09.07.2015 Views

studentmagasinet for HF-fakultetet UiB nr. 3 2006 14.årgang - Atrium

studentmagasinet for HF-fakultetet UiB nr. 3 2006 14.årgang - Atrium

studentmagasinet for HF-fakultetet UiB nr. 3 2006 14.årgang - Atrium

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

«Christian Sjåvinistian» (Frå Syner i Syttiåra) “-Slik dethar vore bør det alltid vere!«Kverna som står og mel og mel på havsens botn» (Frå Syner i Syttiåra)har han budd heilt sidan han kom heim, etterå ha studert i Danmark. Eigentleg haddeOddvar tenkt seg ut i den store stygge verdi.Han skulle til London, til Paris, til Bergen(!),men det vart aldri til at han flytta derifrå.«Eg sit bom fast i åndenes vertikaldelte hus.Det er det eg kallar heimen min, for alt harskjedd innanfor desse veggane. Det er sjel ikvart knivstikk.» Kanskje fekk Oddvar nokluft under vengane i ungdomsåra? Før hanslo rot i Hasbrendslia, var det nemlig litt avkvart Oddvar hadde føre seg. Dei vanlegeskulefaga hadde aldri vore det heilt storeinteresseområdet, han føretrakk å drodle iskrivebøkene. Ei lita tid jobba han på møbelfabrikkpå Os utanfor Bergen, men det varikkje akkurat noko høgdepunkt på karrierestigen.Like før han fylte 18, tok Oddvar segjobb som messegut og reiste ut på sjøen.«Det var eit flytande absurd teater, veitdu. Eg har aldri vore så redd og aldri ledd såmykje i mitt liv. Men det var tøft altså. Og dervar ingen krisepsykiater om bord, nei. Det erdet overalt no, veit du.»(Oddvar til Dag og Tid, 30.05.1996)Det var far til Oddvar som sørga for at hanrodde seg på land att. Han sendte inn nokreteikningar til Kunst og Handverkskulen iBergen. Følgjeleg fekk Oddvar, som nett dålåg og skvulpa på det indiske hav, plutseleg eittelegram frå Noreg. Han gjekk tre år på skulei Bergen(1957-60). Kunstnardebuten haddehan på haustutstillinga i 1963 og dermedvar tonen sett. Han reiste til Københamn påmidten av 60-talet for å studere ved CharlottenbergGrafiske Skole Det var meininga athan skulle vere der eit halvt år, men det skullegå ytterlegare 6 år før han vende snutenheimover. Opphaldet i Danmark har sett sinedjupe spor i Oddvar. Det var ei tid prega avhyppige vertshusvisittar, kalde hyblar ogmykje både av inntrykk og uttrykk. Ein kanlett tenkje seg at kontrasten vart skarp nårein kjem frå eit slikt liv og busett seg i einsmåby på vestlandet. Førde er rett nok ein by,men det er ikkje akkurat verdas navle. Den eri alle fall ikkje stor nok til at ein karakter somOddvar kan stikke seg vekk i mengda. Folk iFørde veit veldig godt kven Oddvar Torsheimer, og fleirtalet har ein torsheimstrek eller tohengjande på veggen. So godt som kvar dager han å sjå ute på tusletur, med ei veske overskuldra (der ei av dei mange notatblokkeneheld hus) og eit raudt skjerf i halsen. Dethadde vore ein sensasjon i Førde dersom Torsheimenskulle finne på å gå utan det raudeskjerfet om halsen. Skjerfet vert ofte tolkasom eit politisk symbol. Kanskje er det eintanke, men det originale raude skjerfet haddenok anna opphav. Nokre år utpå 70-talet fannOddvar saman med Magnhild. Dei to giftaseg og fekk dottera Jorunn saman. Ekteskapetheldt ei 10 års tid. Då tok Magnhild med segdottera og flytta til Bergen, og seinare Oslo.31Det var den gongen då Oddvar og Magnhildskulle skilje lag, at dei delte ein raud juledukmellom seg. Oddvar sin del knytte han kringhalsen.SyttiåraHan kom til Førde midt i ei tid då politiskpolarisering var tonegivande for samfunnslivet.Der, som so mange andre stadargjaldt utviklingsoptimisme og industrialiseringover ein låg sko. I kjølvatnet av denneutviklinga vaks det fram protestrørsler, somoppmoa folk til å ta eit steg attende og tenkjeseg om. Det vart mana til kamp frå alle hald,raudt mot blått, bygd mot by, kvinner motmenn, lista er so godt som endelaus. I dettelandskapet fann Oddvar Torsheim ei nisje.Han illustrete tidsånda med skarpe strekar.Det var illsinte traktorfeministar, trongsyntekapitalistar, ja- og nei-folk, og oljeplattformer,samt ein heil stim misnøgde fiskar.Det skal ikkje stikkast under noko som helstslags sitjereiskap at Torsheimen høyrer til påden raude sida av gjerdet, politisk sett. Særlegkan vi spore engasjement i forhold til EUdebatteni 1972 og 1994, då han laga motivfor plakatar og kort til støtte for nei-sida.Elles er miljø- og utviklingspolitikk, samt dengrelle kontrasten mellom rik og fattig, temasom ofte kjem att. Fleire kritikarar har rosaOddvar Torsheim for den emna han har tilå ta politiske standpunkt i kunsten utan at

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!