08.05.2015 Views

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Stordalen

Sandegardane har hatt støl på Stordalen i alle fall sidan 1700-talet. I utmarka over Vellene er

det ein plass kalla Stølen, men her det sannsynlegvis ikkje vore ein støl, men berre ein

mjølkeplass. Kanskje sette dei opp eit hus her òg?

Stølinga på Stordalen tok slutt rundt 1950, men bruk 1 hadde kyrne på stølen lenger enn det.

Klara var opptatt av at ting skulle gjerast på gamlemåten, og det var ingen skikkeleg gard

dersom ein ikkje hadde kyr. På midten av 60-talet vart det bygd veg inn til stølen, og ein tok

til med fellesfjøs tidleg på 70-talet. Årbergsbotnen, Rimma (Hauge), Løfall og Sande hadde

kyrne opp. Byrkjeland betalte i vegen, men var ikkje med på stølinga. I starten var det

brukarane som hadde ansvar for mjølkinga etter tur, men etter kvart tilsette ein budeie kvar

sommar. Stølinga tok slutt tidleg på 90-talet, då færre gardsbruk var i drift, slik at grunnlaget

for å halde oppe stølsdrifta vart for dårleg.

Hartvig Skagen kjøpte stykka som ligg rundt sandtaket i Lona av lensmannen rundt 1960.

Alle som eig på garden Sande har stølsrett i Stordalen, og då fekk Hartvig beiterett for sine

sauer òg. Denne beiteretten vart bekrefta i ein tvist med Innigardane på starten av 2000-talet.

Sande har beiterett for ”krøter”, som er både kyr og sauer. Innigardane er gardane på Løfall,

Hauge, Byrkjeland og Årbergsbotnen. Sande har støl på Stordalen i lag med dei, Sande på

nordsida av Stordalselva og Innigardane på sørsida. Motparten meinte mellom anna at

nemninga krøter betyr at det berre er beiterett for kyr. Det stemmer uansett dårleg, då Sande

alltid har hatt sauer på beite i Stordalen. Sauene vart jaga ned i Øyrane mot Døskeland, langs

Stordalselva til Skaret, og så oppover vegen til stølen. På hausten vart dei henta att ute i dalen,

og jaga heim att langs vegen.

Sandegardane, unnateke bruk 5, hadde stølshusa sine på same plassen. Ludvig fekk på 60-

talet selet som då sto til nedfalls, og sette det opp att litt lenger oppe. I byte fekk Odd ei tomt

med ein grunnmur som aldri hadde blitt bygd ferdig. Bruk 5 hadde stølen sin noko lenger opp

langs elva. Denne stølen heitte Lars- eller Kristianstølen, alt etter kven som var brukar på

garden. Dei reiste kvar sommar på stølen med stoveklokka på toppen av lasset.

Stordalen i 1940. Sela og fjøsane på Sande ligg over elva.

Til høgre løe tilhøyrande Løfall.

36

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!