08.05.2015 Views

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Ein spælsau med trillingar (seint på 70-talet).

Bruk 4 slo i tillegg til si eiga mark hjå Martine Skagen og Lovise Hoff. Martine Skagen var

fjern slekt og Lovise Hoff var dottera til Mikal, så slikt forplikta. Dette, pluss Tjønnene,

medførte mykje køyring, så slåtten tok si tid. I 1975 vart det bygd gropsilo, slik at

silokapasiteten vart auka. Før stod det to små tresiloar her. Massey Ferguson’en vart brukt til

å pakke siloen ved at ein køyrde fram og tilbake. Tjønnene vart dyrka opp i 1981-83, og i

1983 vart siloen så full at ein måtte passe på kvar ein køyrde. Det hadde ikkje vore noko

problem før. Bakkane vart òg slegne, og hesja eller kverva til turrhøy. Siste gang bakkane vart

slegne heilt opp til bøgarden var midt på 80-talet. Turrhøyet vart køyrt inn med hest. Til dette

brukte ein ei høyvogn med hjul, men i dei bratte bakkane måtte ein stikke ein solid staur

gjennom hjuleikene. Hesten visste best kvar den skulle gå, så viss ein urøynd kar prøvde på

noko anna, såg den berre dumt på deg. Siste hesten heitte Maja, dei før det Fiffi og Blakken.

Bakkane i Gjæra vart òg hesja, og høyet køyrt heim i ei anna høyvogn som hadde gummihjul.

Det var stor stas å få sitte på lasset.

Det har vore tre traktorar på garden. På 60-talet vart det kjøpt inn ein oransje Bautz, som vi

kan sjå parkert på nedsida av floren på framsidebildet. I 1973 importerte Odd og Gustav kvar

sin Massey Ferguson 135. Gerd, dotter til Jakob Mikkelsen, er busett i England, og det var ho

som formidla salet. Kristian brukte denne traktoren då han slo med forhaustar fordi den hadde

doble bremser. I 1981 vart det kjøpt ein Universal med firehjulstrekk. Denne traktoren,

eigentleg ein Fiat produsert på lisens i Romania, var ein skikkeleg måndagstraktor. Den sto

meir i ro enn den gjekk, og i slåtten var det alltid problem med den. I 2007 kjøpte Olav ein

sekshjuling.

Drifta på bruk 4 vart lagt ned sommaren 1990, og kyrne vart selde eller sende til slakt.

Sauehaldet hadde då vorte avvikla nokre år før. Siste hesten, Maja, vart seld til Rudi Fureli

sommaren 2001. Då var ho 15 år, og hadde vore pensjonist lenge.

18

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!