05.02.2015 Views

norsk - Visit Sunnhordland

norsk - Visit Sunnhordland

norsk - Visit Sunnhordland

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Utsikt frå Sandvoll, Kvinnherad

Leirvik er eit fint utgangspunkt

for å starte sykkelturen, anten du

ønskjer å oppleva skjergard, fjell

eller fjord. Ein variert og lettsykla

tur får du om du tek turen innover

fjorden til Baronibygda Rosendal.

Frå Rosendal kan ein sykla over

fjellet til Sunnhordlandsperla

Skånevik (og vidare til Etne) eller

over øya Tysnes til Bergen eller

Leirvik. På øya Tysnes er vegane

gjennomgåande smale, men det

er stort sett roleg trafikk. Tysnes

kan syklast både rundt og på tvers

og det er enkelt å komme seg

vidare til Bergen.

Øykommunane Bømlo, Stord/

Fitjar og Austevoll har mange

vegar og eit landskap prega av

vekslande og småskala typografi.

Her er det mange trivelege små

samfunn som er verdt eit besøk –

Mosterhamn, Espevær, Langevåg,

Brandasund, Hiskjo for å nemne

nokre. Om ein startar på Bømlo

er det fint å sykle vidare over

trekantsambandet til Stord, Fitjar

og Austevoll. Øyene i Austevoll er

knytta saman med mange bruer.

Frå Austevoll er det enkelt å koma

seg vidare til Bergen eller tilbake

til Leirvik.

Nordsjøsykkelruta (North Sea Cycle

Route) er verdas lengste sykkelrute

med 6000 km rundt heile

Nordsjøen. Gjennom Sunnhordland

går ruta i kystlandskap gjennom

kommunane Fitjar, Stord, Bømlo

og Sveio. Med utgangspunkt i

Nordsjøsykkelruta kan du lett

komme deg ut skjergarden eller

inn i fjordriket i Sunnhordland

(www.northsea-cycle.com).

Undervegs på sykkelturen er det

mange opplevingstilbod og eit

godt servicetilbod. Fleire hotell og

gjestgiveri har tilrettelagde fasilitetar,

spesielt for sykkelturistar. I

sesongen er det lurt å tinga plass

på førehand.

”På sykkel i Sunnhordland” gjev

ein god ruteskildring over dei

ulike sykkelturane med dagsetappane

og servicetilbod. Brosjyra er

tilgjengeleg på turistkontora

eller den kan bestillast på

www.visitsunnhordland.no.

Med ønskje om ein fin sykkeltur!

www.visitsunnhordland.no 13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!