samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
- No tags were found...
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
5.0 Samla vurdringar

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Sluttkommentar:

Fjærlandsfjorden og Fjærland er eit internasjonalt kjend reisemål. Landskapet har stor

opplevingsverdi og høyrer til blant dei fremste natur- og kulturlandskapsområda i regionen.

Landskapet i Fjærland er rikt på rennande vatn, både mindre bekkar og elver som renn ned

bratte fjellsider, samlande elvar frå sidedalføre og hovudelvene som fører med seg rikeleg med

smeltevatn frå bremassiva gjennom heile sommarsesongen. Vatnet er eit av dei karakteristiske

landskapselementa som er med å gje Fjærland sin identitet og særpreg.

Ved vurdering av føreliggjande aktuelle utbyggingsprosjekt i Fjærland, vil det vere størst

konfliktpotensial knytt til prosjekt i ytre del av Fjærlandsfjorden (Romøyri og Lidal), samt 2

elveprosjekt inst i Supphelleelvi.

Friluftsliv

Som omtala tidlegare er friluftsliv mange aktivitetar som i ulik grad vert påverka av tekniske

inngrep. Tilrettelagde aktivitetar har eit avgrensa areal som kan omgås, mens aktivitetar knytt til

naturopplevingar vil påverkast av nye tekniske inngrep.

Langs Fjærlandsfjorden er det i dag relativt lite friluftsaktivitet. Det er nokre trimpostar, men elles

er det få som nyttar turstiane oppe i fjella. Det må likevel tas med at noko av friluftskvaliteten i

dette område, er at det er lite tilrettelagt og få folk i området. Det vert viktig at tiltak i dette

område vert gjort skånsamt slik at særeigenskapen i området vert teke vare på. Tilpassing av

anleggsvegar, bygg og tekniske installasjonar til terrenget og vegetasjon vil redusere

påverknaden.

I indre Fjærland bur det meir folk og det er fleire turmoglegheiter i nærområde. Særleg turstiane

opp til stølane er mykje nytta. Fleire av prosjekta vil gå i nærleiken av desse stiane og det er

viktig at det vert teke omsyn til denne bruken. I Supphelledalen går den einaste DNT-merka ruta

i Fjærland og prosjekta her vil gå parallelt med denne stien.

Turisme

Tursimen i Fjærland har vorte viktig og er basert på ein storslagen og kontrastfullt natur. Eit

element i denne opplevinga er kulturlandskapet og busetnaden i denne storslegne naturen. Det

er då den tradisjonelle landbrukskulturen som gjer dimensjonen og ikkje større tekniske anlegg.

Sikring av busetnad og oppretthalding av kulturlandskapet er positivt for turismen, men dei

tekniske inngrepa må gjerast skånsamt og tilpassast topografi og vegetasjon.

Langs Fjærlandsfjorden er det båttrafikken som er viktigast. Grunnen til at turistane tek denne

båtturen er den storslagne naturen og det er særs viktig at inntak og anleggsvegar i minst

mogleg grad vert synleg og dominerande. Plassering i terrenget og revegetering vert viktig.

Stasjonsbygg må tilpassast lokal byggeskikk.

I indre Fjærland er det fleire element som påverkar turistopplevinga. Med bilveg og intenst

kulturlandskap, vert nye tekniske inngrep mindre framtredande. Likevel er det viktig at tiltak opp i

skogbeltet vert tilpassa terreng og vegetasjon. Særleg omsyn må tas i område rundt dei store

turistattraksjonane; Bremuseet, Bøyabreen og Supphellebreen.

67