23.02.2015 Views

Månedsbladet 2-2010

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

32588 manedsbladet 2010-02:manedsbladet 01-02 2007 14/6/10 15:10 Page 16

MØTE MED EIN MILORG-MANN

Ein av “Gutta på skauen”

Roy Hallan har iført seg uniforma frå 1945.

ROY HALLAN ER 85 år og vaks opp i

Mjøndalen. No bur han i Hartley i Kent,

litt utanfor London. Her har han budd

sidan 60-talet. Trass noko høg alder er

han stadig i full vigør: I dag har han

klipt plenen, sidan han skal til Noreg eit

par veker. Sidan vi har fått vite at Roy

var ein av ”Gutta på skauen” under

krigen, har Månedsbladet kome på

vitjing for å få han til å fortelje litt om

korleis det var. Roy hugsar godt, og vil

gjerne fortelje.

-Då krigen byrja var eg 15 år og gjekk

på gymnaset i Drammen. I gymnastida

var eg ikkje særleg involvert i motstanden,

berre litt illegal avis-aktivitet.

Men i -44, då eg vart uteksaminert frå

gymnaset, fekk alle menn i 19-20-

årsalderen innkalling frå Quislingregjeringa

til ”arbeidsteneste”.

Heimefronten sende ut appell om ikkje

å møte opp, sidan ”arbeidsteneste” var

eit anna ord for opptrening av soldatar

til austfronten. Vi som nekta, og det var

mange av oss, måtte stikke av, for elles

ville vi bli arrestert.

-Dermed vart eg innrullert i Milorg, den

militære delen av heimefronten. Først

vart eg send til ein bondegard oppe ved

skogkanten. Der hjalp eg til på garden

om dagen, og om kvelden var eg nede i

bygda (Hokksund) for å bli opplært som

radiotelegrafist saman med fire andre.

Der satt vi i arbeidsrommet til ein

skreddar og øvde på å sende og motta

meldingar i morse, medan tyske

soldatar patruljerte i gata utanfor.

Skreddaren hadde vore til sjøs som

radiotelegrafist før og var flink til å lære

frå seg. Då vi var ferdige med utdanninga,

drog vi opp til ei Milorg-celle på

Holtefjell. Der var det 25 mann allereie.

Den viktigaste oppgava for oss alle der

var å ta imot flyslepp med våpen i fallskjerm,

og nokre gonger offiserar frå

England også. Utstyret vart lagra på

hemmelege stader for seinare bruk av

alle Milorg-avdelingar i bygda.

Radiotelegrafi brukte vi minst mogleg

fordi tyskarane kunne peile seg inn til

kvar vi var. Vi prøvde og fikk god kontakt

med distrikssjefen sine sambandsfolk

i Drammen. I praksis vart radiotelegrafi

hovudsakleg brukt som peiling

for fly som kom med slepp til oss.

ROY ER EIN beskjeden mann, og ynskjer

ikkje å framheve sin eigen innsats under

krigen. Han løyste aldri eit skot mot ein

tyskar, og deltok ikkje i store, kjende

aksjonar. Men det var jo litt dramatisk

av og til likevel.

-Flysleppa kom alltid i tida rundt

fullmåne, for då var det lettare for

flygaren å finne vår slepplass. Då sat eg

på ein vel 700 meter høg fjelltopp og

sende eit avtalt morsesignal heile natta

til britiske fly. Flygaren kunne peile seg

inn på signalet og derfor lettare finne

vår slepplass. Det var jo litt risikabelt,

for tyskarane visste om det som gjekk

føre seg, men ikkje kvar, og dei kunne

også peile seg inn på oss. Oftast gjekk

det heilt fint, men tungt arbeid var det å

bære tonnevis med utstyr gjennom

skogen til gøymeplassane. I dei siste tre

månadane av krigen fekk vi nok våpen

til alle Milorg-avdelingar i vårt område.

-Ei natt fann tyskarane slepplassen vår,

og i staden for våpen kom det tyske

soldatar ned i fallskjerm. Dei byrja å

skyte allereie før dei tok bakken. Våre

folk trakk seg unna; på den tida hadde vi

ordre om å unngå kamp om det var

mogleg. Ein av våre karar vart treft av ei

kule. Han blei i løyndom boren ned til

bygda og send til Drammen sjukehus.

Der blei han operert for ”blindtarmbetennelse”.

Og kom over det.

-Korleis visste de at det skulle kome fly?

-Vi høyrde på nyhenda på norsk på BBC

kvar kveld. På slutten av sendinga kom

det ofte meldingar i kode. Vår kode var:

”Filosofen bygger hus.” Då visste vi at

det var planlagd ei ny sending til oss.

Den kom ikkje alltid. Det kunne vere

mange grunnar for det: Var flyet skote

ned av tyskarane? Hadde det ikkje funne

slepplassen vår? Eller hadde det kanskje

ikkje starta frå England? Andre meldingar

forstod vi ikkje, for dei var til andre

avdelingar.

-Kor mange var de eigentleg i Milorg?

-I Eiker, som var ei avdeling under

Drammen, var vi rundt 450 då krigen

slutta. I heile landet har eg lese at vi var

om lag 40 000 norske soldatar.

Tyskarane hadde om lag 300 000 mann i

Noreg. Vinteren -44/-45 hadde vi tru og

von om at tyskarane kom til å gje seg

fredeleg, men vi visste ikkje om det

kom til å bli motstand når vi skulle ta

over. Derfor var det viktig med våpen,

utstyr og trening. Milorg var i mi tid

med dei gode til å halde ting hemmeleg:

Vi måtte aldri vite meir enn det som var

naudsynt for å gjere vår eigen jobb. Eg

visste til dømes ikkje at far min var

ansvarleg for matforsyningar til min leir,

og han visste ikkje at eg var der.

-VI HADDE lenge von om å få uniformer.

Ei natt vi hadde fått eit dropp

kom ein av karane attende til leiren med

ein bunt: ”Her er uniformane våre”, sa

han. Det var ein bunt med armbind med

norsk flagg på. Det fekk greie seg.

-Og så kom kapitulasjonen 8. mai -45.

Kva gjorde de då?

-Milorg og Sivorg (=sivilorganisasjon)

hadde jo lagt planar for dette. Heldigvis

gjekk det fredeleg for seg. Vi i Milorg

hadde ansvar for ro og orden, planane

var klare for innsetting av ordførarar,

lensmenn og så vidare, og tyskarane

overga seg til våre offiserar. Vi arresterte

også mange norske nazistar. Dei mest

aktive fekk fengselstraff, nokre få fekk

dødsstraff, som kjent.

-Fekk du noko løn for strevet?

-Nei, smiler Roy, -dette var typisk norsk

dugnad. Vi tenkte aldri på løn. Eg var

heldig som aldri var i direkte kamphandlingar,

og er glad for å ha gjort min

innsats for fedrelandet.

■ Paul Kristian Steiro

16

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!