spurte eg Mottro, og

greip etter vinglaset.

– Trur det også var ein slags influensa, angreip

helst unge folk, men tok vel også heile familiar, svara

ho. – Då eg vaks opp, var det alltid snakk om at den

og den døydde i spanskesjuka.

– Men du er ikkje sikker på at det var influensa?

– Jo…nei.

– Men den kom frå Spania?

– Ja, det måtte den vel, den heiter jo spanskesjuka.

– Vad är engelska sjukan, då? spurte Elena.

– Og kjem den frå England den, då? spurte eg.

– Engelsksjuka er no ikkje influensa. Det er jo ein

mangelsjukdom, svara Mottro.

– Er det det som er skjørbuk? spurte eg.

– Ja, det er det vel kanskje det.

– Sånn som ein får til sjøs, fordi ein ikkje har appelsinar?

– Dom säger att skörbjugg är på väg tillbaka, för att

dom unga inte äter tillräckligt med frukt, sa Elena.

– På veg tilbake? Frå England?

– Tullebukk, Linda. Skjørbuk har vel ingenting

med England å gjera, sa Mottro bestemt.

– Har den vel, om den heiter engelsksjuka?

Engelskmenn er jo ikkje akkurat kjende for sitrusinntaket

sitt, så det kan vel stemma.

– Hade ni något som dom kallade för asiensjukan?

spurte Elena.

– Asiasjuka, ja. Den hugsar eg altså, svarte Mottro.

– Trur kanskje det var på syttitalet, eller var det på

sekstitalet? Nei, vent, kanskje på åttitalet. I alle fall

var det veldig mykje snakka om asiasjuka, men eg

vart aldri sjuk.

– Så den kom hit. Du hugsar berre ikkje i kva tiår?

– Jadå den kom, i massevis.

– Men du, sånn skjørbuk, var det ikkje det du sa

me ville få om me ikkje åt fisk?

– Nei, det var struma.

– Struma? Er ikkje det sånn som du får utstikkande

fiskeauge av?

– Jo, og det er arveleg.

– Så dersom den går i arv, hjelper det ikkje med

fisk?

– Det veit eg ikkje, kanskje du kan utsetja den med

fisk.

– Men säg mig, sa Elena, – digerdöden, var det också

en influensa då?

– Digerdøden?

– Ja, ni kallar den vel svartedøden.

– Men herregud, sa Mottro, – svartedauden var jo

ein byllepest! Kan de ingenting!

– Eg veit berre at den kom med båt til Bergen i

1349 og at den einaste som overlevde, var Jostedalsrypa.

– Ja, ho var seig, sa Mottro.

– Så då stammar alla ni norrmän från denna rypan,

då?

– Nei, no må me ha meir vin, sa Mottro og så gjekk

praten naturleg over på noko anna. Truleg veret.

«Di meir informasjon,

di mindre kunnskap.

Di fleire sjukdomar

me veit om, di mindre

veit me om dei.»

LINDA EIDE (39)

Radiostemme og tv-forteljar.

Skribent og spaltist. Syklist og

nyttespringar. Sist sett over det

meste av landet i tv-serien

«Norsk attraksjon» på NRK1.

gemini • nr. 4 • desember 2009 47

Foto: Stine Eide

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!