27.01.2015 Views

IKON - Atrium

IKON - Atrium

IKON - Atrium

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

på det visuelle i ein slik utstillingssamanheng.

Ho kjem straks i møte marerittforestillinga

om korleis ei slik utstilling

kunne ha blitt – til dømes ved å utelukkande

montere skjermbilete på veggane

som måleri:

– Vi har på ein måte «tatt ein Duchamps»

ved å montere screenshots frå spel

på aluminiumsplater i ein klassisk kunstgalleri-setting,

ein såkalt «white cube»,

seier ho.

Skjermbileta som heng kontekstlause

på dei kvite veggane i dette galleriet-i-galleriet

understrekar nettopp kor kunstig

det eigentleg er å fryse eitt bilete av ei i

høgste grad bevegeleg kunstform og sette

det inn i «kunstinstitusjonen». Poenget

vert ytterlegare understreka av den feite

gullfarga ramma som er plassert over ein

skjerm som viser bilete frå ulike nordiske

spel rett utanfor denne «kuben». Humoren

og den forholdsvis søte provokasjonen

i dette er tydeleg, men på spørsmål

om nokon faktisk har blitt provosert av

idéen om dataspel som kunst (eller som

statiske bilete) må Skarprud innrømme at

dei sterkaste protestane nok har uteblitt.

Utdatert diskusjon

Kan hende tyder dette på at diskusjonen

om digitale spel er kunst eller ikkje, er

eit tilbakelagt stadie I intervjuet «Frankensteins

skjønnhet» frå utstillingskatalogen,

svarar den danske speljournalisten

Thomas Vigild følgjande: «Det avhenger

sjølvsagt av korleis du definerer kunst

– meir eigna spørsmål er: korleis er

spel kunst Korleis kan spel som kunstform

kommunisere totalt ulike erfaringer

samanlikna med ‘ikkje-interaktiv’

kunst»

Dei fleste vil nok her framheve

sjølve spelinga og spelet sine mekanismar

(«gameplay»), og vil hevde at det er

her den reelle estetiske opplevinga av

spelet ligg. Fredrik Sundt Breien, direktør

og produsent i Bergensbaserte Turbo

Tape Games, meiner spel som ei kombinert

kunstform kan ta opp i seg element

frå andre kunstformer, som film, musikk,

animasjon, biletkunst og liknande, men

ikkje utmerkar seg på nokre av desse

områda – særpreget til eit spel ligg uansett

i den interaktive involveringa av spelaren,

skriv han i artikkelen «Dataspill og

hagleestetikk».

Som svar på den langvarige debatten

Plastskog

Hovudrommet i utstillinga er utforma som ei spelverd i komplementærfargar, inspirert av

spel frå The Path til Super Mario og Drømmefall.

i spelverda om kvar ein bør leggje hovudvekta

– på grafikk eller spillbarhet, vil ein

vel i ei ideell verd svare som Ole Brumm:

ja takk, begge deler. Likevel er det klart at

vektlegginga av enkeltkomponentane vil

variere frå spel til spel.

Stiar, trestubbar og

onde svampar

I utstillinga på Permanenten er det

sjølvsagt mindre involvering av tilskodaren

enn om han hadde sete heime og

spelt, då hovudfokus er på bilete – anten

vist på digital skjerm, eller trykt opp på

plater og lerret, i tillegg til ein liten kinosal

som viser speltrailarar. Likevel har

utstillinga gjort forsøk på interaktivitet,

i form av spelstasjonar der ein kan spele

det svært enkle Pensel Pelle (utvikla av

Turbo Tape Games). I spelet styrer du ein

30

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!