Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Tunvall

Tunvall fotografert av Axel Lindahl, truleg rundt 1890.

Vi ser frå venstre låven, floren, eldhus med stove, skykkje og lisjehus (utedo). Bak dei tre

karane ligg eit hus til som også var eit eldhus, og bak den vesle karen bakom stova ligg

kårhuset. Lalinastaua viser ikkje på bildet, men ligg utanfor høgre bildekant. Kona bakerst

ristar klede. Bildet er teke på hausten, vi ser korn på staur og føringskrakken er på plass. Vi

ser òg at dei hadde hund som sit ved hjørnet av stova/eldhuset.

Det har gått veg forbi her i alle fall sidan 1300-talet, kanskje lenge før. Den første postvegen

gjekk frå Guddal til Sande og over Tunvall til Førde. På dei tider var det bru over Gaula like

over Sandafossen. Postvegen vart sidan lagt om slik at den gjekk frå Leirvik til Dale, med båt

til Bygstad, og over Bringeland til Førde. I 1837 var vegen mellom Vadheim og Førde teken

opp som hovudveg, og i 1868 vart den klassifisert som postveg. Forfattaren Kristian Elster d.y

(1881 - 1947) skriv om ein tur frå Sande til Førde på 1800-talet ein gong. På toppen av

Tunvollsbrekkene tok både hest og folk ei pause for å kvile og drikke vatn frå bekken.

Landskapet blir beskrive som malerisk. Bekken heiter Løikjen, frå gammalnorsk loekr som

tyder djup, stillerennande bekk. Løikjen går frå Tunvall, gjennom Sandagjære og ut i Gaula

ovanfor øvste fossen.

Tunvall var plass under Randa, bruk 3 på Sande, og kunne i storleik måle seg med mange

gardar i bygda. Tunvall var truleg ein eigen gard før Svartedauden, og vart øydejord etter det.

Namnet tun, her i tydinga inngjerda område, og gammalnorsk hvall, liten haug, tyder på at

plassen er gammal. Garden vart truleg teken opp att på 1700-talet, og hadde då ei sjølvstendig

stilling med eige matrikkelnummer. På eit seinare tidspunkt har den gått over til å bli

husmannsplass. I ein takst frå 1764 er verdien på eit vinterlass turrhøy (12 våger) frå

Tunevollen sett til ein dalar (Sunnfjordsoga).

37