samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
- No tags were found...
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
1.0 Innleiing Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

1.0 INNLEIING

1.1 Bakgrunn

Fjærland ligg nordvest i Sogndal kommune og er eit typisk område for Vestlandet med høge

fjell, brear, dalar og fjordar. Dette er eit område som turistar kjem for å oppleve frå heile verda

og ein del av identiteten til fjærlendingane. Det er og eit område med store vasskraftressursar

som i liten grad er realisert.

Det var tidleg kraftproduksjon i Fjærland. Allereie i 1915 vart det opna eit kraftverk i

Horpedalselvi, men det vart lagt ned i 1958. Krafta i Fjærland vart ikkje ein del av dei større

utbyggingane i etterkrigstida, men i 2003 starta Horpedal Kraftverk starta produksjon (2 MW

installasjon og kring 10 GWh produksjon). Dette kraftverket vart tilpassa linjekapasiteten som er

i dag og det gjer at det ikkje er plass til meir produksjon som skal førast ut på kraftnettet for sal.

I 2003 gjennomførde NVE ei landsomfattande kartlegging av potensialet for små kraftverk.

Hydrologiske og topografiske data vart nytta til å rekne ut produksjonspotensialet og

standardkostnadar vart nytta til å berekne utbyggingskostnadar. I denne kartlegginga hadde

Fjærland (fjorden og indre del til saman) 30 prosjekt (inkludert dei fem i Fjærlandsfjorden som er

omsøkt) med ein spesifikk utbyggingspris på under 3 kr/kWh. Ein del av kostnadane knytt til

denne kartlegginga er ikkje reelle i dag og fleire av prosjekta er slegne saman til dei som er

skildra i denne rapporten. NVE si kartlegging berekna potensialet til å vere kring 250 GWh,

mens prosjekta som er omtala i denne rapporten har eit berekna potensiale på kring 230 GWh.

I 2004 inngjekk fallrettseigarane i fem vassdrag langs Fjærlandsfjorden avtale med Småkraft AS

om leige av fallrettane. Då konsesjonssøknadane kom for dei fem kraftverka samt linjetilknyting,

gjekk Sogndal kommune inn for å få ei samla vurdering av småkraftprosjekta i heile Fjærland,

inkludert indre delar. Denne rapporten skal gje ei oversikt over potensialet, linjealternativ og

konfliktnivå samla og kvar for seg. Småkraft AS og Sognekraft AS (intensjonsavtale med

fallrettseigarane i indre Fjærland) er med på finansieringa av rapporten og har lagt til rette med

bakgrunnsdata.

1.2 Oppbygging og bruk av rapporten for samla vurdering av

potensialet for små kraftverk i Fjærland

Denne fagrapporten skal gje eit perspektiv frå område Fjærland som heilskap ned mot dei

enkelte potensielle prosjekta.

Fjærland → Delområde → Prosjekt

På den måten vil ein kunne gje eit mest mogleg nyansert og heilskapleg bilete av effektane på

Fjærland ved dei skisserte prosjekta. Einskilde tema gjeld heile Fjærland under eitt, andre tema

omfattar det ein ser i det daglege livet (delområde), mens andre tema att gjeld berre sjølve

elvestrengen i det einskilde prosjekt. Rapporten seier noko om konfliktgraden og tilpassing av

prosjektet kan ta omsyn til det og redusere konfliktgraden, noko som må vurderast i kvart tilfelle.

Rapporten har fokus på dei identifiserte 17 prosjekta, men skal og gje eit best mogleg oversyn

over dei ulike elvane i Fjærland slik at ein kan sjå kva som eventuelt ikkje vert bygd ut. Dermed

kan ein sjå kva andre friluftsområde er det i Fjærland eller kva fossar som ikkje vert utbygd. Ved

å gje eit mest mogleg heilskapleg bilete, vil den einskilde utbyggar kunne tilpasse det konkrete

prosjektet etter venta konfliktar og politikarane vil kunne vurdere prosjekt mot kvarandre og

planlegge ut frå eit samla bilete.

Målsettinga er at rapporten skal vise moglegheitene i Fjærland, utfordringane som må

løysast for å realisere desse moglegheitene og andre interesser som kan verte råka.

Denne rapporten skal vere grunnlag for kommunen sine politiske prioriteringar. Saman med dei

politiske prioriteringane vert denne rapporten vere retningsgjevande for kommunen sin

sakshandsaming av vasskraftsaker i området. Rapporten er derfor ikkje ein verneplan som skal

gje grunnlag for bandlegging av areal. Vurderingane i denne rapporten er basert på dagens

situasjon, men økonomiske og teknologiske endringar skjer raskt og nye og alternative prosjekt

1