08.05.2015 Views

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Historikaren Harald Oppedal hadde ein teori om at det har vore eit hov (gudehov, offerplass)

på Tunvall, sidan plasseringa er sentral. Det kan ikkje vere snakk om Gaularhovet, men at dei

har hatt ein liten lokal offerplass her kan vel hende. Smørsteinen, like før ein kjem til Tunvall,

var truleg ein offerplass der ein ofra smør.

Då den siste brukaren, Petter Larsson Eldal, tok over i 1879 måtte han svare kår til den førre

brukaren, Anders Jonassen Sande. Det var uvanleg for ein husmannsplass, men fortel litt om

storleiken på plassen. Petter var ein av dei første som hadde lån i Indre Holmedal sparebank.

Banken vart skipa i 1894.

Ved folketeljinga i 1865 budde det 5 personar på Tunvall, og dei hadde 1 hest, 4 kyr, 16 sauer

og 2 geiter. Seinare delte dei hest med Myrmel. Dei sådde 1 ½ tønne havre og like mykje med

potet. Ved folketeljingane i 1900 og 1910 budde det 10 og 7 personar her. Dei hadde då folk i

forpleining for fattigvesenet (folk som var på legd). Lalina, syster til Petter, var den siste som

budde her. Drifta på plassen vart lagt ned på 20-talet.

Lalina budde på Tunvall i ei stove som vart kalla Lalinastaua. Det kan hende ho ikkje likte

namnet sitt noko særleg, for stova vart òg kalla Malenastova. Lalina tok seg arbeid rundt om

kring, mot å få kosten og litt betaling. Ein gong ho var på arbeid i Randa åt ho dugeleg, noko

som sikkert var lurt når ein hadde høve til det. Då sette Nele i Randa i. – Sjå på ho, no bjynde

ho på sjuande silda! Nele i Randa, som eigentleg heitte Nelle Catharina, kom frå bruk 4 på

Sande, og var syster til Lovise.

Odd (fødd 1925) hugsa at han var med bestefar Mads til Tunvall for å slå, og at Lalina då

budde i stova si. Lalina var fødd i 1855 og døydde i 1943. Lalinastaua vart sidan flytta til

bruket Kvernhusbakken på Lundekvam, og skal vere tømra inn i floren der.

Petter og Lalina kom frå Øykjebotnen (bruk 3 på Eldal) i Viksdalen. Litt forbi Tunvall mot

Myrmel heiter det Eldalen, så der har Petter sett spor etter seg. Petter var gift med Johanna frå

Gjermundstad. Petter og Johanna enda sine dagar på Kvernhusbakken, der sonen Adolf

budde. Johanna var fødd i 1850 og døydde i 1929, Petter døydde 87 år gammal tre år seinare.

Vegen opp til Tunvall vart restaurert hausten 2007. Bjørn Arild fekk SMIL-midlar for å gjere

dette. Grøftene vart reinska og grusen greven inn att på vegen. Like nedanfor Kviteberget vart

vegen heva, her greidde ikkje dei gamle grøftene å ta unna vatnet. Til saman 10 stikkrenner

(kistegrøfter) vart reparerte, og nokre stader vart det lagt plastrøyr. Nokre av grøftene er så

store at dei har fungert greitt heilt sidan dei la ned vegen rundt år 1900. Dei som i si tid laga

vegen gjorde godt arbeid. Lenger bort mot Myrmel ligg vegen på høge murar, så mure kunne

dei.

38

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!