10.07.2015 Views

Olav H. Hauge og Geirr Tveitt - Politiske saker - Hordaland ...

Olav H. Hauge og Geirr Tveitt - Politiske saker - Hordaland ...

Olav H. Hauge og Geirr Tveitt - Politiske saker - Hordaland ...

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Olav H. Hauge og Geirr Tveitt100-års jubileum 2008Forprosjekt hausten 2005

ForordI 1908 blei to gutungar fødde, no er dei begge longe døde, den eine bleiheitande Olav og han hin Geirr. Begge gutane var hardingar. Og beggegutane fekk for seg at dei ville føre noko nytt inn i livet, noko som ikkje før varder. Begge tok til å dikte. Og dei dikta fram, den eine i dikt, han hin i musikk,noko som ikkje før fanst til på denne guds jord. Og slik gjorde dei verdaannleis og rikare for oss alle.For mykje er blitt annleis og rikare fordi Olav og Geirr har levd og verka. Einkan faktisk seie at det ein reknar for dikting, er annleis etter at Olav har dikta.Og det ein reknar for musikk, er annleis etter at Geirr førte sin musikk inn iverda.Og sjølvsagt er også Hardanger blitt annsleis, ser annleis ut, og høyrestannleis ut, ja sjølve ordet tyder noko anna.Dermed er det to store kunstnarar, ein gjerne seier, som vart fødde i året1908. Og store og avgjerande kunstnarskap pliktar ein å ta vare på, og detmed glede, til dømes slik gode krefter no har tatt intitiativ til å markere at det i2008 er hundre år sidan Olav H. Hauge og Geirr Tveitt føddest.Jon Fosse3

Innhald og bakgrunn for forprosjektetEi jubileumsfeiring av nasjonalt format må kunne grunngjevast, og planar forgjennomføringa må vere godt gjennomtenkt. Det var då naturleg av deiinteresserte partane (Kvam Herad, Ulvik Herad, Bergen Kommune, HordalandFylkeskommune, Bergen Filharmoniske Orkester, Hardingtonar, UlvikPoesifestival – Olav H. Hauge dagane og Haugestiftinga) å iverksetje eitforprosjekt som kunne kaste lys over mogelegheiter og utfordringar ved eit100-årsjubileum for komponisten Geirr Tveitt og diktaren Olav H. Hauge. Meddette dokumentet ynskjer vi å presentere kunstnarane, vise mogeleg innhald,den best eigna organisasjonsstrukturen og eventuelle etterverknader avjubileet.Nils Olaf SolbergProsjektleiar – forprosjektet- Forord ved Jon Fosse 31. Felles jubileumsmarkering 52. Kven var Olav H. Hauge og kva sto han for som kunstnar 63. Kven var Geirr Tveitt og kva sto han for som kunstnar 94. Framdriftsplan 115. Jubileet sine ansvars og hovudsatsingsområde: 12a. Oppføringar, utstillingar m.m.b. Skule/utdanningc. Forsking6. Aktuelle samarbeidspartnarar 177. Organisasjonsstruktur 208. Informasjon og marknadsføring 269. Økonomiske og politiske samarbeidspartnarar 2710. Førebels budsjett 2811. Etter jubileet 2912. Konklusjon 2913. Kjelder 304

1. Felles jubileumsmarkeringDiktaren Olav H. Hauge og komponisten Geirr Tveitt er to av våre fremsteskapande kunstnarar, og dei vert jamnleg brukt nasjonalt og internasjonalt.Lokalt vert dei markert, Tveitt ved festivalen Hardingtonar og Hauge ved UlvikPoesifestival / Olav H. Hauge-dagane. Samtidig er begge å finne pårepertoaret til våre største utøvande kunstnarar og ved dei viktigasteframføringsinstitusjonane i landet. Det er difor naturleg med einasjonal/internasjonal markering i 2008 da vi feirer at det er 100 år sidankunstnarane vart fødde, den eine i august, den andre i oktober.I tillegg til det opplagt praktiske ved å feire Olav H. Hauge og Geirr Tveittsaman, er kunstnarane på kvar sin måte forankra til Hardanger og dette kjemtydeleg fram i kunsten.5

2. Kven var Olav H. Hauge og kva sto han for somkunstnar?HAUGE, Olav Håkonson, 1908–1994. Forfattar. Fødd 08.08. 1908, i Ulvik.Foreldre: Bonde Håkon Hauge (1877–1954) og Katrina Hakestad (1873–1975). Sambuar frå 1975 med Bodil Cappelen (1930–), gifte 1978.Hauge gjekk på privat mellomskule i Ulvik 1925–1926. Seinare gjekkhan på Hjeltnes hagebruksskule i Ulvik (1927 og 1933–34). Han gjekk fire år igartnarlære; 1930 på Noregs Landbrukshøgskule på Ås og 1931–1933 påStatens forsøksgard på Hermannsverk.Hauge las mykje alt som barn og unggut. Han brukte folkebiblioteketflittig og var god ven med bibliotekaren, Magnus Hakestad, heimvend etter 37år i Amerika. Han både lånte ut til og snakka med unge Olav om bøker ogtidsskrift. Hakestad tinga også skrifter på engelsk, og Hauge fekk straks brukfor den engelsken han lærde på mellomskulen, også fordi han fekk tilsendtamerikansk litteratur frå morbroren, Edmund Hakestad (1885–1937), sombudde i USA i mange år. Endefram kunnskap om eit liv utanfor heimbygdafekk han òg gjennom anleggsfolk, mellom andre far sin, som hadde vorearbeidsformann på Bergensbana før han gifte seg og vart gardbrukar i Ulvik.Levebrødet til Hauge var i mange år fruktdyrking på bruket kombinertmed gartnararbeid i hagar kringom i bygda, m.a. ein god del i prestegarden,der han også samtala med presten og lånte bøker.På mellomskulen hadde Hauge lært tysk. På eiga hand lærde han segfransk, og dei tre framandspråka utvikla han kunnskap i gjennom lesing ogetterkvart omsetjing av dikt.Som lyrikar tok Hauge til i utkantane av den litterære institusjonen. Handebuterte med diktet "Slåttesong" i Gula Tidend 1927. Under opphaldet påHermannsverk fekk han prenta eigne og omsette dikt i fleire aviser i Sogn.Han hadde dikt i For Bygd og By (Oslo 1912–32), Den 17de Mai, NorskTidend, Norsk Hagetidend og For bygd og by (Bergen 1940–1946). Idebutboka Glør i oska (1946) kom nokre av dei eigne dikta med, men elles erdet bortimot 50 eigne og omsette dikt frå denne tida som enno berre er prentai slike publikasjonar og ikkje komne i bok.Hauge hadde tidvis psykiske problem frå ungdomstida til opp ifemtiårsalderen og var fleire gonger innlagd på Valen sjukehus. Som ung varhan òg svært smålåten og tilbakehalden. Begge delar kan ha voremedverkande til at han debuterte med bok relativt seint, 38 år gammal, menhadde òg fått refusert eit manuskript sju år før, i 1939.Etter debuten kom det nye bøker med eigne dikt kvart femte år til 1971.Åttande diktsamling, Janglestrå, kom som del av Dikt i samling 1980, ogendeleg gav han saman med Bodil Cappelen ut biletboka ABC (1986) med eitrim til kvar bokstav i alfabetet. Hauge sine Dikt i samling har kome i seksutgåver 1972–1995. Det har også kome ein del mindre utval av dikta hans,også med eigne opplesingar på lydband og CD. Og det har kome utval påandre språk (engelsk, islandsk, svensk, ungarsk og spansk). I tillegg til eignediktbøker gav Hauge frå 1967 ut ymse samlingar med omsette dikt, bådeantologiar og utval av einskildforfattarar, i alt sju bøker. Og han varmedarbeidar i den store antologien Framande dikt frå fire tusen år (1968, red.6

av H. Kiran, S. Skard og H. Moren Vesaas) og i Robert Bly: Odin House,Madison, Minnesota. Utvalde dikt (1972, red. av O.M. Mæland).Sjølv om han offentleggjorde mindre prosaartiklar, har Hauge vorerekna nesten som rein lyrikar. Men det er eit prosaverk som ruver mest iomfang. Då han døydde, viste det seg at han hadde skrive dagbok frå han var15 år; i bokform utgjer dette fem tjukke band på ca 4000 sider, Dagbok 1924–1994 (2000). Det er i omfang det største litterære dagboksverk på norsk.Hauge var også ein flittig brevskrivar. Breva hans til Jan Erik Vold (UnderHauges ord, 1994, ny utg. 1996) og Bodil Cappelen (Brev 1970–1975, 1996)er utgivne.Dikta til Hauge viser frå første stund ein dobbel bakgrunn. På den einesida har stoff og biletspråk heilt klårt utgangspunkt i bygdelivet og naturen ieigne dikt. Samstundes kjem det fram ei omfattande interesse for litteratursom alt tidleg viser seg i omsetjingsforsøk både av tilfeldige mindre kjendeengelskspråklege forfattarar og av store namn i engelsk tradisjon med namnsom William Shakespeare og Robert Browning. Den tidlege kontakten meddet engelskspråklege er ikkje minst inspirert av brev og bøker frå morbroren iAmerika. I debutboka viser det seg intertekstuelle samband både til norsk ogengelsk romantisk dikting.Både ope og meir indirekte finst det mønster av dialog og samvær medeldre og stundom samtidig lyrikk og annan litteratur og kunstkultur gjennomheile forfattarskapen i eigne dikt.Utsegnene om dikting endrar seg. I 1946 ("Song til stormen" og 1951("Til Shelley") er dei klårt merkte av ein religiøst farga, idealistisk språkbruk.Seinare er språktonen annleis. I 1966 handlar det om å knyte diktekunsten tilein meir nær og intim menneskeleg og arbeidsorientert og friare praksis, av ogtil morosamt, halvt ironisk formulert: "Kan du gjera eit vers / som ein bondetykkjer mun i, / skal du vera fornøgd. / Ein smed vert du aldri klok på. / Verst ågjera til lags er ein snikkar." ("Vers".) Seinare er talen meir dempa, til dels(sjølv)ironisk, til dels vemodig: "Frå morgonar for lenge sidan / slær gledaveikt på sitt koparskjold." ("I natt har graset vorte grønt", 1971); "…og eg syng./ Sorg er krafts uppkome" ("Upp gjenom elvedalen", 1980).I Glør i oska er den ytre diktforma oftast heilt tradisjonell, med stroferog enderim og heller fast metrum. Det frie verset kjem med for alvor frå 1951(Under bergfallet), I dagboka gir Hauge uttrykk for skepsis mot tradisjonelleformer i den forstand at han synest bunden form kan gå på kostnad av detpoetiske. Han gir likevel ikkje opp verken strofa eller rimet som retoriskemiddel. Men det er karakteristisk at bortsett frå sonetta, som finst i heileproduksjonen, vel han enklare og mindre faste strofer.Dei unge forfattarane i ”Profil-gruppa” seint i 1960-åra framheva Haugesom ein eldre yrkesbror dei såg opp til. Dei la stor vekt på at biletspråket varendeframt og sansenært. Den boka av Hauge, der slik lesemåte høver allerbest, Dropar i austavind, kom i 1966, nettopp i den aktuelle tida. Boka haddeogså klåre formuleringar om dikting som peika i same retning: "eit godt diktskal lukta av te / eller av rå mold og nykløyvd ved" ("Eg har tri dikt"), og "etterstrevet kan du steikja flesk og lesa kinesiske vers" ("Kvardag"). Tilvisinga tildet kinesiske er ikkje tilfeldig; Hauge vart etterkvart særskilt oppteken av deteinfelte i klassisk kinesisk poesi, og det viser seg særleg i fleire dikt i dei trebøkene frå 1961 til 1971.7

Det dialogiske hos Hauge går vidt litteraturhistorisk. Når han i dei tresiste diktsamlingane omtalar eller spelar intertekstuelt mot andre diktarar, erdet like gjerne både førromantikk, både klassisk europeisk, klassiskekinesiske poetar, norrøne dikt, romantisk lyrikk og etterromantiske europeiskemodernistar.Eit liknande dialogisk mangfald finst i omsette dikt. Dette er eit stort felti Hauge sin lyriske produksjon. Dikt i umsetjing er i siste utgåva (1992) mestlikså omfattande som hans eigne Dikt i samling.Idar Stegane8

3. Kven var Geirr Tveitt og kva sto han for somkunstnar?TVEITT, Geirr, 1908-1981, komponist, pianist og musikkteoretikar. Fødd 19.10. 1908 i Bergen. Foreldre: Folkehøgskulestyrar Lars Håkonson Tveit (1878-1951) og Johanna Nilsdotter Heradstveit (1882-1966). Døypt Nils, i 1935godkjenning for å brigda namnet til Geirr. Gift: 1) 15.8.1936 med pianistinnaIngebjørg Marie Gresvik (22.1.1908-6.5.2000), dotter til bankkasserar OlafGresvik-Olsen og Kari Wernersen, ekteskapet oppløyst 15. 3. 1941. 2)29.7.1944 med Karen Margrethe (Tullemor) Berg-Olsen (29.1.1918-3.1.1997), dotter til skipsmeklar Eyolf Berg-Olsen (1892-1983) og BettyHægland (1892-1967). Død 1.2.1981 i Oslo. Gravlagt på Vikøy kyrkjegard,Kvam, Hardanger.Geirr Tveitt var den mest fargerike musikkskaparen i sin generasjon – ogtruleg den mest produktive.I guten sine fyrste fire leveår budde huslyden Tveit i Bergen. Seinare varfaren i ni år styrar på Danvik kristelige ungdomsskole. I Drammen fekk Geirralle sine folkeskuleår, men alt frå barndomen var han sterkt knytt til si slekt iHardanger og landskapet der. I Hardanger var dei i alle feriar. I 1941 busettehan seg fast på ættegarden i Norheimsund. Der bygde han komponistheimenBjødnabrakane på eigen grunn i lia 230 moh og budde her i mange år til hanreiste eit nytt bustadhus på garden. Sine siste femten år var Geirr Tveitt busetti Oslo.Han vaks opp i ein kyrkjekristen, kulturopen heim med rik tilgang på bøker,bilete og musikk. Heimskringla og Edda vart han fortruleg med i gutedagane,til liks med dei nynorske diktarane. Slike litterære kjelder bar han med seg inni toneverkstaden der ein frodig fantasi transformerte impulsane til musikalskdikting.Gymnastida på Voss (1924-28) og norskdomsmiljøet der gav sterke stimuli,ikkje minst nærkontakt med hardingfela. Tilråding frå Christian Sinding opnavegen til det tradisjonsrike konservatoriet i Leipzig. Utan formellmusikkopplæring i ryggen gav han seg i kast med eit fire års studium iklaverspel og komposisjon. Ein hard skule, men eleven viste trott og kunnetidleg prova sitt talent. Komponistdebuten i april 1931 med Klaverkonsert i Fframført av Leipzig symfoniorkester, hausta lovord i tysk presse og verket vartframført også i Bergen og Oslo. I 1930 gav Breitkopf & Härtel ut Tolv tvorøystesfyristudiar. Dei sto på programmet ved GTs fyrste konsert i Norge2.3.1934. I mellomtida hadde Tveitt fullført studietida med eit opphald i Parisog eit år i Wien der han skreiv to klaverkonsertar. Med ideen om ein heilkveldsballett kom han heim og utvikla Baldurs draumar, bygt på Edda-dikting. Dennorrøne idèverda, eit mytisk landskap av segn og soge, løyste ut eit stort tenktverk i moderne tonespråk med primitiv tematikk, påverka av m.a. StravinskijsVårofferet. Ein klaverversjon med soli vart framført i Leipzig, Berlin, Thübingenog Bergen 1935. Geirr Tveitt dirigerte uroppføringa i Oslo 1938, eit avgjerandegjennombrot for toneskalden. Som fragment kom Baldurs draumar opp også iKøbenhavn og som orkestersuite i Paris.9

Midt på 30-talet og i krigsåra samla Geirr Tveitt folketonar frå munnlegekjelder i Hardanger-bygdene. Frå eit tilfang på over tusen tonar arrangertehan femti for klaver. I samlinga Hundrad hardingtonar for orkester finst firesuitar med i alt 60 nummer, ein del av dei komponistens eigne ”folketonar”.Friskt melodistoff, meisterleg instrumental karakterisering og rikstemningsfylde plasserer Geirr Tveitts Folketonar frå Hardanger mellom deifremste norske musikkverk, det gjeld både klaverutgåva opus 150 ogorkesterversjonen opus 151.Som utøvar var Geirr Tveitt ein virtuos i tradisjonen etter komponist-pianistarsom Rachmaninov og Prokofiev. Røynsle med praktisk-pianistiske problemeggja fantasien og han tøygde grensene for kva klangfargar ein kan lokka utor eit klaver, slik den visjonære sonate nr. 29 ”Sonata etere”, etydenEolsharpa og Solgudens dans er døme på.På 50- og fyrste halvdel av 60-talet skreiv han solokonsertar for klaver, forhardingfele og for harpe, ein symfoni og opera. Tidleg i 60-åra fekk han fastavtale med NRK der han laga ein serie sereigne diktarportrett med nyskaptmusikk. Mellom eit par hundre songar til tekst av norske lyrikarar finst slikeperler som Vi skal ikkje sova bort sumarnatta (Låstad Lygre) og So rodde deifjordan (Vaa). Med desse ytte Geirr Tveitt viktige tilskot til den norske vise- ogsongskatten. Eit sterkt humoristisk drag i hans personlegdom har gitt segutslag i ei rekkje hardingtonar og ikkje minst i Jakob Sande-viser somHestehandlarar og Drama.Geirr Tveitt var ein uvanleg fascinerande personlegdom med sterke indremotsetnader. Sitt omskifteleg temperament hadde han vanskeleg for å temja.Mildskap og varme kunne brått svinga over i ofse og villskap. Han var sta somfå. Ein grenselaus fantasi gav seg utslag i kåte kast i språk og gjerning, slikdet ogsåspeglar seg att i hans musikk.Stortinget gav Geirr Tveitt Statens kunstnarløn 1958.Ein botnlaus tragedie råka kunstnaren då bustadhuset i Norheimsund, derdei fleste originalnotane hans låg samla, brann ned til grunnen i 1970. Jamvelom lauselden sterkt desimerte opuslista, står det likevel att ein langverkkatalog frå ein markant og original kunstnarskap. Etter 1981 har familienmed støtte frå offentlege og private kjelder gjort eit omfattande arbeid med åsetja i stand brannskadde og på anna vis skamfarne verk, til dels rekonstruerti partitur etter gamle lydbandopptak. Aukande framføringsfrekvens og mangeglobalt distribuerte plateinnspelingar har gjort Geirr Tveitt til eit kjent namn iinternasjonalt musikkmiljø.Reidar Storaas(Norsk Biografisk Leksikon)10

4. FramdriftsplanEi jubileumsfeiring av dette formatet krev fleire års førebuing og månader medetterarbeid. Vi vil med dette gjere greie for kva som er vorte gjort til no ogskissere ein framdriftsplan til og med våren 2009.2002: Kultursjef i Ulvik, Espen Eide og kultursjef i Kvam, Agnar Høyseterdiskuterer feiring av kunstnarane Geirr Tveitt og Olav H. Hauge i 2008. Ideenom et fellesjubileum vert unnfanga.2003/2004: Hordaland fylkeskommune vert informert om planane for jubileet.Våren 2005: Ein bestemmer seg for å iverksetje eit forprosjekt som skaldanne grunnlag for sjølve jubileet i 2008. Kvam og Ulvik Herad, Bergenkommune og Hordaland fylkeskommune forpliktar seg til prosjektet. Prosjektetvert presentert for Kulturdepartementet og det vert søkt om prosjektmidar til åsluttfinansiere forprosjektet. Departementet er positive til planane, men avslårsøknaden av budsjettmessige grunnar.Hausten 2005: Dei involverte partane finansierer forprosjektet sjølv ogprosjektleiar Nils Olaf Solberg vert midlertidig engasjert til å skrive eitpresentasjonsdokument om jubileet. Dokumentet vert klargjort ogrepresentantar for jubileet presenterer det for kulturkomitéet i Stortinget ogandre aktuelle institusjonar. Samtidig blir aktuelle kulturelle samarbeidspartnararkontakta om samarbeid. I budsjettinnstilling frå familie- ogkulturkomiteen til Stortinget (St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 2005-2006) kan ein lesefylgjande:Komiteen viser til at kommunene Kvam og Ulvik har tatt initiativ til einasjonal markering av 100-årsfødselsdag for komponisten Geirr Tveittog lyrikeren Olav H. Hauge i 2008. Disse to kunstnerne er kjent både iinn- og utland. Som Jon Fosse skriv i forordet til forprosjektet: "Det einreknar som dikting, er annleis etter at Olav har dikta og det ein reknarsom musikk, er annleis etter at Geirr førte sin musikk inn i verda."Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, SosialistiskVenstreparti og Senterpartiet, ber departementet vurdere statligeinnsats for å bidra til markeringen. Komiteens medlemmer fraFremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre merker segdisse planene og ber Regjeringen følge det opp slik at det blir mulig ågjennomføre jubileet i 2008.Våren 2006: Dagleg leiar for jubileet vert tilsett. Jubileet har ein einskapleggrafisk profil. Eit forskingsteam i regi av Musikkinformasjonssenteret i Oslo tekfatt på istandsetjinga av orkestermusikken til Geirr Tveitt slik at partitur ognotemateriell ligg klart til praktisk bruk.Hausten 2006: Arbeidet med skulesatsinga vert iverksett saman medskuleverket.11

Våren 2007: Jubileet opprettar kontakt med aktuelle kulturinstitusjonar.Planane for dei store jubileumsmarkeringane byrjar å ta form.Hausten 2007: Materiell til skulesatsinga vert gjort klart til bruk.Prosjektmedarbeidar/sekretær vert tilsett. Prosjektbaserte produsentar vertinvolvert i planlegginga av dei store jubileumsmarkeringane.Våren 2008 (Jubileumsåret): Jubileet sitt skule/utdanningsprosjekt vertiverksett. Våren sine store festivalar markerer Hauge og Tveitt. Litteratur- ogmusikklivet elles feirar jubilantane.Hausten 2008: Jubileet sine egne store markeringar finn stad lokalt og sentralrundt jubilantane sine fødselsdagar. Dette er òg ei tid då ein har større sjansetil mediemerksemd.Våren 2009: Sluttrapport og evaluering av jubileet. Vidareføring av aktuelletiltak iverksett i samband med jubileet.5. Jubileet sine ansvars og hovudsatsingsområdeOrganisasjonen har tre viktige oppgåver:• Initiere• Informere• Koordinere tiltakJubileet kjem til å samarbeide om nokre større markeringar, men utover dettevil organisasjonen ikkje vera arrangør. Organisasjonen vil fungera som eitknutepunkt og kunne formidle kontakt mellom ulike aktørar med likeinteresser.Tre hovudsatsingsområde peikar seg ut:ABCOppføringar og utstillingar m.m.Skule og utdanningForskingA. Oppføringar, utstillingar m.m.Musikkinformasjonssenteret i Oslo kan stadfeste at interessa for Geirr Tveittsin musikk er aukande. Plateselskapa Naxos og BIS og si storsatsing påGeirr Tveitt er eit anna prov på dette. Geirr Tveitt finst på konsertrepertoaret tilalle våre norske orkester. Dei norske symfoniorkestra vert naturlegesamarbeidspartnarar under jubileet med framføringar både her til lands og iutlandet. Klavermusikken til Geirr Tveitt er òg svært omfattande, og fleire av12

våre beste pianistar som Håvard Gimse og Geir Botnen har Geirr Tveitt somein viktig del av repertoaret. Det er eit mål at fleire dyktige kunstnarar blirkjende med Tveitt sin musikk og bidrar under jubileet.Mange kunstnarar har eit nært forhold til Hauge sin produksjon. Musikar ogkomponist Finn Coren har brukt tekstar av Hauge på sin komande CD.Ensemblet «Trio i ein fjord», sett saman av pianisten Geir Botnen,felespelaren Knut Hamre og songaren/kvedaren Reidun Horvei harspesialtinga musikk til tekstar av Hauge som er planlagt ferdig skrive tiljubileumsåret 2008. Skodespelaren Juni Dahr har fleire Haugeproduksjonarbak seg, og planlegg no eit større prosjekt til jubileumsåret saman med nokreav dei største musikarnamna i Norden. Dette er berre eit fåtal av prosjekta vikan vente oss i samband med jubileet.Olav H. Hauge i utlandetOlav H. Hauge er omsett til nærare 30 ulike språk. Det bør likevel vere eit målfor jubileet at Hauge blir endå betre kjent i utlandet. Då det finst mange finenederlandske omsetjingar av Hauge kunne ei jubileumsmarkering iAmsterdam eller Groningen kanskje vere på sin plass. Han burde ògpresenterast i viktige utenlandske litterære tidskrift som til dømes TimesLiterary Supplement.FotoutstillingDet finst mykje interessant biletmateriell om både Hauge og Tveitt. Dette kandanne grunnlag for ei ambulerande biletutstilling med vising på t.d. på DetNorske Teatret, Norsk folkemuseum, universitet, offentlege bibliotek i fleirebyar og høvelege stader i Kvam og Ulvik.KunnskapsbankDet vert gjort framlegg om ein ”kunnskapsbank” med høgt kvalifiserteforedragshaldarar. Jubileet vil ha tilgang til foredragshaldarar som på relativtkort varsel kan halde foredrag om Hauge og Tveitt. Desse foredraga kanetterkvart publiserast skriftleg eller lydfestast. Aktuelle til å tala om Hauge erRobin Fulton, Atle Kittang, Ole Karlsen, Hadle Oftedal Andersen, IdarStegane, Einar Økland, Jan Erik Vold, Sigrid Bø Grønstøl, m.fl. Aktuelle omTveitt er Reidar Storaas, Hallgjerd Aksnes, Øyvind Norheim, Tore Tveit, GeirBotnen, Einar Røttingen og Håvard Gimse m.fl.Dokumentarfilm om Hauge og TveittCarsten E. Munch har laga meir enn 200 dokumentar-, kort- ogfjernsynsfilmar. På 1960 talet laga han dokumentarfilmen ”Modernisten iHardanger” om Olav H. Hauge. I 2004 kom det ein oppdatert produksjon omHauge sitt liv og dikting. Hero Media ved journalist/produsent Hans EdvardOlsen laga då dokumentar-filmen om Olav H. Hauge kalla ”Eit liv i dagbøkerog dikt”. No planlegg filmregissør Vigdis Nilsen frå Stavanger ein nydokumentar om Hauge.Geirr Tveitt biografiTveitt-biografien til forfattar Reidar Storaas, ”Tonediktaren Geirr Tveitt” –1990, er planlagt for nyutgjeving i auka utgåve.13

JubileumsfrimerkeI samband med jubileet er tanken kasta fram om eit jubileumsfrimerke.Postens frimerketjeneste er orientert om våre planar for 2008.B. Skule/utdanningOlav H. Hauge har ein sentral posisjon i nynorsk litteratur. Han vert likevelberre brukt sporadisk i det norske skuleverket, ofte basert på læraren sipersonlege interesse for diktaren. Jubileet ynskjer å styrke Hauge sin posisjoni det norske skulepensum på alle skulesteg. Det er eit mål at Geirr Tveitt iskuleåret 2007/2008 vert eit fordjupningsemne for elevar ved deividaregående skulane – linje for musikk, dans og drama. Ein komité vert settned som skal samarbeide tett med skuleverket for å skreddarsy eitundervisingsopplegg til bruk i skulen, basert på skulane sine behov og jubileetsine ynskje. Undervisingsdirektør i Hordaland, Kjellbjørg Lunde er positiv tiljubileet sine planar i høve til skule/utdanning. Undervisingsdirektørkontoret iHordaland vert ein viktig samarbeidspartnar og den kulturelle skolesekken børi denne samanhengen vere ein bidragsytar.C. ForskingForsking på Geirr Tveitt ved Universitetet i Bergen, GriegakademietUniversitetet i Bergen - Griegakademiet - er svært positiv til jubileet.Studentane veljer i stor grad sine hovudfags- og doktorgradsemne sjølv, meneit studium i Tveitt sin personlege bruk av folkemusikk kan på ein naturlegmåte knytast opp til Musikkvitskap - etnomusikkologistudiet ved instituttet.Instituttet har utrykt eit ynskje om vidare kontakt vedrørande jubileet.Fagseminar omkring musikken til Geirr Tveitt og dikta til Olav H. HaugeUnder jubileet er det naturleg med fagseminar om Geirr Tveitt sin musikk. Einkan involvere pianistar som har vore mest opptatt av klavermusikken hans.Aktuelle kandidatar er Geirr Botnen, Håvard Gimse, Einar Røttingen, NilsMortensen, Sveinung Bjelland og Håkon Austbø. Det er òg naturleg åinvolvere Griegakademiet i eit slikt seminar. Eit seminar omkring Tveitt sinelite kjende songar er òg interessant, sett i høve til andre norske songar fråsame perioden. Norske songar i perioden (ca. 1930 til -70) kan vera tema.Likeeins bør det arrangerast fagseminar om Hauges lyrikk. Litteraturmiljøaved Nordisk institutt og Seksjon for allmenn litteraturvitskap ved Universitetet iBergen, samt andre litteraturmiljø i landet bør ha stor interesse av dette.Revisjon av orkestermusikken til Geirr TveittMusikkinformasjonssenteret i Oslo er svært interessert i jubileumsplanane ogmogelegheitene den auka interessa kan gje for å få setje i stand notemateriellet til Geirr Tveitt. Dei ynskjer å setje ned ein komité med fagfolk somskal gjennomgå og revidere notemateriellet til Tveitt. Notane er prega avmykje feilskrift og dårleg typografisk kvalitet. Dette arbeidet vil gjere Tveitt sinmusikk meir tilgjengeleg for orkestra og såleis nå fram til eit større publikum.Det vil måtte takast ein del musikkfaglege avgjerder. Difor bør komitéen beståav komponistar, dirigentar og andre utøvarar kjent med Tveitt sitt tonespråk.Musikkinformasjonssenteret ser på dette som ei viktig nasjonal oppgåve.14

Omsetjing av HaugeNye omsetjingar av Hauge bør vere eit satsingsområde under jubileet, bådefor minoritetsgrupper her i landet og med tanke på publisering utanlands. Fråfør er Hauge omsett til engelsk, tysk, ungarsk, svensk, dansk, fransk,nederlandsk, italiensk, slovakisk, ukrainsk, russisk, islandsk og færøysk m.fl.Fransk, italiensk og spansk kan vere aktuelle språk for nye omsetjingar.I eit notat datert 14.12.05 skriv professor Idar Stegane fylgjande om moglegeHauge-framstøytar i utlandet:Det eg har tenkt hittil, er to typar framstøyt:- Framstøyt i eitt land for å få Hauge omsett til eit språk han hittil er liteomsett til. Eg tenkjer på italiensk og har alt kontakt med norsklektoren iFirenze, Siri Nergaard, og ho vil gjerne hjelpe til med det. Ho er ogsåekspert på omsetjing gjennom eit doktorgradsarbeid om emnet. Hoskriv allereie i ein e-post at ho har kontakt med ein potensiell omsetjar,Fulvio Ferrari, som for nokre år sidan gav ut eit utval norske dikt påitaliensk, og han er interessert i å setje om Hauge om det kjem eit slitinitiativ frå Noreg. Grunnen til at eg tenkjer Italia, er både at det ikkje erkome noko større av Hauge på det språket.- Seminararrangement i eit land der Hauge alt er omsett og helst då isamarbeid med eit universitet som gir undervisningi norsk språk oglitteratur. Der har eg særleg tenkt på Nederland og det nordiskmiljøetved Universiteit Groningen fordi det finst eit stort utval dikt pånederlandsk (Erica Weeda). Eg førestiller med då at Noreg sender utminst to personar, ein skodespelar som kan framføre Hauge skikkelegpå norsk, og ein fagperson som kan presentere forfattarskapen, lageopplegg til kollokvium og workshops og kva det no kan heite, alt samanmed stadlege ansvarlege for norsk/nordisk. I tillegg til Groningen kunneAmsterdam vere aktuelt og dessutan den belgiske (flamske) byenGhent, der dei også har nordisk ved universitetet.Slike seminar arrangement kan sjølvsagt tenkjast i fleire land.På førre møtet var det spørsmål om Frankrike og Les Boreales deNormandie (Caen)Tyskland ville òg liggje nær for hand. Der er mange universitetsom har nordiskstudiar, og det er utgitt eit utval Hauge-dikt på tysk. Detsame gjeld Ungarn. Og sjølvsagt andre land.Dersom dette blir noko av, vil det òg vere aktuelt å samarbeide både medNORLA (UDs organ for Norwegian literature abroad) og med det utvalet hosUD som arbeider med norske sendelektorar til utanlandske universitet.15

Eit utval omsetjingar:Robin Fulton (ed.): Five Norwegian Poets, særnr. av Lines Review, No. 55–56January 1976. M. Macdonald, Modlothian.Olav H. Hauge: Don,t Give Me The Whole Truth. Selected Poems translatedby Robin Fulton and James Green with Siv Hennum. Introduction by robinFulton. Anvil Press Poetry, London 1985.Dikter av Olav H. Hauge. Använd inte sandpapper. Urval och översättningChristina Hellman. Raben och Sjögren, Sth. 1985.Olav H. Hauge: Der Traum trägt das blaue Segel. Norwegisch und deutsch.Ausgewählt, übertragen und mit einem Nachwort versehen von AndreasStruwe. Horst Heiderhoff Verlag, Eisingen 1987.Trusting Your Life To Water and Eternity. Twenty Poems of Olav H. Hauge.Chosen and Translated by Robert Bly. Milkweed Editions, Minneapolis 1987.Olav H. Hauge: Almafa öszi szelben. Európa, Budapest 1989.Olav Hauge: Selected Poems. Translated by Robin Fulton. White Pine Press,Fredonia New York 1990.Olav H. Hauge: Glermeistarinn. Fjörutiu ljóð. Óskar Árni Óskarsson þýddi ogritar formála. Bjartur, Reykjavík 2000.Het blauwe land. Een bloomlezing uit het werk van Olav H. Hauge.Nederlandse vertaling: Erica M. Weeda. Tetralex Uitgiverij, Hengelo OV 2002.Tres poetas noruegos [Rolf Jacobsen, Olav H. Hauge, Ernst Orvil]. Prólogo deJan Erik Vold. Traducción y selección de Francisco J. Uriz. Libros delInnombrable. Zaragoza 2003.16

6. Aktuelle samarbeidspartnararFESTIVALAR• Festspillene Bergen• Hardingtonar• Ulvik poesifestival/ Olav H. Hauge-dagane• Hardanger Musikkfest• Rosendal Musikkfest• Dei Nynorske Festspela• Vestfold festspillene• Festspillene i Nord-Norge• Bjørnsonfestivalen• Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset dagene• Ordkalotten• Litteraturfest Bergen• Vesaas dagane• Osafestivalen• Stavanger Kammermusikkfestival• Oslo Kammermusikkfestival• Risør Kammermusikkfestival• Olavsdagene• Fartein Valen dagane• Kapittelfestivalen StavangerTEATER• Den Nationale Scene Bergen• Hordaland Teater• Det Norske Teatret• Rogaland Teater• Riksteateret• NationaltheateretMUSIKK• Bergen Filharmoniske Orkester• Oslo Filharmoniske Orkester• Stavanger Symfoniorkester• Trondheim Symfoniorkester• Kristiansand Symfoniorkester• Tromsø SymfoniorkesterUTDANNING• Norges musikkhøgskole• Griegakademiet• Universitet elles i inn- og utland• Musikkonservatorium i Stavanger, Trondheim, Kristiansand og Tromsø• Barratt Due musikkinstitutt• Nynorsk Kultursentrum17

• Skrivekunstakademia i Bergen og Bø• Norsk ForfattersentrumMUSEUM• Troldhaugen/Edvard Grieg museum• Hardanger Museum• Norsk folkemuseum• NasjonalbiblioteketFORLAG/MEDIA• Det Norske Samlaget• Norsk og utanlandsk TV og radio• Norske og utanlandske aviser og tidskriftKONSERTARR:• Fylkeskonsertane• Rikskonsertane• Kulturby Stavanger 2008OFFENTLEGE ORGANISASJONAR:• Utanriksdepartementet• Norsk Kulturråd• Rådet for internasjonal kultur-og samfunnskontakt• Den kulturelle skulesekken• Kunstfagutvala:o Office for Contemporary Art Norway-OCAo Musikkinformasjonssentralen-MICo Norwegian Litterature Abroad-NORLA• Kultur-og kyrkjedepartementet• Nordisk Ministerråd• EU-kulturprogrammet• Brussel kontoretBergen Filharmoniske Orkester og Den Nationale Scene i BergenBergen Filharmoniske Orkester og Den Nationale Scene i Bergen hadde eitsvært vellukka samarbeid våren 2005 der ein dramatiserte unionsoppløysingafrå Sverige. Det er eit gjensidig ynskje om vidare samarbeid. Ein ynskjer åsameine musikken til Geirr Tveitt og lyrikken til Olav H. Hauge til eifestforestilling. Det ligg og til rette for å markere jubilantane kvar for seg.Stavanger SymfoniorkesterGeirr Tveitt står sentralt i Stavanger Symfoniorkester sitt repertoar og det hartil no saman med dirigent Ole Kristian Ruud utgitt heile 8 CD plater med hansmusikk. Mellom anna finn vi Hundrad Hardingtonar, Solgudsymfonien,konsertane for hardingfele, Baldurs draumar og Klaverkonsert 1,4 og 5. Haner og blir en viktig del av repertoaret i tida framover. Programmet er ikkjefastlagt, men formannen i programkomiteen kunne seia at Geirr Tveitt vil vertemarkert i 2008.18

Det Norske TeatretIfylgje dramaturg Ola E. Bø kjem Det Norske Teatret heilt sikkert til å medvirkeunder jubileumsfeiringa. Dei har tidlegare vore i kontakt med Hauge-biografKnut Olav Åmås om eit større scenisk verk basert på dagbøkene til Hauge.Bø ynskjer eit samarbeid med Riksteateret om Hauge i 2008. På den måtenkan fleire i Norge få oppleve det programmet som dei måtte skape.SamlagetSamlaget har ikkje konkretisert sine planar for 2008. Dagleg leiar NinaRefseth reknar likevel som sjølvsagt at dei vil gjere noko i samband medjubileet, truleg i form av ei utgiving, moglegvis ei samling.Hauge/Tveitt-jubileet inviterer nemnde institusjonar og andre til samarbeid.Ein ynskjer òg å støtte mindre, frie prosjekt som kan fremje interesse for ogkunnskap om jubilantane.19

7. OrganisasjonsstrukturEin viktig del av jubileumsorganisasjonen si verksemd vil vere å skaffesponsorstøtte til arrangementet. Organisasjonen bør såleis skape tillit hjåaktørane i næringslivet. Det er vidare ein føresetnad at organisasjonenopphøyrer kort tid etter at arrangementet er avslutta.Dei sentrale aktørane bak jubileet er Hordaland fylkeskommune, Bergenkommune og kommunane i Hardanger. Ettersom alle er kommunale aktørarvil me først sjå på organisering innan rammene for kommunelova.1. Organisering innan kommunelovaKommunalt eller fylkeskommunalt føretak, jf kommunelova kap. 11 er ”en delav kommunen eller fylkeskommunen”. Organisasjonsforma kan berre nyttastfor verksemd som ein kommune eller ein fylkeskommune eig åleine.Organisasjonsforma er såleis ikkje aktuell og vil ikkje bli handsama nærare.Interkommunalt/interfylkeskommunalt samarbeid er ei organisering som det ergjeve nærare reglar om i kommunelova kapittel 5. § 27 har følgjande ordlyd:1. To eller flere kommuner, to eller flere fylkeskommuner, eller en ellerflere kommuner og en eller flere fylkeskommuner, kan opprette et egetstyre til løsning av felles oppgaver. Kommunestyret og fylkestinget gjørselv vedtak om opprettelse av slikt styre. Til slikt styre kankommunestyret eller fylkestinget selv gi myndighet til å treffeavgjørelser som angår virksomhetens drift og organisering.Kongen kan gi pålegg om opprettelse av styre som nevnt i første ledd.2. Vedtektene for det interkommunale styre skal inneholde bestemmelserom:a. styrets sammensetning og hvordan det utpekes,b. området for styrets virksomhet,c. hvorvidt deltakerkommunene skal gjøre innskudd tilvirksomheten,d. hvorvidt styret har myndighet til å ta opp lån eller på annen måtepådra deltakerne økonomiske forpliktelser,e. uttreden fra eller oppløsning av samarbeidet.3. Den enkelte kommune og fylkeskommune kan i alle fall med ett årsskriftlig varsel si opp sitt deltakerforhold i det interkommunalesamarbeid og kreve seg utløst av det. Utløsningssummen fastsettes tilandelens nettoverdi ved oppsigelsesfristens utløp, men ikke til mer ennverdien av de midler vedkommende kommune eller fylkeskommune harskutt inn.Oppsigelse av avtale om interkommunalt styre kan bringes innfor departementet. Departementet kan gi pålegg om at samarbeidetskal fortsette i et nærmere bestemt tidsrom eller inntil videre, hvor20

samfunnsmessige interesser eller hensynet til samarbeidendekommuner tilsier dette.Det er altså her tale om ei samarbeidsordning med eit eige styre. Det er såleiseit sjølvstendig forvaltningsnivå på eit sakleg avgrensa område, etablert vedavtale mellom kommunar og/eller fylkeskommunar. Kva kompetanse dettestyret har vil avhenge kva som er avtalt mellom samarbeidspartane.Interkommunalt samarbeid etablert i medhald av § 27 vil ikkje kunneetablerast som eit eige rettssubjekt. Styret for samarbeidet vil såleis ikkje vereein sjølvstendig rettshavar med sjølvstendig ansvar for økonomiske plikter.Det interkommunale styret vil handle på vegne av dei deltakandekommunane/fylkeskommunane i medhald av fullmakter frå desse.Om interkommunalt samarbeid etter § 27 uttaler Bernt i Kommunalrett 4 utg.s. 246 mellom anna følgjande:”Et interkommunalt styre vil ut fra dette først og fremst kunne fungeresom et redskap for et mindre formelt utbygd samarbeid mellomkommuner eller fylkeskommuner på bestemte saksområder. Det er ikketale om delegasjon av forvaltningsmyndighet i vanlig forstand, men ommellomløsning i valget mellom selskapsrettslig organisering i form avaksjeselskap, andelslag eller interkommunalt selskap, og en heltkonkret samarbeidsavtale uten noen slik overbygning med et eget styremed mer. Den rettslige konstruksjonen er at man ved avtale oppretteret styre og fastsetter på hvilke områder og i hvilket omfang dette skalha kompetanse til å treffe beslutninger på vegne av deltakerne isamarbeidet. Avhengig av omfanget og innholdet av de fullmaktenesom gis, vil man være mer eller mindre nær et selskapsforhold, mensom vi har sett vil samarbeidet ikke kunne være et eget rettssubjekt.Fullmaktsforholdet er av privatrettslig karakter, og konstruksjonen kanha klare likhetstrekk med avtaler om oppdragsamarbeid eller ”jointventure” i privatretten. ”2. Organisering utafor kommunelova2.1 Interkommunalt selskapSamarbeid mellom fleire kommunar og fylkeskommunar kan organiserast sominterkommunalt selskap (IKS) etter lov om interkommunale selskap.Interkommunale selskap er i motsetning til interkommunalt samarbeid etterkommunelova § 27 et eige rettssubjekt, som rettsleg og økonomisk er skilt frådeltakarkommunane.Eit særtrekk ved interkommunale selskap er at kvar av deltakarane har eituavgrensa ansvar for ein prosent- eller brøkdel av dei samla forpliktingane tilselskapet. Dette skil det interkommunale selskapet frå aksjeselskapet, derdeltakaransvaret er avgrensa.Om det er innskotsplikt for dei einskilde deltakarane i selskapet vil avhenge avom dette er avtalt i selskapsavtalen.21

Representantskapet, som er eigarane sitt organ, har øvst mynde i selskapet. Itillegg skal eit interkommunalt selskap ha eit styre og ein dagleg leiar som skalstå for forvaltninga av selskapet.Deltakarkommunane si mynde vert utøvd i representantskapet. Dette betyr atden einskilde deltakarkommunen ikkje kan utøve eigarmakt direkte overforstyret i selskapet eller overfor administrasjonen. Kvar deltakarkommune skalha minst eitt medlem i representantskapet, men deltakarkommunane kanavtale kor mange representantar dei einskilde deltakarkommunane skal ha irepresentantskapet.Representantskapet har mynde til å fatte vedtak som bind styret, og det kangjere om vedtak som styret allereie har gjort.Representantskapet har etter forskriftene til lova ei rekke oppgåver. Dettegjeld mellom anna fastsetting av rekneskap, budsjett, økonomiplan, val avrevisor og vedtak om større kapitalinvesteringar som er stor betydning forselskapet eller for ein eller fleire av deltakarane.I selskapsavtalen kan det dessutan fastsettast at visse saker som elles høyrerinn under styret sitt forvaltningsområde, må godkjennast avrepresentantskapet. Samla gjev desse lovreglane deltakarkommunane størremakt over forvaltninga av selskapet enn det aksjelova gjev deltakarane(aksjeeigarane) i eit aksjeselskap. Dette har først og fremst samanheng medat selskapsdeltakarane har eit uavgrensa ansvar.Styret, som minst må ha tre medlemmer, vert vald av representantskapet.Dagleg leiar vert tilsett av styret dersom det ikkje er avtalt atrepresentantskapet skal gjere dette.Styrets forvaltningsmynde må utøvast innanfor ramma av føremålet tilselskapet, selskapsavtalen og selskapet sitt årsbudsjett. Dessutan har lov ominterkommunale selskap ei rekke reglar som på ulike områder avgrensarforvaltningsmynden til styret.2.2 AksjeselskapReglane om akseselskap er nedfelt i aksjelova.Eit aksjeselskap er eit eige rettssubjekt som i motsetning til interkommunaltselskap er kjenneteikna ved at det har avgrensa ansvar. At ansvaret eravgrensa betyr at aksjeeigarane som hovudregel ikkje har ansvar ut overinnskotet. Aksjeselskapet er, ved sidan av enkeltmannsføretaket, den mestbrukte eigar- og organisasjonsforma for føretak eller næringsverksemd.Aksjeselskapsforma kan brukast også for verksemder som har ikkjeøkonomiskkarakter, jf. aksjelova § 1-1 3. ledd nr. 2.Eit aksjeselskap kan ha ein eller fleire deltakarar. Aksjeselskapsforma ståropen for alle enkeltpersonar og juridiske personar. Aksjeselskapsforma kan22

difor vere føremålstenleg organisasjonsform der det er ønskeleg å legge tilrette for andre deltakarar enn kommunar og fylkeskommunar.Eit aksjeselskap skal ha ein minste aksjekapital på 100 000 kroner og må tilein kvar tid ha ein eigenkapital som er forsvarleg ut frå risikoen ved ogomfanget av verksemda i selskapet.Gjennom generalforsamlinga utøver eigarane den øvste mynda i selskapet.Utanfor generalforsamlinga har eigarane ingen eigarmakt i selskapet.Det er generalforsamlinga som vel styre i selskapet. Styret har det overordnaansvaret for forvaltninga av selskapet, for at det vert drifta i samsvarvedtektene til selskapet og innanfor ramma av lovgjevinga. Som hovudregeler det styret som tilset dagleg leiar, og styret er også dagleg leiars overordna.2.3 Ansvarleg selskap og kommandittselskapDet er i selskapslova § 1-1 5. ledd fastsett at korkje kommune ellerfylkeskommune kan vere deltakar i ansvarleg selskap ellerkommandittselskap. Desse organisasjonsformene er såleis ikkje aktuelle ogvert ikkje omtalt ytterlegare.2.4 StiftingEi stifting vert danna ved at ein formuesverdi ved gåve, testament eller annanrettsleg disposisjon vert stilt til rådvelde for eit føremål av ideell, humanitær,sosial, utdanningsmessig, økonomisk eller annan art.Stiftingar er eigne rettssubjekt og kjenneteikna ved at dei er sjølveigande, dvs.at ingen kan utøve eigarmakt overfor stiftinga. Det er vidare eit kjenneteiknved ei stifting at ”den må ha en viss varighet”, jf NOU 1998:7 pkt. 3.3.Stiftingar må ved opprettinga ha ein grunnkapital på minst 100 000 kroner. Fornæringsdrivande stiftingar, som ikkje er holdingstiftingar, er kravet til minstegrunnkapital 200 000 kroner.Stiftinga må ha eit styre som representerer stiftinga utad og har ansvaret for atstiftinga vert forvalta tilfredstillande. Styret er øvste organ i ei stifting.Ettersom ei stifting er sjølveigande får ein ved å nytte denneorganisasjonsforma ein meir fjern avstand mellom opprettarane ogrettssubjektet enn det som gjeld for aksjeselskap og andre selskapstypar.Det er også viktig å vere merksam på at opprettarane ikkje står fritt til åoppheve stiftinga. Ei oppheving vert rekna som ei omdanning av stiftinga etterstiftingslova, og det er regulert i lova kva vilkår som må ligge føre for atomdanning skal skje. Det er styret som eventuelt gjer vedtak om oppheving,og eit slikt vedtak må godkjennast av Lotteri- og stiftelsestilsynet for at detskal vere gyldig.23

2.4 ForeiningEi foreining kan definerast som ein sjølveigande institusjon, med medlemmer,som har eit føremål av ideelt, politisk eller annan art som medlemmene harslutta seg saman for å fremje.Dette er ei selskapsform som ikkje er lovregulert. Rettsreglane om foreiningarer såleis i hovudsak ulovfesta.For at ei foreining skal kunne registrerast i Enhetsregisteret må det sendastinn eit stiftingsdokument (referat frå møte då foreininga vart stifta) ogvedtekter for foreininga. Vedtektene bør innehalde:- Foreininga sitt namn- Foreininga sitt sete (kommune)- Foreininga sitt føremål- Reglar for foreininga sine organ og kva kompetanse organa har- Reglar for medlemmenes sitt forhold til foreininga- Reglar for vedtektsendring.For foreiningar gjeld det ingen reglar om plikt til å ha ein viss eigenkapital vedopprettinga. Medlem i ei foreining blir ein ved å melde seg inn i den. Kva vilkårsom må vere oppfylt for å ha rett til å bli medlem vil avhenge av foreiningasine vedtekter. I utgangspunkt står foreininga fritt til å fastsette opptaksvilkår.Ei foreining kan oppløysast, normalt ved avgjerd av medlemsmøtet, og etternærare reglar fastsett i vedtektene. Etter oppløysing må foreininga avviklast iden forstand at det må gjerast opp med foreininga sine kreditorar og medmedkontrahentar elles. Nettoformuen kan medlema ikkje, som i eit selskap,overføre til seg sjølv. Dersom det ikkje er gjeve nærare reglar om det ivedtektene, må nettoformuen nyttast til eit beslekta føremål.3. Avsluttande merknaderUnderteikna har teke opp med Lotteri- og stiftelsestilsynet om dei vil kome til åunderkjenne vedtektene til ei stifting dersom den har ein tidshorisont på 3-4år. Sakshandsamaren uttrykte ein viss grad av skepsis til ein slik tidshorisont,men kunne ikkje gje noko klart svar om tilsynet ville underkjenne vedtektene.Sakshandsamaren stilte likevel spørsmål ved om stifting var ei føremålstenlegorganisasjonsform for gjennomføring av eit enkeltståande arrangement. Ogsåunderteikna meiner det er grunn til stille spørsmål ved dette. Stingsformaverkar noko ”tungrodd” sett i forhold til denne type verksemd.Såframt det er avgjerande at arrangementet vert organisert som eigerettssubjekt, vil interkommunalt selskap eller aksjeselskap kunne framstå somaktuelle organisasjonsformer. Hovudskilnaden mellom desse er som nemnt atdet i aksjeselskapet gjeld eit avgrensa ansvar for deltakarane, medan det i detinterkommunale selskapet gjeld eit uavgrensa ansvar.Karl Inge NygårdJuridisk seksjon, Hordaland fylkeskommune24

Stiftelsen Grieg jubileet i 1993 hadde fylgjande organisasjonsstruktur:Eit råd, eit styre, eit styreutval og eit sekretariat. (òg kalla administrasjon)- Rådet hadde 9 framståande medlemmer frå norsk kulturliv meddåverande kulturminister Åse Kleveland som leiar.- Styret hadde 17 medlemmer, der 3 representerte Bergen Kommune ogresten representerte norsk kulturliv. Ordføraren i Bergen var styreleiar.- Styreutvalet hadde 6 medlemmer med Arne Holen som leiar og GeirGrung som fast observatør.- Administrasjonen hadde 6 tilsette med Einar Solbu som direktør.Sæverud jubileet i 1997 var ei mindre markering enn Grieg jubileet i 1993 oghadde eit styre, ein administrasjon og ei referansegruppe.- Styret besto av 5 medlemmer med Eva Grimstad som leiar.- Administrasjonen besto av Erling Dahl jr. som prosjektansvarleg, einprosjektleiar og ein prosjektmedarbeider.- Referansegruppa besto av 8 medlemmer. Leiar for styret var òg leiarfor referansegruppa.Ibsenjubileum 2006 har ei anna organisasjonsform.I 1997 sette Kulturdepartementet ned ein Nasjonalkomité for Ibsen-satsinga.Komitéen består av 5 medlemmer med Lars Roar Langslet som leiar og 3varamedlemmer. I tillegg er det eit sekretariat med Bentein Baardson somdirektør, ein dagleg leiar og to produsentar.Olav H. Hauge og Geirr Tveitt jubileumAv dei nemnde jubileum er det mest nærliggjande å samanlikne seg medSæverud jubileet i 1997. Organisasjonen vi då vere samansett av eit styre, eitsekretariat og ei referansegruppe.Styret bør ha representantar frå dei politiske og kulturelle interesseorganisasjonanemed ein ekstern observatør.Eit effektivt sekretariat bør ha ein daglig leiar, ein prosjektmedarbeider og nårdet er bruk for det, engasjerte produsenter.Sekretariatet bør ha ei referansegruppe som kan bistå i spørsmål av politisk,økonomisk og kulturell art.Konklusjon: Interimstyret har no teke eit konkret initiativ til å førebu danningaav jubileet som eit aksjeselskap. (vedtak – møte 16/12-05)25

8. Informasjon og marknadsføringI ei tid der vi druknar i ein straum av informasjon er god PR og medieomtaleverdifull. Olav H. Hauge og Geirr Tveitt jubileet må difor planlegge informasjonog marknadsføringa strategisk og effektivt. Det er viktig at jubileet har eineinskapleg og lett gjenkjenneleg grafisk profil. Difor bør ein snarast engasjereeit reklamebyrå slik at jubileet kan dra nytte av gjenkjenningsfaktoren i løpetav dei to åra vi har før feiringa brakar laus. Vi må òg utnytte det faktum atkunsten vi feirar lett kan formidlast og marknadsførast både skriftleg ogauditivt.Aviser og fagtidskriftJubileet vert avhengig av dyr reklame i tillegg til redaksjonell omtale i aviserog fagtidskrift. Forskinga omkring Tveitt og Hauge fram mot og i løpet av 2008må dokumenterast godt i dei respektive fagmiljøa. Det er òg viktig at jubileeter synleg mellom dei store jubileumsmarkeringane. Jubileet bør derfor inngåein allianse med strategiske aviser/fagtidsrifter. Kanskje eigna aviser kantrykke ”dagens Haugedikt” gjennom jubileumsåret.TV og RadioNRK har i sine arkiv mykje TV og radiomateriell om og med Olav H. Hauge ogGeirr Tveitt. Jubileet har allereie kontakte NRK sitt programråd slik atkringkastingsselskapet har god tid til å lage gode dokumentarar omkunstnarane sine liv og livsverk. I tillegg vil alle dei norske og dei viktigasteutanlandske medieselskap bli kontinuerlig oppdatert om planlegginga oggjennomføringa av jubileet.NettsideJubileet må investere i gode nettsider med presentasjon av jubilantane ogoversikt over aktivitetar under jubileet. Sidene må ha eit godt administrativtverktøy slik at dei lett kan oppdaterast av jubileet sitt eige sekretariat. Medgodt historisk forskingsmateriell tilgjengeleg, kan nettsidene vere til god hjelpfor dei som planlegg aktivitetar under jubileet.Andre relevante nettsiderJubileet sine nettsider må bli del av eit større relevant informasjonsnettverk.Det må difor gjerast eit godt arbeid med å knytte sidene elektronisk til andrerelevante nettsider.26

9. Økonomiske og politiske samarbeidspartnararKvam og Ulvik Herad har tatt initiativ til jubileet, men heile Hardangerregionenkan dra nytte av det nasjonale og internasjonale fokus. Difor er det naturleg åkontakte Hardangerrådet.Hardangerrådet IKS er eit interkommunalt selskap, oppretta med heimel i lovom interkommunale selskap av 29.01.1999 nr. 6 med kommunane Eidfjord,Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik som eigarar.Vi ser det difor naturleg at det økonomiske og politiske ansvaret vert deltmellom kommunane i Hardanger, Bergen kommune, Hordalandfylkeskommune og det norske Stat.I tillegg er det von om at jubileet kan finansierast med tilskot frå fylgjandefonds:- Fond for lyd og bilde- Norges Forskningsråd- Norsk Kulturfond- NOMUS – Nordiska Musikkomitén- Fond for utøvende kunstnere- Det norske Komponistfond- Komponistenes Vederlagsfond- Nordisk Kulturfond- Norsk Musikkfond- Fritt ord- NKK – Norske Kunst- og Kulturhistoriske Muséers Film- og Videoutvalg- Nordiske Forskerutdanningsakademi- m.flI tillegg må jubileet vende seg sponsorer i regionen og på nasjonalt plan.27

10. Førebels budsjett (i 2005 kr.)UTGIFTER Total 2006 2007 2008 2009Prosjektleiing *) 3 125 000,00 400 000,00 975 000,00 1 475 000,00 275 000,00Marknadsføring 1 400 000,00 300 000,00 400 000,00 700 000,00 0,00Kulturprogram 5 500 000,00 0,00 2 000 000,00 3 500 000,00 0,00Forsking *) 2 550 000,00 450 000,00 1 100 000,00 1 000 000,00 0,00Skole/barnehage 1 850 000,00 250 000,00 500 000,00 1 000 000,00 0,00Diverse 500 000,00 100 000,00 100 000,00 200 000,00 100 000,00TOTAL 14 925 000,00 1 500 000,00 5 075 000,00 7 975 000,00 375 000,00INNTEKTER Total 2006 2007 2008 2009Kulturdep. 5 475 000,00 500 000,00 1 900 000,00 3 075 000,00 0,00Utd. og forsk.dep. 1 000 000,00 250 000,00 250 000,00 500 000,00 0,00Utenriks dep. 750 000,00 0,00 250 000,00 500 000,00 0,00Hordeland fylke 1 875 000,00 200 000,00 525 000,00 1 000 000,00 150 000,00Bergen Kommune 800 000,00 100 000,00 250 000,00 400 000,00 50 000,00Hardangerråd 1 525 000,00 250 000,00 500 000,00 600 000,00 175 000,00Kulturrådet 900 000,00 100 000,00 400 000,00 400 000,00 0,00Fond og sponsor 2 600 000,00 100 000,00 1 000 000,00 1 500 000,00 0,00TOTAL 14 925 000,00 1 500 000,00 5 075 000,00 7 975 000,00 375 000,00I nemnde budsjett har ein ikkje rekna med investeringar gjort av våre kulturellesamarbeidspartnarar. Dette kan vere kunstneriske produksjonar, marknadsføring,forsking og nyinvesteringar gjort i samband med jubileet.(minnesmerke, kulturhus etc.) Dei totale inntekter og utgifter vil i røynda veremykje høgare, men vanskelig å spå på dette tidspunktet.*) Posten for prosjektleiing og forskning er fordelt på fylgjande måte:Prosjektleiing: Total 2006 2007 2008 2009Dagleg leiar 1 650 000,00 300 000,00 600 000,00 600 000,00 150 000,00Prosjektmedarbeidar 700 000,00 0,00 200 000,00 400 000,00 100 000,00Produsent 500 000,00 0,00 100 000,00 400 000,00 0,00Kontor etc. 275 000,00 100 000,00 75 000,00 75 000,00 25 000,00TOTAL 3 125 000,00 400 000,00 975 000,00 1 475 000,00 275 000,00Dagleg leiar kr. 600 000,- inkl. sosiale utgifter etc.Forsking: Total 2006 2007 2008 2009Geirr Tveitt 1 000 000,00 300 000,00 500 000,00 200 000,00 0,00Olav H. Hauge 1 000 000,00 100 000,00 600 000,00 300 000,00 0,00Fagseminar etc. 500 000,00 0,00 0,00 500 000,00 0,00TOTAL 2 500 000,00 400 000,00 1 100 000,00 1 000 000,00 0,0028

11. Etter jubileetDei kortsiktige vala og investeringane gjort i samband med 100-års feiringahar konsekvensar for tida etter 2008. Fokuset rundt feiringa kan gje høve tiletablering og gjennomføring av nye langsiktige kultur og næringstiltak. Tildømes nye kunstproduksjonar, revisjonar og omsetjingar av eksisterandekunstverk, forskingssenter og turistmål i regionen.Olav H. Hauge og Geirr Tveitt kan assosierast med tradisjon og nyskaping.Det er med dette i tankene vi må gjennomføre jubileumsfeiringa.12. KonklusjonMed bakgrunn i det som her er presentert kan forprosjektet konkludere med atdet eksisterer eit breidt grunnlag og stor interesse for ei nasjonal/internasjonaljubileumsfeiring av diktaren Olav H. Hauge og komponisten Geirr Tveitt i året2008.29

Kjelder- Tekstkjelder til dokumentet1. Hauge biografi – Idar Stegane2. Tveitt biografi – Reidar Storaas3. Organisasjonsstruktur – Karl Inge Nygård4. Hardangerrådet – www.hardangerraadet.no- Intervjuobjekt1. Einar Solbu2. Reidar Storaas3. Idar Stegane4. Agnar Høysæter5. Espen Eide6. Bjørn Holmvik7. Oddmund Økland (Bergen Filharmoniske Orkester)8. Morten Borgersen (Den Nationale Scene)9. Anders Moberg (Stavanger Symfoniorkester)10. Ola E. Bø (Det Norske Teater)11. Nina Refsnes (Det Norske Samlaget)- Andre bidragsytarar1. Jon Fosse2. Henning Maalsnes30

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!