30.11.2012 Views

Bjarte (23) kvidde seg - Åpen Kirkegruppe

Bjarte (23) kvidde seg - Åpen Kirkegruppe

Bjarte (23) kvidde seg - Åpen Kirkegruppe

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

han, og fekk det til å høyrast ut som eg

var ein homo-hatar! Men likevel turte

eg ikkje seie noko om at eg var homofil.

Seinare turte han å fortelje det til

ein annan kamerat, som også hadde

sett filmen. ”Køddar du? Kult då!”, sa

kameraten. Bjarte trur den filmen

gjorde mykje for å skape eit positivt bilete

av homofile blant ungdom flest.

Komme ut- fasen

Det er det første skrittet som er slitsamt,

først og fremst å fortelje det tilforeldra,

meiner Bjarte.

Eg var redd for at forholdet mellom oss

skulle bli forandra, eller at dei skulle

kaste meg ut frå heimen. Eg visste jo

ikkje korleis dei ville ta det.

Sjølv om han hadde budd seg på det

mange gongar, passa det aldri heilt å

seie det direkte til foreldra. Han kjende

det knyte seg i magen, og utsette det

om og om igjen. Den første han fortalde

det til, var ei god venninne som

han hadde halde i hop med sidan barnehagen.

Så mykje hadde dei to vore

saman, at alle trudde dei var kjærastar,

sjølv om han alltid nekta på det. Han

var også redd for korleis ho skulle

reagere, men det måtte bli ho først, for

det var henne han stolte mest på av

alle. Det gjekk fint, og sidan har forholdet

mellom dei vore mykje opnare. No

fortel også ho han om forelskingar, og

er dei ute saman, må han redde henne

frå innpåslitne og fulle gutar, ler Bjarte.

Etter kvart blei han modigare: Ein sein

kveld kom Bjarte frå Kafé Fincken, ein

møtestad for homofile og lesbiske i

Bergen. På bussen møtte han på ei

jente han hadde gått saman med i første

klasse på videregåande. Då ho

spurde kor han hadde vore, svara han

”på Fincken”, og ho sa: ”Men der går

det jo sånne folk. Er du sånn?”. Når

han svara ja, sa ho: ”Kvifor sa du ikkje

noko om det då?”

Ho visste ingenting om kor vanskeleg

det hadde vore tidlegare, og Bjarte trur

han hadde avvist det blankt dersom

nokon hadde hevda at han var homse

den gongen.

Den hausten Bjarte var 19 år, las han ei

annonse i Bergens Tidende der LLH inviterte

til ”åpent hus”. Der var det

berre ei jente, men ho tok han på ein

kafé der det var fleire homofile gutar.

Dermed hadde Bjarte fått eit miljø med

andre homofile. Men framleis var det

vanskeleg å seie noko heime, og det

skulle gå over eit år før han fortalde

dei at det han hadde kalla ”eit skuleprosjekt”,

eigentleg hadde vore samvær

med homofile og lesbiske.

Dei siste tre åra har Bjarte kome seg

meir og meir fri frå prinsippet om å ikkje

stikke hovudet fram. No sit han i

styret i LLH i Bergen, og har blitt intervjua

som representant for dei homofile

og lesbiske i avisa. Etter kvart som han

møtte andre homofile som har gått

gjennom det same som han og funne

ut av seg sjølv, føler han at han har

mogna: No er han ikkje redd lenger!

for å stå fram:

Tekst og Foto:

Ingebjørg Jensen

Javel. Topp at du har greid ut om

tingene! I 1850 ville d vært verre.

Nå r d 2003. Da r åpenhet, ærlighet,

mot og styrke 4 viktige egenskaper!

D har du! Call me if u need

me! Mari

Mari Maurstad, Skuespiller

Foto: © Stig B.Hansen/Scanpix

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!