08.05.2015 Views

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Garden

Ved vegen mot Tunvall, i Dalen, er det spor etter eit gammalt sandtak. Vegstellet har tinglyst

rett frå 1831 til å ta sand på bruket, og det kan vere at dette sandtaket låg her. Men det var òg

eit sandtak nedanfor Tåhamrane. Vegen Vadheim – Førde vart hovudveg i 1837, og det var

truleg på desse tider vegen opp Moldfallet vart lagt om. Den gamle traséen følgde skogsvegen

opp, og kom inn att på Tunvallsvegen på toppen av Moldfallet. Det er bratt, så det er fullt

forståeleg at dei måtte gjere noko. Då engelske Olivia Stone drog frå Langeland til Sande i

1881, uttalte ho at nokre av bakkane ned til Sande var så bratte, at hadde dei vore i England

ville ingen ha våga seg ned i meir enn skrittgang. "Våre spreke, små, norske hestar, derimot,

galopperte heile vegen, frå toppen til botnen", fortel ho (kjelde Fylkesarkivet).

Det kan elles nemnast at fiskeretten ikkje var del av utskiftinga, slik at den følgjer dei gamle

grensene. Det medfører at bruk 5 eigentleg har fiskerett på bruk 4, og omvendt. Fiskeretten

blir likevel i dag praktisert slik at ein følgjer dagens eigedomsgrenser.

Ei viktig tilleggsnæring på garden har vore bøkring. Mads dreiv med dette, han skar stav på

saga og laga så tønnene heime på garden. Det vart sagt i Gaular at dersom prisane var gode, så

gjekk folk frå alt anna arbeid for å lage tønner. Tønnene vart leverte til Bygstad for utskiping.

Då sperrestova vart oppussa i 2001 - 02, så var øvsteloftet fullt av tønnebotnar, tønneband og

bøkkarreiskapar. I tillegg sto det ein bandekrakk og ein dreiebenk her. Dette var altså

verkstaden til Mads. Kathrine hadde kanskje veven sin her òg, den låg demontert i ein haug.

På 1920-talet skipa Olav eit lutlag i lag med Jens Olsen Tyssekvam, der føremålet var å drive

revegard. Revegarden vart bygd opp i Mjeltehaugen og inne i Gamletunet, i Mjeltehaugen er

det restar etter han enno. På den tida var det eventyrlege prisar på reveskinn, eit godt skinn

kunne ein få langt meir enn ei årsløn for! Leif hadde ansvar for å mate revane, og på tunet sto

det ei stor kjøtkvern. Folk leverte skrottar, som så vart til revemat. Kvelpane fekk fløyte og

egg, berre det beste var godt nok. Krakket i 1929 medførte at prisane på reveskinn sokk som

ein stein, og revegarden vart avvikla på 40-talet etter at siste reven hadde rømt. Hermod hadde

ansvaret for å passe på dei siste revane, og han var sterkt mistenkt for å berre ha slept dei ut.

Frå venstre Jakob Mikkelsen, Olga Larsen og Jens Løvfall

framføre revegarden i Mjeltehaugen i 1935.

15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!