samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk
- No tags were found...
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
1.0 Innleiing Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

detaljeringsgrad avgrensa av nedbørfelt. Omfanget av Regine-sidenedbørfelt er stort. Det er

difor føreteke ei samanslåing av nedbørfelt på delområdenivå.

Innanfor utgreiingsområdet er det i alt 28 REGINE delfelt-einingar. I vassdrag med eksisterande

kraftutbygging og andre terrenginngrep kan sidenedbørfelta vere særs mange og små. For å

kunne gjennomføre vurderingane på ein tenleg måte, er sidenedbørfelta slått saman til 6

delområde. Vi har kome fram til denne inndelinga ved hjelp å slå saman REGINE einingar på

ein slik måte at i hovudregelen har eit delområde same vassdragsnummer og første bokstav

eller tal.

Vassdrag.

Det er synfart 19 elvar, knytt til i alt 17 potensielle utbyggingsprosjekt i Fjærland.

Kriteria for evaluering av landskapsverdiar

Metodegrunnlaget som er nytta i landskapsvurderingane er henta frå NIJOS sitt

evalueringssystem knytt til romleg landskapskartlegging. Metodikken bygger på identifikasjon av

arealeiningar (delområde) som kan skillast frå kvarandre ut frå romlege eigenskapar og

samspelet mellom naturgjevne og kulturskapte faktorar, slik dei trer fram i landskapet.

For kvart delområde (samansett av REGINE-delfelt) vert det gjort ei vurdering av verdiar og

kvalitative eigenskapar (landskapskarakter) Vurderingane bygger på metodikk utvikla ved

NIJOS og Institutt for landskapsplanlegging, Ås (US Forest Service 1974, Nordisk Ministerråd

1987, NIJOS 1997). Fylgjande kriterium vert nytta:

Heilskap eller samsvar:

• Dette vil vere eit samlande uttrykk for i kva grad dei ulike landskapskomponentane dannar

ein harmonisk samanheng. Dette omfattar og kontinuitet over tid i bruk av landskapet.

Variasjon eller mangfald:

• Uttrykker omfanget av element og uttrykk i landskapsbiletet. Stor variasjon vil vere

opplevingsmessig positivt dersom dei vert oppfatta å ha ein indre samanheng, ein visuell og

økologisk orden.

Intensitet eller inntrykksstyrke:

• Kontrastverknader i landskapet, einskilde natur- eller kulturelement som utmerkar seg på

ein positiv måte. Særskilde klimatiske tilhøve vil og kunne gje stor inntrykksstyrke.

Urørtheit:

• Oppleving av stille, ro og urørt natur vil ha ein viktig funksjon i eit landskap. Denne

vurderinga er gjort på grunnlag av inngrepsfridom etter klassifikasjon føreteke av

Direktoratet for Naturforvalting, slik det er framstilt i kartform (INON).

Inngrepsfrie naturområde er definert som område som ligg meir enn 1 km frå tyngre

tekniske inngrep. Det vert nytta 4 sonar, der fordelinga på kvar sone er oppgjeve i prosent.:

- Inngrepsnære område Mindre enn ein km frå tyngre tekniske inngrep

- Inngrepsfri sone 2 1-3 km frå tyngre tekniske inngrep

- Inngrepsfri sone 1 3-5 km frå tyngre tekniske inngrep

- Villmarksprega område. Meir enn 5 km frå tyngre tekniske inngrep

I oppstillinga av fordeling på ulike inngrepsklassar er berre landareal rekna med.

Det er verd å merke seg at i et landskap med store topografiske variasjonar, vil eit inngrep i ein

lågareliggjande dal ikkje automatisk føre til reell påverknad på villmarkspreget i eit høgfjellsplatå,

sjølv om avstanden målt på kart vil vere under grenseverdiane som ein tek utgangspunkt i. I

vurderinga av konfliktpotensial knytt til utbygging av vassdraga, er dette teke omsyn til.

7