Min song og hjarteskatt Beate s. Lech - Kirkelig Kulturverksted
Min song og hjarteskatt Beate s. Lech - Kirkelig Kulturverksted
Min song og hjarteskatt Beate s. Lech - Kirkelig Kulturverksted
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
5

No fell det snø på barnets reine panne.

Ved morgontid i hagen står eit tre.

Så naken grein. Det treet er min granne.

Det helsar Gud, og eg vil helse med.

Når eg skal dø, når eg eingong skal sove,

tar eg farvel. Takk, du som gjekk attmed.

Takk, gode Gud, for kvar ei minste gåve.

Eg pustar ut og legg meg roleg ned.

No ber vi smil.Vi løftar glade hender.

Vi k ver vla r r undt, er f nug g i livets leik.

Greina er bøygd av snø når dagen vender.

Ho som er mjuk, er sterk når ho er veik.

Så fell det snø på himlens kvite laken.

I hagen ventar treet, greinas mor.

Det finst ein morgon som er rein og vaken.

Han glattar ut dei ørsmå kattespor.

Sov godt, gli bort i draum når søvnen kyssar

deg, vesle barn, min song og hjarteskatt.

Bak verdas gråt finst det ein vind som byssar.

Der bortved treet listar seg ein katt.

No fell det sNø

Musikk: Norsk folketone (Sykkylven)

Tekst: Marit Kaldhol