08.05.2015 Views

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

kom i floren. Råsa i Skora kjem ned like utanfor Hammaren, noko som var ganske

trafikkfarleg. Vegvesenet laga difor på 70-talet ei ny rås ned til Gamlevegen. Denne vart

likevel lite brukt, for då tok det lenger tid. Men i 1981 vart ei kyr påkøyrt då ho sprang ut i

vegen, og etter det vart nyeråsa brukt.

Kyrne er på veg inn i floren etter at dei har vore på stølen.

Det var òg vanleg å berre sleppe dyra oppom grinda i Skora, og hente dei der om kvelden. Då

var det viktig at dei hadde bjølle, slik at ein kunne høyre kvar dei var. Men som oftast venta

dei ved grinda og ville heim. Dyr har nok ei slags innebygd klokke. Det var ungane si

oppgåve å jage kyrne på beite og hente dei att om kvelden.

Andre beite var i Gjæra, i Dalen og på Tjønnene. Då jaga ein kyrne langs vegen, noko som

gjekk bra sidan det var mykje mindre trafikk før. Ein morgon tidleg på 70-talet medan dei

heldt på med vegen, var Sigfrid (fødd 1960), Olav (fødd 1961) og Joar (fødd 1966) på veg til

Tjønnene med kyrne. Den gamle vegen var smal, slik at det var vanskeleg å komme forbi med

bil. Kåre (fødd 1926) var på veg til Førde på jobb, og i svingen ved Knusaren køyrde han i

staden på pukken i nyevegen for å komme forbi. Alle var einige om at å køyre på ein uopna

veg, det var ikkje lov!

Spælsauene fekk mange lam og var flinke til å seg av dei. I tillegg til spælsau var ein vanleg

sauerase sjeviot. I gamle dagar skulle sauene vere framfødde til 14. april. Då vart dei slepte

opp Skora på beite. Seinare, fram mot sommaren, vart dei jaga opp på Stordalen. I Sandelia

var det mykje eine og flått, så der dei kunne ikkje vere om sommaren.

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!