12.07.2015 Views

Bla i brosjyre - Visit Sunnhordland

Bla i brosjyre - Visit Sunnhordland

Bla i brosjyre - Visit Sunnhordland

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

3Utsikt mot Rosendal, KvinnheradTips og idearTurtips• Som eit generelt utgangspunkt kan det vera greit årekna omlag 10 km i timen inkludert mindre pausar.• Planlegg aldri lengre etapper enn at det vert tid tiluforutsette opplevingar undervegs.• Hardt pumpa dekk punkterar sjeldnare.• Husk å ferde “sporlaust” - vis omsyn i forhold tilbålbrenning, beitedyr og båndtvang.• Ta med ekstra slange, lappesaker, pumpe ogskiftenøkkel.• Pakk i sykkelvesker i staden for ryggsekk.Husk lavt tyngdepunkt.• Et lett og ofte, og drikk ofte vatn. Ha energirik mat(nøtter, frukt) lett tilgjengeleg.• Ver forberedt på skiftande temperaturar. Det erbetre med fleire tynne lag, enn eitt tjukt.Hugs at du syklar på eige ansvar, ha det gøy og bruk hjelm!Kart: <strong>Sunnhordland</strong> har GPS sporlogg for mange av sykkelrutene. Desse kan lastast ned viawww.visitsunnhordland.no. Ein kan og skrive ut detaljerte kart og turskildringar.Turtipsa våre gjev deg moglegheit til å ta avstikkarar. Ta ein rast på ei lita brygge, ei badestrand eller ved eitutsiktspunkt. Meir informasjon om attraksjonar, aktivitetar, overnatting m.m. finn du i <strong>Sunnhordland</strong>sguiden.<strong>Sunnhordland</strong>guiden er å finne på turistinformasjonar i Hordaland og kan også tingast på e-post: info@visitsunnhordland.no.Guiden er gratis.iPraktiske opplysningarOvernatting:”Syklist Velkommen” er eitovernattingstilbod som erspesielt lagt til rette for syklistar.Dette inkluderer mellom annasikker sykkelparkering, godetørkemoglegheiter for klede, samt at sykkelverkty/lappesaker er på staden. Overnattingsverksemdenevil ha eit merke på inngangsdøra. Det er oftenaudsynt å bestille på førehand.Sykkelutleige i <strong>Sunnhordland</strong>:• Intersport Bekkjarvik, tlf. 56 18 08 56• Intersport Bremnes/Svortland, tlf. 53 42 12 80• Langevåg Bygdatun, tlf. 53 42 18 75/99 42 81 82• Rosendal Sport, tlf. 53 48 11 05• Fugl Fønix Hotell Etne, tlf. 53 77 14 40• Varehuset Larsen i Fitjar, tlf. 53 45 75 00• Joker Bakkasund, tlf. 56 18 31 90• Sveio Golfpark, tlf. 53 74 20 25• G sport Stord, tlf. 53 40 30 14


Turforslag - BømloBrandasund7Svortland – Brandasund (32,9 km)Ein startar turen til Brandasund på Svortland.I Hollundskjosen (rundkøyringa) tek du til venstre mot Brandasund. Etter1,5 kilometer kjem ein til Urangsvåg ved ei lun båthamn. Fylkesvegennordover til Brandasund er variert og morosam å sykla, smal og kuperti somme parti. Vegen går over fleire øyar med bruer mellom, og det ergod sikt utover skjergarden. Det er fleire fine stadar å ta ein avstikkar tilpå vegen til Brandasund, som tildømes Katla og Skinnhueneset. På øyaTorgjo (Torget) haldt ”Nillo på Skjèret” til. I dag er det etterkommaranehennar som driv landhandelen. No er det berre halvannan kilometer att tildu er framme i Brandasund og havet omslyngar deg nesten på alle kantar.Framme i idylliske Brandasund finn du tettbygde, kvitmåla hus som liggmidt i leia for båttrafikken. Her er det høve å få seg noko å eta. Av andregodbitar finn me eit lite utsal for filta og tova ullprodukt og ein treskjerarsom tryllar fram det meste innan faget.Det kan og tilrådast ein spasertur til Brandasundsåta når ein er her ute ihavgapet. Om lag 20 minuttar tek det til denne toppen som verkeleg gjevdeg kjensla av å vera kongen på haugen.Du fylgjer same vegen attende til Svortland. Ruta har ei totallengd på 32,9kilometer tur/retur og ein høgdeskilnad på 58 meter.BrandasundSkinnhuenesetGoddoKatlaRolfsnesUrangsvågSvortland200m0mBrandasund0m6km12km18km24km30kmVanskegrad: Enkel – middelsLengde: 32,9 kmUnderlag: AsfaltMaks. høgde: 59 m


8 Turforslag - BømloPå veg til HiskjoØklandsvågMelingSvortlandSvortland – Hiskjo (23,5 km)Svortland er startpunktet for sykkelturen til Hiskjo.Følg vegen nordover forbi kommunehuset. I rundkøyringa tek dutil venstre mot Meling. Ved Økland fylgjer du skilting mot Hiskjo, tilvenstre i krysset. I Melingskrysset tek du til venstre, sørover mot Hiskjo.Her syklar du over sju kilometer med opent landskap på alle kantar.Det er fine strender på austsida av vegen og ein stemningsfull kai nårdu kjem fram til Hiskjo etter 12 kilometer. Frå kaien er det merka veg tilHiskholmen, ”Sagakongane si vesle øy”. Her var det ei god hamn bådefor små båtar og mannskap. I dårleg vær gav denne staden alltid ly herytst i havgapet.Ruta har ei totallengd på 23,5 kilometer tur/retur og er ganske flat oglettsykla med ein høgdeskilnad på 44 meter.Hiskjo200m0m0m 5km 10km 15km 20kmVanskegrad: Enkel – middelsLengde: 23,5 kmUnderlag: AsfaltMaks. høgde: 40 mHiskjo


10 Turforslag - FitjarKalveid, FitjarFitjarRimbareidVestbøstadVikStoravatnetØvrebygdaÅrbøelvaStoravatnet rundt (16 km)Ein fin tur rundt det største vatnet på Fitjar.Turen startar i Fitjar sentrum. Følg rv. 545 forbi Fitjar kyrkje og vidaresørover. Etter ca 2 km kjem ein til eit plantefelt. Her er det mogleg åparkere sykkelen og følgje turstien til Rimbareid på venstre side.Etter 3 km på rv 545 kjem ein til eine kanten av Storavatnet. Her endarog ”gamlevegen” frå Fitjar, som er eit alternativ til hovudvegen dersomdu ynskjer ein mindre trafikkert trase opp til Vik. Vegen byrjar til høgrefor Fitjar kyrkje (Sjøssbrekka).Følg gang- og sykkelvegen vidare mot Tveita. Etter nye 2 km kan einta av til venstre på ein grusbelagt parkeringsplass. Derfrå går det eintursti som er mykje brukt av lokalbefolkninga. Følg rv. 545 vidare forbiÅrbøelva til krysset ved nærbutikken Joker. Her er det bord og benkarog det passar fint til ein pause om lag halvvegs på turen. Ta så av rv545 og inn til høgre mot Koløyholmen. Sykle 1 km vidare på ein smallandeveg og ta deretter av til høgre mot Fitjar i krysset ved ØvrebygdaBedehus. Etter 4 km kan ein ta til høgre ved ein liten parkeringsplass.Her ligg Breiavikjo, ein offentleg badeplass som er ein del av Storavatnet.Det er langgrunt vatn, bord og benkar og toalett. Etter 1 km kjemein til eit kryss. Her tek ein av til venstre og inn på Vestbøstadvegen.Følg Vestbøstadvegen langs sjøen til du kjem attende til Fitjar sentrum.200m0m0m3km 6km 9km 12km 15kmStoravatnet, FitjarVanskegrad: MiddelsLengde: 16 kmUnderlag: AsfaltMaks. høgde: 68 m


Turforslag - KvinnheradUtsikt oppover Uskedalenfrå hovudvegen.13Sykkelrute Uskedalen (18,1 km)Ein sykkeltur rundt Uskedalen er ein tur i skiftandelandskap! Frå det rolege og flate landskapet på flatenenede ved fjorden skiftar dalen karakter når ein kjemoppover, til frodig jordbruksbygd og vidare med meirdramatisk landskap med Ulvanosa ragande over dalenmed sine glattskurte sider.UskedalenHauglandNedst har Uskedalen to vegar, ein på kvar side av dalen. Dei møtest påHaugland og går vidare som ein veg heilt opp til Friheim og Fjellandsbøvatnet.Frå parkeringsplassen i Uskedalen sentrum og syklar ein opp på Kjærlandssida,vidare til Haugland der vegane møtest. Vidare går vegenforbi Haugland gamle skule som er museum. Omvising etter avtalemed kulturkontoret i Kvinnherad kommune (tlf. 53 48 31 00).Vidare smalnar dalen og vegen går forbi Friheim som er øvste garden iUskedalen. Her held Friheim gardsmat til. Dei lagar ulike kjøttprodukt oghar utsal på garden.Syklar du forbi Friheim kjem du inn mot Fjellandsbøvatnet. Dette er eitflott område. NB! Her kan det gå storfe på beite!Retur tilbake til sentrum går same veg tilbake til Haugland for så å taden venstre sida av dalen ned til hovudvegen att.0mFriheimFjellandsbøvatnet4km 8km 12km 16kmVanskegrad: KrevjandeLengde: 18,1 kmUnderlag: Asfalt og grusvegMaks. høgde: 210 m200m0mFjellandsbøvatnet medUlvanosa i bakgrunnen.


14 Turforslag - KvinnheradBondhusvatnet med Bondhusbrea i bakgrunnen.Sykkelrute Bondhusdalen (7,1 km)SundalBondhusdalenEin sykkeltur innover i Bondhusdalen er ein sykkelturinn i Folgefonna nasjonalpark.Turen startar ved parkeringsplassen i Bondhusdalen. Denne dalen hartrekt til seg reisande i over 100 år. Frå Sundal ved Maurangerfjorden ogopp til Bondhusvatnet og utsynet mot Bondhusbrea og Bondhusvatnetsyklar ein på god grusveg.Det kan gå beitande dyr langs vegen, så hugs å lukke grindane!200m0mBondhusvatnet0m 2km 4km 6kmVanskegrad: KrevjandeLengde: 7,1 kmUnderlag: Asfalt og grusvegMaks. høgde: 200 mEit stykke inne i dalen tek turstien av mot hytta Fonnabu og Folgefonna.“Keisarstien” vart denne tidlegare kalla. Sjå eigen turomtale av dennefotturen, til Fonnabu.Inne ved Bondhusvatnet er det bord og benker der ein kan hamatpause. Det går sti vidare langs vatnet til inste enden der det heiterVetledalen. Der ser ein opp på brearmen, som dei siste åra har blittbetydeleg redusert.Den rike historia til Bondhusdalen og turisttrafikken over Folgefonnapå slutten av 1800-talet er skildra i fleire bøker. I dag er det FolgefonniBreførarlag som fører turistar over Folgefonna frå Fonnabu til Holmaskjerpå Oddasida. Vegen opp til Fonnabu kan ein gå utan breførar.Sykkeltur til Bondhusvatnet


Turforslag - KvinnheradHusnes ved Opsangervatnet.15Sykkelrute Husnes-Kaldestad-Sunde-Husnes (15 km)Denne sykkelturen tek deg på hyggjelege småvegarrundt i Husnesområdet.Husnes BåthavnStart ved Husnes Båthavn, som fleire gonger er kåra til Norges bestebåthamn. På veg opp frå sjøen passerer du Kvinnherad golfklubb ogUndarheim golfbane, ein bane med 9 hol. Til venstre ser du ogsåaluminiumsfabrikken på Husnes, SørNorge Aluminium.Ta til høgre i første kryss og fortsett mot Husnes kyrkje. Ta igjen tilhøgre ved kyrkja og fortset til neste kryss. Ta til høgre også der. Ta tilvenstre mot Sunde i neste kryss (ikkje til Bogsnes).KaldestadHusnesOpsangervatnetI neste kryss syklar du rett fram på Kaldestadvegen, ikkje mot Husnessentrum. Så er det litt stigning og svingar på vegen opp mot Kaldestad.Oppe på Kaldestad er det fin utsikt utover fjorden. Startpunkt for turstitil Kaldestadåsen finn du her. Etter å ha passert Grønstøl og vegenigjen går nedover i ein liten dal skal du ha av til høgre på Vågsvegen.Følg Vågsvegen forbi juletreplantasjar og små hyggjelege tun. Vedskilt til Bjelland kan ein ta av og gå turstien til Bjellandsneset. FortsetVågsvegen til Sunde, der du først passerer Sunde båthamn og over bruainn i gamle Sunde sentrum. Ta til høgre etter brua og fortset forbi dengamle hermetikkfabrikken som no er lakseslakteri. Litt vidare ser duSunde kai på motsett side av vågen. Herfrå går hurtigbåtar både motBergen og Stavanger.Forset innover vågen og ta ikkje av til venstre mot Husnes, mensykle over brua og ta til venstre mot Rosendal når du kjem til nestekryss. Herfrå går vegen oppover til Reset og fv. 48/Vikefjellsvegen,som ein følgjer eit stykke til Postvegen kryssar fv. 48. Fin utsikt overOpsangervatnet med Husnes på motsett side av vatnet.Ta av frå fylkesvegen der Postvegen er skilta på grusvegen ned motOpsangervatnet. Postvegen kjem ut på vegen ved Husnes sentrum. Tatil venstre mot lysskulpturen “Samspel” og fortset til rundkjøringa vedStatoilstasjonen på Husnes. Ta då til høgre mot Golfbanen/kyrkja ogreturner til Husnes Båthavn.0mSundeReset3km 6km 9km 12kmVanskegrad: KrevjandeLengde: 15 kmUnderlag: Asfalt og grusvegMaks. høgde: 84 m200m0m


16 Turforslag - StordSagvåg kaiLitlabø, Sagvågsrunden (18 km)Ein variert rundtur der ein får med seg innland og kyst.SagvågNysæterLitlabøHeianeLeirvikTuren startar ved båthamna i Leirvik. Ta til høgre i rundkjøringa ogfortsett forbi Galleri Giga. Følg sykkelrute nr. 1 forbi Esso og ut avsentrum. Ruta går vidare i svak stigning forbi Knutsaåsen Aldersheimtil vegen stoppa. Vegen delar seg, følg vegen som går gjennom einundergang. Det er no grusveg. Etter det siste huset på denne vegen,går vegen slakt nedover på ein kjerreveg. Følg skilting nr. 1, og vegenkjem igjen på Gruvevegen. Passèr gamle skulen på Stuva og vidaregjennom Litlabø. Det er mange fine gardar og flott kulturlandskap langsvegen.Etter ca 6,5 km kjem ein avkjørsel på høgre side som går tilGruvemuseet på Litlabø. Her vann dei ut svovelkis frå 1865 til 1968.Museum og fint uteområde med vandrarløype.200m0m0m 6km 12km 18kmVanskegrad: MiddelsLengde: 18 kmUnderlag: Asfalt og noko grusvegStorddøra,LeirvikFrå Gruvemuseet syklar ein vidare på gangsti langs Storavatnet.Etter ca 3 km kjem ein til eit kryss i Sagvåg. Ein kjem no over påvestsida av Stord. Følg sykkelskilt nr 1 mot Haugesund (til venstre)på Sagvågsvegen mot Sagvåg sentrum. I Sagvåg sentrum er detdaglegvarebutikk og bensinstasjon. Ca 100 m frå Sagvågsvegen, tilhøgre før daglegvarebutikk, ligg Sagvåg kai. Her er eit fint område medbenkar, bord og informasjonstavle.Følg vegen vidare frå Sagvåg sentrum mot Leirvik, og sykle på gangstiforbi skilt til Kunsthuset på Almås (avstikkar 0,9 km til venstre) oglitt seinare Sætravik badeplass (avstikkar 1,2 km til høgre). Etter ca3,5 km møter vegen E39. Hold til venstre og følg skilting mot Leirvikover gangbru (som går over E39) og vidare på baksida av Heianestorsenter. Følg blå skilting mot Leirvik forbi Langeland skule. Vegenmøter Verftsvegen. Her kan du ta en avstikkar ned til Kværner Stord,<strong>Sunnhordland</strong> sin største industriarbeidsplass. Alternativt følg gangstividare mot Leirvik sentrum, langs Andedammen og ned til Kulturhusetog båthamna.


Startpunkt til LandåsenTurforslag - Stord17Landåsen turområde (4,5 km)Lettsykla, kort tur som passar fint for familiarmed små born.Start ved kulturhuset i Leirvik sentrum og følg den smale vegen på venstreside bak Kulturhuset og opp ein bratt bakke. Fortsett under gangbrua,forbi Andedammen og vidare langs hovudvegen til ein kjem til eitgangfelt ved eit busstopp. Kryss gangfeltet og ta til venstre. Ein kjem dåtil inngangen til Landåsen turområde, 0,8 km frå Kulturhuset. Her følgjerein grusvegen vidare 1,5 km og kjem då til enden av Landåsvatnet. Bord,benkar og bademoglegheiter. Same veg tilbake til utgangspunktet.Landåsen turområde er mykje nytta av lokalbefolkninga. Her fins eitstort nett av skogsvegar. Terrenget er variert med flate strekningar ogkupert. Om ein ynskjer ein lengre sykkeltur er det moglegheit for det, foreksempel til eventyrskogen.LandåsenVabakkenLeirvik200m0m0m1km 2km 3km 4kmVanskegrad: EnkelLengde: 4,5 kmUnderlag: Asfalt og grusvegMaks. høgde: 74 mEventyrskogen, Landåsen


18Turforslag - StordHystadmarkjoLeirvik – Hystadmarkjo – Fjellgardane – Ådlandsvatnet (20 km)200m0mFjellgardaneÅdlandsvatnetStord SjukehusRommetveit0m 4km 8km 12km 16kmVanskegrad: MiddelsLengde: 20 kmUnderlag: Asfalt og grusvegMaks. høgde: 160 mHystadmarkjoEin fin sykkeltur gjennom flotte naturområdeog kulturlandskap.Start ved kulturhuset i Leirvik sentrum, sykle gjennom sentrum ogvidare oppover Borggata. For å besøkje <strong>Sunnhordland</strong> Museum kan einno ta av til venstre inn i Skrivarvegen og så fyrste til høgre.Fortsett til høgre på Skrivarvegen, forbi kyrkja og oppover Hystadvegen.Etter 2,3 km er det mogleg å ta til høgre og inn på Valevegen tilAslaksvikjo. Dette er ein smalare veg med lite trafikk og fin utsikt motsjøen. Alternativt kan ein følgje Hystadvegen vidare.Etter 3 km på Valevegen kjem ein til verksemda Apply. Her fortsett einvidare opp til venstre langs Storhaugvegen. Vidare 0,7 km tek ein tilhøgre ved eit gangoverfelt og inn på ein grusplass. Her byrjar vegengjennom Hystadmarkjo naturreservat. Benkar og toalett. Sykkelen måleiast gjennom den om lag 2 km lange løypa, men det er verdt turen.I enden av Hystadmarkjo kjem ein til ei stor båthamn. Sykle langshamna, følg Sjoarvegen opp att til Hystadvegen og ta til høgre. Når einhar sykla 7,7 km kjem ein til Rommetveit skiltet. Ta av til høgre forbiSamhald og opp ein smal lokal veg (Krokane). Etter 0,8 km er du nedepå Klingenbergvegen. Ta til venstre forbi Høgskulen Stord/Haugesundog så til høgre opp på Rommetveitvegen.Når ein har sykla om lag 11 km kjem ein til E39. Kryss vegen og sykleopp Fjellgardsvegen. Etter 4,8 km kjem ein til Saneset. Ta av til høgrelike før E39 og følg den smale grusvegen langs Ådlandsvatnet. Etter 1,5km kjem ein til eit kryss under Ådlandsbrua. Her syklar ein rett frammot Krækjen oppdrettsanlegg og opp bakken til venstre. Ein kjem dåut på Ådlandsvegen som ein følgjer ned att mot Stord kyrkje. Følg såHystadvegen til høgre og vidare attende til Leirvik sentrum.Fjellgardane, Stord


20 Turforslag - SveioRyvarden Kulturfyr, SveioRundtur til Ryvarden (25 km)Ryvarden200m0mEltravågMølstrevågSveio0m 6km 12km 18km 24kmVanskegrad: MiddelsLengde: 25 kmUnderlag: Asfalt og grusvegEin rundtur på fredelege bygdevegar til Ryvardenkulturfyr. Ein kan òg velja ein kort rundtur (15 km) vedå droppa avstikkaren til Ryvarden.Start ved Sveio golfpark. Sykle gjennom sentrum og ta av oppbakken mot høgre nokre hundre meter etter kyrkja. Ta til høgre påTjernagelvegen og følg vegen ca 3 km til skilt til Eltravåg (obs! Dettestykket er det stadvis smal og svingete veg med ein del tungtrafikk).Ta til venstre mot Eltravåg og følg Skiftestadvegen ca 3,5 km fram tilfv. 541 Gullvegen. Ved vegen ligg eit verna våtmarksområde med riktfugleliv. Ta mot venstre i krysset når du kjem til riksvegen på Eltravåg.Ved Lyngholmsvegen kan ein ta ein kort avstikkar til minnestøttaover DS ”Thor”s forlis i 1906. Turen går forbi Vandaskog og Mølstre,i Mølstrevåg tar du til høgre og følgjer skiltinga til Ryvarden. Deisiste 2,5 km ut til fyret går på grusveg i kupert terreng gjennom opekystlandskap.På Ryvarden er det ope galleri og kafe på søn- og helligdagar, ogsåonsdag og laurdag i sommarsesongen. Sjå www.ryvarden.no for meirinfo. På www.kystlandskapsparken.no finn du òg informasjon om tilbodlangs sørvestkysten av Sveio.Turen attende til Sveio sentrum går på lite trafikkert veg overPaddevegen. Sving tilbake mot venstre i Mølstrekrossen, og ta av innpå grusveg mot høgre ved eit gammalt gardstun. Når du kjem ut att påTjernagelvegen, ta til høgre og etter omlag 200 meter til venstre innmot sentrum og attende til utgangspunktet.Ryvarden mot Hårsku, Sveio


Turforslag - SveioTurforslag - SveioEilerås, Sveio21Runde om Kvalvåg / Kalland (37km)Ein runde rundt Vigdarvatnet, det største vatnet i Sveio.Gode moglegheiter for ein dukkert, i fersk- eller saltvatn.Turen går på sykkelsti og vegar med liten trafikk.Ved start frå Golfparken startar turen med å trille nedover mot sentrum. Iførste krysset svingar du til venstre og tek inn på sykkelstien på høyre sideetter ca 50m. Sykkelstien held fram langs rv. 47 nordover. På Bjelland erdet slutt på sykkelstien på venstre side av vegen, då svingar du til høgreog følgjer skilt mot Kvalvåg. Vegen går ned ein svingete bakke og forbi Lidskule, kryssar E39 på bru og held fram ned ein bakke til Kvalvåg.I krysset svingar du til høgre og held fram sørover. På vegen sørover kandu tidvis sjå sjøen, du passerer Fjon Camping og eit anlegg for oppdrett avsmolt. Sving til venstre når du kjem til E39. Her må du følgje hovudvegen,men heldigvis berre eit par hundre meter. Ta til høgre i første kryss, skiltamot Søre Våge. Denne vegen skal du følgje ca ti km der du òg er eintur innom Haugesund kommune. Her er det fleire vatn du kan bade i,men nokre vatn er drikkevasskjelde der det ikkje er tillate å bade, sjekkskilting. I krysset ved rv. 47, tek du til høgre på sykkelstien. Etter ei stundgår sykkelstien gjennom ein undergang og held fram nokre hundre meterfør du syklar til venstre på ein gamal bit av riksvegen. Du kjem no inn påvegen mot Buavåg, følg denne til venstre nedover til du ser sjøen. Innsti bukta syklar du rett fram langs den idylliske elva opp til rv. 47 att. Herer det sykkelsti på høgre side av vegen, hald fram nokre hundre metertil den sluttar ved skilt til Tveit. Sjølv om det er raskast å følgje riksvegennordover mot Sveio, tilrår me at du følgjer skilta mot Tveit grunnatrafikkfarleg veg. Ved Husavatnet på venstre side er det ein fin badeplass.Følg skilta vidare mot Tveit 3,8 km, før du igjen når riksvegen og kan følgesykkelstien nordover. På Tveit har fotokunstnaren Torleiv Tveit galleri, opesundagar/etter avtale. Ved Krossleitet tek du til høgre og følgjer skiltet forsykkelstien, under riksvegen. Nedst i bakken tek du til høgre att og heldfram på sykkelstien gjennom sentrum, forbi skulen og til venstre opp motGolfparken.SveioTveit0m 9km 18km 27kmVanskegrad: Middels – krevjandeLengde: 37 kmUnderlag: AsfaltKvalvåg200m0m


22 Turforslag - SveioVed Nesheim, SveioKystrunden (49 km) (Sveio – Rød – Auklandshamn – Bua – Vikse – Sveio)AuklandshamnTjernangelRuta varierar mellom sykkelsti langs hovudvegen,bygdeveg gjennom fint kulturlandskap og veg langskysten. Det er fleire høve til å velja kortare ruter.Mølstrevåg200mVikse0mBuavågSveioTveit0m 10km 20km 30km 40kmVanskegrad: MiddelsLengde: 49 kmUnderlag: Asfalt og grusvegRødStart i Sveio sentrum og følg sykkelsti skilta til Bergen langs rv. 47. Like vedsykkelstien på Bjelland ligg eit verna våtmarksområde med rikt fugleliv.Her er det fugletårn og tursti.Frå Haukås held ein fram på sykkelsti langs E39, forbi bensinstasjonen, tilRød. Ta av frå E39 ved skilt til Auklandshamn. Turen går på smal og svingetebygdeveg med noko trafikk. Bade- og fiskeplass ved Langavatnet.I krysset med skilt mot Tjernagel kan ein ta ein avstikkar mot høgre tilfriluftsområdet Slettene med badeplass, tursti og toalett. Elles held turenfram mot Tjernagel. I Auklandshamn er det butikk, og ved butikken startartursti til Emberlandsnipen med flott utsikt over Bømlafjorden.På Tjernagel er det ridesenter, og ein liten avstikkar fører ned til den gamlehandelsstaden. Ta elles til venstre mot Bua. Badeplass ved Storavatnet likeved vegen.I krysset med skilt mot Buavåg og Bømlo kan ein velja ei kortare rute og tarett fram mot Sveio sentrum igjen. Her er vegen noko kupert og trafikkert.Elles kan ein halda fram vidare sørover langs Fv 541 forbi ferjekaien i Buavåg(toalett mm). Her kjem ein inn på Nordsjøsykkelruta som er merka vidaremot Haugesund.Frå Eltravåg kan ein følgja Markavegen til Nordskog attende til Sveio.Slakk og fin veg med lite trafikk. Elles kan ein halda fram vidare sørover.I Mølstre våg er vegen skilta til Ryvarden Kulturfyr – ein avstikkar på ca 3,5km kvar veg, men vel verd eit besøk!Turen attende til Sveio sentrum kan gå på lite trafikkert grusveg over Paddevegen,eller om Vikse og Tveit om ein ønskjer ein lenger tur. Då held einfram til krysset i Vågedalen, der ein tek til venstre og kryssar rv. 47 på Byrkjeland.Tveitevegen (omveg på ca 5 km) er merka som sykkelsti, grunnastor trafikk og manglande sykkelsti er det ikkje tilrådd å følgja riksvegenforbi Tveit. Resten av turen går på sykkelsti forbi byggjefeltet Krossleitet,i undergang under riksvegen og attende til utgangspunktet i Sveio sentrum.


Våge gjestehamnTurforslag - Tysnes23Malkenes – Haaheim Gaard (19,7 km)Sykkelturen til vakre Haaheim Gaard startar påMalkenes kai, der Hardangerfjordekspressen legg til kaipå si ferd frå Bergen til Rosendal.MalkenesRuta er nesten 20 kilometer lang, så då er det godt det ligg einkulinarisk oase i andre enden av løypa der du kan få deg ei opplevingdu seint vil gløyma.Du syklar vegen opp frå Malkenes kai til krysset ved rv. 49, tek tilhøgre, vestover og fylgjer denne mot Lundegrend og Våge. Her er fintå sykla langs lite trafikkert veg medan du nyt utsikta over Humlevika,Gjersvikvågen og Bjørnefjorden med sine skogkledte små øyar, holmarog skjer. Etter tre og ein halv kilometer passerer ein Lundegrend derdu kan kjøpa deg noko å drikka eller fylla opp vassflaska. Dersomdu verkeleg vil sveitta litt, kan ein etter 6 kilometer ta ein avstikkar ikrysset opp mot Myrdal, som er den brattaste og kortaste oppstigningatil Tysnessåta (753 moh.) Etter 12 kilometer kjem du til Våge og fylgjerrv. 49 til venstre i rundkøyringa, sørover mot Stord, Hodnanes ogUggdal. Like før ein kjem til Uggdal er det skilta opp mot Dalen. Dufylgjer då vegen opp langs elva Reiso dei tre siste kilometerane tilHaaheim Gaard.Vel framme vert du godt teken imot på Haaheim Gaard der du kan nytadet gode livet til dess du er klar for neste eventyr på sykkelsetet.Ruta har ei totallengd på 19,7 kilometer ein veg og ei total høgdestigningpå 340 meter. Turen sitt høgaste punkt er på 145 moh. Detkjem ein til ved enden av løypa.VågeHaaheim GaardUggdal0m 5km 10km 15kmVanskegrad: MiddelsLengde: 19,7 kmUnderlag: AsfaltMaks. høgde: 145 mLundegrend200m0m


24 Turforslag - TysnesOnarheimVågeLundeRundtur på Tysnes (43,5 km)Dette er ein interessant sykkeltur gjennom variertnaturlandskap som startar i kystlandsbyen Våge.200m0mUggdalOnarheimMælandHovland0m 10km 20km 30km 40kmVanskegrad: Middels – krevjandeLengde: 43,5 kmUnderlag: AsfaltMaks. høgde: 166 mVåge gjestehamn.Ein syklar gjennom ubebygd strøk, over blømande enger og gardstun oggjennom skogkledte områder. Utsikta er framifrå heile vegen, og det somgjer denne ruta spesiell er mangfaldet og variasjonen ettersom ein syklarbåde vestsida, austsida, nordsida og på tvers av øya. Ein får med seg bådefjord og fjell, kyst og innland.Start ved ferjekaien i Våge. Etter ca 350 meter, ta til høgre i rundkjøringa pårv. 49 mot Hodnanes og Stord. Like før kommunehuset i Uggdal kjem eintil skilting mot Onarheim. Ta til venstre i krysset, austover mot Onarheim(13km). Ein fylgjer då Uggdalsdalen tvers over Tysnesøya.Ved passering 8 kilometer kjem ein til den gamle ferdslevegen iUggdalsdalen som er eit freda kulturminne der det finst mange spor ettermenneske som levde her i førhistorisk tid. Informasjonstavle står vedinnfallsporten til ferdslevegen.Inst i Uggdalsdalen startar ein på ei stigning til ein kjem til høgste punkt langsløypa ved avkjørsla til Singelstad. Ein er då på 166 moh. Denne motbakkenutgjer ei stigning på 90 høgdemeter fordelt på ein distanse på 3,3 kilometer.Ved Onarheim kyrkje er det er skilta nordover mot Lunde (16 km). Ein tekdå til venstre og fylgjer vegen nordover mot Lunde i dette krysset. Ettertilsaman 24 km kjem ein til Årbakka. Her er ein landhandel der ein kan fåfylt på vassflaska og få kjøpt mat og drikke. Ein kan og ta ein avstikkar ned tilsjøen og sjå gamle Årbakka handelsstad og Årbakkavollen, eit fornminne fråeldre jernalder med bautasteinar og restar etter gravrøysar. Etter 1,5 km kjemein til badestranda Klubbavikja / Ølfarnes der ein òg kan leggja inn ein litenstans eller ein avstikkar ned til stranda. Dette er ei av Tysnes sine flottastestrender med utsikt mot Melderskin, Folgefonna og Hardangerfjorden.7,5 km vidare kjem ein til eit vegkryss der ein tek til venstre og fylgjer rv. 49vestover mot Lundegrend og attende til Våge.Ruta har ei totallengd på 43,5 kilometer og ei total høgdestigning på 685meter. Turen sitt høgaste punkt er på 166 moh. Det kjem ein til etter 14 km.


Kart27MundheimVaraldsøyHardangerfjordenJondalstunnelenHesvikKvinnherad: Eikenes s.13-15 Til OddaSundalFolgefonntunnelenKorleis kome seg til områdetTil Rosendal går hurtigbåt (www.rodne.no)frå Bergen på under 2 timar.Andre transportmiddel er ekspressbuss(www.nor-way.no), lokalbuss (www.skyss.no)eller bil/ferje.Til Skånevik går hurtigbåt (www.norled.no)frå Bergen, Stord, Haugesund, Stavanger.Til Skånevik kan du og nytte ekspressbuss(www.nor-way.no), lokalbuss (www.skyss.no)og bil/ferje.GjermundshamnUskedalenndKVINNHERADÅrsnesLøfallstrandRosendalOmvikdalenFolgefonnaFjæraTil Leirvik/Stord går hurtigbåt frå Bergen,Stavanger og Haugesund. Hurtigbåt mellomLeirvik/Stord ODDA– Ranavik – Sunde – Utbjoa –Skånevik – Ølen (www.norled.no).Det går og ekspressbuss (www.kystbussen.no),(www.nettbuss.no) lokalbuss (www.skyss.no)og fly (www.stordlufthavn.no)Til Bømlo: Hurtigbåt går til Rubbestadnesetog Mosterhamn (www.norled.no) frå Bergen,Leirvik, Haugesund, Stavanger. Lokalbuss(www.skyss.no) eller bil kan og nyttast.Til Austevoll: Hurtigbåt går frå Hufthamar tilBergen, Leirvik, Haugesund, Stavanger. Lokalhurtig båtrute mellom Hufthamar, Møkster,Litlekalsøy, Bekkjarvik m. fl. Lokalbuss(www.skyss.no) og ferje (www.norled.no)alenFor meir info om rutetider ring rutetlf. 177.Lokalbuss www.skyss.noUtåkerSkånevikETNEMatreÅkraEtne: s.9EtnefjellaPraktiske opplysningarTuristkontorAustevoll TuristkontorBekkjarvik Torg, 2 etasje, 5399Bekkjarvik, tlf. 95 18 76 98Bømlo Turistkontor Rådhuset5430 Bremnes, tlf. 53 42 30 14Etne & Skånevik TuristkontorTlf: 53 77 14 40 / 53 77 07 00Fitjar Turistkontor5419 Fitjar, Tlf: 53 45 77 00Folgefonna Informasjonssenter5470 Rosendal, Tlf: 53 48 42 80LENiStord Turistkontor Kulturhuset,5402 Stord, tlf. 53 49 69 50Sveio Turistkontor5550 Sveio, tlf. 53 74 80 00Tysnes Turistkontor, Flytenaustet i Våge,5680 Tysnes, tlf. 95 86 90 75.


28 LangturforslagPeparen, SkånevikFjord- og fjellturen76 kmDette er ein variert, lettsykla tur som passer godt for ein weekend. Fjell- ogfjordturen er lagt opp som ein rundtur frå Rosendal, men kan og starte fråandre stader. Det kan vera best å følgje ruta den retninga me skildrar her,då stigninga over fjellet frå Omvikdalen er mindre krevjande enn frå Matre.Hardangerfjordekspressen (www.rodne.no) tek deg frå Bergen til Rosendal påunder 2 timar. Kjem du kvelden før er det god tid til å oppleva baronibygda førdu tek sykkelen fatt. Putballbanen, der du kan spele fotballgolf, ligg i gåavstandfrå sentrum. Det same gjer Steinparken, eit vakkert område langs elva som synersteinsortar frå Folgefonna Nasjonalpark.Rosendal – Omvikdalen – Matre – Skånevik: 26 kmEit besøk på det vesle slottet Baroniet Rosendal, eller KvinnheradKyrkje, bør du få med deg før du set deg på sykkelen. Sykkelturen overtil Skånevik er ein flott etappe gjennom jordbruksbygda Omvikdalen.Frå Rosendal sentrum følg rv. 551 sørover mot Uskedalen. Etter omlag3,5 km kjem du til Statoil i Omvikdalen. Dette er siste moglegheit forå proviantere før turen over fjellet til Matre. I Omvikdalen finst fleiremuseumstun, til dømes Nistovetunet med røykestove frå 1700-talet ogHauahuset (Tvedt-stova). Desse vert opna på førespurnad.Det er 2 km svak stigning opp Omvikdalen, deretter ca. 10 kmjamn stigning, før det vert bratt ned til Matre. Her er utsynet utoverMatrefjorden fabelaktig. Ferja over frå Matre til Skånevik tek 25 minutt.I bluesbygda Skånevik går det føre seg mange aktivitetar heilesommaren. I Skånevik er det og mange fine badeplassar, og sentruminnbyr til ein koseleg spasertur.Baroniet Rosendal


Langturforslag29Ein avstikkar av ruta kan gjerast ved å sykle Skånevikstranda til Etne, eistrekning på 26 km. Moglegheit for transport tilbake til Skånevik medlokalbuss. For fottur, prøv Postvegen frå Skånevik til Etne.Skånevik – Valen – Husnes – Uskedalen – Rosendal: 50 kmTuren startar med ein 20 minutts ferjetur frå Skånevik til Utåker.Etappen byr på flott utsikt og nærkontakt med fjordlandskapetheile vegen. Du syklar gjennom frodige og vakre bygder og kan taavstikkarar til mellom anna den flotte Handelandsdalen.Ved Sunde kan ein ein ta avstikkar til Halsnøy (Ranavik) eller Stord(rutetider www.norled.no). Vidare går ruta forbi Husnes, den størstetettstaden i Kvinnherad. Her kan du velje om du vil køyre innomsentrum eller følgje rv. 48 forbi Opsangervatnet. Ta gjerne ein avstikkartil Herøysund (2 km), eit gammalt knutepunkt for dampskipstrafikkenmed husflidsalg og snikkarverkstad.Skånevik sentrumUtsikt mot RosendalI Uskedalen kan du vitje Bygdatunet Rød og Haugland skulemuseum.Tilbake i Rosendal ventar Hardangerfjordekspressen som tek degattende til Bergen.Om ein ønskjer å sykle over til Stord eller tilbake til Bergen kandette gjerast over Tysnes. Sykkelturen kan og kombinerast med“Skjergardsturen” eller “Nordsjøsykkelruta”. Ein kan og starte turen iSkånevik.Tips! I Rosendal: Ta ein spasertur i Steinparken, eit hyggeleg områdelangs elva som viser steinsortar frå Folgefonna Nasjonalpark.Baroniparken ligg og i gåavstand frå sentrum og innbyr kanskje til einromantisk kveldstur? Eller prøv putball (fotballgolf), som er moro forsmå og store.Sjarmerande overnatting i RosendalI Skånevik: Opplev ”Fjordspa” hos Skånevik Fjordhotell. Sett av tid til åoppleve eit fjordcruise med Åkrafjorden Oppleving og sjå ein av dei 10vakraste fossane i verda, Langfoss.Overnatting:Rosendal Turisthotell5470 Rosendal, tlf. 53 47 36 66,post@rosendalturisthotell.noSkånevik Fjordhotell5593 Skånevik, tlf. 53 77 07 00,post@fjordhotellet.no,www.fjordhotellet.noBaroniet Rosendal Avlsgård& Fruehus5470 Rosendal,tlf. 53 48 29 99,info@baroniet.no,www.baroniet.noBestilling/informasjon:Kvinnherad turistinformasjon,tlf. 53 48 42 80,turistinfo@kvinnherad.kommune.no


30 LangturforslagLeirvik gjestehamn, StordSkjergardsturenSkjergardsturen har start i Mosterhamn eller påRubbestadneset på Bømlo, og endar på Hufthamari Austevoll. Hurtigbåt går til desse stadene(www.norled.no). Det er og mogleg å sykle tilbaketil Bergen eller Haugesund.138 kmBrandasund på BømloMosterhamn – Rubbestadneset: 25 kmOm ein kjem til Mosterhamn, følg rv. 542 nordover. Gangsti einskildestrekningar. Ved Stokkajuvet tunnel er det eit godt vegalternativ utanomtunnelen. Følg skilting mot Rubbestadneset.Rubbestadneset – Brandasund – Svortland: ca 40 kmFrå Rubbestadneset til Brandasund er det 22 km. Ruta går 3 km tilbakelangs vegen frå Rubbestadneset, deretter tvers over øya til Svortland/Bremnes. Fylkesvegen nordover til Brandasund er variert og morosamå sykle, smal og kupert i enkelte parti. Vegen går over fleire øyar medbruer mellom, og det er god sikt utover skjergarden. Den idylliskegamle gjestgjevarstaden Brandasund heilt ute i havgapet har butikkog serveringsstad. Retur same vegen til kommunesenteret Svortland/Bremnes. Avstikkar kan takast til Hiskjo, som byr på vestnorsk kystlandskappå sitt barskaste og mest sjarmerande.Fitjar sentrumSvortland – Leirvik: 37 kmFrå Svortland ta sørover mot Mælandsvåg og Sakseid (11 km). Vegener smal, svingete og ein del kupert, men flott for sykling. EtterSakseid går ferda austover mot Håvik (6 km) og Trekantsambandet.Trekantsambandet har gode sykkelvegar over bruene, og er ei turopplevingi seg sjølv. Ved Heiane næringsområde følg skilta for Nasjonalsykkelveg nummer 1 mot Leirvik sentrum.Bømlo


LangturforslagLangturforslag31Leirvik – Fitjar: ca 30 kmFrå Leirvik følgjer du skiltinga for Nasjonal sykkelveg nummer 1 tilHeiane og Fitjar. I Sagvåg kan du ta av til Litlabø og vitje eit tidlegaregruvesamfunn for utvinning av svovelkis. Gruva er i dag museum.Etter Sagvåg er resten av denne strekninga meir kupert. VedStoravatnet i Fitjar går ruta på vestsida av vatnet, småkupert og medflott utsikt vestover. I nordenden av vatnet ligg ein fin badeplass medtoalett. Følg sykkelskilting (nr. 1) mot Fitjar/Bergen til Fitjar sentrum.Fitjar – Bekkjarvik – Hufthamar: 31 kmFrå Fitjar sentrum til ferjeleiet Sandvikvåg er det 7 km. Ferja til Husaviktek 20 minutt. Følg skilting til venstre mot Bekkjarvik. Bekkjarvik er einidyllisk gamal handelsstad der det er fint å ta seg ei rast – eventueltovernatte. På Bekkjarvik Torg finn du fiskebåtutstilling frå 1800-taletog fram til i dag. I Galleri Bekkjarvik vert det vist utstillingar medkjente kunstnarar innan olje- og akvarellmåling, grafikk og skulptur.Frå Bekkjarvik kan du ta ein avstikkar, og sykle over Selbjørn og vidareover bruene til Stolmen og Kvalvåg.Fitjar sentrumNordover til Storebø følg rv. 546 på vestsida av Huftarøy. KommunesenteretStorebø har servicefunksjonar. Frå Hufthamar kan du ta einavstikkar til Austevollshella og sykle heilt vest på øya til Storekalsøyog Kalve. Alternativt kan du avslutte turen og ta hurtigbåten til Bergeneller Stavanger.Tips! Bømlo: Besøk Mosterhamn og Moster Amfi. Moster var eit viktigsenter i vikingtida. Inne i Moster Amfi står utstillinga ”Frå heidendomtil kristendom”. Moster gamle kyrkje (frå ca. 1100-talet) ligg i sameområde. Besøk landhandleriet på Brandasund og på Skjeret.Stord: Borggata på Leirvik er verdt eit besøk. Sjekk ut Galleri Giga påLeirvik, som inneheld kunstgalleri med separatutstillingar, galleributikkm.m. Ein ettermiddagstur til <strong>Sunnhordland</strong>stunet, eller besøk StordMaritime Museum på kaien. Frå sentrum er det og ein fin spasertur uttil skulpturen ”Storddøra” - ytst på moloen i innseglinga til Leirvik.Fitjar: Håkonarparken ligg midt i Fitjar sentrum. Her er det statue avHåkon den Gode, som fall på Fitjar i år 961. Spør etter bilvandringskartfor kulturvandringa.Overnatting:Bømlo Hotell5420 Rubbestadneset,tlf. 53 42 93 53,post@bomlo-hotell.no,www.bomlo-hotell.noGrand Hotell5401 Stord,tlf. 53 40 96 00booking@grand-hotell.comwww.grand-hotell.comBekkjarvik GjestgiveriFitjar Sjø og CampingKråko, 5419 Fitjar,tlf. 53 49 78 69fitjarcamping@haugnett.no,www.fitjarcamping.noFitjar Fjordhotell, 5419 Fitjar,tlf. 53 45 77 00post@fitjar-fjordhotell.nowww.fitjar-fjordhotell.noAlmås Hotell5402 Stord,tlf. 53 40 99 99,post@almas-hotell.no,www.almas-hotell.noStord Hotell5411 Stord,tlf. 53 40 25 00,info@stord-hotel.no,www.stord-hotel.noBekkjarvik Gjestgiveri5399 Bekkjarvik,tlf. 55 08 42 40post@bekkjarvikgjestgiveri.nowww.bekkjarvik gjestgiveri.no


32LangturforslagÅrbakka handelsstad, TysnesVed Onarheim, TysnesTysnesruta71 kmTysnes kan syklast både rundt og på tvers over fjellet mellom Onarheim og Uggdal(fv. 78). Eller ein kan ta ein avstikkar ut til Reksteren (fv. 83), den nest største øya ikommunen. Vegane på Tysnes er for det meste smale og følgjer terrenget. Trafikkener stort sett roleg. Ein rundtur på Tysnes er som ei konsentrert vestlandsoppleving.Langs vegen finn du kulturminne frå jarnalderen og fram til nyare tid. Frå Tysnes erdet enkelt å kome seg vidare til Bergen, Leirvik eller Rosendal. For Tysnes er detog utarbeidd ein eigen <strong>brosjyre</strong> som heiter ”Sykkelstreif i Njardarlog - i historiskefotefar på Tysnes”.Leirvik - Hodnanes - Onarheim - Gjermundshamn - Løfallstrand- Rosendal: Om du kjem frå Leirvik tek du ferja over frå Jekteviktil Hodnanes. Herfrå følgjer du fv. 78 til Lunde. Etter 5 km kjem duforbi kalkomnen på Flakka, eit minne frå den tida ein brende kalk avsteinmassar frå området og mellom anna eksporterte til England. Dukjem forbi Onarheim, som på 1300-talet var sete for Onarheimsgildet,og vidare til Årbakka med gravrøyser, bautasteinar og den gamlehandelsstaden.Forbi Hovland følgjer du skilting mot Lunde, og kjem forbi Vevatnet,som mange meiner er knytt til gudsdyrking i førkristen tid. Du kanskimte Tysnessåto (753 moh). Frå Lunde kan du ta til venstre på rv. 49mot Våge, ferja over til Halhjem og vidare til Bergen. Alternativt kandu sykle til høgre på rv. 49 mot Gjermundshamn. Dei neste 3 mila gåri skogsterreng og langs fjorden. Frå Lukksundbrua er det flott utsyn tilfjorden.Ølve er ei vakker bygd med fin utsikt både til Kvinnherad-fjella ogHovlandsnuten. I Gjermundshamn tek du ferja over til Årsnes(20 min.), og derifrå er det 9 km sykling til Rosendal.Mot Onarheim, Tysnes


Hurtigbåtar tek deg rundt i regionenLangturforslag33Nordsjøsykkelruta6000 kmKysten av <strong>Sunnhordland</strong> er ein del av den internasjonale North Sea Cycle Route,verdas lengste sykkelrute. Den er 6000 km lang og går rundt heile Nordsjøen.I <strong>Sunnhordland</strong> går ruta gjennom Sveio, Bømlo, Stord og Fitjar. Ruta er skiltasom nasjonal sykkelrute nummer 1. Eiga detaljert etappe- og ruteskildring finst.www.northsea-cycle.com


34 LangturforslagÅrskog museum, FitjarNordsjøsykkelrutaPris på førespurnad5 dagar152 kmEit variert kystlandskap! Mellom Haugesund og Bergenkan du sykle Nordsjøsykkelruta langs kysten ogoppleve dramatiske og idylliske fjordar, høge fjell ogeit fantastisk øyrike.Haugesund - Bømlo - Stord - Bekkjarvik - BergenTuren går i variert kystlandskap på kuperte vegar, og gjev ei finoppleving av hav, natur og kulturlandskap med tettstader, gardar oghusdyr. Du besøker Bømlo og Stord, som er bundne saman med toluftige hengebruer med gang- og sykkelveg. Herfrå får du eit flottutsyn over fjord og fjell. Me anbefaler og ein avstikkar til Mosterhamn,som var eit viktig senter i vikingtida. Her finst utstillingar og steinkyrkjaMoster gamle kyrkje frå 1100-talet.Brua over BømlafjordenPrisen inkluderer:• 4 overnattingar med frukost• nistepakkar• 2 middagar (Bømlo og Bekkjarvik)• Kart og turskildring• Tillegg for ferjebillettar.Passar for: Vaksne og barn over 12 årDagetappar: 53/49/50 kmKun for grupper på 6-8 personar,på førespurnad.Bestilling: Norske Bygdeopplevelser,+47 61 28 99 70.info@norske-bygdeopplevelser.no


LangturforslagSykkeltur i Kvinnherad35Rundtur i <strong>Sunnhordland</strong> med sykkel og båt- med bagasjetransport!Pris pr. person: 6 850,-5 dagar166 kmOpplev det flotte fjordlandskapet i <strong>Sunnhordland</strong> påsykkel! Krydre turen med besøk i romantiske Rosendal,bluesbygda Skånevik, Leirvik på Stord og den idylliskehandelsstaden Bekkjarvik i Austevoll. Turen går ivariert og kupert fjordlandskap og ein får med segfjell, fjord, frodige bygder og trivelege tettstadar medulike aktivitetstilbod. Turen kan og ha start/stopp iHaugesund eller Stavanger.Bergen - Rosendal - Skånevik - Stord - Fitjar - Bekkjarvik - BergenTuren startar med Hardangerfjordekspressen frå Bergen til Malkenes/Rosendal, for så å sykle langs Hardangerfjorden til Husnes og vidare tilUtåker. Ferje tek deg over til den koselige bygda/tettstaden Skånevik.For dei som ønskjer å sykle ein del, er det ein fin avstikkar å sykle fråSkånevik til Etne og tilbake, før hurtigbåten tek deg vidare til Stord.Frå Stord syklar du vidare til Fitjar før ferga tek deg med over fråSandvikvåg til Husavik.Frå Husavik er det ein kort sykkeltur til den gamle handelsstadenBekkjarvik, kor god seng og god lokal mat ventar. På Austevoll er detmogleg med avstikkarar over bruene til øyane Stolmen, Hundvåkøy ogStorekalsøy, før ein tek hurtigbåt vidare tilbake til Bergen.Prisen inkluderer:• 4 overnattingar med middag(3),frukost, nistepakke og påfyll aveigen termos• Hardangerfjordekspressen fråBergen til Rosendal• Ferje Utåker–Skånevik• Hurtigbåt Skånevik–Leirvik• Ferje Sandvikvåg–Husavik• Hurtigbåt Hufthamar–Bergen• Kart og turskildring• BagasjetransportPassar for: Vaksne og barn over 12 årDagsetappar: 0/50/52/44/20 kmBestilling: Norske Bygdeopplevelser,+47 61 28 99 70.info@norske-bygdeopplevelser.nowww.norske-bygdeopplevelser.no


Produksjon: ZPIRIT - 2013På sykkel i <strong>Sunnhordland</strong>Sør for Bergen, ved innløpet til Hardangerfjorden, ligg<strong>Sunnhordland</strong>. Ein kontrastfylt region som strekkjer seg fråblankskurte øyar ute mot havet til fjordar med bratte fjellsiderog eit fruktbart innland.<strong>Sunnhordland</strong> byr også på eit blømande kulturliv, og gjennom heile sommarenvert det arrangert festivalar, revyar, konsertar, marknader, utstillingar med meir.Gå inn på nettsida vår for meir informasjon om dei ulike underhaldningstilboda.<strong>Sunnhordland</strong> er regionen for deg som likar sykkelferie. Hos oss finn du fleiresykkelruter som er lagt opp med passande dagsetappar, fine avbrekk medhurtigbåt eller ferje og mange opplevingar undervegs. I denne <strong>brosjyre</strong>n erdet fleire turforslag som er lagt opp som ein rundtur med start og stopp vedhurtigbåtane. Fleire av turforslaga er og kortare dagsturar som ein kan ta medutgangspunkt i båthamna eller overnattingsstaden.Om du ønskjer å kjøpe ein ferdig pakka sykkeltur som inkluderer overnatting,måltid, ferje- og hurtigbåtbillettar, ta kontakt med Norske Bygdeopplevelser.Dei har spesialisert seg på sykkelturar og sel to ulike turar i <strong>Sunnhordland</strong>.Samarbeidsrådet for <strong>Sunnhordland</strong>Postbox 444, 5403 Stord, NORWAYinfo@visitsunnhordland.noTlf. (+47) 53 45 67 90www.visitsunnhordland.nowww.cyclingnorway.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!