05.02.2015 Views

norsk - Visit Sunnhordland

norsk - Visit Sunnhordland

norsk - Visit Sunnhordland

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Fiske og jakt

Sunnhordland er eit eldorado for dei som ønskjer å

hauste av dei gåver naturen gir. I uminnelege tider

har folk valfarta til området for å freiste fiskelukka på

sjøen, i elvar og fiskevatn. I dei seinare år har og jakt

kome meir og meir i fokus. Her er absolutt noko for

ein kvar smak!

Hav & Fjordfiske

I ytste del av regionen møtar ein

det opne havet. Havet formeleg

bognar av fisk. Fleire stader er det

tilbod om å gå ut med kjentfolk

for å fanga storfisken. Sjølvsagt er

det mogeleg å fiska frå land og.

Innover i fjordane er det også ein

rad med gode fiskeplassar både

frå land og båt.

Elvefiske

I Sunnhordland finn ein nokre av

dei beste lakse- og aureelvane i

landet. Mest kjend er nok Etneelva,

men og andre stader i regionen

finst det elvar med sers gode

fangstrapportar dei siste åra. Det å

freista å dra storlaksen i eit unikt

kulturlandskap, er ei oppleving i

seg sjølv.

Innlandsvatn

I Sunnhordland finst det hundrevis

av innlandsvatn. Desse ligg både i

låglandet og på høgfjellet. Mange

av desse er sers fiskerike og det

er heilt spesiell stemning å fiske

i desse vatna. Kvaliteten på fisken

er sers god og tenk å nyta eit

herleg fiskemåltid i fjellheimen

medan sola går ned i havet.

Jakt

Sunnhordland er mellom anna

sers rik på hjort. Kvinnherad vert

rekna som landets største hjortekommune

og dei siste åra tilbyr

også fleire av valda tilreisande

å ta del i jakta. Hjort vert det

og jakta i andre kommunar i

Sunnhordland og det er også opna

opp for jakt på andre dyr.

Informasjon

Friluftsrådet Vest har gitt ut ein

eigen falder om fiske i kommunane

Sveio, Etne, Stord, Fitjar og Bømlo.

Elles vil turistinformasjonane

i Sunnhordland kunne gje god

informasjon om jakt og fiske i

heile regionen.

16 www.visitsunnhordland.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!