08.05.2015 Views

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gardssoge for Sanda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Historier

I tidlegare tider var det ei hengebru mellom fossane. Ein fant hadde vore på ferde i bygda, og

vart fanga på brua av folk frå Løfall på sørsida og Sandakarane på nordsida. Fanten hoppa i

desperasjon på elva og drukna. Det seiest at han er gravlagd under ei stor helle ved sida av

den gamle vegen på sørsida av elva.

Bestemor til Gudny Skudal, Malene, fortalde at det vart skote ein bjørn i Geilane ved

Grøngjerdet. Bjørnen sprengde seg då han tok ein sau. Malene var dottera til Nele i Randa,

som kom frå bruk 4.

Det vart fortalt at ei av kyrne til ein husmann gjekk seg utfor fjellet ved Tunvall og slo seg i

hel. Det var eit stort tap, men ein hadde vel slurva med vedlikehaldet av gjerda. Vågarden var

eit slikt gjerde som skulle hindre dyra å gå seg utfor. Hamrane og bakkane er bratte, så dei

måtte ein passe seg for. På slutten av 1700-talet omkom ein husmann på Neset då han ”gled

udi fjellet over Sande og slog sig ihjel.”

Storeviken var ein kar som reise mykje rundt, også forbi Sande. Det vart sagt at han gjekk

rundt med bjørneskallar rundt halsen. Odd meinte at i Dalen ein plass var det oppmura eit

slags altar med ein bjørneskalle på toppen. Kan det ha vore i nærleiken av Bjønnahiet?

Mads og Kathrine hadde ei geit, slik at dei om somrane når kyrne var på stølen hadde til

fløyte i kaffien. Ein dag hadde geita kome seg inn på kjøkkenet og sto på kjøkkenbordet.

Mads treiv sopelima og skulle jage den ut. Det enda med at geita hoppa ut vindauget, og

knuste glaset. –Dinna ukjura, sette Mads i. Glas var dyrt, så tapet var stort, men feilen var vel

mest hans eigen.

Leif (fødd 1897) hadde vore i bryllaup på Lunde, og tok vegen over Tunvall heim att. Det

enda ikkje betre enn at han fall i søvn i ein eine på vegen. Petter Tunvall kom forbi

sundagsmorgonen på veg til kyrkja, og fekk sjå den sovande karen. – Går det bra, lurte han

på? Svaret er ikkje kjent, men Leif skulle heilt sikkert ikkje til kyrkje den dagen.

Leif og Jakob (fødd 1888) delte rom i 2. etasje i sperrestova. På sine gamle dagar, og etter at

det hadde kome nye eigarar på garden, fekk dei bore mat opp på loftet. Ein dag Nelly (fødd

1930) og Olav (4- 5 år) skulle bort med middagsmat skrudde dei på lyset i gangen nede, noko

som medførte at straumen gjekk pga. overbelastning. Dette var i vippa si tid, så Jakob kom ut

på gangen på loftet og ordna det slik at straumen kom tilbake. Etter den tid hadde Olav ein

fast kommentar når lyset gjekk, noko som var ganske vanleg på 60-talet. - Da e han Jakob!

På sine gamle dagar vart Jakob dement. Han brukte å bestille seg øl frå Viken i Vadheim. Ein

dag han lånte telefonen til Nelly og Odd, høyrde Nelly han seie. – Da e han Jakob.

- Send meg 12 dusin! Det hadde nok gått litt i ball for han, vanlegvis bestilte han eit dusin.

Jakob reiste ofte med bussen til Vadheim i helgane for å gå på hotellet. Ein gong medan han

venta på bussen sto han i hagen og støtta seg til hagetornen. Bussen kom, men stoppa ikkje.

Det viste seg at Jakob hadde sett seg fast i treet, og ikkje fått gitt stoppsignal. Det vart ikkje

Vadheimstur den dagen. Jakob var siste åra på Bygdeheimen, der han døydde i oktober 1970.

Då Nelly og Odd flytte heim fekk dei Mads Skagen til å lage møblar til seg. Dette var før jul,

og Leif vart sendt inn for å hente møblane. Mads hadde vel brygga til jul, og då måtte Leif

smake. Mads og Leif var like gamle og hadde gått på skulen i lag. Leif og hesten kom att med

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!