Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
Knud Knudsen, mellom 1888 og 1894.

Det har kome spir på kyrkja, så då må bildet vere teke etter 1889. Vi legg merke til Sivertsens

hotell til høgre og huset i lensmannsgarden midt i bildet.

Sivertsen kjøpte bruk 1 av Ivar Andersson Byrkjeland i 1861. Han hadde teke seg vatn over

hovudet då han skulle byggje opp att husa etter skreda, og måtte selje. I 1885 vart bruket,

unnateke lensmannsgarden, selt vidare til Ludvig Vie frå Førde. Lensmann Askevold kjøpte

lensmannsgarden i 1915 då Sivertsen la ned hotellet og flytte til Bergen. Kommunen kjøpte

hotellbygningen og gjorde den om til doktorbustad og kontor.

På Sivertsens hotell skal det ha vore eit rom med 14 lag tapet. Dette var rommet som keisar

Wilhelm hadde då han reiste forbi Sande. Rommet vart pussa opp til kvar gong han kom!

Det går òg ei historie om ein kar som var så glad i å sitte på hotellet at han fekk så stor gjeld

at han måtte gå frå gard og grunn. Karen kom frå Løfall, og historia kan godt stemme for der

var det ein som måtte gå frå garden sin på 1870-talet.

Lensmann Kvamme (som hadde Hetlesaka) døydde i 1914. Per Sande var konstituert som

lensmann ei tid, og han håpa å få jobben permanent. Men Johan Askevold hadde

underoffisersskulen, så han gjekk føre og vart tilsett. Johan hadde på førehand snakka med

Mads og bede han tale si sak.

Kona til Johan Askevold gjekk på lærarskulen i Volda på same tid som Jakob. Ein laurdag

hadde dei vore på dans, noko som medførte at Jakob med fleire vart utviste frå skulen. Lalla

Askevold slapp unna, medan Jakob måtte fullføre lærarskulen på Elverum.

29