12.07.2015 Views

Nashornet 2008

Nashornet 2008

Nashornet 2008

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

”For at ungdommarskal like å lese må einutfordre dei litt og fåbøker med ein vissgjenkjenningsfaktorfram i bokhylla.Mange vil ha noko åstrekke seg etter.”Lurer du på korleis du skal kome igang med å lese eller få barna dinetil å bli glade i bøker? Begynn medHarry Potter, rår superlesar AnitaSvendheim, som sjølv les så mykjeat fylket har gjort ho til superlesar.Sivle og LølandSivlebiograf AlfredFidjestøl kjem tilSuldal 12. oktobermed føredraget:To halve liv. OmRasmus Løland ogPer Sivle.Forfattaren Per Sivle budde eistund på Sand i Suldal og møttebarnebokforfattaren RasmusLøland fleire gonger. Alfred Fidjestølvil i dette foredraget setjefokus på om det var nokon likskapmellom forfattarane, ogkva som eventuelt skilde dei.Fidjestøl gav i fjor ut den førstefullstendige biografien om diktarenog mennesket Per Sivle.- Biografien min omPer Sivle heiter jo ”Eit halvtliv”, og her kan det velvere naturleg å samanliknelitt lagnaden til to avdei litterære pioneranefrå siste halvdelen av 1800-talet, som blei høvesvis47 og 46 år gamle, somsleit med diffuse sjukdomarog depresjonar, som likevelklarte mykje påtrass av dei føresetnadene deihadde, som kjende og inspirertekvarandre og som begge”lever” i beste velgåandei dag over 100 år etter deidøydde, seier Fidjestøl.Arrangør denne kvelden erStiftinga Rasmus Løland markeringa,Ryfylkemuseet, SuldalMållag,Folkeakademiet Suldal.Judith Sørhus LitlehamarAre Kalvøsom lærarEin av dei mest profilerte nynorskinganei landet kjem tilSuldal for å halde skrivekurs.Are Kalvø har sjølv skrive ei rekkje bøker somMen fjernkontrollen min får du aldri, Bibelen2, Syden og Nød. Han er dessutan sjeffor satireprogrammet Hallo i uken på NRK.No skal han vere læremeister for 10. klassingarsom ønskjer å lære meir om skrivekunst.Alle kan få morosame innfall, men utfordringa er å fåandre til å synast at dette er like morosamt som ein sjølv.- Det er noko av det ein i beste fall kan risikere ålære på dette skrivekurset, seier Kalvø sjølv, og lovarbort pedagogiske og morosame tips og teknikkar.Dei unge bestemmerSkrivekurset blir arrangert av Rasmus Lølandmarkeringaog arrangøren håper å få medungdommar frå Hjelmeland og Sauda så velsom Suldal. Det har for så vidt vore viktig forstiftinga å involvere ungdommen også i utformingaav kurset, fortel Marny Skeie Henkel iLølandstiftinga.- Dei vaksne skal ikkje bestemme alt. Derfor harvi hatt 10. klassingane Eli Bog, Bård Drange ogAnita Svendheim med på å planleggje skrivekurset.Og då planlegginga av skrivekurset kom i gangi fjor haust, var det ikkje tvil: Det måtte bli AreKalvø som lærar.- Det var ikkje lett, for han er ein travel mann.Men no kjem han, og det er mange som gler segtil det, smilar Skeie Henkel.Toyni TobekkTil auget blir stort og vått- Eg har sikkert lese alle Harry Potterbøkene ti gonger kvar.Det byrja med at mamma les dei for meg då eg var liten,men det gjekk for sakte å lese dei høgt så eg byrja lese deisjølv i staden.10. klassingen frå Sand er ikkje i tvil om kor det heilestarta for hennar del, sjølv om ho las mange bøker før dentid og.– Harry Potter er spenning og humor!BoktyvenTrur du at du har høyrd namnet hennar før, så har du nokrett i det. AnitaSvendheim vann den store skrivetevlinga i samband medLølandmarkeringa ifjor og ho var ein av vinnarane til Ryfylke IKS si merkevaretevlingMittRyfylke. Og så er det denne statusen ho fekk som superlesar.Saman med tre andre ungdommar frå fylket vart ho ifjor beden av fylkesbiblioteksjefen om å lese ei rekkje bøkerfor barn og unge og gje ei vurdering av dei under Dennordiske barne- og ungdomslitteraturkonferansen som vari februar.- Den viktigaste kvalifikasjonen for ein superlesar, varå vere glad i å lese og glad i å lese mykje, forklarar Anita. –Vi fekk 30 bøker vi skullelese og seie meininga vår om, men det var ikkje slik at vi varheilt nødd til å lese kvar bok til endes.Sjølv fekk ho eit sterkt forhold til boka Boktyven avMarkus Zusak.- Den var den tyngste å starte med, men så vart den ogei slik bok som ein aldri blir heilt ferdig med. Slike som duønskjer å lese.Les best i hengekøyaAnita er snart ferdig med grunnskulen og skal vidare tilSauda for å gå allmennfag der. Eit greitt val for ei somikkje anar kor ho vil hen i vaksenlivet, meiner ho. Leiav å lese er ho i alle fall ikkje.– Eg les nok mest i feriane, då kan det bli rett mykje.Men eg har alltid ei bok eg held på med. Somme gongerheld eg gjerne på med tre på ein gong.Sjølv tykkjer ho det er skikkeleg ferie å liggje i hengekøyamed nasa i ei bok, men familien kan synest detblir i overkant mykje og kunne innimellom tenkje segein bokfri ferie.- Kva er oppskrifta på å bli så glad i litteratur?- Eg trur det er viktig at foreldra er med og støttaropp. Eg kjem frå ein heim der alle les, og eg trur det harvore viktig for meg.Samstundes meiner ho det er lurt å ikkje presse bøkenepå ungane, men heller la dei lese det dei har lysttil. Då kjem lesegleda fram, meiner ho.- Har du noko forhold til høg og låg litteratur?- Vi har diskutert det på skulen, dette med kioskromanarog høgare litteratur. Men alle bøker er bøker.Om boka er masseprodusert eller om det har teke forfattarenti år å skrive ho, er ikkje alltid det som tydermest for lesaren.Gammal mann med bartHo kjenner att ei god bok i kjensla du får når du er ferdigmed boka. Det å ønske at boka ikkje var slutt riktigenno, som med Boktyven. Eller sliksomme av forteljingane til Rasmus Løland trefte ho ifjor.- Det var dei gode historiene hans, dei som trefferdeg på ein spesiell måte.Det er slike du leiter etter i bokhyllene.Ho har fortalt det før, om korleis ho og medelevane ikkjeheilt forstod kvadet var med denne Løland til å begynne med.- Han var berre ein gammal mann med bart og hatt.Men etter kvart som kjennskapen til mannen og tekstanehans auka, kominspirasjonen til å lese og skrive meir.- Han har veldig bra tekstar. Sjølv om du ikkje er eitbarn sjølv, slik somi På sjølvstyr for eksempel, så treffer historiene hansdeg.- Legg du nokon gong vekk ei bok utan å lese ferdig?- Det hender, men svært sjeldan. Og dessutan er detkanskje den boka som er frykteleg kjedeleg å byrje påsom visar seg å vere den beste å fullføre.Sitatet er henta frå talen Leseglede blant ungdom i dagsom Anita Svendheim heldt på Den nordiske barneogungdomslitteraturkonferansen i Stavanger februar<strong>2008</strong>.Toyni TobekkI Suldal er ein av skattane trygge omgjevnader. Me har trygge heimar, trygge skularog barnehagar, trygge lokalsamfunn. Det gjev ein ro når me veit at me tek vare påkvarandre. Når me er saman med andre trygge menneske. Når me ser barn plukkeblomar i ei grøn eng. Slik tek me vare på kanskje den største skatten av alle. Me hargod plass i skattkammeret vårt. Det er plass til deg også.www.suldal.netwww.skattkammeretsuldal.noFoto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal30 31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!