19.06.2015 Views

2007 nr 1,2,3,4

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

den vesle svenske heren paa vel 3000 mann, strauk i vegom til Oslo

over Fetstigen. Kongen var tidleg oppe, og det trengtest, for føret var

tongt. Men han naadde Svinndal i skomminga, uten aa møte ein

einaste norsk dragon. Daa han kom til Svinndalstajet og sku svinge

ned paa garden, møtte han sin fysste motmann i Fet: Den gamle

Svinndalsmannen stod der med ein bennekavle og vilde jage

svenskane heimatt. ”Er gubban toki” sa kongen og reid ned paa

garden. Her sette dei hestane sine like inn i høygolva og sjølve strauk

dei inn i svalgangen og gjorde seg til gode med det som paa garden

var. Kona sat nett og kinna smør i det store kjøkenet. Ein svensk

offiser tok fraa ho kinna, sette ho paa truten og drakk seg utyst. Sea

gjekk ho mannimellom kinna til ho var tom. Men dei gjorde ikkje

folka paa garden no større. Offiserane held seg i storstuga og

dragonane i kjøkenet. Stabbur og matbud vart reine, kan ein veta.

Kongen sjølv kurra tidleg. Han vilde ikkje ligge i seng, men dei laut

bera inn eit digert fanga med halm aat han som dei la i eine stue-roa.

Der laag han. Han vilde ikkje ha det betre enn soldatane sine.

Kongen hadde skinnbrok, truleg elgskinn. Ho var fillute paa fleire

steller og ikkje lite møkutte. Sjølv var han uflidd og serleg ikkje lite

snørrutte. Det var han. Han var kanskje vorti krimfull au, veit du, og

brukte han nok trøye-erma fælt flittig. Hans Ross fortelte meg, han

hadde set ho i Sverige. Ho var reint blank! ”Men saa var naa detta

lenge førr denna snurpa av ei dronning tok til aa lære folk aa bruke

lommeduk og”, la Ross til.

Ja, nok er det. Kong Carl var ingen staskar. Men han var ein slitar.

Og hadde ikkje snøføyka komi paa han i Høland, saa hadde truleg

ikkje vore folk komi tidsnok til aa møte han ved Bakaasen. Kongen

var som sagt er, ingen kveldsfugl. Han gjekk tidleg til sengs. Men saa

laag han og las i den digre bibelen sin ei heil beite førr han somna.

Han var griug om morgon. Kl. 4 var han paa beina og sette over

Øyeren paa Isen.

Skytilen nr. 1 - 2007 Side 24

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!