30.11.2012 Views

Bjarte (23) kvidde seg - Åpen Kirkegruppe

Bjarte (23) kvidde seg - Åpen Kirkegruppe

Bjarte (23) kvidde seg - Åpen Kirkegruppe

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

10

Han planla å seie det til foreldra sine, men greidde det ikkje.

Men så skreiv han eit brev frå jobben. Det var faren som las

brevet først. Han frykta det verste då han las første linja:

”Når de les dette…”, men pusta letta ut når han såg slutten:

”Eg er homofil”.

Bjarte sat på jobben då han fekk svaret

frå faren, på faks: ”Dette skal gå bra!

Helsing Pappa”, stod det oppmuntrande.

Sidan sa faren:

”Med ein gong det gjeld nokon i din

eigen familie, er det ikkje lenger dei og

oss, men ein del av oss”.

Bjarte Sørheim (23), er frå Sotra utanfor

Bergen. No studerer han sosialantropologi

ved Universitetet i Bergen,

og jobbar i matbutikk ved sidan av studiene.

Bjarte kjem frå ein kristen familie,

og er sjølv kristen. Foreldra møtte

kvarandre i kristent ungdomsarbeid.

Faren jobbar som organist i kyrkja, broren

har nettopp blitt prest.

Bjarte var 20 då han fortalde til foreldra

at han var homofil. Då hadde han

eigentleg visst det sidan han var 13 år,

men han ville ikkje innrømme det for

seg sjølv. Sanninga om seg sjølv hadde

han pressa langt bak i hovudet, og konsentrert

seg om hobbyane sine, musikk

og data, medan han venta på å forelske

seg i ei jente. Først då han var 19 år gamal

tok han steget ut for å finne andre

homofile i Bergen.

Sett ned på

- I løpet av ungdomsskulen begynte eg

å skjønne at det var gutar eg likte, og

den gongen, følte eg at det var noko

som var ”riv, ruskande galt”. Eg fatta

ikkje kvifor kameratane snakka så mykje

om jenter, og kva som var så fascinerande

med dei. I ettertid ser eg at eg

hadde vore oppteken av gutar sidan eg

var tolv år. Då var eg på leirskule der

det var ein gut som eg ikkje klarte å ta

augo frå. Eg ville snakke med han, men

var for sky til å tørre, så vi veksla ikkje

eitt ord.

På ungdomsskulen stod Bjarte på sidelinja

og såg korleis mange av klassekameratane

snakka om homofili:

- På skulen var det ein gut som

”alle” stempla som homse lenge før

han skjøna det sjølv, kanskje fordi han

var veldig feminin, og alle trudde at det

var eit teikn på at nokon var homofil.

Eg klarte ikkje å identifisere meg med

han - det var heilt uaktuelt for meg å

tenke at eg var som han! Men det eg

fekk med meg, var at det å vere homofil

blei sett ned på, seier Bjarte.

Opp gjennom tenåra hadde Bjarte

gode kameratforhold, og skilte seg ikkje

ut på anna måte enn at han heller

spela musikk og dataspel enn fotball.

Alle unge sette kvarandre i båsar, slik

det også er no, seier Bjarte:

- Nokre var ”nerdar”, andre ”fotballgutar”,

eg var ein ”guteroms-gut”.

Prinsippet mitt var uansett å ikkje

stikke hovudet fram.

Frå tanke til hinting

Frå Bjarte var 13 til han var 19 prøvde

han så godt han kunne å pakke bort

tanken på at han var homse og legge

det langt bak i hovudet:

- Eg hadde alltid eit håp om at eg

skulle forelske meg i ei jente og komme

over ”kneika”. Eg visste jo at det berre

var eit fåtal som følte som eg, og i alle

fall ingen på Sotra! Hadde han ikkje

fortrengt det, hadde han nok kome ut

tidlegare, trur han no. Han sleppte

unna ein del situasjonar som kunne

gjort det tydelegare for han sjølv. Til

dømes var han sjeldan med på festar,

sjølv om han var sosial. Då han var 16

påstod ein kamerat at Bjarte hadde

sett så mykje på ei jente at han måtte

vere kjempeforelska i henne. Bjarte var

nøgd med at det såg sånn ut.

Homofili var aldri emne i kameratflokken.

Og det var utenkjeleg for kameratane

at nokon av dei kunne vere

homofile, seier Bjarte.

Bjarte trefte aldri tilfeldig på andre

homofile. Til det var både han og dei

andre redde for å vise kven dei eigentleg

var. I ettertid har han fått vite om

andre homofile som gjekk saman med

han både på barneskule, ungdomsskule

og vidaregåande.

- Dei første to åra på vidaregåande

gjekk eg til og med i klasse med ein gut

som stod fram som homse når eg gjekk

i tredje klasse på ein annan skule, og

berre så vidt hadde tenkt på å stikke

Bjarte (23) kvidde seg

No er eg ikkje redd lenger!

foten ut av skapet. Alle rundt han blei

overraska – han hadde vore med i kristent

ungdomsarbeid og var skuleflink.

Sjølv om eg visste om han, våga eg ikkje

fortelje om meg sjølv når eg trefte

han.

Det var i tredje klasse på vidaregåande

skule at Bjarte begynte å prøve ut det

å seie det til andre. Han starta med å

flette homofili inn i samtalar som eigentleg

ikkje hadde noko med det å

gjere, og han skreiv stilar i novelleform

som handla om homofile. Men læraren

sa ingenting.

I andre klasse på vidaregåande

hadde Bjarte sett dokumentarfilmen

”Jeg elsker hvem jeg vil” om unge lesber

og homsar på NRK.

- Filmen hjelpte godt på sjølvkjensla.

Etterpå sa eg til kameraten min

Øystein: ”Eg såg to gutar som kyssa på

fjernsyn!”. ”Gjer det noko då?”, svara

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!