samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
- No tags were found...
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
1.0 Innleiing Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

noko av målsettinga med denne rapporten er å identifisere desse slik at ei eventuell utbygging

kan tilpassast etter dei ulike interessene. Val av tema er gjort ut frå kva som er vanleg å

diskutere/omtale i ein vanleg søknad om konsesjon knytt til vassdrag (biologisk mangfald,

kulturminne osv.) i tillegg til konkrete tema som er viktige for Sogndal kommune (turisme,

sysselsetting osv.)

Økonomisk/teknisk vurdering

Ei hovudmålsetting med rapporten er å vise kva ressursar som finns i Fjærland. Med utviklinga

som har vore innan teknologi og økonomi, har mange ”små bekkar” vorte potensielle

inntektskjelde. Rapporten skal vise verdiskapingspotensialet i dei ulike småkraftprosjekta i

Fjærland og kostnadsrammene som er knytt til realisering av dette potensialet.

Infrastruktur

Kraftlinja inn til Fjærland er i dag full og skal det produserast meir straum for sal, må det ein ny

og større kraftlinje inn i området. Sognekraft jobbar sommaren 2006 med å lage ein konsesjonssøknad

for ny 132kV linje til Fjærlandsfjorden. Straumen fram til 132kV linja skal overførast med

22kV linje og behovet for 22kV linje varierar frå prosjekt til prosjekt. Koordinering og felles

planlegging kan redusere kostnadar og inngrep med slike linjer. Anleggsveger er og kostbare

inngrep som enten vil vere synleg permanent eller midlertidig.

Biologisk mangfald

Det er ei nasjonal målsetting at det biologiske mangfaldet ikkje skal reduserast meir. Det mest

konkrete i den samanheng er den norske raudlista som er ei liste som viser sjeldne, sårbare og

direkte trua artar i Noreg. Desse er ofte knytt til spesielle naturtypar. Omsyn til dei trua

naturtypane er viktig, og identifisering av desse kan gjere at ein kan ta omsyn til dei under

planlegging av utbyggingar. INON (>1km frå større tekniske inngrep) kan vere ein indikator på

kontinuitetssamfunn, noko som gjev auka biologisk mangfald. Omsynet til naturtypar og

raudlisteartar må også sjåast i ein større samanheng. Sumeffektane av fleire utbyggingar kan

verte store for det biologiske mangfaldet.

Landskap

Den norske vestlandsnaturen med fjord og fjell er internasjonalt kjend og viktigheita vart

stadfesta i 2006 då UNESCO førte opp Nærøyfjorden og Geirangerfjorden som verdsarvområde

for natur og kultur. I Fjærland har ein i tillegg til fjordlandskapet mange mektige fjell og brelandskap.

Avstanden til større tekniske inngrep er og eit mål for kor stor grad naturen er ”urørd”.

Ein har ei nasjonal målsetting om at ein skal i størst mogleg grad skal ta vare på natur som ligg

meir enn 1 km frå større tekniske inngrep, såkalla INON-område. Vassdragsnaturen er eit viktig

element i landskapsbiletet frå mektige ”turistfossar” til ”kvardagsfossane” som fjærlendingane

har utanfor kjøkenglaset. Vassdraga si rolle i landskapet vert drøfta for kvart delområde.

Kulturminne

Kultur vert skapt av menneske og tidlegare bruk er viktig informasjon og viktig for identifikasjonen

som fjærlending. Frå spor etter den første fjærlending til nyare bruk og utvikling bør

takast vare på. Dette er ofte konkrete objekt i naturen og kulturlandskapet, men enkelte stader

er opplevinga av heilskapen i kulturmiljøet og viktig, t.d. stølsvollar o.l.

Tradisjonelt landbruk

Fjærland er og har vore ein landbruksbygd. Mange relativt store gardar pregar bygda i dag. Dei

flate markene i dalbotn er i dag viktige for grasproduksjonen, men og brattare sider er og har

vore nytta særleg ut langs fjorden. I dag er landbruket i store endringar, men landbruket er

framleis veldig viktig for busetnad, vedlikehald av kulturlandskapet og oppleving av lokalsamfunn.

Ei kraftutbygging kan verte ei ny utmarksnæring for bønder, og t.d. anleggsvegar kan

løyse ut andre utmarksressursar som skog. Tap av vatn til dyr og til vatning av innmark og

stengselseffekten kan påverke tradisjonelt landbruk i negativ retning.

Turisme

Fjærland er ei turistbygd. Det er lange tradisjonar i området med t.d. Mundal Hotell, men etter

etableringa av Norsk Bremuseum og Bokbyen, har turismen vorte meir viktig. Kvart år kjem

kring 50 000 innom Bremuseet. Omsynet til denne næring vert viktig i vurderinga av både

enkeltvassdrag/-fossar og sumeffekten av mange utbyggingar i eit område. Utvikling av framtidig

turisme må og takast omsyn til.

5