KJEnT MEd SJuKEHuSET - Helse Førde

KJEnT MEd SJuKEHuSET - Helse Førde KJEnT MEd SJuKEHuSET - Helse Førde

helse.forde.no
from helse.forde.no More from this publisher

NORDFJORDSJUKEHUSVI SKALFREMJE HELSEOG LIVS-KVALITETBli nærarekjent med sjukehuset


Eit sjukehus fylt med helsetenesterNORDFJORD SJUKEHUSFrå A til ÅInngang ambulanseResepsjonsluke legevaktHovudinngangVentearealResepsjonPlan 2Medisinsk avdeling •God start •Plan 1Røntgen / MR •Fysioterapeut / ergoterapeut / Lærings- og meistringssenteret •Skadepoliklinikk •Røntgen •Legevakt •Dialyse •Infusjonspoliklinikk •Ambulanse •Poliklinikk •Laboratorium •AAmbulanseområdet i Nordfjord tel totalt åtte ambulansebilar,to av dei er på Eid ambulansestasjon. Møtnokre av ambulansearbeidarane på side 16 og 17.BBlodbanken er ein del av det døgnope og moderne utstyrtelaboratoriet ved Nordfjord sjukehus. Her tapparein blod frå blodgjevarar og gjer det klart til bruk for dei somtreng det. Andre oppgåver ved laboratoriet er analysering avblodprøver og andre kroppsvæsker. Laboratoriet utfører ògoppgåver for primærhelsetenesta.CCytostatica er eit medikament som blir nytta i kreftbehandling.Infusjonspoliklinikken ved Nordfjord sjukehusgjev kreftbehandling med ulike typar cytostatika. Det er eitkjærkome tilbod for mange pasientar, som slepp å reise lengreenn nødvendig. Meir om det på side 13.DDialyse er ein metode for å fjerne avfallsstoff frå blodetnår nyrene ikkje greier det. Ved Nordfjord sjukehus ertalet på dialysemaskinar auka frå tre til sju. Det betyr kortarereiseveg for dei stadig fleire dialysepasientane. Meir omdialysetilbodet på side 8.EEldre med samansette fysiske lidingar utgjer ei storgruppe pasientar. På side 18 og 19 kan du lese om deneldremedisinske poliklinikken som snart startar opp.FFem Nordfjord-kommunar, Vågsøy, Selje, Stryn, Hornindalog Eid, samarbeider om legevakttelefonen. Telefonsentralenligg på Nordfjord sjukehus og er døgnopen.GGudmundsson er etternamnet til kjøkkensjefen påNordfjord sjukehus. Islendingen, med Runar til førenamn,har bakgrunn frå hotellbransjen, noko som kjem bådepasientar og tilsette til gode. Gudmundsson har med seg tokokkar og fem assistentar på kjøkkenet.HHjarterehabiliteringstilbod for pasientar i heile Sogn ogFjordane startar opp hausten 2013 på Nordfjord sjukehus.Meir om det på side 23.IIndremedisin omfattar sjukdomar i indre organ som kanbehandlast utan operative inngrep. På Nordfjord sjukehuser det – som du kan lese meir om på side 6 til 9 – ein spesialisertindremedisinsk sengepost i tillegg til dagbehandlingog poliklinikk for ulike fagområde.JJordmødrer og barnepleiarar syter for å gje mor og nyføddein god start. Les meir om barseltilbodet, følgjetenestaog svangerskapskontrollar på side på 14.KKlinisk sosionom, psykolog, barnepsykiater, barnevernspedagog, familieterapeut, klinisk pedagog og miljøterapeut– alle desse yrkesgruppene kan du møte på NordfjordBUP (barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk). BUPhjelper barn og ungdom under 18 år og familiane deira medtil dømes rådgjeving og behandling ved psykiske vanskar ogvanskar knytte til læring og åtferd.LLaila Haugland er leiar for medisinsk seksjon på Nordfjordsjukehus. Ho er òg den lokale koordinatoren påsjukehuset og den stadlege representanten for administrerandedirektør i <strong>Helse</strong> Førde.MMAT-TEAM er kortnamnet på det medisinskeakutt-temaet, som er i beredskap 24 timar i døgnetved Nordfjord sjukehus. Les meir om teamet på side 9.NNevrologiske sjukdommar er sjukdommar i nervesystemet,som MS, Parkinsons sjukdom, epilepsi ogskadar frå hjerneslag. På Nordfjord sjukehus er den nevrologiskepoliklinikken open og bemanna to dagar i månadenmed ein nevrolog frå Førde sentralsjukehus.OOrdet poliklinikk kjem du til å møte på ofte. På einpoliklinikk kan du som pasient bli undersøkt ogbehandla utan å vere innlagd, mens ein sengepost tek imotpasientar til døgnopphald og innlegging.PPediatri handlar om barnesjukedommar, og legen somer spesialist i det, blir kalla barnelege. Éin dag i vekakjem ein barnelege frå Førde sentralsjukehus til Nordfjordsjukehus.QQuadriceps er ei muskelgruppe med fire hovud somalle går til same sene. Fysioterapeuten ved Nordfjordsjukehus behandlar og førebygg sjukdommar og skaderi musklar, sener, bein og ledd. På sjukehuset er det ogsåein ergoterapeut to dagar i veka. Ergoterapeuten ser påfunksjonsevna til dei som av ulike årsaker har vanskar med åutføre daglege gjeremål, og kjem til dømes med råd og anbefalingarom trening og tilrettelegging.RRevmatisme er ei fellesnemning for ulike sjukdommari ledd, musklar, senehinner og nervar. Nordfjord sjukehushar ein revmatologisk poliklinikk med diagnostikk ogkontrollar som er bemanna to dagar i månaden med revmatologfrå Førde sentralsjukehus.SSpesialisthelsetenester er det sjukehusa som haransvar for, medan kommunane har ansvar for detsom vert kalla primærhelsetenester. Ved Nordfjord sjukehusblir dei samla under same tak, og koplinga mellomdei to blir stadig sterkare, ikkje minst gjennom samhandlingsreforma.Meir om kommunane og samhandlingsreformapå side 24 og 25.TTverrfagleg spesialisert rusbehandling, også kalla Nordfjord-modellen,er eit tilbod for menneske med rusrelatertevanskar i Nordfjord. På side 18 og 19 kan du lesemeir om tilbodet, som er ein del av Nordfjord psykiatrisenter.UUtviklingsprosjektet sitt oppdrag har vore å utformeein modell for Nordfjord sjukehus som er framtidsretta,gjev eit trygt tilbod til befolkninga i Nordfjord-regionenog som skal ha overføringsverdi til andre lokalsjukehus.<strong>Helse</strong> Vest var prosjekteigar og leverte sluttrapporten i mars2013. Rapporten er no på høyring før endeleg handsamingtil hausten.1VVestlandsløftet er namnet på eitt av to store prosjekti <strong>Helse</strong> Vest-regionen som skal bidra til at den elektroniskeinformasjonen kjem fram i helse- og omsorgssektoren.Les meir om IKT-arbeidet med å samle éinsjuke-husjournal på side 27.WWarszawa er fødebyen til Agnes Matusiak. No harden polske overlegen flytta til Eid kommune for åjobbe på Nordfjord sjukehus. Møt henne på side 22.XX-rays heiter det på engelsk, det som blir kalla røntgenstrålerpå norsk. Ein radiolog er ein røntgenlege, ogved Nordfjord sjukehus er det to av dei. Røntgenavdelingaer open heile døgnet og har moderne utstyr som CT og MR.YYrkesgrupper det mange av på Nordfjord sjukehus, formange til å nemne alle her. Totalt er det i dag 251 tilsettepå Nordfjord sjukehus, inkludert Nordfjord psykiatrisenter,BUP og ambulansestasjonen.ZZooma inn er det vi har gjort på dei neste sidene. Dervil du sjå fleire nær- og augneblinksbilete og skildringarav personar, situasjonar og tilbod. Det blir likevel berreeit utsnitt. Mange tilbod og det store fleirtalet av tilsette erdet ikkje plass til å skrive om her. Felles for dei alle er at deibidreg til å gje pasientane i Nordfjord eit godt og trygt tilbod.ÆÆra for at Nordfjord sjukehus vart ein realitet i 1936,blir gjerne gitt William Henry Singer jr. Den amerikanskemangemillionæren busette seg i Olden i 1913. Han gavpengar til mange lokale tiltak, blant anna gav han pengegåvasom gjorde det mogeleg å byggje Nordfjord sjukehus.ØØyre-nase-hals-legen og den nye augelegen møternyoppussa lokale når dei kjem i drift i løpet avsommaren og hausten 2013. Øyre-nase-hals-legen skal vereder éin dag i veka. Augelegen blir der kvar dag, i tillegg til deito som allereie er der éin dag i veka.ÅÅret 2013 er lokalsjukehuset i Nordfjord meir ennnokon gong integrert som del av eit større faglegsystem, som samla skal ivareta dei ulike spesialisthelsetenestebehovatil befolkninga. Les meir om det viktige samspeletpå side 26 og 27.21. Nordfjord sjukehus2. Psykiatrisk poliklinikk3. Ambulant team4. Ruspost5. Nordfjord psykiatrisenter6. Barne- og ungdomspsyktiatri3Ansvarleg utgjevar:Ansvarleg redaktør:Redaksjonsgruppe i <strong>Helse</strong> Førde:<strong>Helse</strong> FørdeBernt Ove Flekke, <strong>Helse</strong> FørdeElin Brekke Grinde, Laila Haugland ogArnstein Ivesdal, Lena HavelandProdusert av Fantastiske Osberget, avd. Nordfjord:Prosjektleiar Geir Arne Solheim, designar Trygve Johan Solheim, journalist Magne JonnyKrumsvik og fotograf Øystein Torheim. 3D og illustrasjonar ved Fantastiske Osberget.www.osberget.no.Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk, FørdeUtgjevingsmånad: juni 20134562 3


«Framtidas lokalsjukehus» er eit nasjonalt pilotprosjekt,der ein ser med nye auge på arbeidsdelingog organisering av helsetenesterNordfjord sjukehus ser mot framtidaSjukehusvegen 14 på Nordfjordeidhusar det som kan bli ein modellfor andre lokalsjukehus i Noreg. Eitsjukehus for framtida.– Vi må sjå framover, seier Arnstein Ivesdalog løftar blikket mot bygningen han har framforseg. Han er prosjektleiar for nye og endrapolikliniske og desentrale tenester ved Nordfjordsjukehus. No står han utanfor sjukehusetsaman med Laila Haugland, leiar for medisinskseksjon på Nordfjord sjukehus.Den største prosessen, som sjukehuset nyleghar lagt bak seg, har medført endringar både fordei tilsette og sjukehuset. No har dei to merksemdapå det som skjer og skal skje.Og det er spennande dagar på jobb. Medan deistår der, blir det bokstavleg talt bygd eit sjukehusfor framtida innanfor veggene. Eit sjukehussom skal stå seg over tid, som gir rom forkvalitet og fagutvikling, og som skal ha det tilbodetav tenester folk flest oftast har behov for.– Eg trur Nordfjord sjukehus får eit tilbodsom er godt tilpassa folk i regionen, fortel LailaHaugland.Sette fart i utvikling«Framtidas sjukehus» er eit nasjonalt pilotprosjektfor utvikling av lokalsjukehus, der einser med nye auge på arbeidsdeling og organiseringav helsetenester. Prosjektet vart lagt til<strong>Helse</strong> Førde og Nordfjord sjukehus.– Med prosjektet følgde det midlar som gjordedet mogeleg å starte opp rustilbod, utgreie nyefaglege modellar, finansiere ombyggingar og utstyrog gi støtte til anna utviklingsarbeid, seierIvesdal.Det viktigaste for befolkninga i regionen erlikevel at prosjektet gav fart i utviklinga avNordfjord sjukehus, og at det sette samarbeid ogsamhandling i førarsetet. Ikkje minst har samhandlingmed representantar for kommunanegitt verdifull kunnskap inn i arbeidet med nyetenestetilbod.Nordfjord sjukehus si rolle som eit midtpunktmellom kommunehelsetenestene i Nordfjordpå den eine sida og Førde sentralsjukehus ogHaukeland universitetssjukehus på den andresida, vert no sett på som ein mogeleg nasjonalmodell for god organisering av helsetenestene.Grundige analysar ligg til grunnFor å sikre at tenestene ved Nordfjord sjukehustreff behova i befolkninga, har det vore gjort omfattandeanalysearbeid før omleggingane – påbakgrunn av befolkningsstorleik, alderssamansetjingog forbruk av spesialisthelsetenester.Analysane viser at det er medisinske tilstandar(ikkje kirurgiske) som står for størstedelenav behovet for sjukehusopphald (85 prosent avdei akuttinnlagde), og at storforbrukarane avspesialisthelsetenester hovudsakleg er eldrepasientar som har fleire sjukdommar, kroniskelidingar og behov for tenester frå fleire medisinskespesialitetar.– Vi veit også at talet på dei med psykiskelidingar aukar. Dette er pasientar som brukarsjukehustenester mykje, og det vil ha stor verdifor dei å ha tenestene i nærleiken av seg. Tilbodaved Nordfjord sjukehus dekkjer ein stor delav behova desse pasientane har for utgreiing,behandling og kontrollar, fortel Laila Haugland.Lokalsjukehuset er ein viktig tryggleiksfaktorfor innbyggjarane i Nordfjord, og sjukehusethar akuttfunksjonar i indremedisin og skadepoliklinikk.– Sjukehuset skal òg kunne stabilisere alvorlegsjuke og skadde pasientar før overføringa tilandre sjukehus, seier Haugland.Nordfjord sjukehus er lokalsjukehus for kommunaneStryn, Hornindal, Eid, Vågsøy, Selje, Gloppen ogdelar av Bremanger. Også delar av Vanylven på søreSunnmøre nyttar sjukehuset på Nordfjordeid.4 5


Medisinsk sengepostMed hjartet på rette stadenPå sengeposten behandlar og observerer dei pasientar 24 timar i døgnet.Eit stort fleirtal av pasientane vert lagde inn som strakshjelp. Det er eitpulserande miljø på posten, og sjeldan har vel uttrykket «med hjarte pårette staden» vore meir treffande enn her6 7


Blide sjukepleiarar påmedisinsk sengepostved NordfjordsjukehusNordfjord sjukehus nyttar spesialistar både påsengepost og poliklinikk, og legane kan gå til ogfrå desse einingane.18 senger– Vi har 15 vanlege indremedisinske senger ogtre overvakingssenger. Sengeposten har veldigbra bemanning med flinke fagfolk. Vi har bruktein del vikarar som spesialsjukepleiarar, men noer to nye intensivsjukepleiarar ferdig utdannaog på plass til sommaren. Det er alltid ein spesialsjukepleiararinnanfor anestesi eller intensivpå vakt ved sjukehuset, seier Laila Haugland,seksjonsleiar ved medisinsk seksjon.Gjennom utviklingsprosjektet har sjukehusetfått midlar til å styrkje kompetansen i medisinskseksjon. – Vi har mellom anna sjukepleiarari avdelinga som planlegg vidareutdanninginnanfor hjarte og diabetes. To kreftsjukepleiararhar teke kurs innanfor lindrande behandlingog underviser både pleiepersonale og legarpå sjukehuset og personale i kommunehelsetenesta,opplyser Haugland.Godt samarbeidHo fortel at etter omstillinga ved Nordfjordsjukehus er det mange erfarne tilsette med langansiennitet som er att, men sjukehuset har ògfått rekruttert ein del nye medarbeidarar.– Pasientane i Nordfjord skal vere trygge påat dei skal få den behandlinga dei treng, påavdelinga vår. Vi har eit nært og godt samarbeidmed Sentralsjukehuset i Førde. Pasientarsom treng annan type behandling, blir sendevidare til Førde eller til Haukeland universitetssjukehus,seier seksjonsleiaren vedmedisinsk seksjon.Nordfjord sjukehus på Nordfjordeidbehandlar såleis alvorleg sjuke pasientarbåde før og etter intensiv behandlingi Førde og Bergen.– Slik var det før, og slik er det framleis.Tilbodet på medisinsk sengepost harikkje blitt svekt, påpeikar Haugland.Indremedisinsk akuttberedskapNordfjord sjukehus har òg eit medisinsk akuttteam(MAT-TEAM), som er i beredskap 24 timari døgnet. Teamet består av medisinsk bakvakt,turnuskandidat, anestesilege, spesialsjukepleiarmedisin, vakthavande laboratorium,vakthavande radiograf (røntgen) og skadepoliklinikklege.– Dette teamet trør til ved akutte tilfelle påmedisinsk avdeling. Det kan vere hjartestans,slag eller andre alvorlege tilfelle, seier ho. Hauglandfortel at Nordfjord sjukehus kan stabiliserepasientar, men ikkje utføre kirurgi.– Intensivkrevjande pasientar kan ikkje bliliggjande over tid, det har vi rett og slett ikkjekapasitet til, påpeikar seksjonsleiaren vedmedisinsk seksjon. Pasientane må sendastSENGEPOSTEN HAR VELDIGBRA BEMANNINGMED FLINKE FAGFOLKvidare til Førde eller Bergen. Det er dessutanmeir risikofylt å flytte dårlege pasientar.Pasientar som kan ha behov for intensivbehandling,blir difor sende direkte til Førdeeller Haukeland, dersom det er mogeleg. Sliksikrar vi at pasientane ikkje må gjennom einny og kanskje meir risikabel transport seinare,fortel ho.Sjukepleiar Sissel Myroldser fram til fire nyedialysemaskiner og nyelokale på Nordfjordsjukehus.Fire nye dialysemaskinerNordfjord sjukehus aukar talet på dialysemaskinerfrå tre til sju. Pasientarog tilsett kan òg glede seg over nyelokale på sjukehuset. Behovet for dialyseer aukande i takt med fleireeldre pasientar.Då behandlingsmetoden dialyse kom på marknaden,var det berre store sjukehus som haddedette tilbodet. Resultatet var at pasientane fekkei reise- og behandlingstid som gjorde at detknapt var plass til anna her i livet. No skal dialyseskje lokalt, og behovet er aukande. Diforskal talet på dialysemaskiner meir enn doblastpå Nordfjord sjukehus, frå tre til sju.Livsforlengande hjelpDialysetilbodet ligg under medisinsk einingpå Nordfjord sjukehus. Faglegen er lokaliserti Førde, og pasientane blir tilviste frå sentralsjukehusettil Nordfjord sjukehus på Eid.– Vi behandlar pasientar med øydelagde nyrer.Ved hjelp av ei maskin og slangar reinsar viblodet og gir dermed pasienten livsforlengandehjelp, seier Sissel Myrold, sjukepleiar vedmedisinsk seksjon. Ho fortel at det i dag er fempasientar frå Nordfjord som er tilviste til lokalsjukehusetfor å få dialysebehandling.– Vi har eit tett samarbeid med nefrolog, altsåein indremedinsk spesialist som jobbar medsjukdommar i nyrene, i Førde og poliklinikkender. I tida som kjem, vil vi nok sjå at det er fleireog fleire pasientar som får behov for dialyse,først og fremst pasientar over 70 år, seier Myrold.Ho viser til at for enkelte kan det vere aktueltmed nyretransplantasjon, og ved sjukehusethar dei hatt to pasientar som har fått dette tilbodet.– Dette er samtidig eit etisk spørsmål som detikkje alltid er like enkelt å ta stilling til, seiersjukepleiaren, som har vore tilsett ved sjukehusetsidan 1997 og var med på å starte opp tilbodetom dialyse på Nordfjord sjukehus i 2006.Stolte av tilbodetMyrold fortel at ho trivst godt på Nordfjordsjukehus, som trass i store omveltingar framleishar livets rett som lokalsjukehus.– Jobben på sjukehuset og på dialysen harnærast blitt ein livsstil, og då er det ikkje enkeltmed alle omstillingane og nedskjeringane somhar vore. Vi må likevel sjå opp og framover, og vigler oss veldig til å flytte inn i nye lokale og presenteredei for pasientane våre, smiler ho. Myrolder stolt over tilbodet som sjukehuset har nårdet gjeld dialyse, og ho veit kor viktig det er forpasientane, som fleire gonger i veka er innomfor å få behandling.– Vi har eit nært og godt forhold, og eg er gladi pasientane våre, seier sjukepleiaren frå Stårheim.Gunnhild Tennebø fråMåløy og Borgny Oksholenfrå DeknepollenPasientar på medisinsk sengepost– Dei er kvite englarGunnhild Tennebø frå Måløy og Borgny Oksholen frå Deknepollen var nylegpasientar ved medisinsk sengepost på Nordfjord sjukehus. Dei nøler ikkje medå omtale dei tilsette på avdelinga som kvite englar.– Dei er så dyktige og flinke. For oss er dei rettog slett englar i kvitt, seier dei to pasientane fråVågsøy kommune. Begge to kan fortelje om alvorlegsjukdom, men at dei trivst svært godt vedNordfjord sjukehus.– At vi har sjukehuset her på Nordfjordeid,betyr nesten alt. Det er både kortare og enklare åkomme til Eid enn å reise til Sentralsjukehuset iFørde, påpeikar kvinnene.– Her på sjukehuset har dei tilboda som vitreng i dag. Vi håper at sjukehuset vil utvikleseg vidare, i staden for at viktige helsetilbod blirfjerna frå Nordfjord, seier Borgny Oksholen, somunderstrekar at ein må bevare Nordfjord sjukehus.Begge pasientane fortel at dei både søv og etgodt på sjukehuset.– Det er ein god og trygg plass for oss å vereakkurat no, seier dei.89


Matea forstua ankelenFekk hjelp på skadepoliklinikkenVesle Matea på seks år frå Nordfjordeid var uheldig og forstua ankelendå ho hoppa på trampoline på sjølvaste 17. mai. På Nordfjord sjukehusvart ho utgreidd og fekk på gips dagen etter. 23. mai var Matea ogmamma Inger Helen Haavik på kontroll med foten, og no var ho nestenheilt frisk.10 11


Poliklinikkar:• Gastroenterologi• Kardioliogisk poliklinikk• Diabetespoliklinikk• Eldremedisinsk poliklinikk• Slagpoliklinikk• Hjarterehabilitering• Kols-skule• Medikamentell kreftbehandling/infusjonspoliklinikk• Hud• Auge• Øyre/nase/hals• Revmatologogisk poliklinikk• Nevrologisk poliklinikk• Fødepoliklinikk• Gynekologisk poliklinikk• Barnepoliklinikk• SkadepoliklinikkPoliklinikkane ved sjukehusetEit breitt behandlingstilbodling og oppfølging av diabetes og kurs for bådepasientar og pårørande for dei med diabetes 2,opplyser Øien.Vesle Matea på 6 år vartkontrollert for ein forstua ankelpå skadepoliklinikken vedNordfjord sjukehus. Sjukepleiarog einingsleiar på poliklinikken,Ien Klaver, ser til at framgangenmed foten er slik den skalvere.DET ER GODT Å KUNNE FÅHJELP BERRE EITSTEINKAST UNNA HEIMENPoliklinikkane ved Nordfjord sjukehustilbyr eit breitt og behovstilpassabehandlingstilbod på dagtid.Vi møter einingsleiar på poliklinikkane, IenKlaver, og sjukepleiar Aud-Iren Øien. Dei oppleverein spanande kvardag med nye utfordringar.Svært godt tilbodDei to rutinerte sjukepleiarane fortel engasjertom dei ulike poliklinikkane ved sjukehuset, ogdei er samstemte i at Nordfjord sjukehus kantilby eit svært breitt tilbod til innbyggjarane iNordfjord.– Vi kan framleis utføre dei same poliklinisketenestene ved medisinsk poliklinikk. Dei flesteundersøkingane handlar om lidingar i høvehjarte og undersøkingar av mage- og tarmområdet.Mange har kroniske mage- og tarmlidingarsom treng oppfølging, seier Ien Klaver, og visertil at dette er eit tilbod som fungerer veldigbra. Kollegaen Aud-Iren Øien fortel vidare atpoliklinikken tilbyr ultralyd av hjarte og 24-timars EKG – langtidsregistrering av blodtrykkog hjarterytme.– Medisinsk poliklinikk kan òg tilby behand-Eldremedisinsk poliklinikkTil hausten vil det kome eitt av fleire nye tilbodtil Nordfjord sjukehus. Eldremedisinskpoliklinikk vil blant anna utgreie demens. Tilbodeter planlagt for eldre med samansetteproblemstillingar.– Her skal kompetanse frå psykiatri og somatikki fellesskap finne gode løysingar forpasientane, seier Ien Klaver. Einingsleiaren forpoliklinikkane fortel at dei òg vil tilby spesialistarfor hud, auge, øyre, nase, hals, revmatologiog nevrologi på sjukehuset.– Vi har eit godt samarbeid med fagmiljøa iFørde, og summen av dette fellesskapet skalskape robuste og sikre tenester lokalt.Vesle Matea og mor Inger Helen Haavik er glade forat lokalsjukehuset berre er eit steinkast unna heimen.Sjukepleiar og einingsleiar Ien Klaver legg ny bandasjepå den skadde foten til 6-åringen.– Skadepoliklinikken ved sjukehuset er berreheilt topp. Vi trudde faktisk vi måtte til Sentralsjukehuseti Førde med jenta vår, men vi fekkden beste behandlinga her på sjukehuset, seierInger Helen Haavik. Ho fortel at etter nokredagar med gips og krykker er veslejenta nestenheilt fin att.– Det er første gongen ho har skadd seg påtrampolinen, etter fleire års bruk. Då er detgodt å kunne få hjelp berre eit steinkast unnaheimen, påpeikar Haavik, som er glad for å haNordfjord sjukehus i kommunen.Positiv utvikling– Skadepoliklinikken er i positiv utvikling,og kvar dag har vi mellom åtte og ti pasientarinnom til konsultasjon, seier Ien Klaver, sjukepleiarog einingsleiar på poliklinikken. Ho fortelat dei tek seg av alle typar småskadar vedpoliklinikken.– Vi har om lag fire–fem pasientar dagleg medakutte behov etter småskadar. Det meste tekvi oss av her på sjukehuset, men vi sender ògpasientar til Sentralsjukehuset i Førde dersomdet er nødvendig, seier ho.Gir kreftbehandling på EidNordfjord sjukehus gir kreftbehandling på Eid i nært samarbeid med Sentralsjukehuseti Førde. Etter at kreftspesialisten (onkologen) har stilt diagnose ogbehandlingsform er avklart, kan mange pasientar frå Nordfjord få utført behandlingved lokalsjukehuset på Eid.Infusjons- og kreftpoliklinikken på Nordfjordsjukehus tilbyr cellegiftbehandling, støttebehandling,blodoverføring, blodprøvekontrollog oppfølging. Vi møter kreftsjukepleiarane EliReite og Lene Olsen, som har arbeidd ved Nordfjordsjukehus sidan 2003. Dei rutinerte sjukepleiaranetrivst på poliklinikken og synest deihar ein svært givande jobb:– Vi gir livsviktig behandling kvar dag. Mangeav pasientane har fått ein diagnose som inneberlite håp om å overleve kreftsjukdommen, medanandre har trua på å bli friske igjen. Her servi mange typar kreftformer, frå bryst-, tarm- ogbeinmargskreft til lungekreft. Uansett kva fasepasienten er inne i, så handler det om å gi individuelttilpassa behandling og oppfølging.Nye lokaleDei to kreftsjukepleiarane ser fram til å flytteinn i nye lokale på sjukehuset.– Dei nye og større lokala er laga for å gjere detbetre for pasientane, seier Reite. Ho er glad forat sjukehuset kan gje eit kvalitativt godt tilbodtil svært mange kreftpasientar frå Nordfjord.– Å vere kreftsjuk er slitsamt i seg sjølv. Einblir trøytt av behandlinga, og då er det greittogså å ha kortast mogeleg reiseveg, påpeikarho. Kollega Olsen fortel om nær kontakt mellompersonale og pasientar.– Vi kjem tett inn på pasientar som har detvanskeleg, og det er viktig å kunne snakke omandre ting enn berre sjukdom også når pasientaneer innom oss på poliklinikken for å få behandling,seier kreftsjukepleiaren frå Eid. Innepå poliklinikken kan pasientane sitje i gode ogkomfortable skinnstolar når dei får behandling.Stolane er ei gåve frå raudrussen på Nordfjordeid– ei gåve som poliklinikken set veldigstor pris på.12 13


Overjordmor Linda Grotle Hauge har teke imot mange nordfjordingarved Nordfjord sjukehus opp gjennom åra.Ein god start for mor og barnOverjordmor Linda Grotle Hauge harvore tilsett ved Nordfjord sjukehusi 28 år – og framleis arbeidar ho forden gode starten.Følgjeteneste av jordmor, svangerskapskontrollarog barseltilbod er framleis gode tilbodved Nordfjord sjukehus. Linda Grotle Hauge eroverjordmor ved God start-eininga på Nordfjordsjukehus. Ho har vore tilsett ved lokalsjukehusetsidan 1985 og har blitt eit kjent og kjærtansikt for mange nye nordfjordingar. Ho leggikkje skjul på at det er leit å miste fødselstilbodved sjukehuset, men ho vel å sjå framover oghjelpe nye nordfjordingar til livet gjennom følgjetenesta.Alltid på vaktEi prosjektgruppe i regi av <strong>Helse</strong> Førde hararbeidd med å gjennomføre endringane vedfødeavdelinga på lokalsjukehuset. Det vart lagtopp til eit nært samarbeid med kommunane iNordfjord om svangerskapsomsorga. I tillegg erdet oppretta følgjeteneste, slik at heile distriktetskal ha ei funksjonell dekning av tenesta heiledøgnet, alle dagar.– Det er alltid éi jordmor på vakt ved Nordfjordsjukehus og éi jordmor anten i indre ellerytre Nordfjord. Den som er på vakt ved Nordfjordsjukehus, vil kunne rykkje ut og køyre dengravide i møte. Dei to jordmødrene som er påvakt, skal samarbeide om å følgje dei fødande tilsjukehuset i Volda eller Førde, seier den rutinertejordmora.Ho viser til at gravide med uro for reiseavstandfår tilbod om innlegging ved God start-einingapå Nordfjord sjukehus fram til fødsel. Nordfjordsjukehus har òg barseltilbod for mødrer somønskjer å vere nærare heimstaden enn Voldaog Førde etter fødsel. Erfarne barnepleiarar ogjordmødrer syter for å gje barn og foreldre eingod start.– Jordmødrene skal saman med gynekologfrå Førde sentralsjukehus syte for oppfølging,naudsynte kontrollar, ultralyd og val av fødeavdeling.Vi er òg ansvarlege for kommunikasjonenmot fødeavdelinga og nært samarbeidmed barnelegen ved Førde sentralsjukehus omnyføddkontrollar, seier overjordmora ved Nordfjordsjukehus.Fantastisk miljøEtter 28 år ved lokalsjukehuset på Eid har LindaGrotle Hauge frå Bremanger opplevd mangeopp- og nedturar på sjukehuset. Ho er likeveltindarande klar på at det har vore flest oppturar.Medan ho mimrar seg tilbake gjennom årstalaved fødeavdelinga er det noko som stadig kjemtil overflata.– Vi har hatt og har eit fantastisk arbeidsmiljøher på sjukehuset. Nedleggingsspøkjelsetpå fødeavdelinga har vore på besøk så mangegonger opp gjennom åra at vi til slutt gløymde åfrykte det. Då det til slutt skjedde, var det nestensom å bli slukt av sentraliseringsjaget. Vi varein av dei første som vart slukte, og fleire vil nokdessverre følgje etter.Sjølv om alle fødande skal til Volda eller Førde,har det sidan 1. oktober i fjor skjedd tre fødslarpå Nordfjord sjukehus.– Det var tre fødslar der alternativet var å fødei ambulansen på veg til Sunnmøre eller Sunnfjord,påpeikar jordmora. Valet var då enkelt, sidanvi framleis har utstyr til å ta imot ein fødselved lokalsjukehuset på Eid, seier Grotle Hauge,som rosar samarbeidet med fødeavdelingane iVolda og Førde.– Vi er gode kollegaer på tvers av fylkesgrenserog regionar. Vi får god kursing og oppfriskingmed hospitering på desse avdelingane, og detkjem godt med sjølv om vi har aldri så mykje erfaring,smiler den sympatiske overjordmora vedNordfjord sjukehus.Tilbodet vert kalla «God start» og er tenkt å haein samlande funksjon for fagpersonell i Nordfjordsom skal arbeide med svangerskaps-, fødsels- ogbarselstenestene. Det inneber felles fagutviklingog kompetansestyrking, inkludert nært samarbeidmed fødeavdelinga ved Førde sentralsjukehus ogved Volda sjukehus.Fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus vart lagdned, og beredskapen for keisarsnitt vart fjernahausten 2012. Sidan då har dei fødande med lågrisiko hatt tilbod om å føde ved Sentralsjukehuset iFørde (FSS) eller Volda sjukehus. Risikofødande skalsom tidlegare til Førde sentralsjukehus, for der erdet barneavdeling.Tonje Helen Mårstøl OM «God start»:- Glad eg fekk følgjetenesteTonje Helen Mårstøl frå Davik fødde eijente 15. mai i år. Storebror Tidemannmåtte sjå at mamma reiste til Voldasjukehus for å føde veslesystera, medanhan sjølv kom til verda på Haukelanduniversitetssjukehus i Bergen dåfamilien budde der.– Volda var nærast denne gongen, men eg har fåttgod hjelp frå Nordfjord sjukehus både før og etterfødselen, seier Tonje Helen Mårstøl.– For meg var det naturleg å reise til Volda for åføde denne gongen. Eg er frå Eid, men busett påDavik, og då vart Volda sjukehus nærast. Det vartbåde kort reisetid og kort fødsel. Etter ti minuttpå fødeavdelinga såg jenta dagens lys, seierMårstøl med veslejenta på fanget. Alle kontrollanefør fødselen hadde ho likevel på Nordfjordsjukehus, og ho fekk med seg jordmor frå Eid isjukebilen til fødselen i Volda.– Sidan fødselen gjekk så raskt, er eg veldig gladfor at eg var innom Nordfjord sjukehus og fekkfølgjeteneste. Jordmora fekk forresten med segfødselen på sjukehuset i Volda før ho tok nesteferje tilbake, smiler den nybakte tobarnsmora.Kontroll på EidI slutten av mai var mor og barn til kontroll hosbarnelege Olav Roti på Nordfjord sjukehus – eittilbod Tonje Helen Mårstøl set stor pris på.Tonje Helen Mårstøl på kontroll medveslejenta på Nordfjord sjukehus.Barnelege Olav Roti kontrollerer at altstår bra til.– I forhold til å reise til Volda sjukehus foretterkontroll er dette eit kjempeflott tilbod. Deter kort reisetid og god plass til både meg og barnet,smiler Mårstøl, som etter fødselen reiste fråei full fødeavdeling på Volda sjukehus til enkeltromog dobbelseng på Nordfjord sjukehus.Ho skulle svært gjerne sett at fødeavdelingapå Nordfjord sjukehus vart halden oppe, men erglad for at tilbodet om etterbehandling og kontroller på plass.– Når du er gravid og det går mot fødsel, blir detei tilleggsbelasting å vite at det er langt til nærastefødeavdeling. Det er ikkje noko særleg å bli køyrdmed sjukebil når du er i fødsel, og kanskje vite atdu ikkje rekk fram, påpeikar tobarnsmora.14 15


Ambulansearbeidarane Ove Haugen(t.v.), Are Fagerli og Hilde Rotihaugved Eid ambulansestasjon.VI HAR AVANSERT UTSTYR I AMBULANSANETIL Å DRIVE AKUTTBEHANDLING UTANFOR SJUKEHUSOm kort tid flyttar ambulansetenesta inn i nye ogtilpassa lokale i Nordfjord sjukehus. Då får tenestanødvendige fasilitetar etter dagens standard ogvert frå same dag ein meir integrert del av sjukehuset.-Vi ventar at dette gir positive effektar i høve tilfagleg utvikling og bruk av fasilitetane som er vedsjukehuset, seier ambulansesjef Stian Sægrov.Ambulansane er alltid parateEid ambulansestasjon er ein del avspesialisthelsetenesta i Nordfjord. Itillegg til to bilar på Eid er det seksandre ambulansar i Nordfjord ambulanseområde.AmbulansearbeidaraneAre Fagerli og Ove Haugen påEid ambulansestasjon er alltid paratenår dei er på vakt.Are har vore tilsett sidan 1989. Med 24 års erfaringer det ein rutinert ambulansearbeidar sommøter oss på Eid ambulansestasjon. Saman medkollega Ove er han alltid klar til å rykkje ut påkort varsel.– Vi er alltid to på vakt på kvar ambulanse ogéin fagarbeidar per bil. I dag har ni av ti fast tilsettefagbrev. Vi byter vanlegvis annan kvar turpå å køyre og følgje, seier Fagerli.AMK-sentralen i FørdeDet er AMK-sentralen i Førde som koordinereralle ambulanseressursane i <strong>Helse</strong> Førde Oppdragavert delt i hastegradene vanleg (grøn),hastar (gul) og akutt (raud), etter ein fellesnorsk standard. I tillegg følgjer ei kort meldingom oppdraget. Ambulansetenesta jobbar meirsjølvstendig no enn for nokre år tilbake, menkommunevaktlege, anestesilege og jordmorkan bli med om oppdraget tilseier dette. Fordei ti medarbeidarane på Eid ambulansestasjonog dei øvrige kollegaene i Nordfjord ambulanseområdeer det faste prosedyrar og rutinarsom skal følgjast ved ulike oppdrag. Tilsettenyttar beredskapstida på vakt til å trene og øvepå ulike senario som kan møte dei på oppdrag. Itillegg held dei seg fagleg oppdaterte med kurs,e-læring (elektronisk læring der ein nyttar datamaskintil å motta lærstoff og arbeide med oppgåver)og eigenstudiar.– I dag har ambulansearbeidarane større faglegkunnskap enn for nokre år tilbake. Vi har òglangt meir avansert utstyr i ambulansane for ådrive akutt behandling utanfor sjukehus. Underoppdraga vert pasienten sin tilstand meldt tilbaketil legevakt og sjukehuset. Avanserte behandlingstiltakvert utført i tråd med faglege rådog i dialog med legar i vakt, opplyser Are Fagerli.Variert kvardagAmbulansearbeidarane i Nordfjord har ein variertkvardag, der mange oppdrag er reine transportoppdrag.– Det er gjerne henting og levering av pasientarsom ikkje kan gå sjølve og som treng å liggje.Det kan vere køyring mellom sjukehusa, men ògtil og frå heimen til pasienten, seier Ove Haugen.Han fortel at stasjonen på Eid har om lag 100turar på ein månad, men aktiviteten variererfrå dag til dag. Enkelte dagar er det lite å gjere,medan andre er det full rulle heile døgnet.– Kjensla av å hjelpe andre i ein vanskelegsituasjon, møtet med mange spennande folk ogutviklinga i faget er dei viktigaste argumenta fortrivselen i jobben. Det er både ein sjølvstendigog fleksibel jobb, og det er utan tvil ein givandejobb, seier Haugen og viser til at det blir stiltstore forventningar til dei raudkledde.Nordfjord har god tilgang til luftambulansetenester,primært frå luftambulansebasen i Førde.I gitte situasjonar blir også basen i Ålesund eller330-skvadronen sitt redningshelikopter i Florønytta. Dette er viktige supplement i akuttberedskapeni Nordfjordregionen. Helikopter verttinga av Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral(AMK) i Førde eller via legar i vakt, enten i kommunaneeller ved sjukehus. Helikopteroppdrag vert inokre situasjonar nytta for å kompensere for langtransporttid. Ved alle basar er det legebilar. Slik kanein møtekøyre og på veg til sjukehus starte ytterlegareavanserte behandlingstiltak. Ein kan med retteseie at ein flyttar sjukehuset nærare pasienten.– Vi må alltid opptre roleg og beherska. Det erofte dei grunnleggjande og enkle livreddandetiltaka som skal til for å redde liv, men ein måtrene regelmessig for å gjere dei rette handlinganenår det gjeld som mest, påpeikarambulansearbeidaren. Både han og kollegaFagerli set stor pris på tilbakemeldingar fråpasientar, noko som gir dei motivasjon og inspirasjontil å stå på vidare.16 17


Tilbyr eldremedisinsk poliklinikkMay Kristin Sæther,seksjonsleiar ved Nordfjordpsykiatrisenter (NPS).DET ER EIN STOR FORDEL MED SAMLOKALISERINGAT ULIKE SPESIALISTAR KAN DISKUTEREPROBLEMSTILLINGANE SEG IMELLOMEldre med samansette fysiske lidingar utgjer ei stor gruppe pasientar i helsevesenet.Ein del av dei kan òg ha kognitiv svikt / demens eller psykisk lidingsom kompliserer tilstanden. Nordfjord sjukehus (NSH) kan om kort tid tilbyEldremedisinsk poliklinikk i samarbeid med Nordfjord psykiatrisenter (NPS).– Den nye poliklinikken skal gi eit særskilt tilbodtil pasientar som treng utgreiing for kognitivsvikt / demens. Ein vil òg gi utgreiingstilbodtil pasientar som har falltendens, og i samarbeidmed farmasøyt vil ein gjere vurderingar vedpolyfarmasi (bruk av mange medisinar), seierRune Nordpoll, konstituert overlege ved Vaksenpsykiatriskpoliklinikk ved NPS.Samansette lidingarI tillegg skal poliklinikken kontrollere eller følgjeopp pasientar med samansette lidingar somhar vore innlagde i sengepostane.– Tilbodet som er under planlegging, vil styrkjesamhandlinga mellom NSH og NPS i tillegg tilå styrkje samhandlinga med kommunehelsetenesta,seier Nordpoll. Han fortel at poliklinikkenvil ha personale både frå Nordfjordsjukehus og Nordfjord psykiatrisenter.– Det vil vere indremedisinar, psykiater, spesialsjukepleiararmed både psykiatrisk og geriatriskkompetanse, ergoterapeut og fysioterapeut,seier han. Nordpoll viser til at når det ertrong for å hente inn andre spesialistar, vil Eldremedisinskpoliklinikk ha ein koordinerandefunksjon.Samlokalisering– Det er ein stor fordel med samlokalisering atulike spesialistar kan diskutere problemstillinganeseg imellom. Eldre med samansette lidingarhar ofte oppfølging frå fleire ulike spesialistar,og ein vil så langt det lèt seg gjere, prøveå samle fleire kontrollar på same dag, slik at detblir færre reiser på pasientane, påpeikar denkonstituerte overlegen.Poliklinikken vil i første omgang ha ope todagar i veka på Nordfjord sjukehus. På sikt vilein også ambulere ut i kommunane.Fullt utbygdruspost på NordfjordeidNordfjord psykiatrisenter (NPS) gireit samordna tilbod til pasientar somhar psykiske lidingar og rusvanskar.Lokalsjukehusfunksjonen i psykiskhelsevern ligg til senteret, som er eitfullt utbygd distriktpsykiatrisk senter.Senteret vart offisielt opna i 1991 og har gjennomåra hatt tilbod om både poliklinisk behandlingog døgnbehandling. Ein har hatt godepolikliniske tenester til begge gruppene, mendøgnbehandlinga har i første rekke vore rettamot personar med psykiske lidingar. Hausten2012 opna rusposten på Nordfjord psykiatrisenter.Ein håpar no å kunne gi eit betre og meirtilpassa tilbod til denne gruppa, som fram til noi all hovudsak har reist ut av Nordfjord for å fåbehandling i institusjon.Rusrelaterte problemLokalsjukehustilbodet for personar medrusmiddelproblem rettar seg mot personar somhar rusmiddelrelaterte problem. Personar somsamstundes har alvorlege psykiske lidingar, vilsom hovudregel få tilbodet ved Nordfjord psyk-iatrisenter i nært samarbeid med ruseininga.– Rusposten har åtte ordinære døgnplassarog ein brukarstyrt plass for personar som harskriftleg avtale om det. Døgndrifta rettar segsærleg inn mot akutt intervensjon, avrusing ogstabilisering, seier May Kristin Sæther, seksjonsleiarfor dagbehandling ved Nordfjord psykiatrisenter.Ho fortel at NPS har etablert eit dagtilbodsom òg gjev eit tilbod til personar medrusproblem.-Det gjeld både innlagde pasientar og polikliniskepasientar. Tilbodet er ressurs- og betringsorientert,og fysisk aktivitet er ein del avbehandlinga, seier Sæther. Ho viser til at det ambulanteteamet ved psykiatrisenteret blir styrkt.– Teamet er eit lågterskeltilbod, og alle kankontakte oss utan tilvising. Teamet har opningstidfrå klokka 8 til 21.30 på kvardagar og fråklokka 10 til 16.30 på søndagar og helgedagar.På sikt håper vi å kunne utvide tilbodet, men perdags dato er ikkje alle brikkene på plass, seierseksjonsleiaren.SamhandlingPoliklinikken vil halde fram som vurderingseiningfor tverrfagleg spesialisert behandling ogrehabilitering, i tillegg til rådgjevande tenester.Den allmennpsykiatriske døgnposten vil, i trådmed nasjonale retningslinjer, ha hovudansvaretfor å behandle personar med samtidig ruslidingog psykisk liding.Samhandling vil bli sikra gjennom stor vekt påutoverretta og rådgjevande tenester.– Nordfjord psykiatrisenter og kommunane iNordfjord har lang tradisjon for god samhandling,og denne måten å jobbe på vil den nye ruspostenvidareføre, seier Sæther, som viser til atruseininga dermed kan byggje vidare på denkommunenære modellen som Nordfjord psykiatrisenterhar utvikla.– Det ligg i dette at spesialisthelsetenestaskal hjelpe den kommunale helse- og sosialtenestatil å løyse oppgåvene sine, og at grenseoppgangenmellom tenestenivåa er mindre interessantenn dei resultata ein kan oppnå i forpliktandesamarbeid om felles oppgåver. Samarbeidetmellom ruseininga og dei kommunaletenestene i bustadskommunen vil vere avgjerandei alle fasar av handsaminga, påpeikarseksjonsleiaren ved Nordfjord psykiatrisenter.1819


Overlege Jon Sverre Arnestad har vore den einastefast tilsette overlegen det siste året. No har han fåttselskap av to nye.Overlege Jon Sverre ArnestadKlar for nye utfordringarNordfjord sjukehus har hatt ein fast tilsett overlege det siste året. OverlegeJon Sverre Arnestad har fått hjelp frå dyktige vikarar, men gler seg no over atto nye overlegar er på plass for å styrkje sjukehuset.Overlege Jon Sverre Arnestad har vore tilsettved Nordfjord sjukehus sidan hausten 1999.Han har såleis fått med seg både opp- og nedturarved sjukehuset dei siste 15 åra.Stod att «åleine»Den største prosessen, som sjukehuset nyleghar lagt bak seg, har medført store omveltingar.Frå å vere tre faste overlegar, har han siste åretvore den einaste fast tilsette overlegen, men hanhar fått hjelp frå to trufaste vikarar, som hanomtalar dei. Og det er lys i tunnelen.– Vi er no inne i ein oppbyggingsfase med tonytilsette overlegar. At sjukehuset snart har trefaste overlegar, er med på å heve standarden.Vi vil få ein heilt annan kontinuitet og ei normalisering,påpeikar den rutinerte overlegen.TrivselJon Sverre Arnestad trivst på Nordfjordeid samanmed kona Siri Sandvik og borna Ane (15) ogSara (12). Tanken på å flytte har nok streifa hanbåde ein og to gonger i omstillingsprosessen påjobben, men han har valt å halde fram som overlegepå sjukehuset.– Den gamle lokalsjukehusmodellen er vanskelegå halde på. Til liks med mykje anna så oppleverogså sjukehusa ein sentraliseringstrend,spesielt i kirurgiske fag. Det blir meir og meirspesialisering og stadig vanskelegare å skaffekompetanse ut til distrikta. Fokuset på framtidaslokalsjukehus ligg derfor på eldre ogpleietrengande pasientar. Vi snakkar gjerne omkronisk sjuke pasientar som ikkje tåler lengrereiser til behandling. Tanken om poliklinikkarute i distrikta har såleis pasienten i fokus, påpeikaroverlegen.Arnestad viser til at det er mange gode tilbodatt ved sjukehuset.– For min eigen del har <strong>Helse</strong> Førde lagt opp tilhospitering i Førde med tanke på fagleg oppdateringog kursing. Vi har eit godt samarbeid medSentralsjukehuset i Førde i dag, og det er viktig åspele på lag med pasientbehandling i fokus.Mental omstillingOverlegen fortel om eit godt samhald og miljøpå Nordfjord sjukehus, men han er klar på at dethar vore eit vanskeleg år, og at ting må få setjeseg igjen.– Vi har nye utfordringar med tanke på miljøetlokalt. Nye overlegar på plass vil nok vere medpå å stabilisere miljøet og den mentale omstillinga,trur Arnestad.20 21


Elisabet Ommedal (26)Kom heim til Eid for praksisMed klare ambisjonar om at ho i framtida skal arbeide som barnelege ellerinnanfor psykiatri, er Elisabet Ommedal i ferd med å avslutte praksisperiodensom turnuskandidat på Nordfjord sjukehus. Som ein del av legeutdanningaved Haukeland universitetssjukehus har ho valt å kome heim til Eid for å fåpraksis ved sjukehuset der ho hadde sommarjobb som hjelpepleiar.TurnuskandidatlegeElisabetOmmedal harblitt positivtoverraskaover Nordfjordsjukehus.Turnuslegen vart fødd i Bolivia då foreldra varmisjonærar i landet, men har i løpet av barndomenog i vaksen alder budd på Eid i til samansju år. Likevel var ho sterkt i tvil om ho skullevelje å ha praksis ved Nordfjord sjukehus.– Som nyutdanna var eg skeptisk til å ha praksispå eit lite sjukehus. Frykta for å måtte klaremeg åleine var overhengande, seier ElisabetOmmedal. Erfaringa ho sit med i dag, er derimotsvært god.– Eg har blitt veldig positivt overraska ogtrivst svært godt. Her er eit godt miljø, og eghar fått god støtte frå overlegane. Eg har fått eitlangt betre inntrykk av Nordfjord sjukehus ennkva eg trudde på førehand, smiler 26-åringen.Hektisk kvardagSjølv om Nordfjord sjukehus er eit lite sjukehusi regional og nasjonal målstokk, har praksisperiodenvore hektisk.– Eg har fått ny inspirasjon til å jobbe som legei indremedisin. Eg skal i alle fall ikkje bli kirurgeller ortoped, påpeikar ho. Men det er nettoppdesse fagfelta ho skal få meir kjennskap til nårho i august reiser til Sentralsjukehuset i Førdefor å halde fram praksisperioden.– Eg blir i Førde fram til midten av februar i2014, då skal eg ut og praktisere som allmenn-lege på eit distriktslegekontor i eit halvt år, opplyserOmmedal. Kva som skjer etter det er hoikkje sikker på.– Eg kan tenkje meg å jobbe i utlandet i einkortare periode, og kvifor ikkje Bolivia, seier homed glimt i auget.Poliklinikkane ved sjukehuset– Sjukehuset er som ein stor familieNytilsett overlege frå PolenAgnes Matusiak er nytilsett overlegeved Nordfjord sjukehus. Matusiak erspesialist i indremedisin og med erfaringsom toksikolog.Den polske kvinna frå Warszawa fekk valet frå<strong>Helse</strong> Førde om å jobbe på Eid eller i Lærdal. Valetfall på Eid for familien på sju. I mai fekk Nordfjordsjukehus på plass to nye overlegar, ein kardiologog ein indremedisinar. Etter eit intensivtspråkkurs og berre tre veker i jobben, fungererkommunikasjonen betre og betre. No ser hofram til å få mann og barn på plass til sommaren.Ingen landegrenserDen polske overlegen ser ingen landegrenser ijobben som lege, men gler seg over å flytte til eitnytt land, lære seg eit nytt språk og praktiseresom overlege.– Eg har litt språkproblem endå, men det vilordne seg etter kvart. Førsteinntrykket av Eid ogNordfjord sjukehus er veldig bra, smiler Agnes,som fortel om hjelpsame kollegaer og pasientarsom både er tolmodige og hyggjelege.– Vi valde å flytte til Eid kommune på grunn avfleire ting, ikkje minst den vakre naturen medfjell og fjord. Dessutan har vi musikalske bornsom speler gitar, piano og fiolin, så då passar detsvært bra at det er eit godt musikk- og operamiljøi kommunen. At lærarane og elevane harAgnes Matusiak frå Polen ernytilsett overlege ved Nordfjordsjukehus.eit godt forhold til kvarandre, var òg viktig då viskulle avgjere kvar vi skulle jobbe og bu, seierAgnes. Idrettshus, symjebasseng og fotballbanerer andre positive faktorar som påverka valetVI VALDE Å FLYTTE TIL EID KOMMUNE PÅ GRUNNAV FLEIRE TING, IKKJE MINST DEN VAKRENATUREN MED FJELL OG FJORDom å flytte til Eid. No håper Agnes at ektemannenvil finne seg jobb i nærleiken når han flyttaretter i sommar. Som organist og sivilingeniørinnanfor logistikk har han minst to sterke kortpå handa. Med på flyttelasset er òg dei fem bornaMateusz (17), Szymon (15), Weronika (13),Alicja (11) og Lucja (8).Trude Solvang frå Berle i Bremanger omtalar miljøet mellom dei tilsette påNordfjord sjukehus svært godt. Sjukepleiaren ved medisinsk sengepost harvore tilsett på sjukehuset sidan 2001. No tek ho fatt på etterutdanning i kardiologifor å styrkje tilbodet ved Nordfjord sjukehus.SjukepleiarTrude Solvanghar funne bådedraumejobbenog draumeplassen.Sidan ho var ferdigutdanna sjukepleiar i Elverum,har trebarnsmora arbeidd ved Nordfjordsjukehus.– Eg tok til på medisinsk avdeling. Deretterhar eg vore stasjonert på overvaking, der deter tre senger med ekstra overvaking, såkallaakuttsenger, seier Solvang, som tek imot pasientarmed ulike alvorlege sjukdommar.– Vi er andrelinjetenesta i helsevesenet. Påavdelinga vår, medisinsk sengepost, har vimedisinsk overlege, anestesilege, spesialsjukepleiarog turnuslege. Alvorleg sjuke pasientarblir plasserte på overvakingsrom og får sta-biliserande behandling. Det kan mellom annavere hjarteinfarkt, der vi gir blodfortynnande,stabiliserer pasienten og sender han eller hovidare med helikopter til Haukeland universitetssjukehusi Bergen. Dette tilbodet har vihatt lenge, og det held fram som før. I slike tilfelleer det ofte snakk om minutt og timar forlivreddande behandling, seier sjukepleiaren.DraumeplassSaman med kjærasten har Trude Solvang treborn: Patrick (7), Linea (5) og Nicklas (2).– Eid er ein draumeplass for meg som er aktiv,glad i terrenget og går mykje i fjellet. Om vinterengår vi mykje på ski, så her ligg alt til rettefor gode fritidsaktivitetar.Også i jobben stortrivst nordfjordingen:– Vi som jobbar her på sjukehuset, er som einstor familie. Eg vart teken svært godt imot dåeg kom hit i 2001. Vi var fleire på same aldersom tok til samstundes, og planen var å få segpraksis før turen skulle gå vidare til Bergen ogHaukeland. No går rett nok turen til Bergen,men då for å studere kardiologi for å bli hjartesjukepleiar.Studiane er ved Høgskulen i Bergenpå deltid. Planen er å bli verande i Nordfjord ogvere med og utvikle sjukehuset, seier Solvang.Ho fortel om hjarterehabilitering, som skal blieit satsingspunkt på Nordfjord sjukehus.– Vi har eit unikt miljø på Nordfjord sjukehus.Legar og sjukepleiarar har god kontakt i eit internasjonaltmiljø, påpeikar sjukepleiaren, ogviser til at det er spesielt mange svenske kollegaerved sjukehuset.FylkestilbodDet nye tilbodet ved Nordfjord sjukehus somomhandlar hjarterehabilitering, skal vere eitfylkestilbod som mellom anna skal gi hjartepasientarmotivasjon og evne til å meistre einny kvardag. Målet er at alle skal komme tilbakei kvardagen. For å klare det treng pasientaneundervisning, slik at dei kan bli trygge på segsjølv, forklarer Solvang, som gler seg veldig til åbegynne på prosjektet.– Vi må sjå potensialet til sjukehuset. Då eg toktil her for tolv år sidan, hadde vi ei hjartegruppepå avdelinga, og ein dyktig sjukepleiar fekk meginteressert i dette arbeidet. I dag har vi mangeav desse pasientane på avdelinga vår. Eg serfram til at vi kan presentere det nye tilbodet fordei og alle andre som er i ein liknande situasjon,smiler Trude Solvang.22 23


Konstituert kommunalsjef iVågsøy kommune, JeanetteJensen.I samsvar med samhandlingsreforma,den nye helse- og omsorgslova og dennye folkehelselova frå 1. januar 2012skal kommunane førebyggje meir ogbehandle mindre. Gjennom førebyggingskal folk bli friskare og behovet forhelse- og omsorgstenester skal vertemindre. Samstundes vert òg oppgåversom tidlegare har lagt til sjukehusa,overførte til kommunane.I Nordfjord er det interkommunale samarbeidetindirekte med på å styrkje tilboda ved Nordfjordsjukehus. Konstituert kommunalsjef for helse ogomsorg i Vågsøy kommune, Jeanette Jensen, fortelat kommunalsjefane i Nordfjord har arbeiddei god stund med å førebu seg på å møte kravettil kommunane om å ta imot pasientar som trengstrakshjelp.– Lovkravet vil gjelde frå 1. januar 2016, og dågjeld det å vere klar når lova trer i kraft, seierJensen. Dette gjeld pasientar som i framtida vil fåeit tilbod før, i staden for og etter innlegging påsjukehus.Arbeidsgruppa – dei fem kommunalsjefane i Nordfjord:Jeanette Jensen frå Vågsøy, Kari Krogh frå Eid,Åse Elin Hole frå Selje, Berit Vetlesen frå Stryn ogRagnhild Aarflot Kalland frå Hornindal.SamhandlingsreformaSlik blir organiseringa i NordfjordInterkommunalt samarbeid– Kommunane såg det som ei for stor oppgåveå skulle byggje opp eit slikt tilbod til innbyggjaranepå eiga hand. Kommunane Vågsøy, Selje, Eid,Hornindal og Stryn gjekk såleis saman om å søkjestatlege midlar for å lage eit prosjekt med tankepå å utarbeide noko interkommunalt i lag, seierden konstituerte kommunalsjefen i Vågsøy kommune.Ho fortel at dei same kommunane frå før av haddeeit samarbeid om interkommunal legevakt.– Samstundes kjøpte vi tenester frå <strong>Helse</strong> Førdei samband med legevaktstelefonen på Nordfjordsjukehus. <strong>Helse</strong> Førde sa opp denne avtalen fråoktober 2012. Kommunane i Nordfjord fekk tilbodfrå <strong>Helse</strong> Førde om å vidareføre legevaktstelefonenfrå Førde, men kommunane ønskte å taseg av drifta sjølve gjennom ein interkommunaltlegevaktstelefon på Nordfjord sjukehus, seierJensen.I juni 2012 vart det sett i gang eit forprosjektom behovet kommunane i Nordfjord hadde forstrakshjelpsenger. Alle nordfjordkommunanebortsett frå Gloppen og Bremanger deltok.– Vi fekk midlar frå <strong>Helse</strong>- og omsorgsdepartementettil eit forprosjekt. Etter kvart konkludertevi med at behovet er fem akuttsenger for dei femkommunane i Nordfjord. Dei fem sengene skalnyttast av pasientar før, i staden for og/eller ettersjukehusinnlegging. Pasientane får behalde sengai maksimalt 72 timar. I løpet av desse timaneskal det avklarast kva omsorgsnivå pasienten harbehov for. Det blir på mange måtar ein mellomstasjonfrå sjukehus til sjukeheim eller frå sjukehustil eigen bustad, påpeikar Jensen.Ho fortel at dei òg såg på å styrkje legevaktsentralen,vidareføre legevaktstelefonen og samarbeideførst om interkommunal kreftsjukepleiarog etter kvart om fleire moglege interkommunaletenester.– Rapporten vart vedteken, og vi gjekk vidaretil neste prosjektfase, opplyser den konstituertekommunalsjefen.Senger på sjukehusetNordfjordkommunane har sidan hausten 2012arbeidd vidare med korleis dei kan samordne ogsamlokalisere seg i praksis. Kvar og korleis skaldei samarbeide? Nordfjord sjukehus peika segraskt ut som ein mogleg lokalisasjon til sengene.– Vi konkluderte med at vi vil arbeide vidaremed å leggje sengene til medisinsk avdeling påNordfjord sjukehus, og så vil vi kjøpe sjukepleiarressursartil sengene frå <strong>Helse</strong> Førde. I tida somkjem vil det bli tilsett tilsynslege for sengene ogein eigen leiar for dei interkommunale tenestene(strakshjelpsenger, legevakt, legevaktstelefon ogkreftsjukepleiar).Jensen fortel at dei i løpet av sommaren og tidleghaustenvil arbeide med det praktiske, rutinarog kvalitetsarbeid før oppstarten 1. oktober2013.Det vil altså vere eigne kommunale rom medfem senger på medisinsk avdeling på Nordfjordsjukehus.SamhandlingsreformaRett behandling på rett stadSamhandlingsreforma, som tredde ikraft ved nyttår i fjor, vert omtalt bådesom ei kommunereform og retningsreform.Ho byggjer på prinsippetom rett behandling på rett stad ognivå til rett tid.– Det inneber at reforma skal vise veg og gihelsetenesta ei ny retning, seier Åse Elin Hole,kommunalsjef i Selje kommune. Ho fortel at pasientaneskal få betre behandling der dei bur.Det skal lønne seg å førebyggje sjukdom i stadenfor å reparere i etterkant.Vil lønne segRegjeringa vil satse meir på å unngå at folk blirsjuke. Det vil dermed lønne seg for kommunaneog spesialisthelsetenesta å samarbeide.– Det vil seie at vi må våge å ville samarbeidebåde internt i kommunen og eksternt for å lukkast.Vi kallar det for koordinerte tenester ogsaumlause overgangar, seier kommunalsjefenog viser til at ein lukkast best ved å samarbeidekvar dag og heile tida.– Når vi no har fått ansvar for tenestene somtidlegare låg under spesialisthelsetenesta, trengvi større og meir robuste fagmiljø, slik at pasientaneer trygge på at dei får fagleg gode tenester,seier Hole og fortel at samhandlingsreforma fordrarei ny kommunerolle.– For å kunne lukkast med å gjennomføresamhandlingsreforma vart det utarbeidd ulikeverkemiddel. Dei er skisserte i Nasjonal helse-og omsorgsplan (2011–2015), og revisjon avlover og forskrifter som skulle tilpassast reforma.Ny folkehelselov styrkjer kommunen sittansvar for førebygging og helsefremjande arbeidi alle samfunnssektorar. Det vert stilt kravtil systematisk arbeid med helsefremjande ogførebyggjande tiltak i og utanfor helsetenestene,informerer ho.Kommunalsjef i Seljekommune, Åse Elin Hole.Utskrivingsklare pasientarNy felles lov om helse- og omsorgstenester ikommunen tydeleggjer og forsterkar ansvaretog pliktene til kommunen. Kommunane ogsjukehusa har inngått både rammeavtale ogfleire delavtalar som skildrar områda dei pliktarå samarbeide om.– Dei verkemidla som har hatt størst og mestfokus i kommunane, er økonomistyringa i sambandmed utskrivingsklare pasientar. Det inneberat kommunane skal vere med å finansieresjukehussengbruken sin med 20 prosent. Dettebind opp nesten alle kommunekronene vi fåroverført frå departementet og helseføretaket,seier ho.Det skal lønne seg å førebyggje og byggje oppnye tenester der folk bur, seier kommunalsjefeni Selje kommune.Kommunane har teke over ansvaret forutskrivingsklare pasientar frå første dag.– Dersom vi ikkje klarer det, må vi betale 4000kroner per døgn. Ein delavtale regulerer denneordninga. Meininga er at det skal stimulerekommunane til å byggje opp og etablere tenestersom gjer at vi raskare kan ta imot ferdigbehandla pasientar, understrekar Hole. Ho fortelat den einaste nye oppgåva kommunen vertpålagd, er plikta til å etablere tilbod med akutthjelp – døgntilbod til pasientar med akutt hjelpeller observasjon.Kva får så samhandlingsreforma å seie forfolk flest og innbyggjarane i Selje?– Det skal vere lettare å få hjelp lokalt, og folkskal få hjelp til å koordinere behandling og oppfølging.Tilbodet i kommunane skal ha blittbetre, og vi skal ha meir fokus på å følgje opppersonar med kroniske lidingar. Fokus på folkehelseskal kunne hjelpe folk som ønskjer å leggjeom levevanar som kan føre til sjukdom, seierÅse Elin Hole.Ho viser til at hennar erfaring som leiar for deikommunale helse- og omsorgstenestene i Seljekommune er at hovudfokus har vore å unngå åbetale for utskrivingsklare pasientar.– Det har vi lukkast svært godt med. Vi har etablertfleire korttidsplassar ved sjukeheimen, ogfleire får tilbod om korttidsplassar. Vi har endratildelingspraksis av omsorgstenester og tettasamarbeidet mellom heimetenestene og sjukeheimen.Kompetanseheving er eit satsingsområdesom vil bli prioritert i framtida, påpeikarho. Likevel er Hole usikker på kor mykje deneinskilde innbyggjaren har merka innføring avsamhandlingsreforma.– Endringa av sjukehusstrukturen har fåttmykje merksemd både politisk og i media. Egvonar at folk opplever at vi har tenester medhøg kvalitet og med rett kompetanse, seier ho.2425


Det viktige samspeletVolda sjukehusSaman om eit godt tilbodSeljeVågsøyBremangerTilstanden til pasienten er utgangspunktetfor kvar han blir behandla ogeventuelt send. Det skjer gjennominnarbeidde og føreseielege pasientforløp.For svært mange av pasientanevil kommunehelseteneste og tilbodaved Nordfjord sjukehus vere det somskal til for å få hjelp.– På det indremedisinske området er det bådespesialistar i vakt 24 timar og sengeavdeling vedNordfjord sjukehus, seier Hans Johan Breidablik,fagdirektør i <strong>Helse</strong> Førde.– Det er likevel polikliniske besøk og undersøkingarsom utgjer den store mengda av spesialisthelsetenester.Her vil tilbodet etter planenbli utvida ved Nordfjord sjukehus, også ved atfleire fagområde kjem til, og med auka volum, påpeikarBreidablik.Kva er det innbyggjarane i Nordfjord-regionenvil måtte reise til andre sjukehus for?– Pasientar med store skadar må reise til Førde,men ofte også Haukeland, seier han.Førde sentralsjukehusHaukeland universitetssjukehusNORDFJORD SJUKEHUSDet viktige samspeletOpp gjennom åra har ein etablert eit fagleg samspelmellom Nordfjord sjukehus, Sentralsjukehuseti Førde og Haukeland universitetssjukehussom tek utgangspunkt i alvorsgrad og hastegradhos den sjuke eller skadde pasienten. Målet er atpasientane vert kanaliserte til rett behandlingsstadså tidleg som mogeleg, og at alle i behandlingskjedakjenner måten det skjer på.Fagdirektøren fortel at pasientar også må reisetil andre sjukehus i samband med alvorlege indremedisinsketilstandar, som akutt hjarteinfarktog ein del akutte hjerneslag.– Fødande må reise til Førde sentralsjukehuseller Volda sjukehus. Ulike tilhøve hos mor ellerbarn kan tilseie at dei bør reise til ein bestemdfødestad. I Førde, til dømes, har ein tilgang påkuvøseavdeling og barnelege, noko som kan vereviktig for nokre fødande.– Sluttbehandling som krev spesiell kompetanseog moglegheiter for inngrep/innleggingmed bedøving utover lokalbedøving, skjer vedFørde sentralsjukehus eller Haukeland universitetssjukehus.– Fleirtalet av pasientar med psykiatriske lidingarog ruslidingar får behandling lokalt, leggBreidablik til.HornindalNordfjord Sjukehus, EidGloppenStrynKva er mest usikkert når det gjeld tilboda vedNordfjord sjukehus?– Vi må ha rett kompetanse på sjukehuset tilgjengeleg,og det vi har av tenester, må ha lokaloppslutnad. Ting er i ferd med å kome på plass, såno handlar det mykje om å få den nye heilskapentil å fungere.– Det er viktig å ha med seg at befolkninga iopptaksområdet er svært avgrensa med tankepå å drive moderne sjukehus. Det er heller ikkjeutsikter til vekst i befolkninga, og det blir stadigfleire eldre. Dermed må tilbodet på sjukehusetseiast å vere tilpassa.Kva pasientgrupper bruker spesialisthelsetenestai Nordfjord-regionen mest og hyppigast?– Pasientar innanfor det indremedisinskeområdet og pasientar med mindre skadar vedskadepoliklinikken. Det vil nok òg bli mangeaugepasientar, hudpasientar og øyre-nase-halspasientar.Mange innbyggjarar vil derfor sparemykje tid på at reiseavstanden blir kortare forfleire spesialisttenester. At dette vil gjelde kronikarar,er ekstra gledeleg, avsluttar Breidablik.JorunnRingstad,styreleiar<strong>Helse</strong> FørdeEg føler meg i dag tryggare enn nokon gong påat lokalsjukehuset på Nordfjordeid er på veg tilå bli eit godt og velfungerande sjukehus – eitsjukehus som kan bli ein modell også for andre.Når vi inkluderer psykisk helsevern og rus, fårdet relativt vesle sjukehuset samla sett eit sværtbreitt tilbod. Eit grundig og omfattande arbeidundervegs har saman med friske pengar gjortdette mogeleg.Skal eit sjukehus i dag bli oppfatta som framtidsretta,må det inngå som del av eit større ogføreseieleg fagleg system. At fagmiljøa snakkargodt saman og har tilgang på moderne utstyr,trur eg gir betre resultat for pasientane.Dette tenkjer eg langt på veg er på plass vedKjem informasjonen fram?Elektroniske meldingar og informasjon mellom helseinstitusjonar er og harvore ei utfordring. I <strong>Helse</strong> Vest-regionen blir det arbeidd mykje for å samle ogsamhandle betre på IKT-fronten.Kvifor er ikkje dette arbeidet fullført med elektronisksamhandling, slik at all informasjonkjem dit han skal? Kvifor er ikkje alle helseinstitusjonaneklare til å sende meldingar?– Hovudårsakene er at kvar institusjon først måha eit IKT-system for pasientjournalar, at det erkomplisert å sende meldingar mellom mangeulike partar, og at innføring og opplæring krevendringar i rutinar og samarbeidsmåtar. Medtusenvis av verksemder innanfor helse- og omsorgssektorentek det tid, seier Erik Hansen, administrerandedirektør i <strong>Helse</strong> Vest IKT.I <strong>Helse</strong> Vest er det to store prosjekt som skalbidra til at informasjonen kjem fram: Vestlandsløftet,i regi av kommunane, og Støtte til samhandling,i regi av <strong>Helse</strong> Vest RHF, helseføretakaog <strong>Helse</strong> Vest IKT. Målet er at innan utgangen av2014 skal alle meldingane komme fram.Nordfjord sjukehus. Store midlar er også stilt tildisposisjon for ytterlegare kompetanseutviklingfor dei tilsette ved sjukehuset.Moderniseringa av IKT i <strong>Helse</strong> Førde deiseinare åra gjer det mogeleg å dele og overføreinformasjon mellom sjukehusa. Rask tilgang tilprøvesvar, røntgenbilete og journal er viktig imange samanhengar. I tillegg vil elektroniskkommunikasjon mellom sjukehus, fastlegar ogpleie og omsorg skape ein heilt annan informasjonsflyt.Det er krevjande å få til, men viktig fortryggleiken.For kommunane er samhandlingsreforma ògkrevjande. Det er bra at vi likevel kan samarbeideom å gjere det tryggare for innbyggarane.Eg tenkjer her særleg på felles innsats for å førebyggjeinfeksjonar og rett bruk av legemidlar.Det meiner eg er ei god utvikling.Befolkninga sitt behov for helsetenester endrarseg over tid. For å ha eit tilbod som er tilpassabehovet, er fleksible løysingar viktige forlokalsjukehuset. Altså løysingar med rom forendringar etter kvart som behova/og eller rammevilkåraendrar seg. For meg som styreleiarhandlar dette likevel om å skape føreseielege ogtrygge tenester.Tett samarbeid mellom kommunane og spesialisthelsetenestaom koordinerte tenester lokaltSjukehusa i <strong>Helse</strong> Vest har valt å samarbeidetett med kvarandre og med <strong>Helse</strong> Vest IKT for åkunne samarbeide betre med alle kommunar oglegekontor over heile Vestlandet og lettare kunnehandtere den komplekse teknologien. Erfaringaneog kunnskapen kjem ifølgje Hansen ogsåkommunar og legekontor i Nordfjord til gode.– Å sende elektroniske meldingar er komplisert.Informasjon vert send ein gong til den som tronghan på det tidspunktet. Med dagens reiseaktivitetog flyttemønster vil mange pasientar møtestadig nye helseinstitusjonar. Relevant helseinformasjoner dermed ikkje til stades.Sjukehusa på Vestlandet arbeider no med åsamle sjukehusjournalane, slik at informasjonener tilgjengeleg der pasienten får helsehjelp. Styringav tilgang gjer at berre det helsepersonelletsom skal ha tilgang, får tilgang til pasientjournalen.har aldri vore snakka meir om enn no. Tematikkener ikkje ny for pasientane. Ein kan stilleseg spørsmålet om kvifor det ikkje har vorearbeidd meir med dette før. Noko av svaret erkanskje at organiseringa stod i vegen for godeløysingar, og at det var for krevjande til at einville prøve i større skala.Det har vore ein langvarig og krevjande prosesså kome dit vi er i dag, og arbeidet er hellerikkje ferdig. Vi har erfart at omstillingar erskjøre prosessar. Denne erfaringa skal vi ha medoss, samtidig som vi rettar blikket mot det somskjer no og framover.Skal vi få eit berekraftig og framtidsretta sjukehus,må vi nytte dei tilgjengelege ressursanebest mogeleg – både når det gjeld spesialisthelsetenestaog i samarbeidet med kommunane.Ny teknologi og nye mogelegheiter skal passesaman med nye krav. Eg trur det ligg til rettefor dette i Nordfjord dersom vi klarar å sameinekreftene våre vidare òg. Eg har tru på at tilbodapå Nordfjordeid i tida som kjem, vil danne einmodell for korleis ein vil organisere fleire tenesterandre stader i landet.Jorunn RingstadStyreleiar <strong>Helse</strong> Førde– Dette er ei endring i tråd med føringane istortingsmeldinga «Én innbygger – én journal».Med ein samla pasientjournal for helseføretaka i<strong>Helse</strong> Vest vil vi i alle fall få «éin vestlending – éinsjukehusjournal». Eit godt steg i rett retning –også for helseinstitusjonar i Nordfjord, som samhandlarmed <strong>Helse</strong> Førde og med andre sjukehuspå Vestlandet, seier Hansen.Norske sjukehus starta med elektroniske meldingari 1990-åra. Først ut var laboratoriesvar frå sjukehustil fastlegar. Like etter 2000 byrja sjukehusa å sendeelektroniske epikrisar til legekontora. Rundt 2005vart den første piloten med pleie- og omsorgsmeldingarsett i gang. Dermed kunne sjukeheimar få ogsende informasjon til andre partar i helsetenesta.<strong>Helse</strong> Vest IKT er eigd av det regionale helseføretaket<strong>Helse</strong> Vest. <strong>Helse</strong> Vest IKT leverer mellomanna tenester til dei fem lokale helseføretaka i<strong>Helse</strong> Vest-regionen, inkludert <strong>Helse</strong> Førde. <strong>Helse</strong>Vest IKT har i dag om lag 300 tilsette fordelt på kontori Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde.26 27


Nordfjord sjukehus gir osstryggleik i kvardagen- difor er det verdt å slå ring om!NORDFJORD SJUKEHUSTryggleik i kvardagenI 75 år har Nordfjord sjukehus bokstavelegtalt stått i sentrum for utviklingaav Nordfjord slik vi kjennerregionen i dag. Vi i Eid er stolte overå vere vertskommune for Nordfjordsjukehus.Dei siste åra har vore vanskelege for dei tilsettepå Nordfjord sjukehus og folk flest i Nordfjord.Regjeringa Stoltenberg sine vedtak i april 2011 -vedtak som så godt som alle her i Nordfjord varusamde i - gjorde at sjukehuset vårt miste ortopediavdelingaog fødeavdelinga.Eg er glad i Nordfjord sjukehus. For oss som erlokalpolitikarar i Nordfjord har nedlegging – åkaste inn handkleet og gi opp sjukehuset vårt– aldri vore eit alternativ. Når Regjeringa hargitt klare løfte om at sjukehuset vårt skal levevidare, og til og med bli ein nasjonal modell forframtidas lokalsjukehus, ja, då skal vi ta hennepå ordet.Sidan hausten 2011 har Nordfjord-kommunane,<strong>Helse</strong> Vest og <strong>Helse</strong> Førde gjennom «UtviklingsprosjektFramtidas lokalsjukehus» lagtned eit stort arbeid for å få på plass innhaldet idet nye lokalsjukehuset. Sjølv om vi framleis vilsakne dei tilboda regjeringa har teke frå oss, vilomstillinga på andre område gi nye og betre helsetenestertil 25 000 nordfjordingar.Du vil frå no av møte kommunehelsetenesta ogsjukehustenestene under same tak, i eit samlafagmiljø. Vi samarbeider om legevakt, legevakttelefon,jordmortenester, strakshjelp-tilbodog skadepoliklinikk. Mange tusen reisedøgnvil bli sparte, ikkje minst for eldre og kronisksjuke, ved at ei rekkje nye polikliniske tenesterkjem på plass ved Nordfjord sjukehus. Vi får eitstørre og endå sterkare fagmiljø på psykiatri ogrusbehandling – der fagmiljøet på Nordfjordsjukehus allereie er landsleiande. Det er viktigfor store pasientgrupper som ofte er usynlegei medieoppslag og sjukehusaksjonar, men somtreng gode tenester meir enn dei fleste.Og ikkje minst: Den viktigaste tryggleiken ikvardagen skal framleis vere der gjennom eifullverdig indremedisinsk avdeling med 24-timars beredskap når det verkeleg hastar og livstår på spel.Eg er overtydd om at Nordfjord sjukehus ikkjeberre er liv laga, men at det faktisk kan bli einnasjonal modell for framtidas lokalsjukehus. Utviklingsprosjektethar teikna opp ein slik modell.Mange av elementa i den modellen er no iferd med å kome på plass ved Nordfjord sjukehus.Nokre få, men svært viktige, brikker forat heilskapen skal henge saman, er enno ikkjelagt. Får vi dei på plass i tida framover, slik Utviklingsprosjektetlegg opp til og tilrår, ser eg nolyst på framtida for Nordfjord sjukehus.Den kampen skal vi halde fram med å kjempesaman - og så skal vi samtidig gle oss over alt detnye som allereie er i ferd med å kome på plasspå sjukehuset vårt. Nordfjord sjukehus gir osstryggleik i kvardagen - difor er det verdt å slåring om!ALFRED BJØRLOORDFØRAR I EID KOMMUNE28

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!