13.07.2015 Views

Last ned brosjyren Nynorsk i staten. Reglar og råd - Språkrådet

Last ned brosjyren Nynorsk i staten. Reglar og råd - Språkrådet

Last ned brosjyren Nynorsk i staten. Reglar og råd - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Kjære statstilsett!Ei av dei faste oppgåvene til Språkrådet er å gje statstilsette informasjonom lov om målbruk i offentleg teneste (mållova). Lova skal sikre eirimeleg fordeling mellom dei to jamstelte målformene våre, bokmål ognynorsk, i statstenesta. Som statstilsett bidreg du til at staten oppfyllerkrava i mållova.Sentrale statsorgan rapporterer ein gong i året til Språkrådet om målbrukensin. Rapporteringa om fordelinga mellom bokmål og nynorskomfattar ikkje all tekst som fell inn under mållova. Difor er det viktigat statsorgana etablerer gode rutinar for målbruk i alle publikumsrettatekstar. Om du er leiar, har du dessutan ansvar for at medarbeidaranekjenner dei viktigaste reglane i mållova. Å rette seg etter krava i mållovaer ei tenesteplikt på line med andre plikter i statsforvaltninga.Denne brosjyren gjev deg den viktigaste informasjonen du treng forå oppfylle krava i mållova på arbeidsplassen din. I tillegg får du informasjonom hjelpemiddel og om kurstilboda til Språkrådet. Dersom duhar fleire spørsmål, er det sjølvsagt berre å ta kontakt med oss.Lukke til med målbruksarbeidet!Venleg helsingArnfinn Muruvik Vonendirektør i Språkrådet

Kort om regelverketDet er lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) og forskriftene tildenne lova som regulerer bruken av nynorsk og bokmål i statstenesta.Føremålet med mållova finn me i § 1:«Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal verejamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommuneog kommune».Denne paragrafen skal sikre eit prinsipp om jamstelling og likeverdmellom målformene. Prinsippet omfattar òg kommunar og fylkeskommunar,men dei detaljerte reglane i mållova gjeld berre for statstenesta.Jamstellingsprinsippet inneber at båe målformene skal tolastog brukast. Det tyder mellom anna at nynorskbrukarar skal møtebokmål, og at bokmålsbrukarar skal møte nynorsk.Det finst to hovudkrav i mållova:1 Statsorganet skal veksle mellom målformene i skriftlegepublikasjonar på nett og papir.2 Den skriftlege kommunikasjonen private (personar og verksemder)og kommunar har med staten, skal vere i deiraeiga målform.Kommunar kan avgjere kva målform dei skal ha i skriv frå staten, medvedtak i kommunestyret (denne retten er nedfelt i § 5 i mållova). Listaover målvedtak i kommunane finst i forskrift om målvedtak i kommunarog fylkeskommunar, som ligg på www.lovdata.no. Det kan vere lurtå distribuere denne lista på arbeidsplassen.

I staten skil me mellom tre slags statsorgan: sentrale, regionaleog lokale.• Sentrale statsorgan, t.d Språkrådet og Politidirektoratet,har heile landet som tenestekrins.• Regionale statsorgan, t.d. fylkesmennene og helseføretaka,har meir enn ein kommune og mindre enn heile landetsom tenestekrins.• Lokale statsorgan, t.d mange Nav-kontor,har tenestekrins innanfor ein kommune.Somme reglar gjeld alle nivåa, medan andre berre gjeld eitt eller to avdei. Sentrale statsorgan er alltid språknøytrale og skal veksle mellommålformene. Regionale og lokale statsorgan har ofte tenestemål, detvil seie den målforma dei som hovudregel skal bruke i det skriftlegetilfanget. Alle statsorgan skal oppfylle rettane som privatpersonar ogkommunar har til å få skriv i si eiga målform. På dei neste sidene finndu meir informasjon om reglane for ulike statsorgan.

Viktige reglar for alle statsorgan1 Alle statsorgan skal ha namn som kan brukast i båe målformer.Dersom det ikkje høver med den same namneforma på bokmålog nynorsk, skal namnet ha ei bokmålsform og ei nynorskform.2 Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i båe målformer.Det gjeld både elektroniske skjema og papirskjema.3 Privatpersonar som vender seg til staten, skal ha svar i denmålforma dei sjølve brukar. Privatpersonar kan òg krevje ei vissmålform i alle løyve, faste formular o.l. (t.d. førarkort) som direktegjeld dei sjølve.4 Når eit statsorgan lagar skriv som har særleg tilknyting til eitgeografisk avgrensa område, skal det bruke fleirtalsmålformafor området. Eit døme kan vere ei stillingslysing som gjeld trekommunar. Dersom kommunane har ulike målvedtak (vedtak etter§ 5 i mållova), skal statsorganet bruke fleirtalsmålforma i stillingslysinga,altså den målforma som to av tre har valt. Dersom eitfleirtal har nøytralt målvedtak, må statsorganet ta rimeleg omsyntil målbruken i området.Dersom statsorganet vender seg særleg til ein einskild kommuneeller lagar tilfang som særleg gjeld éin kommune, skal det følgjemålvedtaket i den kommunen. Den same regelen gjeld i kontaktmed fylkeskommunar.5 Kvart statsorgan har ansvaret for at tilsette som treng det,får opplæring i bokmål og nynorsk innan rimeleg tid.

Særlege reglar for sentrale statsorgan1 I alt publikumsretta, skriftleg tilfang som sentrale statsorgan lagar,skal båe målformene vere representerte med minst 25 prosent. Detgjeld også for brosjyrar og redaksjonelt stoff i blad, tidsskrift ogbøker.2 Sentrale statsorgan er alltid språkleg nøytrale. Det inneber at deisjølve kan velje målform i skriv til andre sentrale statsorgan.3 I skriv til regionale og lokale statsorgan skal sentrale statsorganbruke tenestemålet til dei aktuelle organa.Særlege reglar for regionale og lokale statsorgan1 Det er fleirtalsmålforma for kommunane i tenestekrinsen somavgjer kva målform som skal vere tenestemål for eit regionaltstatsorgan. Tenestemålet i lokale statsorgan rettar seg ettermålvedtaket i den kommunen som er tenestekrins for organet.2 Tenestemålet skal nyttast i skriv frå det regionale eller lokalestatsorganet til alle statlege organ.

Spørsmål og svar om mållovaSpørsmålKan statsorganet skrive på bokmåltil alle kommunar?Finst det eit oversyn over kvakommunar som har kravt nynorski skriv frå statsorgan?Kva målform skal brukast mellomto sentrale statsorgan?Skal tilsette ved universitetog høgskular i alle situasjonarsvare studentar på den målformastudenten brukar?SvarNei. 114 norske kommunar harnynorsk som målvedtak (denneretten er nedfelt i mållova § 5).Skriv til desse kommunane skalvere på nynorsk.Ja. Oversynet ligg på www.lovdata.noog heiter forskrift om målvedtaki kommunar og fylkeskommunar.Sentrale statsorgan er nøytrale. Deikan velje målform i korrespondanseseg imellom.Nei. Mållova gjeld ikkje i undervisning.Men i all administrativ verksemdgjeld dei vanlege reglane. Også i Dennorske kyrkja og i rettsstellet gjeldlova berre i den administrative delenav verksemda.Kva gjer privatpersonar ellerorganisasjonar som vil klagepå målbruken i statsorgan?Somme sender klagen direkte tilstatsorganet, medan andre senderklagen til Språkrådet, som behandlarklagesaker som gjeld mållova.

Språktenesta for statsorganSpråktenesta for statsorgan, som er ein del av Språkrådet, skal særlegarbeide med språket i statleg forvaltning. Dei to hovudoppgåvenetil språktenesta er• å arbeide for klarare og betre språk i staten• å arbeide for jamnare fordeling av nynorskog bokmål i statlege tekstarSpråktenesta arbeider for meir og betre nynorsk i statleg forvaltning.På den eine sida skal me hjelpe sentrale statsorgan til å oppfylle kravetom minst 25 prosent nynorsk i skriftlege publikasjonar, og på denandre sida arbeider me for godt nynorsk forvaltningsspråk.Statsorgan har eit særleg ansvar for å vere språklege førebilete,for både privatpersonar, næringslivet og kommunal forvaltning.Kva slags nynorskhjelp kan språktenesta tilby statsorgana?• Me tilbyd nynorskkurs for statsorgan.• Me kan vurdere språket i viktige tekstar på nynorsk.• Me formidlar kontakt med språkkonsulentar til statsorgansom treng omsetjing eller språkvask av tekstar.• Me svarar på språkspørsmål frå statstilsette.• Me lagar informasjonstilfang på nett og papir.Nynorskkursa våreMeininga med kursa til språktenesta for statsorgan er å gje statsorganahjelp til sjølvhjelp. Difor bør kursa vere ein del av eit størreog meir forpliktande arbeid i kvart statsorgan. Det er viktig at kursethar støtte i leiinga i statsorganet, og at statsorganet sjølv følgjeropp kurset.

Nettstaden til Språkrådetwww.språkrådet.nowww.sprakradet.noUnder fana «Språk i staten» på nettstaden til Språkrådetkan du lese meir om oss og tenestene våre.Nettstaden til «Klart språk i staten»www.klarspråk.nowww.klarsprak.noHer finn du mellom anna skriveråd, informasjon om statlege språkprosjektog språkprofilar, undersøkingar, nynorskhjelp, språkquiz og mykjemeir. Nettstaden er spesielt tilpassa statstilsette, men stoffet som liggher, kan brukast av alle.

SpråkrådetPostboks 8107 Dep0032 OSLOTelefon: 22 54 19 50Generell e-post: post@sprakradet.noE-postadresse til språktenesta for statsorgan: stat@sprakradet.noFramsidebilete: Steinar Svensbakken / Statens vegvesenTeikningar: Oddmund MikkelsenUtforming: Tank DesignTrykk: Konsis GrafiskOpplag: 2000 (2012)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!