12.07.2015 Views

Nashornet 2008

Nashornet 2008

Nashornet 2008

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Fanga i folkemusikkenRuth Anne MoenRuth Anne Moen er faktisk oppteken avandre ting enn folkemusikk. Det verkerberre ikkje alltid slik.-Korleis vil de ha dette? spør Ruth Anne Moen.Ho set frå seg ryggsekken ho har pakka til Tanzaniaturenneste dag. Heng av seg ytterjakken og ser litt strengt påoss gjennom brillene før ho leier veg opp trappa i Ryfylkemuseet.Men ho er ikkje streng, ho berre gruar seg litt.- Eg likar ikkje så godt å bli fotografert.Men når ho og fotografen har blitt samde om at det ikkjehøver seg å bruke ein lutt utan strenger på eit bilde ogspottane er blitt vendte fram og tilbake nokre gonger for åtreffe nett det rette punktet, går seansen over i det likastelaget for alle, fotoobjektet inkludert.Litt meir avslappa er ho til å gjennomføre intervjuetpå band.- Det skulle nesten bere mangle. Eg plar jo sjølv gjennomføreintervjua mine på den måten.Ho har eigentleg ei klassisk musikkutdanning,og er utdanna musikkpedagog heime på Austlandet.Men etter at ho flytta frå Strømmen iAkershus til Suldal for 22 år sidan, kom folkemusikkinteressasnikande innpå ho. På 80-talet var hodanseinstruktør i Rogaland BU og ho byrja spele fele.– Etter at eg byrja spele, såg eg jo at det ikkje fanst nedteiknaslåttar frå Rogaland. Så fekk eg kjennskap til den musikalsketradisjonen som finst i Bjerkreim, ein bortgøymdtradisjon som har halde på mykje av den gamle spelestilensom eg blei heilt frelst på. Og det fekk meg til å lure, kvaanna spennande finst det?Dermed var ho pensa så djupt inn på folkemusikksporetat ho i 1992 fekk oppretta ein halv arkivstilling og byrja systematiskinnsamling av tradisjonell folkemusikk frå Rogaland.- Du kan vel seie at eg har vore med og bygd opp min eigenarbeidsplass. Kanskje eg er ein slags gründer?- Kvifor er folkemusikk interessant?- Det er musikken som fenger meg i utgangspunktet. Menså er det også ein lokalhistorisk dokumentasjon som fortelom kvardagen til folk. Kva song dei før for å få ungane sinetil å sove? Det er ikkje nødvendigvis så store og avansertemusikalske ting. Like interessant er det å sjå korleis songanehar levd, korleis dei varierer frå stad til stad. Folk har sungedei same tekstane, men melodien har variert.Som formidlar har ho jobba med å lære bort både songog dans, og i periodar har ho halde liv i seg sjølv og den veslearkivstillinga si med å vere kulturskulelærar.Åvekkje interessa for folkemusikk er inga oppgåvefor amatørar, så pass har ho erfart.- Det interessante er at viss folk kjem i kontaktmed folkemusikken tilfeldig, at dei berre dumparborti han på eit vis, så er dei stort sett veldig positive. Menprøver du å arrangere ein konsert, så kjem det få. For dethar ikkje folk tradisjon for og vi går ikkje så mykje på tingvi ikkje er sikre på kva er.Men no skal i alle fall Rogalendingane få nær kjennskaptil sin eigen folkemusikk. Bokverket Bergteken er nysslansert med cd, lærarrettleiing og ei stor samling folkesongarfrå heile fylket.- Rogaland bør vere stolt av å ha fått eit slik verk, avat vi viser fram desse tinga som vanlege folk har sunge, polertog vidareutvikla over mange, mange år. Våre folketonarlet ikkje slik som dei gjer i Telemark, Hardanger ellerGudbrandsdalen.- Er det du som syng på cd - ane?- Nei, ler ho.– Det er Åshild Vetrhus som nok er meir dialektmessignærmare enn meg.Det går rykte om at Ruth Anne Moen har eit nokoanstrengt forhold til tekniske innretningar.- Ha ha! Det er nokon som seier at eg harein aura som gjer at instrumenta mine dett saman.Det er veldig typisk at viss det er ein datamaskin somgår i stykker, så er det min. Det er ein paradoks, for eg er joomgitt av tekniske innretningar her, seier ho og vender segmot skrivebordet kor bandopptakar, datamaskin og skrivarstår fint på rekkje. Ler igjen.- Nei du veit, når du jobbar med lyd og lagring så erdet mykje som skjer på den tekniske sida som du skal følgjemed på. Nye program. Det er så mange ting, og dei somer unge tar sånne ting så lett, medan eg trekker pusten ogtenkjer: Nytt program no igjen! Sjølv om det er spennandeog, så skulle eg gjerne hatt ein teknisk konsulent.Namn: Ruth Anne MoenAlder: 58Stilling: Konservator vedFolkemusikkarkivet i RogalandAktuell med: Bergteken, eisamling folkemusikk frå Rogalandi bok og på cd.På det private plan har Ruth Anne Moen ønske somgår i litt andre retningar: ho skulle gjerne sungeog spelt litt meir i kvardagen. Dratt over felestrenganelitt oftare, lese avisa grundigare, lese fleirebøker. Men ho går ofte på konsert og har eit nært og tettforhold til naturen. Suldal er bra slik, seier ho, med kulturhusog flotte heier å gå i rett utanfor stovedøra. Politiskengasjert er ho og.- Ja, eg har alltid vore engasjert på venstresida. Eg likarå slåss litt, å gløde for litt kontroversielle saker. Kanskje deter derfor eg jobbar med folkemusikk. Eg vel meg å jobbemed ting der eg veit eg kjem til å stange hovudet mot veggenfleire gonger.Miljøsaka er viktig, humanisme, menneskerettar ogikkje minst feminisme.- Kvinnesak har eg alltid vore oppteken av, men eg erikkje så engasjert no som eg var på 70-talet. Men haddeeg vore aktiv i kvinnerørsla no, ville det kanskje vore meirkvinnesak i eit globalt perspektiv.Kva du engasjerer deg i heng saman med kva miljø dudumpar bort i, meiner ho. Ho har eigentleg ikkje vore engasjertlokalpolitisk, ho har hatt engasjementa sine andrestader. Meir på fylkesplan eller på landsbasis, i høve folkemusikkeni alle fall.– Eigentleg er eg litt lei meg for det. Eg skulle kanskjeengasjert meg meir lokalt. I eit slik lite samfunn har du einheilt annan mulegheit til å vere med og påverke. Men dethar vore så mykje heile vegen. Litt lite overskot igjen.No, denne dagen, står ho uansett klar til åvende blikket ut i den store, vide verda,heilt til Afrika. Litt for jobb, men og littmed eit personleg engasjement som driv.– Dette er viktig for meg. Vi i folkemusikkarkivnettverkethar ein ekspertise på innsamling av stoff som vi kan eksportereTanzania. For meg dreier seg både om å kunne sjåvår tradisjon i ein global samanheng, men og å få eit godtinnsyn i musikktradisjonen i Tanzania. I Tanzania må egdessutan tenkje litt annleis i forhold til feltarbeid, og detgjer at eg kanskje tenkjer litt annleis heime. Det er veldigmeiningsfullt å hjelpe desse folka til å ta vare på tradisjonanesine på eit profesjonelt vis.- Blir du nokon gang ferdig med å samle?- Nei, det stoppar aldri. Det er jo alltid noko nytt somblir gammalt.Tekst: Toyni Tobekk Foto: Jan nordtveit20 21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!