samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
- No tags were found...
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
2.0 Fjærland Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Vatn som element i landskapsbilete og landskapsopplevinga

I eit fjell – og brelandskap vil rennande vatn vere eit naturleg og karakteristisk innslag i

landskapet. Samla sett vil det difor vere viktig for opplevingsverdien av området. Omfanget av

bekker og småelvar med rennande, reint vatn er eit særtrekk ved (vest)norske fjell, i

samanlikning med mange andre fjellområde i Europa.

Breane vil syte for stor vassføring i ei rekkje store og mindre elvar i heile utgreiingsområdet.

Supphellelvi og Bøyaelvi er dei mest vassrike, men vil opplevingsmessig ikkje vere så

framtredande i dei nedre , kanaliserte partia mot fjorden. Andre elvar frå sidedalføra, som

Mundalselvi, Jordalselvi, Romedøla, Bergselvi, Horpedøla, Tverrdalselvi, vil og ha ei vassføring

gjennom sommaren som gjer dei til markerte landskapselement. Ofte vil delar av

elvestrekningane vere lite eksponert frå allmenne ferdsleårar, grunna terrengformer (t.d.

hengedaler), men høgare parti og område nær utløp til fjord eller hovudelv vil ha ein viktig

landskapsmessig funksjon.

Ein finn og ei rekkje mindre bekker og fingreina elvestrenger som normalt ikkje har særskild stor

vassføring, men som likevel har stor visuell verdi i landskapet. Vassføringa i slike bekker vil vere

stor i periodar på vår-forsommar med mykje snøsmelting og elles i nedbørrike periodar. Av slike

område kan nemnast fjellsida ved Teigen i ytre del av Fjærlandsfjorden og ved Distad lenger

inn. Inst i Tverrdalen og indre delar av Bøyadalen har og rike forgreiningar av bekkeløp. Ved

Mikjelstølen, eit stykke inn i Suphelledalen finn ein og fleire markeret side bekkar i dalsida.

Det er elles eit særtrekk at vestsida av Fjærlandsfjorden har meir eksponerte vassdrag og

bekkeløp enn austsida.

Viktige vassdrag som ikkje er planlagt utbygd er elles kommentert i omtalen av kvart delområde.

Urørte naturområde

Innanfor utgreiingsområdet er alle klassar av urørt landskap representert. 2/3-delar av

landskapet innanfor delområda ligg meir enn 1 km frå større tekniske inngrep, i fylgje

Direktoratet for Naturforvalting (INON-base). Ved Romøyri er det eit område med villmarksprega

natur (meir enn 5 km frå inngrep) som strekk seg heilt ned til sjøen.

2.2.2 Inndeling i og vurdering av delområde

Samanstilling av REGINE einingar til delområde.

Innanfor utgreiingsområdet i Fjærland er det i alt 28 REGINE einingar. Sidenedbørfelta er slått

saman til 6 delområde. Vi har kome fram til denne inndelinga ved hjelp å slå saman REGINE

einingar på ein slik måte at i hovudregelen har eit delområde same vassdragsnummer og første

bokstav eller tal, eks Romøyri - Lidal består av REGINE einingar innanfor 078.1 (078.11,

078.120, 078.12Z, 078,1Z).

Unntak:

For delområda 3,5 og 6 er det gjort tilpassingar i forhold til REGINE einingane av

landskapsmessige omsyn. Dette er gjort ved at REGINE einingane først er slått saman opp til eit

nivå og så delt i tre område. Dette kjem fram av tabellen under

Der dei einskaplege delområda, basert på romleg/visuell avgrensing avvik frå REGINE delfelt

systemet, vert dei romlege vurderingane tilpassa delfelta. Det visar seg å vere stor grad av

samsvar mellom dei to måtane å dele inn landskapet på. Det inneber mellom anna at dei

delfelta som er skildra, oppfattast som einskaplege.

Tabell 2: Inndeling av vurderte nedbørfelt i forhold til identifiserte landskapsområde

Nr: Namn Tal delfelt Regine nummer

1 Romøyri – Lidal 4 078.11, 078.120, 078.12Z, 078,1Z

2 Jordal – Rauboti 11

078.40, 078.4A, 078.4B10, 078.4B1A, 078.4B1B,

078.4B20, 078.4B2A, 078.4B2B, 078.4B3, 078.4B4,

078.4C, 078..32

3 Berge 2 078.21, 078.21Z,

4 Mundal 3 078.31, 078.3Z

5 Supphelledalen 4 078.2AZ, 078.2A10, 078.2A1Z, 078.2A3

6 Bøyadalen 4 078.2A2, 078.2A4, 078.2B, 078.22

11