13.07.2015 Views

2005-01_Helseivest_web - Helse Vest

2005-01_Helseivest_web - Helse Vest

2005-01_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Hørt og lestEin intern strid mellom særinteresser og fogderi i fylketverkar berre øydeleggjande for helsestellet og skapar ogsåvondt blod og dårleg samarbeidsklima på mange andre felt.Skal eit grisgrendt fylke som vårt få den delen av felleskakavi meiner å ha krav på, må vi prøve å stå saman.Då må vi også snakke saman.Firda, 26. januar 2005Kirurger og operasjonssykepleiere ved mange sykehus børstå tidligere opp om morgenen. Langt flere kunne fåttbehandling dersom flere operasjoner hadde startet opp førklokka 9, påpeker Riksrevisjonen i en undersøkelse.Stavanger Aftenblad, 20. januar 2005Et barnløst par fra Haugesund får reise til utlandet for prøverørsbehandling,selv om behandlingen er i strid med norsklov. - Det er snakk om å bistå paret slik at de kan få etfriskt barn, sier leder Johan Fredrik Frøstrup i klagenemda.Haugesunds Avis, 25. januar 2005Klare resultatDet mest tydelege resultatet av arbeidet i helseregionen i 2004 er at dengjennomsnittlege ventetida til pasienten gjekk vesentleg ned. Sidan sykehusreformavart sett i verk, 1. januar 2002, og til utgangen av 2004 erreduksjonen på nærare 60 prosent, frå 214 dagar til 89 dagar. Bra, ikkjesant? Samtidig behandlar sjukehusa fleire pasientar enn nokon gong før.Dette betyr at det er gjort eit svært løft – alt til beste for pasienten. Ogbetre skal det bli, med hardare målsettingar for året vi er i gong med.E i t s v æ r t k o m p l e k s ts j u k e h u s s y s t e m r ø r e rp å s e g !No er det snart eit år sidan legen fortalde at han hadde fått kreft. Viskal bli med han, mamma Tone og pappa Hans gjennom månader medcellegift, operasjon, smerter, den mentale turbulensen, men samtidig eiukueleg tru på at det går godt til slutt.I denne utgåva skal vi også ein svipptur til Danmark. 2004 var året dåHelse Vest, som første region, inngikk avtale for å gi nærare 50 ekstremtovervektige eit nytt liv. Korleis går det med den første gruppa som er iEbeltoft? Helse i vest skreiv i sist utgåve om Stein frå Stavanger, ein avdeltakarane. Stein - og Kristin frå Gulen i Sogn og Fjordane - møter vii denne utgåva, etter at dei første vekene er tilbakelagde.Har du sett at krokusen er på veg? Det lysnar, vår i sikte – sjølv omvinteren framleis viser seg fram. Husk å komme deg ut i naturen,det gjer godt for kropp og sjel.God tur!I denne utgåva av Helse i vest set vi søkjelyset på nokre område der vihar oppnådd gode resultat. Denne gigantiske reforma er no inne i einfase der mykje er avklart og der aktørane har ei meir felles forståing avkva for mål vi jobbar for å nå – uavhengig av kvar i systemet vi jobbar.Eit svært komplekst sjukehussystem rører på seg!Kvar dag møter nye pasientar til behandling i sjukehusa. Pasientar i allealdrar møter opp til avtale; spente på kva legen vil finne ut, redde forå få ei beskjed dei ikkje ønskjer seg. Vi skal treffe nokre av pasientane;eit par som er på fertilitetsklinikken i Haugesund og som ser fram tilå starte prosessen med å lage barn nummer to. Vi skal også møte Erik,ein sterk og flott femtenåring, hekta på pc-en, eit talent på fotballbana– med eit kne som plaga han.Bjørg Sandal2Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4066 StavangerRedaksjonBjørg Sandal (ansvarleg redaktør),Elisabeth Huse og Heidi BjørnevikBidragsytararKjetil Alsvik (foto), Compartner AS (tekst).Forsidefoto: Ida SchmidtKontakt ossinfo@helse-vest.no Tlf. 51 96 38 00Utforming og tilretteleggingOktan Sydvest ASTrykkeriColor Print, SandnesOpplag15 000Abonner gratis på Helse i Vest Send ein e-post til info@helse-vest.no

T e m a : I n f e r t i l i t e tVil gi Maria bror eller søsterNår ho ikkje rir på gyngehesten sin spring Maria(14 månader) fornøgd rundt i stua på Gausel iStavanger. – Hest, hest, seier ho ivrig og held stolt framein miniatyrponni i plastikk.Ho veit det sjølvsagt ikkje, men Maria er det særs vellykka resultatet av eirivande utvikling innan fertilitetsbehandling i Noreg dei siste 20 åra. Hoer skapt i eit laboratorium på fertilitetssenteret ved Haugesund sjukehus.Og no prøver mor og far å skaffe henne ei søster eller ein bror.Prøver igjen- Med ein gong Maria var fødd bestemte vi oss for at dette ville vi gjereigjen, fortel Sølvi Løwén. Ho har endometriose, ein tilstand ho harvore operert for to gongar og som gjer det vanskeleg å bli gravid.- På fertilitetssenteret sa dei at vi kunne ta kontakt når Maria var to år,så vi venta til ho var nesten eitt, ler Sølvi Løwén. Saman med mannensin Ilhan var ho nyleg til konsultasjon i Haugesund.- Eg er letta no, for legen sa eg slapp å operere igjen. Vi får eit nyttforsøk om kort tid, fortel ho.Kasta vekk eit årParet synst ikkje det har vore ei stor påkjenning å ikkje kunne få barnpå naturleg vis.- Det er flott at det finst eit tilbod som dette. Etter at vi blei vist tilfertilitetssenteret har vi blitt tatt på alvor og fått den hjelpa vi trengde,seier Ilhan Løwén.Sølvi Løwén understrekar at det er viktig at det ikkje går for lang tidfør ein blir vist til ein fertilitetsklinikk.- Eg føler vi kasta vekk eit år då vi fekk beskjed om å prøve på eigahand etter den første operasjonen. På fertilitetssenteret forstår dei sjukdommenmin og dei opp- og nedturane ein opplever i prosessen med åfå barn på denne måten, seier Sølvi Løwén.Endometriose:Tilstand der vev somliknar livmorslimhinnaveks utanfor livmora.Kan medføre infertilitet.Hestejenta Maria blei til under eit mikroskop på fertilitetssentereti Haugesund. 14 månader gammal kan ho båderi og klappe hender samtidig. Pappa Ilhan Løwénog mamma Sølvi Løwén klappar med.3

T e m a : I n f e r t i l i t e tBabyfabrikken i HaugesundBioingeniør Herborg Dommersnes fører ei pipette overnokre ørsmå skåler og tilset spermiar der eggcellene ligg.Ho sjekkar i mikroskopet at alt ser greitt ut før ho tardei nybefrukta egga og skundar seg varsamt mot varmeskapet.– Dei tåler ikkje så lang tid i romtemperaturfør dei blir øydelagde, seier ho og set inn egga. I skapeter det 37 grader og mørkt. Drømmeforhold for egg ogspermiar som skal bli eitt.Fertilitetssenteret ved Haugesund sjukehus har produsert om lag 2000babyar, eller 80 skuleklassar, sidan oppstarten i 1985. Nyleg flytta deiinn i nye, flotte lokale i forlenginga av sjukehuset. I april feirar dei 20-årsjubileum.Kapasiteten er sprengt- I byrjinga var det berre to tilsette her og ikkje så mange behandlingari året. No er vi oppe i 600 behandlingar, eller egguttak, årleg og taletskal aukast ytterlegare til 800 i løpet av dei neste par åra, seier sjukepleiarElise Amundsen. Ho har jobba på fertilitetssenteret sidan 1998. Idag er dei elleve tilsette, men til sommaren får dei to nye stillingar, einbioingeniør og ein sjukepleiar.- Kapasiteten vår er sprengt og pågangen berre aukar. No er ventetidacirka seks månader og eitt av fem par som er viste til oss blir gravide iventetida, fortel Elise Amundsen.Frå eggstokk til livmorI laboratoriet sit bioingeniørane og kikkar i kvart sitt mikroskop.Ei tiner opp befrukta egg, eit høgpresist arbeid som krev fullFoto: Bjørn Erik LarsenEggcellene tåler ikkje mykje tid i romtemperatur og bioingeniørane må derfor arbeide raskt.Frå venstre Sissel Aakre Bøe, Inga Bakkevig og Ingrid Thormodsen Rein.4Behandlingstilbodet:Haugesund Fertilitetssenter tilbyr hovudsakleg tre typar infertilitetsbehandling:• I vanleg prøverørsbehandling blir det tatt ut egg frå kvinna som blirbefrukta med kvalitetssjekka sæd. Eitt egg blir sett tilbake i livmora.• Mikroinjeksjon (ICSI) blir særleg brukt når dårleg sædkvalitet erhovudproblemet. Her blir berre ein spermie ført inn i eit egg.• Inseminering: Kvalitetssjekka sæd blir sprøyta inn i kvinna sin skjededersom eggleiarane er opne.I tillegg kjem nedfrysing av befrukta egg og utgreiing av par som harvanskar med å få barn.

Her blir barnet skapt. Inga Bakkevig gjennomfører einmikroinjeksjon der ei sædcelle blir sprøyta inn i ei eggcelle.Skjermen viser ei forstørring av befruktinga.Foto: Bjørn Erik LarsenFoto: Øyvind Sætrekonsentrasjon. Ei anna vurderer egga som nettopp er tatt ut av eggstokkanetil ei kvinne. Før egget blir sett tilbake i kvinna, har det voregjennom ein nitid prosess. Først møtet med ein eller fleire spermiar, såei tid i varmeskapet. Dersom alt har gått som det skal og egget er befrukta,vil det etter eit døgn vere to kjernar inni egget. Dagen etter haregget delt seg i to eller fire. Så blir egget sett tilbake i kvinna si livmor.Dei egga som er til overs, blir frose ned til minus 197 gradar celsius,dersom dei har god nok kvalitet. Når dei skal brukast blir dei tinte oppigjen og lagde i ei næringsrik dyrkingsvæske før dei blir sette tilbake ilivmora.Ubefrukta egg Befrukta egg CelledelingÅrsaker til infertilitetJon Hausken er overlege ved Haugesund Fertilitetssenter. Han harforklaringa på kvifor stadig fleire treng hjelp til å få barn:- Eit veksande problem i samfunnet er at sædkvaliteten til mennblir dårlegare. Samtidig er det fleire og fleire kvinner som i størreeller mindre grad har eggløysingsproblem, for eksempel polycystiskovariesyndrom (PCO). Kvar for seg treng ikkje desse problema føre tilinfertilitet, men når ein mann med dårleg sædkvalitet treff ei kvinnemed PCO kan dei få problem. Hos rundt halvparten av dei para vi fårinn her, er det ein slik kombinasjon som er årsaka til barnløysa, seierJon Hausken. Han legg til at alder er ei anna viktig årsak til infertilitet.- Folk ventar lenger med å få barn, og med alderen blir kvaliteten bådepå eggceller og sæd dårlegare.- Så infertilitet er ikkje eit kvinneproblem?- Nei, i 25 prosent av tilfella finn ein ikkje årsaka til problema. Men fordei resterande fordeler dette seg omlag likt på menn og kvinner.- Når blir ein rekna som infertil?- Dersom ein har prøvd å få barn i eit til halvanna år utan å lykkast,kan ein ta kontakt med lege for å få utgreidd moglege årsaker.- Godt å komme herDei flotte lokala til fertilitetssenteret er dekorert av smilande babyarmed produksjonsstad Haugesund. På venterommet heng fargerike fotoav egg og spermiar. Her sit òg dei som skal inn til behandling. To av deier Sølvi og Ilhan Løwén.- Vi hadde eit forsøk før jul, men det gjekk ikkje, seier Sølvi Løwén.Ho og mannen er likevel optimistiske. Heime har dei Maria på 14månader. Beviset på at dei har lykkast før.– Det er godt å komme her. Alle er så blide og flinke og ikkje minstprofesjonelle. Dei er gode å støtte seg på når nedturane kjem, seier ho.Infertilitetsbehandling i Noreg• Fertilitetssenteret i Haugesund er det tredje største i Noreg og einav sju offentlege klinikkar som tilbyr assistert befrukting. Dei andreligg i Bergen, Oslo (ein ved Ullevål og ein ved Rikshospitalet),Trondheim, Tromsø, og Porsgrunn. Det finst òg tre privateklinikkar her til lands.• Vanlege prisar ved dei offentlege sjukehusa i Noreg er 18 000 kronerfor inntil tre prøverørs- eller ICSI-forsøk per barn. Dette inkluderer15 000 i hormonstimulerande medisinar og 3 000 kroner for sjølvebehandlinga.• Vil du vite meir om behandling for infertilitet kan du sjekkenettstaden til Foreningen for ufrivillig barnløse www.fub.no.5

T e m a : I n f e r t i l i t e tSlutt på import av sædFrå 1. januar i år opphøyrde anonymiteten til sæddonorari Noreg. Resultatet av det er mellom anna opprettingaav to norske sædbankar og eit nasjonalt register forsæddonorar.- Før 1. januar brukte vi importert sæd frå Danmark, men det er ikkjelenger lov sidan donorar der er anonyme. Dermed måtte vi ha norskedonorar og opprette norske sædbankar, forklarar Jon Hausken, overlegeved Haugesund sjukehus og ansvarleg for sædbanken der.Han var med i eit nasjonalt arbeidsutval som utforma retningslinenefor norske spermabankar.- Sædbankane har tre hovudoppgåver. Dei skal rekruttere donorar oglagre og distribuere sæd. Vi treng ti til 15 donorar kvart år. Dette erutfordrande å få til sidan under halvparten av alle menn kvalifiserer,seier Jon Hausken.Foto: Bjørn Erik LarsenOverlege Jon Hausken ved fertilitetssenteret har òg vore sentral i oppbyggingaav sædbanken og Nasjonalt register for sæddonorar ved Haugesund sjukehus.Det er berre to sædbankar i Noreg. Ein ved Rikshospitalet og ein vedHaugesund sjukehus. Potensielle donorar må vere friske fysisk ogmentalt, dei kan ikkje ha arvelege sjukdommar, kjønnssjukdommar, hiveller hepatitt og dei må ha god sædkvalitet.- Donorane blir registrerte med høgde, auge- og hårfarge. Slik sikrarein at utsjånaden til barnet ikkje avvik fullstendig frå utsjånaden til denfaren dei skal vekse opp med, forklarar overlegen.Det nasjonale registeret for sæddonorar er lagt til Haugesund sjukehus.Her blir alle norske donorar registrerte slik at barn fødd ved hjelp avdonorsæd kan få vite sitt biologiske opphav ved fylte 18 år.Vidarefører ventetidsgulrotaHelse Vest opprettheld ordninga med pengetilskotfor å stimulere arbeidet med å få ned ventetida forbehandling ved sjukehusa i regionen.Ordninga blei innført i fjor haust og målet er å korte ned tida pasientenventar ved å utnytte ledig kapasitet ved eit anna sjukehus i regionen.Dette skjer ved at sjukehus med ledig kapasitet tar i mot pasientar somstår på venteliste ved andre sjukehus.Ordninga gir fordelar for alle. Pasientane får behandling raskare oghelseføretak med ledig kapasitet får nytta denne samtidig som dei fårbetre betalt for pasientbehandlinga.6

Framstøyt forfritt sjukehusvalHelse Vest sender i desse dagar ut informasjonsmateriell for fritt sjukehusval.Mange pasientar er ikkje klar over at ventetida for planlagtbehandling kan variere mykje mellom sjukehusa. Dei veit heller ikkje atdei har rett til å velje kva sjukehus dei vil bli behandla ved. Eller at deikan ringje gratis til informasjonstelefonen for fritt sjukehusval,800 41 004, for å få vite meir om ventetider og pasientrettar.Helse Vest har sendt informasjonsmateriell ut til alle sjukehus, avtalespesialistarog fastlegar. Det blir også annonsert i utvalde aviser, nokrelokale tv-stasjonar og i enkelte nettaviser i regionen. Informasjon omventetider og pasientrettar finn du på www.sykehusvalg.no eller ring detgrøne nummeret 800 41 004.- Målet er at fleire pasientar skal nytte seg av retten til å reise til sjukehusmed kortare ventetider, seier informasjonsdirektør Bjørg Sandal iHelse Vest.Står du i sjukehuskø?Sjekk om eit anna sjukehushar kortare ventetid!Ventetida kan variere mykje mellom sjukehusa, avhengig av kvafor plager du har. For eksempel er ventetida for behandling avlyskebrokk fire veker ved Stord sjukehus. Til samanlikning erventetida ved Stavanger Universitetssjukehus 52 veker.*Du har rett til å velje ved kva for eit sjukehus du vil bli behandla.Vil du vite meir om rettane dine eller kor ventetida er kortast?Ring gratis til 800 41 004eller sjekk www.sykehusvalg.noRetten til å velje sjukehus gjeld ved planlagt undersøking ellerbehandling – ikkje ved akutt hjelp.* Forventa ventetid per januar 2005. Gjeld innlegging på sjukehusfor vaksne med lyskebrokk.Oppdraget for 2005 er klartHelse Vest har fått det årlege bestillardokumentet(tidlegare styringsdokumentet) frå eigaren Helse- ogomsorgsdepartementet (HOD). Dokumentet gir denoverordna helsepolitiske prioriteringa for 2005.Det var føretaksmøte mellom departementet og Helse Vest måndag17. januar. Her blei dei økonomiske og organisatoriske styringskravaformidla.Det er klart at psykisk helsevern og behandlinga av rusmiddelavhengigeblir prioriterte område i 2005. Den prosentvise veksten skal veresterkare innan rusbehandling og psykisk helsevern enn innan somatiskespesialisthelsetenester.Helse- og omsorgsdepartementet ber óg om at dei regionale helseføretakaetablerer eit tydelegare organisatorisk og systemmessig skilje mellomrollene som ivaretakar av det såkalla “sørgje-for-ansvaret” og eigar avunderliggjande helseføretak. Av dette følgjer blant anna at tilsette i detregionale helseføretaket som har oppgåver knytt til “sørgje-for-ansvaret”ikkje skal sitje i styra i helseføretaka.Helse Vest vil gjennomføre føretaksmøte, som tilsvarer generalforsamling,med sine helseføretak i februar. For Helse Fonna og HelseStavanger er møta sette til tysdag 8. februar. For Helse Bergen, HelseFørde, Apoteka Vest og Helse Vest IKT AS blir føretaksmøta halde25. februar.På bakgrunn av bestillardokumentet frå HOD skal Helse Vest utformetilsvarande styringsdokument til sine helseføretak.Det regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret forspesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.Helse Vest eig dei fem helseføretaka Helse Stavanger, Helse Fonna,Helse Bergen, Helse Førde og Apoteka Vest samt Helse Vest IKT AS.www.helse-vest.noTreng du sjukehusbehandling?Sjekk ventetidene!Ring gratis til800 41 004Ventetida kan variere mykje mellom sjukehusa, avhengig av kvafor plager du har. Du har rett til sjølv å velje ved kva for eitsjukehus du vil bli behandla.Snakk med fastlegen din.Han kan vise deg til sjukehuset du vel.Vil du vite meir om rettane dine eller kor ventetida er kortast?Ring gratis til 800 41 004 eller sjekk www.sykehusvalg.noRetten til å velje sjukehus gjeld ved planlagt undersøking ellerbehandling, ikkje akutt hjelp.Det regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret forspesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.Helse Vest eig dei fem helseføretaka Helse Stavanger, Helse Fonna,Helse Bergen, Helse Førde og Apoteka Vest samt Helse Vest IKT AS.www.helse-vest.no7

K v a e r o p p n å d d – t r e å r e t t e r s j u k e h u s r e f o r m a ?Klare resultatetter hardt arbeidFoto: Bjørn Erik Larsen8Tre år har gått sidan dei regionale helseføretaka overtoksjukehusa. Mange aktørar har vore på bana desse åra,mange har sterke meiningar. Styreleiar Mai Vik sit midt istormkasta. Ho har ambisjonar på vegne av pasientane,og har vist at ho kan styre skuta i relativt tøff sjøgang. Ogetter tre år har ho klare resultat å vise til.- Eg er særleg opptatt av tilbakemeldingarpasientane gir, og dei er jamt over gode. Dethar skjedd mykje desse tre åra. Men det klarasteresultatet vi kan vise til er at den gjennomsnittlegeventetida er redusert frå 214 til 89 dagar, samtidigsom vi behandlar fleire pasientar. Dette ereit viktig resultat. Først og fremst for pasienten,men også fordi nettopp det å redusere ventetidenevar ein av grunnane til at helsereformablei sett ut i livet, seier styreleiaren.Sparer 100 millionarHo peikar på den høge kompetansen blant medarbeidarane i spesialisthelsetenesta,og på kor tydelege resultata blir når ein dreg saman for ånå eit felles mål.- Nettopp det å jobbe for å nå mål som verkeleg betyr noko for innbyggjaranei regionen, er viktig. Som region har vi no unike sjansar til ågjere store framskritt, seier Mai Vik.Ho trekkjer fram arbeidet som er gjort innan forsking.- Helse Vest jobbar svært godt saman med helseføretaka, universitetaog høgskolane for å skaffe fram stadig betre resultat. Vi har valt å brukepengar på forsking fordi det vil gi oss gode helsetenester også i framtida.Vi har eit entusiastisk og kompetent forskarmiljø der vi allereiehar sett gode døme på forsking med direkte relevans til prioritertepasientgrupper, seier Vik.Ho snakkar også gjerne om kva regionen saman har oppnådd innaninnkjøpsområdet. Til no er det inngått kontraktar som gjer at helseføretakakan spare 100 millionar kroner kvart år.- Dette er pengar vi så kan nytte til pasientbehandling, både innanpsykiatrien, somatikken og rusområdet, seier Vik, som også i dennesamanhengen understrekar kor viktig det er at ein samarbeider iregionen, på tvers av føretaksgrensene.Kritisert for økonomifokus- Men økonomien i regionen er eit sorgens kapittel?Mai Vik stadfestar at regionen enno er underfinansiert, men atpasientane likevel får god kvalitet på tenestene.- Å kutte kostnader er ikkje lett i denne bransjen. Etter tre år er vi ennoi minus, men eg synest likevel det er tilfredsstillande at vi klarer å haldedei budsjetta vi lagar. Det fortel at vi er på god veg, og at vi har fåttkontroll over kostnadene, seier Vik.I tre år har ein jobba med å få på plass felles økonomisystem som gjerat resultata i helseføretaka kan samanliknast.- Helseføretaka blir kritisert for berre å ha fokus på økonomi. Har detblitt for mykje snakk om pengar slik at ein gløymer sjølve tenestene – detpasienten treng?- Pasienten får gode tenester, noko også fleire spørjeundersøkingar girgode tilbakemeldingar om. Når det gjeld økonomien, er det svært viktigat vi har styring og god kontroll over dette fagfeltet. Å ha kontrollover økonomien er ein føresetnad for alt vi elles skal gjere, no og iframtida, seier Vik.Evnar å tilby nye tenesterSom første region starta Helse Vest nyleg opp eit livsstilstilbod forekstremt overvektige.- Det at vi set i gang heilt nye tilbod, viser at vi maktar å sjå framoverog planlegge for framtida, seier Vik.Ho peikar på at helseføretaka har oppretta dei såkalla lærings- ogmeistringssentra. I januar 2004 overtok det regionale føretaket ansvaretsom fylkeskommunane hadde for rusfeltet – slik at rusmiddelavhengigeno får eit heilskapleg tilbod.- Det er viktig å huske på at dette er ei gigantisk reform, i eit gigantisksystem. Det tek derfor tid før resultata kjem, men dei er på veg, seierstyreleiaren.

K v a e r o p p n å d d – t r e å r e t t e r s j u k e h u s r e f o r m a ?Sjukefråvær:Nær halvert på to årHelseføretaka i Helse Vest har samla sett redusert sjukefråværet mednær 44 prosent frå utgangen av 2002 til november 2004. Best harframgangen vore for klinikk for medisinsk service i Helse Stavanger.Der har sjukefråværet nærast blitt halvert.Nedgangen i sjukefråværet ved Klinikk for medisinsk service skuldastaktivt og målretta arbeid. For dette er klinikken tildelt Prisen for godtInkluderande Arbeidsliv.Sjukefråværet i helseregionen varierer sterkt frå klinikk til klinikkog avdeling til avdeling. Variasjonane skuldast at dei tilsette ved deiulike avdelingane og klinikkane arbeider på svært forskjellige måtar,og dermed må tilnærma seg utfordringane med å få ned sjukefråværetforskjellig.Samtidig blir metodane som er brukt på dei avdelingane og klinikkanemed best resultat jobba vidare med, slik at dei også vil passe andre stader.Mykje av nedgangen i sjukefråværet kom frå januar til utgangen avnovember i 2004. Helse Bergen reduserte sitt samla fråvær frå 9,0prosent til 6,1 prosent i perioden, Helse Fonna reduserte fråværet frå7,6 prosent til 4,8 prosent, Helse Førde frå 6,3 prosent til 4, 8 prosentog Helse Stavanger frå 7,1 prosent til 4,8 prosent i perioden.Forsking:42 prosent aukeForskingsaktiviteten har auka med 42 prosent sidan staten overtoksjukehusa. Helseføretaka får etter visse kriterium poeng for publisertevitskaplege artiklar. Forskingsaktiviteten er målt i publikasjonspoengfor desse artiklane og doktorgradane. Poenga danner grunnlaget fortildelinga av forskingsmidlar frå Helse- og omsorgsdepartementet tilHelse Vest.68 millionar kroner er fordelte på forskingsprosjekt i Helse Vestfor 2005, det er ein auke på 13 millionar frå 2004. I tillegg kjem eivesentleg tildeling til strategiske forskingssatsingar i regionen.Det er framgang på forskingsfronten for alle helseføretaka i Helse Vest.Miljøet rundt Haukeland Universitetssjukehus er størst, men forskingai Helse Stavanger aukar mest. Aktiviteten her er høgare enn ved fleireav dei andre universitetssjukehusa i landet.- Forsking i sjukehussektoren er sjølve grunnlaget for å kunnedokumentere og sikre kvaliteten på helsetenestene. I tillegg er forskingavgjerande for å ta i bruk nye og meir effektive behandlingsmetodar,legemiddel og kirurgiske inngrep, seier viseadministrerande direktørHelge Bryne i Helse Vest.Halvard Wannag Sele,leiar i Sogn og Fjordane legeforening- Frå min ståstad har arbeidet så langt voreprega av å skaffe oversikt over det uoversiktlege.Føretaka er blitt stilte overforøkonomiske krav, som er så stramme atkvardagen i større grad er prega av nedleggingarav tilbod enn av fagleg funderte forbetringar. Slike prosessarer vanskelege, uansett korleis ein ser på dei, og tidvis demoraliserande.Om dei ikkje lykkast, er dei øydeleggjande. Slik eg ser det, er det ettertre år ikkje tid for sjølvskryt. Det kinesiske teiknet for fare betyr ogsåmoglegheiter. Sjukehustilboda er dessverre i fare – fagleg sett. Kanskjekan vi om ti år sjå at fara stimulerte oss til å realisere moglegheitene?John Alvheim,leiar av sosialkomiteen på StortingetGjennom helsereforma har vi oppnåddei effektivisering av helsetenesta, mellomanna ved å opne for fleire private helsetilbod.Dessutan er ventelistene på landsbasisreduserte med over 70.000 pasientar– eit tal eg ventar vil bli enda betre. Eg er derimot ikkje nøgd medorganiseringa. Det er blitt ei for stor blanding mellom bestillar- ogutførartenesta i dei regionale helseføretaka. Her må det gjerast grep,og eg registrerer med glede at helseministeren tar tak i problemet.Dessutan har verken regjeringa eller stortingsfleirtalet tatt inn over segat heile sjukehussektoren er underfinansiert som følgje av at helseføretakatok over 800 millionar kroner i gjeld frå fylkeskommunane. Dettehåper eg vi får retta opp i revidert statsbudsjett. Fleirtalet må innsjå atdet kostar pengar å behandle pasientar.Ingrid Mällberg,leiar for regionalt brukarutval- Vi legg merke til at brukarane har begynt åfå betre medverknad og at Helse Vest er blittflinkare til å vere opne og gi oss informasjon.Samtidig meiner vi som brukarar at helseføretakaframleis kan bli betre. Andre resultatav sjukehusreforma er kortare ventelister og at fleire får behandling.Det siste er eg ikkje sikker på er udelt positivt. Ting tyder på atpasientar blir skrivne ut for tidleg og dermed oftare lagde inn igjenpå eit seinare tidspunkt.Jan Fyllingen,fastlege i HaugsundSom fastlege har eg ikkje merka dei storeendringane etter at reforma blei innførd. Egkan heller ikkje sjå at reforma har ført nokopositivt med seg for pasientane. Mellomanna reagerer eg på at det ikkje er samekvalitet på tenestene ved dei forskjellige sjukehusa og i dei forskjelligehelseregionane.Foto: Jan Nik. Hansen, Firda TidendFoto: Harald Nordbakken, Haugesunds Avis9

K v a e r o p p n å d d – t r e å r e t t e r s j u k e h u s r e f o r m a ?Foto: Jan Nik. Hansen, Firda TidendHaldor Byrkjeflot,forskningsleiar, Rokkansenteret- Helsereforma er ei stor reform, som detikkje er mogleg å vurdere skikkeleg etterberre tre år. Vi som forskar på reformaregistrerer at eit nytt system er på plass– samtidig ser vi at målsettinga har endraseg undervegs. Skilnaden mellom bestillar og utførar, som det var lagtopp til i starten, er det ikkje blitt noko av. I staden har det blitt det vikan kalle ”Forvalting i føretaksklede”.Inger Skjæveland,fylkesleiar Norsk Sykepleierforbundi Rogaland- Sjølv om ventelistene har blitt kortare,er vi framleis bekymra for at helsereformaikkje har innfridd målet om å fjernekorridorpasientane. I løpet av desse tre årasynest vi også at fokuset på økonomien er blitt sterkare enn tidlegare,og at dette fokuset vil føre til at pasientar med enkle diagnosar blirprioriterte framfor pasientar med meir samansette diagnosar ogkronikarar. På den positive sida registrerer vi at ventelistene er reduserte.Grete Brundtland,pasientombod for somatikk i Hordaland- Som pasientombod får eg flest tilbakemeldingarpå ting som ikkje er i orden.Eit auka fokus på økonomi – der deter mest snakk om å halde budsjett ogspare pengar framfor å løyse oppgåver,er ein av reaksjonane som kjem fram. Samtidig trur eg ikkje den nyeorganiseringa blir opplevd som viktig frå pasientane si side. For dei erdet lovendringane som har vore viktigast.Anders Rysdal,ordførar i Gloppen / leiarfor Nordfjordrådet- Det framste minuset med reforma er atdet her blitt meir AS-tenking i helsevesenetenn det var tidlegare. Eg opplever også atdet er blitt mindre openheit rundt drifta avsjukehusa. Samtidig har ein i løpet av desse tre åra fått ei synleggjeringav driftskostnadene og ein sunn debatt om ressursutnyttinga. Ulempaer at økonomifokuset i nokre tilfelle har gått på akkord med kva som erviktig for at folk i distrikta skal oppleve at dei har eit trygt tilbod.Innkjøp:Kan spare 100 millionar kronerHelseføretaka i regionen kan spare 100 millionar kroner på innkjøpsavtalenedei har inngått. Berre på telefoni og straum sparte helseføretaka35 millionar i 2004. I tillegg kjem eit stort innsparingspotensiale påavtaler som enno ikkje er forhandla. Føresetnaden er at alle medarbeidararbruker avtalene når dei skal bestille varer og tenester. Sjukehusai Helse Vest handler varer og tenester for rundt 2,5 milliardar kronerårleg. Stadig fleire innkjøp blir gjort regionalt eller nasjonalt. Føretakasparer fleire titals millionar, samanlikna med om dei skulle handle kvarfor seg. Når føretaka går saman om store innkjøp får dei gode prisar imarknaden. Til no er det gjort felles innkjøp innan blant anna telefoni,IT-utstyr, straum, fly, hotell og medisinske forbruksvarer.IKT:Betre for pasientenmed samordna systemEit av måla med IKT-arbeidet er å etablere og samordne system ogløysingar, slik at informasjon om pasienten følgjer pasienten gjennomheile pasientgangen. Det skal også redusere kostnader til parallelt arbeidinnan IT-området og auke servicenivået ved å samordneIT-funksjonane. IKT-funksjonane i helseregionen blei i 2004 samlai eitt selskap; Helse Vest IKT AS. Helse Vest medverkar også aktivt inasjonalt IKT-arbeid (Nasjonal IKT og Norsk Helsenett as).Ventetid:58 prosent kortare sjukehuskøVed utgangen av 2004 var den gjennomsnittlege ventetida for pasientarsom står i sjukehuskø i regionen på 89 dagar. Det er ein reduksjonpå heile 125 dagar, eller drygt 58 prosent, sidan Helse Vest overtokansvaret for sjukehusa i regionen i 2002. Då var nemleg ventetida214 dagar. For 2004 hadde Helse Vest mål om å vere nede i 85 dagarsventetid, for 2005 blir lista lagt ned til 70 dagars gjennomsnittleg ventetidfor alle pasientar som ventar på spesialisert behandling i regionen– anten det gjeld psykiatrisk-, somatisk- eller rusrelatert behandling.HelseføretakHelse Førde 72Helse Bergen 92Helse Fonna 54Helse Stavanger 98Private med Helse Vest-avtale 97Helse Vest totalt 89VentetidTabellen viser gjennomsnittlegventetid ved utgangen av 2004etter helseføretak.10

Foto: Ida Schmidt08.1508.50:07.40:God stemning ved frukosten i kantina. Kursdeltakaraneforsyner seg med mat frå frukostbuffeten. Ved sidan av Stein sitMarita Randa frå Oslo og Odd Ingve Reve frå Klepp i Rogaland.Stemninga på fellessamlinga er uformell, med lausekommentarar og mykje latter. Dei tilsette ved senteret informererom aktivitetane og gir praktiske opplysningar. Det er opp til kursdeltakaranesjølve å velje aktivitetar. Blant dei fysiske aktivitetane einkan velje i dag er ”step”, gymnastikk i vatn, ballspill og mosjonsrom.Dagen har starta på Ebeltoft Kurcenter. Stein går 3 kilometer påtredemølle før frukost. - Målet var å kunne gå 5 kilometer etterfire månader her på senteret. No ser det ut til at eg kan klare detallereie neste veke, seier han nøgd.Stein WormsenVekt då han kom til Ebeltoft: 182,5 kiloVekttap etter dei to første vekene: 4 kiloPå veg m17.00:Middagen er servert! Maten blir eten i selskap med dei andrei matlagingsgruppa.16.15:- Vi lærer å skyte fram brystkassa og seie: Her er eg!Stein Wormsen frå Stavanger har starta den lange reisamot eit lettare liv.- Mange her har brukt heile livet på å gøyme seg vekk. Med mentaltrening lærer vi om haldning, utstråling og det å våge å vise seg fram,seier han. Opphaldet ved Ebeltoft Kurcenter går inn i den tredje vekanår Helse i vest er på besøk. Då vi trefte Stein i haust, var han spentpå korleis han ville takle opphaldet. No seier han at det går over allforventing.- Eg ser at eg raskt får resultat. Den første veka var det problematisk ågå dei få hundre metrane frå leilegheita til trimrommet. No går eg 3kilometer – før frukost. I tillegg er det fysiske aktivitetar heile dagen.Forma er allereie mykje betre, fortel han. Målet med opphaldet er å14.30:12To kursdeltakarar deler leilegheit, og middagslaginga går påomgang. Tre bueiningar (seks personar) utgjer eitt matfellesskap.Stein og ”sambuaren” hans har ansvaret i dag.På menyen: Jegergryte med svinekjøtt og poteter.Mellommåltid. Frukt, grønt og ein kopp kaffi for dei somønskjer det.

09:15:10:15:Teoretisk undervisning. Tema er i dag ”Kjenn din kost”. Gruppadiskuterer kosthald, feittprosent og KMI (kroppsmasseindeks).- Treng ein ekstra proteinpulver, spør ein av deltakarane. – Nei,du får nok gjennom kjøttet i kosten. Berre dei som trener ekstremtmykje treng ekstra tilskot, svarer kosthaldsekspert Ann Henriksen.ot eit lettare livMellommåltid. Kursdeltakarane møtest i kantina for å etefrukt og grønt.10:45:gå så mykje ned i vekt som mogleg. Då han kom til Ebeltoft vog han182,5 kilo. Etter to veker har han allereie tatt av 4 kilo.Deltakarane konkurrerer ikkje mot kvarandre, berre mot seg sjølve.- Her er vi alle i same båt. Kvar dag med framgang er ein siger, fortel Stein.Han skal ha i seg 2 250 kaloriar kvar dag, fordelt på tre hovud- og tremellommåltid. I tillegg skal han drikke 6 liter vatn.- I starten hadde eg problem med å få i meg all maten. No går detbetre. Eg, og mange med meg, har ikkje søthunger lenger. Vi et for ofteog for mykje til det, seier Stein.Helse i vest følgjer Stein Wormsen frå Stavanger gjennom heile behandlingamot overvekt. Du treff han igjen i neste utgåve av bladet.13.30:Fysisk aktivitet. Stein vel å vere med på stasjonstreninga.Deltakarane skal gjennom ni stasjonar, og bruke eitt minuttpå kvar. Høge discorytmar gir mosjonistane eit ekstra puff.11.50:Lunsj. Buffeten er innbydande. – Maten er veldig god, men deter mykje av han. Problemet er å få i seg nok mat. Vi et ofte,med seks måltid til dagen, fortel Stein.Fysisk aktivitet. Stein blir med på basketball. Han er mannenbak fleire av nesten-scoringane, sjølv om han aldri har speltbasket før.13

Foto: Ida SchmidtFlemming DarreSlankesjefFrå kaos til strukturKristin Dingen- Som å vinne i lottoKristin Dingen frå Gulen kommune i Sogn ogFjordane er jublande glad for at ho har fått eit tilbodom behandling mot overvekta.- Vi som kom med på dette programmet er kjempeheldige, det kjenstsom eg har vunne i lotto, seier ho. Historia hennar liknar den mangeovervektige kan fortelje. Det er historia om tallause slankekurar ogforsøk på å leggje om livsstilen. Mislykka forsøk.- Vekta har eg slitt med sidan eg var 20 år. Dei siste fem åra har eg blittverre. Eg har både gått opp i vekt og fått ein meniskskade. Legane seiereg ikkje får meniskoperasjon før eg har slanka meg.Ønskjer å jobbeKristin er ein open person som har eit godt sosialt liv. Ho er i full jobb,men trur ikkje ho kan halde fram med det dersom vekta held seg oppe.- Eg ønskjer å vare lenge i arbeidslivet. Då må eg ned i vekt. Så enkelter det, seier Kristin. Då ho kom til Ebeltoft stoppa vekta på 138,3 kilo.Målet hennar er å gå ned 40 kilo i løpet av månadene i Danmark.- Det er eit veldig ambisiøst mål. Dei to første vekene gjekk eg ned 4,6kilo. Eg får vere nøgd dersom det held fram.Ikkje nedlatandeVekt då ho kom til Ebeltoft: 138,3 kiloVekttap etter dei to første vekene: 4,6 kiloKristin liker seg svært godt på Ebeltoft Kurcenter.- Eg er særleg nøgd med dei som jobbar her. Dei ser meg som denpersonen eg er. Ingen ser ned på meg, slik enkelte legar heime i Noreghar gjort. Eg har hatt fleire sjukehusoperasjonar og treft mange nedlatandelegar. Dei har berre vore opptatt av vekta og ikkje sett deteigentlege problemet. Det gjer dei som jobbar her, seier Kristin Dingen.Han har slanka bort nesten 30 tonn fett dei siste fireåra, direktøren ved Ebeltoft Kurcenter. Metoden er suntkosthald, mosjon og struktur i kvardagen. Og rettleiing.Direktør Flemming Darre kan sjå tilbake på eit stykkje pionérarbeid.Sidan senteret starta opp som det første i sitt slag hausten 2000, har deitatt i mot 1 000 kursdeltakarar.- Vi har brukt fire år på å lage det opplegget vi tilbyr i dag. Mykje erendra undervegs, men i dag er vi så tett på det optimale at vi kan seie vihar det perfekte produktet, seier han.Nordmenn motiverteDarre fortel at dei norske kursdeltakarane klarer seg spesielt bra.- Vi vil berre ha dei som er topp motiverte, dei som verkeleg vil dette.Det krevst styrke å reise frå familie og venner til eit anna land for å vereder i fire månader. Vi ser at jo større offer ein deltakar må gjere for åvere her, jo betre blir resultatet.Fysisk og psykisk opprydningDirektøren er svært opptatt av det mentale aspektet.- Negative tankar fører til dårlege kjensler. Derfor må vi arbeide medtankane. Vi prøver å få kursdeltakarane til å sjå verda gjennom andresitt perspektiv. Mange her trur ikkje dei er gode nok. Å endre ei slikoppfatning er ein langvarig prosess, seier Darre. Ofte skjærer det segi mange situasjonar for overvektige. Det skjærer seg med kjærleiken,jobben, utdanninga eller familien. På senteret tar dei både ei fysisk ogpsykisk opprydding i livet til kursdeltakaren.Må ta ansvar for eige liv- Vi ser på korleis kvar kursdeltakar har levd før han eller ho komhit. Korleis nyttar han dei 24 timane i døgnet? Vi ser på livet som eitpuslespill, der kvar brikke må vendast og leggjast på nytt. Så ser kanskjepuslespillet annleis ut etterpå. Ofte ser vi at desse analysane får einkonsekvens. Kanskje rår vi deltakarar til å flytte ut frå heimen, få segein ny jobb eller bryte ut av det sosiale miljøet dei vankar i.Denne forma for coaching er krevjande.- Terapeuten stiller heile tida spørsmål om kva ein sjølv gjer for å få eitbetre liv. Då gjeld det å finne praktiske løysingar på problema.Det heile dreier seg om å ta ansvar for eige liv, seier Darre.14Bakgrunn• Helse Vest inngjekk i fjor haust ei avtale med Ebeltoft Kurcenter iDanmark om behandling av ekstremt overvektige. Avtala er ein del aveit pilotprosjekt som skal gå ut året.• Helse Vest sender to grupper på til saman 48 personar til Ebeltoft.24 deltakarar reiste til Ebeltoft i januar. Neste gruppe startar opphaldeti april.• Prosjektet som Helse Vest har laga for behandling av ekstremtovervektige, går i fire fasar:1: Fire månader på Ebeltoft Kurcenter2: Åtte veker heime3: Fire månader på Hauglandsenteret i Fjaler i Sogn og Fjordane4: Oppfølging på lærings- og meistringssenter eller hos fastlegeLes meir på internett: Om behandlingstilbodet: www.helse-vest.no.Nettsidene til Ebeltoft Kurcenter: www.kuren.dk og spesielt fornordmenn: www.kursenter.dk

6 millionar tilbrukarorganisasjonaneHelse Vest løyver i år rundt 6 millionar kroner til117 pasient- og brukarorganisasjonar i regionen.142 organisasjonar søkte om støtte for 2005.- Vi har hovudsakleg løyd midlar til informasjonsarbeid, opplæring,meistringskurs og såkalla likemannsarbeid. Det betyr at dei som harei liding eller funksjonshemming, hjelper og støttar andre med samediagnose, seier rådgivar Torleiv Bergland i Helse Vest.- Samarbeidet mellom brukarorganisasjonar og det regionale helseføretaketer avgjerande for å vidareutvikle helsetenestene. Brukarorganisasjonardriv eit viktig arbeid overfor medlemmene sine. Dei drivòg eit viktig helseopplysingsarbeid for innbyggjarane, seier Bergland.Midla er fordelte etter retningsliner som er utarbeidde i samarbeid meddet regionale brukarutvalet, som Ingrid Mällberg er leiar for.- For mange brukarorganisasjonar er støtta eit spørsmål om å vere ellerikkje vere. Dei aller største organisasjonane har eigne tilsette, men langtdei fleste baserer drifta på frivillig innsats. Mange legg ned eit stort frivilligarbeid som sparer helsetenesta og samfunnet for enorme summar,seier Mällberg.Ho meiner den viktigaste rolla for organisasjonane er å sørgje for atpasientane får kunnskap.- Nye pasientar får ofte ikkje med seg alt legen seier. Organisasjonanesørgjer for at nye pasientar får grundig informasjon om diagnosen sin,rettar, behandling og liknande. Det å treffe andre i same situasjon betyrogså mykje for ein som har fått ein diagnose.- Kva om vi ikkje hadde hatt brukarorgansiasjonar?Ingrid Mällberg- Då hadde helsetenesta hatt mykje større problem med kapasiteten enni dag, både hos fastlegane og i spesialisthelsetenesta. Det er ingen tvilom at dei gjer ein svært stor og samfunnsnyttig innsats, særleg innaninformasjons- og likemannsarbeidet, seier Mällberg.28 nye legestillingar fordelt i vestHelse Vest har fordelt 12 overlegestillingar og 16assistentlegestillingar på helseføretaka og dei privatesjukehusa i Helseregion Vest.medisin, rehabilitering og rusrelatert indremedisin), to til HelseStavanger (rusrelatert indremedisin og rusrelatert psykiatri) og ein tilHelse Fonna (nevrologi, rehabilitering/habilitering).Helse Vest søkjer årleg Helse- og omsorgsdepartementet om å opprettenye legestillingar. For 2004 fekk regionen 22 legestillingar til fordeling.I år er altså talet auka med seks.På landsbasis er det fordelt 54 overlegestillingar og 74 assistentlegestillingar.Helse Vest og Helse Midt-Noreg får flest nye stillingar av deiregionale helseføretaka. For Helse Vest er grunngjevnaden for dette atdet er ei lav spesialistdekning i regionen i forhold til folketalet.Det er òg oppretta ein landsdekkjande kvote på ti overlegestillingarretta mot fagområda rus, habilitering og rehabilitering. Helse Vestsøkjer her om å få tildelt fem stillingar, to til Helse Bergen (fysikalskTabellen viser fordelinga av dei nye legestillingane på helseføretakog private institusjonar.Helseføretak Overlege AssistentlegeHelse Bergen 4 5Helse Stavanger 3 4Helse Fonna 2 2Helse Førde 2 2Private m/avtale 1 3Totalt 12 1615

Redda av fotballenFoto: Bjørn Erik LarsenEit lite år etter at 15 år gamle Erik Søyland Uthuskjende smerter i foten under fotballtrening har hantilbrakt 158 dagar på sjukehus, gjennomgått 11 cellegiftkurar,fått 20 posar med blod, 17 posar med blodplaterog spist eit par tusen smertestillande tablettar. Livetendrar seg når kreften rammar.I mars 2004 kjende då 14 år gamle Erik Søyland Uthus frå Tanangeri Rogaland smerter i det høgre beinet under fotballtreninga. Utantankar om at det kunne vere noko alvorleg, tok mor Erik med tilfastlege Jan Inge Netland. Han ante at noko var gale, og sende Erik tilrøntgenundersøking.1. april blei Erik lagt inn på Senter for bein- og blautvevsvulstar vedHaukeland Universitetssjukehus. Dagen etter blei det utenkelege slåttfast: Erik hadde kreft i leggbeinet rett under kneet. Påska det året bleiuvanleg for familien Søyland Uthus.Uverkeleg melding– Eg hadde aldri tenkt at eg kunne få kreft. Dei tankane har vel ingenpå min alder, seier Erik i dag. Heller ikkje foreldra hadde vore i nærleikenav å tenkje at deira son kunne bli ramma av kreft.– Ein slik beskjed slår deg i bakken. Meldinga er uverkeleg. Du blirredd, seier Tone Uthus, mor til Erik. Ungguten frå Tananger haddefått krefttypen osteosarkom. Osteosarkom rammar i gjennomsnitt15 menneske kvart år i Noreg. Gjennomsnittspasienten er 16 år nårdiagnosen blir stilt. Han er dermed blant dei sjeldnare krefttypane.Erik Søyland Uthus er glad for at han er ferdig med operasjonar og cellegiftkurar.Tungt og vondtÅ ta inn over seg meldinga om kreft er tung både for den det rammarog for dei næraste pårørande. Med eitt må dei forhalde seg tiluvelkomne tankar om liv og død og til eit stort sjukehusmaskineri.– Å leve i uvisse om kva dei neste månadene vil bringe, er tungt ogvondt, seier Hans Ragnar Uthus, far til Erik. I den tunge tida har deisett stor pris på omtanka og den faglege kompetansen dei har møtt ihelsevesenet.– Vi har heile tida blitt tatt på alvor. Dei tilsette ved sjukehusa har gjortalt dei har kunna for Erik, understrekar Tone.To av tre blir friskeDei første vekene på Haukeland fekk Erik og familien ein gjennomgangpå kva dei kunne forvente i tida framover. Legane fortalde at toav tre blei friske frå osteosarkom, og at Erik sine sjansar til å bli friskvar 75 prosent eller betre. Ulempa er at ingen på førehand kan forteljekven av dei tre som ikkje kjem seg velberga gjennom sjukdommen.”Det er som om tre som må hoppe ut av eit fly kan velje mellom trefallskjermar. Dei veit at den eine er defekt, men har inga moglegheit tilå oppdage kva for ein fallskjerm det er noko gale med”, skriv far til Eriki dagboknotata sine.Stivt kneI tillegg til at 14-åringen plutseleg måtte ta til seg tankar om liv og død,blei han fortalt at beinet aldri ville bli det same om alt går bra. Detblei tidlig klart at kreften hadde tatt føre seg av kneleddet, og at leddetsannsynlegvis måtte stivast av. Erik klarte likevel å sjå det positive i deistive framtidsutsiktene. Han kunne begynne å spele golf. Om folk dåspurte om handikapet hans, kunne han berre svare ”stivt kne”. Først eitpar veker før operasjonen blir det klart at legane ville setje inn ein heiltny type protese i kneet til Erik; ein protese som gjer at kneet vil la segbøye meir eller mindre som hos folk flest.Tøffe kurarFør legane kan operere kneet til Erik må han gjennom fleire cellegiftkurar.Kurane gir store smerter, tørre slimhinner, dårleg og ingamatlyst, lav blodprosent og infeksjonar.– Å liggje på sjukehus er kjedeleg, seier Erik. Likevel opplever han åha blitt tatt svært godt hand om på Haukeland Universitetssjukehus.Under behandlinga, både på sjukehuset og når han var heime, opererteErik med fire nivå på kor bra det gjekk. På det dårlegaste klarte hanikkje anna enn å liggje. På neste nivå klarte han å sjå på TV, deretter åbruke pc-en. På det høgaste nivået klarte han å ha besøk av kameratar.16

Øving med venner. Frå venstre: Marius Jellestad, Line Kristiansen, Erik Søyland Uthus, Silje Bakken, Sami Liimu og Thomas Skarstad med mikrofon.Gode kompisarDen trådlause internettilkoplinga på sjukehuset var med på å gjereavstanden til familie og kameratar heime i Tananger mindre. Midtmellom cellegiftkurane rakk han å vere med på både sin eigen og bestekompisensin konfirmasjon.– Når eg var heime fekk eg besøk av kompisar heile tida. Det betyddemykje, seier Erik.Gledde seg litt ògEtter kvart nærma den store operasjonen seg.– Eg gledde meg litt også. Eg hadde aldri vore operert før, seier Erik.Sjølve operasjonen gjekk bra. Smertene i etterkant var verre. Fem dagaretter at protesen kom på plass, klarte han å stå ved senga si ein litenaugneblink. Dei store smertane gjorde opptreninga vanskeleg. Foreldranytta seg av Erik sin økonomiske sans for å halde motivasjonen tilsonen oppe. På ein dag tente han 700 kroner på å flytte seg fleiregongar frå senga til sofaen heime i kjellarstua.Fann ikkje kreftcellerLegane fann ingen levande kreftceller i beinprøvene frå det operertebeinet. For Erik var det kjempenyheiter. Berre i 10 prosent av tilfella gircellegifta så gode resultat. Etter operasjonen blei Erik først førespeglatolv nye cellegiftkurar. Talet blei så redusert til ni kurar. På grunn avdiverse komplikasjonar og vurdering av nytte i forhold til ulemper,enda han opp med fem kurar.Tilbake på skulenPå nyåret i år begynte Erik på skulen igjen. Det synest han var heiltgreitt.– Eg har ein venn som trillar meg rundt i rullestolen, seier han. Togonger i veka går han til fysioterapeut for å trene seg opp. Han harallereie gjort store framsteg.– No kan eg gå så langt eg orkar, smiler han.TakksameI dag har familien lagt den tyngste tida bak seg. Dei har hatt tid til åreflektere over kva dei har vore gjennom.– At fastlegen, Jan Inge Netland, sende Erik til røntgen på ein mistankeom at det kunne vere kreft – han hadde aldri vore borti denne krefttypenfør, har sannsynlegvis betydd enormt mykje for det heldigeutfallet. Netland har også betydd ekstremt mykje for familien i tidaetter at vi fekk beskjeden, seier Hans Ragnar Uthus.»17

Foto: Bjørn Erik LarsenOverlege Odd R. Monge ved Kreftavdelinga påHaukeland Universitetssjukehus har vore ei godstøtte for Erik Søyland Uthus i den tunge tida.18Uvanleg metode brukt i kreftoperasjonEtter at svulsten var fjerna, fekk Erik Søyland Uthus operert inn ein protese i beinetsitt. Slike operasjonar er så uvanlege at berre ei lita handfull legar i landet bør gjeredei. Senter for bein- og blautvevssvulstar ved Haukeland Universitetssjukehus hardenne typen operasjonar som ei av spesialoppgåvene sine.Kreft i skjelettet er ei svært sjeldan kreftform som oftast råkar unge. Då det blei oppdage ein kreftsvulst ileggbeinet til 15 år gamle Erik Søyland Uthus, var det tidleg klart at leggbeinet og kneleddet måtte fjernast.- I tillegg til å fjerne beinet der kreftsvulsten sat, må vi alltid fjerne litt meir som ein sikkerheitsmargin. Derformåtte vi i dette tilfellet også fjerne kneleddet, seier overlege og leiar av Senter for bein- og blautvevssulstar,Clement Trovik. Senteret har ein spesialfunksjon innan Helse Vest i behandlinga av kreftpasientar.Sjeldan operasjonProtesetypen Erik fikk sett inn er ein ny modell med ein ny variant av leddsystemet. Berre protesenkostar rundt 120 000 kroner. Årleg blir det berre utført mellom seks og åtte operasjonar av denne typen iNoreg, og berre eit fåtal kirurgar kan utføre inngrepet. - Derfor må operasjonane gjerast ved spesialiserteavdelingar, som Senter for bein- og blautvevssvulstar. Vi har ansvaret for alle slike operasjonar på Vestlandetog får stadig fleire pasientar frå Midt- og Nord-Noreg, seier Trovik.Avansert teknologiProtesen er festa til beinet til Erik både over og under kneet. - Utfordringa med slike protesar er å få deitil å feste seg skikkeleg i beinet. Denne nye protesen er laga slik at han vil gro betre fast enn tidlegareversjonar. Dermed minskar risikoen for at protesen må skiftast ut i framtida, seier Trovik. Det nyekneleddet til Erik er avansert teknologi, men det er ikkje vedlikehaldsfritt. Ein må rekne med serviceoperasjonaromlag kvart tiande år. - Då må me mellom anna skifte pakningar for at leddet skal fungereoptimalt, seier Trovik.Tverrfagleg personaleSenter for bein- og blautvevssulstar er ein nyskaping ved Haukeland Universitetssjukehus. - I tillegg til atvi tilbyr pasientar i heile landet behandling, sikrar senteret ei heilskapleg behandling av pasientane.Organiseringa sikrar at pasientane har det same tverrfaglege personalet heile tida, seier overlege Odd R.Monge ved kreftavdelinga. Han har vore den behandlingsansvarlege legen til Erik.

Utdrag frå dagboka:Far til Erik fortel17. mars 2004Sitter på møte i Houston. Tone ringer og sier at Erik har vært pårøntgen med kneet forrige uke og blitt bedt om å komme på MR da dehar funnet noe som de må sjekke nærmere. Hun nevner at det muligenskan være kreft.2. april 2004På kvelden kommer Trovik innom på avdelingen og snakker med oss.Det søkker i meg når han sier at prøvene viser at det nok er kreft, da deallerede kan se at det er unormal celledeling. Vi snakker litt rundt dette,det er tungt å holde seg og ikke bryte sammen i gråt, føler Erik klartforstår meldingen men fortrenger det, han ønsker å se TV. Jeg trekkerut telefonledningen, da jeg føler at jeg ikke klarer å gjennomføre ensamtale uten å miste kontrollen. Går ut for å ringe til Tone, men detblir i stedet mye gråting i parkeringshuset.14. juli 2004Operasjon. Erik var koblet opp i alle slags overvåkningsutstyr og haddefått lagt inn dren fra såret, kateter og smertepumpe i ryggmargen, spinalbedøvelse.25. september 2004Blodprøvene var endelig over grensene og vi fikk reise hjem, slitsom turda Erik har mistet mye av kreftene i løpet av disse tre ukene, veier nå51 kilo og det er snart ikke muskler igjen. Godt å komme hjem til mor,lengselen har vært stor og det blir som å ta lokket av en trykkoker.5. november 2004Dagen har vært bra, men Erik mangler totalt matlyst, ikke spist sidenmandag bortsett fra en ostepølse på onsdag.7. desember 2004Klokka 16 kommer Monge for å ta en siste samtale med oss (troddevi), men så sier han at blodprøvene er gode nok for å ta en kur til. Førstså tror jeg både vi og Erik tenkte han spøkte, men da Erik skjønte hanmente det, så ble han veldig skuffet og reagerte ganske sterkt. Etter littdiskusjon fram og tilbake konkluderte Monge med at Erik nok ikke vartjent med å gjennomføre en kur til. Dette føler vi også var riktig da deter så lang tid mellom kurene, så godt resultat ved operasjon og så sterkebivirkninger. Vi føler det ikke er behov for en kur til, og at det vil gjøregodt med en måned med opptrening, uten en ny bølgedal, og så startepå skolen på nyåret.Nærsjukehuset tar formNærsjukehuset i Florø opna dørene 3. januar i år. Herskal folk få behandling for dei vanlegaste sjukdommane.Målet er eit tett samarbeid med kommunehelsetenesta.- Eg trur denne typen sjukehus kan passe mange andre stader òg. Vihar eit godt tilbod til eldre og kronikarar som høyrer til i vårt nærområde.Rehabilitering og læring og meistring er jo blant dei viktigastesatsingsområda innan helse. Det blir ei utfordring at vi stadig får fleire eldrei samfunnet. Dei lever lenger enn før og har større sjanse for å bli sjuke,gjerne kronisk sjuke, seier avdelingssjef Signe Nordvik ved Florø sjukehus.Ho meiner nærsjukehuset er godt rusta til å møte denne utfordringa.- I tillegg har vi eit bra dagkirurgisk tilbod innan dei vanlegaste sjukdomanesom treng kirurgisk behandling, for eksempel åreknute-,brokk-, og meniskoperasjonar, fortel Signe Nordvik.Ein av hovudtankanebak nærsjukehusmodellen er å få til eit tett samarbeid mellomkommune- og spesialisthelsetenesta.- Eit nærare samarbeid med fastlegane gir mange moglegheiter. Detsame gjeld for fysio-, ergoterapeut-, jordmor- og legevakttenesta ikommunane. Her er samarbeidet meir formalisert no, fortel SigneNordvik. Blant anna har den kommunale legevakta flytta inn i sjukehusetutanom kontortid, på ettermiddagen og i helga. I det sametidsrommet er det òg mogleg for gravide å treffe jordmor på sjukehusetdersom dei har behov for det.Avdelingssjef Signe Nordvik ved Florø sjukehus.- Dette har vore veldig vellykka, no kan for eksempel legevaktslegenfå hjelp frå sengeposten på sjukehuset når det er nødvendig, forklarerSigne Nordvik.Ho understrekar at nærsjukehuset framleis er i prosessen med å finne siform. 3. februar blir det halde eit dialogmøte for fastlegar, ambulansepersonellog sjukehustilsette. Tema for møtet er korleis ein skal få til eitsamarbeid som tenar pasientane best.Foto: Olav Hatlemark, Firdaposten19

Namn: Charles IschtschenkoAlder: 46 årStilling: Teamleiar, sosionomArbeidsstad: Floenkollektivet, Helse BergenMannen med to familiarI tolv år har Charles Ischtschenko hatt to familiar. Einheilt vanleg familie heime i Bergen og ein familie på eiøy i Nord-Hordaland: Dei rusavhengige.Ein sentral del av behandlingsopplegget for rusavhengige ved Floenkollektiveter å skape ei trygg og stabil livsramme for elevane. Dei somjobbar på kollektivet arbeider 15 døgn i strekk, og bur og lever samanmed elevane.– Vi bruker fellesskapet som metode i arbeidet vårt. Det å bu og levesaman med elevane er eit godt utgangspunkt for relasjonsbygging ogmiljøterapeutisk behandling. Mange av rusmisbrukarane har aldrilevd i eit miljø med trygge og stabile rammer. At vi er med dei i ulikesituasjonar og hendingar over ein lenger periode, gir oss eit godt utgangspunktfor behandlinga, seier Ischtschenko.Klare rollerÅ leve så tett med dei ein skal behandle, gjer at dei tilsette må veresvært bevisst rolla dei har.– Ei av oppgåvene mine som teamleiar er å følgje opp personalet vedkollektivet. Eg har dyktige medarbeidarar, men det å jobbe så tett innpå dei vi skal hjelpe, gjer at vi heile tida blir utfordra på eigne kjenslerog roller. Derfor bruker vi mykje tid på rettleiing, eigenutvikling ogbevisstgjering – både ved hjelp av eigne og eksterne ressursar. Detviktigaste verktøyet vi har er jo oss sjølve, seier Ischtschenko.Dermed er det ikkje så problematisk å skilje mellom CharlesIschtschenko på jobb og Charles Ischtschenko som privatperson.– Arbeidet ved kollektivet er utruleg spennande og interessant.Gjennom jobben får eg del i ei fagleg og personleg utvikling eg ikkjeville fått andre stader, seier han.Positivt1. januar 2004 blei rusomsorga lagt inn under Helse Vest. Floenkollektivetblei knytt til Bjørgvin distriktspsykiatriske senter og Helse Bergen.Før omlegginga var Ischtschenko og dei andre ved kollektivet spente påkorleis overgangen ville bli fordi behandlingsopplegget deira står langtfrå den tradisjonelle psykiatrien.– No ser vi at overgangen har vore bra for oss. Eg trur vi har mykjeå lære av kvarandre. Vi har dessutan alltid hatt eit ønske om å jobbetettare med det psykiske helsevernet fordi mange av elevane våre harpsykiske problem i tillegg til rusavhengigheita, seier Ischtschenko.Tatt på alvorSignala frå Helse Vest har vore at det er behov for eit tilbod som Floenkollektivet.– For oss er det eit godt signal at vi er blitt tatt på alvor. Samtidighar overgangen gjort at vi som kollektiv har gått i oss sjølve og settgjennom metodane våre. Det trur eg vi har hatt godt av, påpeikarIschtschenko. Ei anna positiv følgje av overgangen, har vore atkollektivet har fått tilgang på kompetanse dei har ønskt i mange år.– Vi er vande til å jobbe tverrfagleg. No har vi enda fleire personalressursarå spele på, seier Ischtschenko.20Charles Ischtschenko trivest med å vere 14 dagar på jobb i slengen.

Foto: Bjørn Erik Larsen21

Foto: Bjørn Erik LarsenBjarte Stubhaug er nøgd med innsatsen kriseteamet til Helse Vest gjorde i samband med flodbølgjekatastrofen.Helse Vest-personell hjalp ofre for flodbølgja22Nordmenn som kom frå Søraust-Asia til Sverige etterflodbølgjekatastrofen blei mottatt av helsepersonellfrå Helse Vest. Samansettinga av teamet og arbeidsmetodaneblir allereie omtala som Arlanda-modellen.To-tre timar etter at Sosial- og helsedirektoratet spurde Helse Vestom dei kunne stille med eit kriseteam i samband med flodbølgjekatastrofen,var elleve helsearbeidarar frå helseregionen klare til innsats.Eit halvt døgn seinare var dei seks frå Helse Stavanger og dei fem fråHelse Bergen på plass på Arlanda flyplass utanfor Stockholm.- Fire av dei som reiste var akuttmedisinsk personell, resten haddepsykososial krisekompetanse. Teamet var samansett av legar, vaksen- ogbarnepsykiater, barnelege, anestesilege, ambulanseleiar, intensiv- ogpsykiatrisk sjukepleiar og sjukehusprest, seier Bjarte Stubhaug. Han erleiar av Avdeling for psykosomatisk medisin og psykososial kriseberedskapved Haukeland universitetssjukehus, og leiar av Arlanda-teamet.Todelt teamVel framme på Arlanda fekk teamet i hovudsak to oppgåver.- Dei med akuttmedisinsk kompetanse arbeidde saman med svenskhelsepersonell med å sortere, vurdere og behandle dei som trongmedisinsk tilsyn. Vi andre hadde som oppgåve å gi krisepsykologiskførstehjelp til nordmenn som landa på Arlanda, seier Stubhaug.At det norske helsepersonellet stilte med kompetanse på både kropp ogpsyke viste seg tidleg å vere ein god kombinasjon.Samtalar og oppfølging- Vi fekk vere med og skape ei sluse av tryggleik for nordmennenesom landa i Sverige. I tillegg til å gi emosjonell førstehjelp, nærleik,omsorg og kontakt, ga vi informasjon om kva som venta dei heime imediebiletet, om korleis dei kunne verne seg mot overbelastning, ogkorleis dei kunne møte seinare reaksjonar. Vi oppmoda også folk omå ta kontakt med helsetenesta heime i Noreg. I nokre tilfelle fekk vioppretta direkte kontakt med fastlegar for vidare oppfølging. At teametvar tverrfagleg samansett og i tillegg samarbeidde med ambassade ogsjømannsprest, gjorde at vi fekk gi så god hjelp som mogleg, seierStubhaug.Gode tilbakemeldingarTeamleiaren opplevde det som bra at Sosial- og helsedirektoratet gavdei eit klart og ope mandat å arbeide ut i frå.- Samtidig som mandatet var klart, hadde vi stor fridom til å finnearbeidsmetodane som passa best for oss. Det gjorde arbeidet vårtlettare, seier han.Tilbakemeldingane frå nordmennene dei tok seg av, var utelukkandepositive.- Dei sette tydeleg pris på å bli møtte av norsk helsepersonell, seierStubhaug, og vi trur sjølv vi var til god nytte.Arlanda-modellen skal no evaluerast og utviklast vidare av Helse Vest.

S M Y K K EJohanne Marie Hansen-Krone, fødd i 1952 i Nordreisa,har gjennom ei årrekkje vore markant i det norskekunstlivet. I 1986 var ho, som den yngste gjennomtidene, festspelkunstnar i Bergens Kunstforening, og fekkdermed ei av de viktigaste formene for anerkjenningsom ein norsk biletkunstnar kan få. Ho har i dag bakseg ei omfattande kunstnarisk karriere med brei akseptbåde når det gjeld utstillingsverksemd, utsmykkingar oginnkjøp til sentrale kunstinstitusjonar. Ho har også vorefestspelkunstnar ved Festspela i Nord-Noreg og haddesist separatutstilling i Nord-Noreg i 1995 ved NordnorskKunstmuseum. Ho er framfor alt kjent for maleria sine,men har også arbeidd med teikning og grafikk.Frå presseomtala til Tromsø Kunstforening.Foto: Jan Arne Igelkjøn23

Returadresse:Hesle Vest RHFBPost Boks 303 Forus4066 StavangerHoppar i havet heile åretFORMFysisk velvere for nokre - sjølvpining for andre. BarnepsykiaterIda Garløv senkar kroppen i havet heile året.Korleis Ida Garløv har det med seg sjølv, heng nøye saman med å verei god form. Samtidig er det ikkje lett å prioritere regelmessig fysiskaktivitet i ein hektisk kvardag. - Eg har ein jobb eg trivst svært godti, og som tar opp mykje av tida mi. I fritida går det meste av tidatil familie, venner og andre fritidssyslar, seier Ida Garløv. Til daglegarbeider ho som overlege og barnepsykiater i Helse Stavanger. I romjulavar Ida Garløv ein del av kriseteamet som tok i mot flodbølgjeofra påArlanda flyplass utanfor Stockholm.HavetTrass i den travle kvardagen har ho nokre faste og nokre mindre fastefysiske utskeiingar. Den mest radikale har med vatn å gjere. For sju-åtteår sidan begynte Ida Garløv og nokre venninner med regelmessigebadeøkter i Gandsfjorden ved Stavanger. Sidan har dei brukte mangelaurdagar til å gå i vatnet – sommar som vinter.SosialtSjølv vinterstid hevdar Garløv at det er behageleg å senke kroppen ivatnet. - Eg blir vaken og stimulert av badeøktene, seier ho. Samtidiglegg ho til at dei heilårlege badesamlingane også har ein viktig sosialfunksjon. - Pratinga og kaffidrikkinga er minst like viktig som detfysiske, påpeikar ho, og understrekar dermed poenget med at psykiskog fysisk velvere heng nøye saman.FjelletHeldigvis, vil kanskje nokon seie, bruker Garløv også andre elementenn det våte for å halde seg i form. På uregelmessig basis trenar ho påFriskis og Svettis. I tillegg er den meir landlege naturen ei kjelde tilfysisk velvere. - Eg trivst godt med å gå turar i fjellet. Kvar sommarblir det ein tur på Folgefonna for å gå på isbreen. Elles i året brukar egnaturområda rundt heimstaden, seier ho.24Badehettene er bytte ut med meir vinterlege hovudplagg nårIda Garløv (til venstre) og Aina Basilier Våge boltrar seg i havet på vinteren.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!