samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
- No tags were found...
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Vedlegg

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Vedlegg D

Delområde: 1. Romøyri - Lidal

REGINE delfelt nr: 078.11, 078.120, 078.12Z, 078,1Z

Aktuelle vassdrag: Rommedøla, Breiseteelvi, Kvanndøla

Landskapsverdi:

*** Stor

Omtale av området:

Landskapsområdet omfattar dei vestvendte og regelmessig utforma fjellsidene som strekk seg frå

fjorden og opp til dei høgaste, synlege toppane på 1400 moh. Romehesten er ein sentral

fjellformasjon, godt synleg i store delar av Fjærlandsfjorden. Dette fjellet utgjer og eit skilje mellom dei

to veglause gardane Romøyri og Lidal som ligg ved utløpet av to stutte, men markert innskorne

dalføre. Vegetasjonsbiletet er einsarta og dominert av lauvskog. Opne beitebakkar og slåttemark ved

gardane. Utanom busetnaden er kraftlinja langs fjorden einaste synlege inngrep i landskapet. Linja er

ikkje dominerande, men rydding av vegetasjon langs linja gjer den likevel godt synleg. Nær Lidal er

det eit fjordspenn over til Rauboti .

Landskapet i ytre delar av Fjærlandsfjorden er utan vegsamband og eit av få område i Sogn der ein

finn villmarksprega område heilt ned til fjøresteinane (sør for Romøyri). Delområdet har alt areal i

inngrepsfri sone, og heile 18% av arealet er karakterisert som villmarksprega.

Vatn som landskapselement:

Vatn er lite synleg i fjellsidene, utanom øvre delar av Romedøla som er eksponert mot fjorden på

avstand . Elveutløpet er synleg og eit viktig rørsleelement når ein passerar garden. Det same gjeld

elveutløpet i Lidal.

Landskapsrom og synlegheit:

Det smale fjordlaupet skapar sterk romkjensle for den som ferdast med båt på fjorden. Dalføra ved

Rømøyri og Lidal utgjer markerte romlege innhogg i dei regelmessig utforma og bratte fjordsidene.

Delar av desse landskapsromma er lite visuelt synlege frå fjorden, men er viktige for variasjonen i

landskapsbiletet. Dalinnhogga gjev og visuell kontakt mot fjelltoppane lenger bak.

Inngrepsstatus (INON) i delområdet:

Villmarksprega område (> 5 km frå inngrep) 18%

Inngrepsfri sone 1 ( 3-5 km frå inngrep) 60%

Inngrepsfri sone 2 (1-3 km frå inngrep) 22%

Inngrepsnære område (< 1 km frå inngrep) 0%

Landskapskarakter:

Mangfald: Området har ein relativt einsarta landskapsmessig utforming med regelmessig,

samanhengande og skogkledde fjellsider. Busetnad og dalføra ved Lidal og Romøyri skapar variasjon

og kontrast.

Inntrykksstyrke: Opplevinga av eit veglaust fjordlandskap utan andre større inngrep, og med utsyn

mot brekappa på Jostedalsbreen i nord, høyrer til dei verkeleg store landskapsopplevingane i

nasjonal samanheng. Den tradisjonelle busetnaden i Lidal og Romøyri aukar opplevingsverdien.

Heilskap: Ytre del av Fjærlandsfjorden har eit framtredande naturleg fjordpreg der busetnad og andre

tiltak er innordna heilskapen.

Landskapsklassifisering: A1

72