Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

98 supinumsformer på -d(d), ingen har brukt -t(t)-endinga, medan tre bruker både -d og -t. Vurdering a) Talemålsutbreiinga. Formene på -d dominerer. b) Skriftleg bruk. Begge formene er mykje brukte. c) Den indre bygnaden. Dette representerer to ulike system som i lengre tid har vore godkjende innanfor nynorsknorma. Typologisk og historisk representerer d-formene ein overgang til eit system med mindre klår adjektivisk bøying, dvs. samsvarbøying, av svake partisipp. d) Ordgruppe. Gruppa viser til stammeutgangen, som altså er gruppekjennemerket. e) Som identitetsuttrykk. Klassisk nynorsk held nok på -t-endinga, men elles har er -dendinga vorte nokså "nøytral" i dag. f) Nytt Denne valfridomen har nynorsken hatt i lang tid. Konklusjon I målføra er -d nokså dominerande, men det er òg godt grunnlag for -t. Det er skrifttradisjon for begge formene. Ei endring her ville truleg skapa mange problem for språkbrukarane som er vane med å kunna følgja dialektsystemet sitt. 2.2.4.g Valfri a-bøying, e-bøying og blanda bøying i verb med tidlegare val mellom e- og a-bøying (typen brukar/bruker–bruka/brukte) Status i dag I læreboknormalen kan ein i dag velja mellom e-bøying og a-bøying av ein del verb. Som klammeform (men nemnt berre i føreordet i ordlister), dvs. utanfor verkeområdet til læreboknormalen, har ein i desse verba kunna bruka såkalla blanda bøying, dvs. bøyingsmønsteret brukar – brukte. Framlegg I verb som ein fører opp med både a- og e-bøying i ordlistene, treng ein ikkje konsekvent halda seg til den eine eller andre bøyingsmåten i alle bøyingsformene av same verbet. Normhistorikk 1917-innstillinga skreiv at landsmålet burde godkjenna valfri bøying av alle verb av

99 denne typen med stamme som endar på éin konsonant: Verb som på denne måten skifter ut -a i pret. med -te, bør også skifte ut -ar i pres. med -er, enda om det er så at “i nutid er bøiningen med -er ikke gjennomført i disse verber i de bygdemaal som har faat -te(-de) i fortid. (Indst. 1917, s. 67) I Tilråding om ny rettskriving 1935 blir det peikt på at fortidsendinga -te i svake verb vinn meir og meir fram i begge målformene. På grunnlag av denne utviklinga føreslår nemnda å gjera -te obligatorisk i verb som ake, bake, bruke, knuse, koke, like, rope, rose, ruse, skape, smake, stole og tine. Men Tilleggstilråding om ny rettskrivning 1936 legg til at i så fall må endinga -ar likevel vera tillaten i presens av desse verba, då denne endinga “synes å stå mye sterkere i mange bygdemål enn -er”. (S. 11) Det vart valfritt preteritum ved verb som bruka/brukte, koka/kokte, skapa/skapte. Ny læreboknormal 1959 skriv om verb med bryting mellom a- og e-klassen: Frå 1938 har vi hatt ei gruppe linne verb som i preteritum kunne ha skifte mellom -a og -de/-te og tilsvarande -a eller -d/-t i preteritum partisipp, men i presens skulle desse verba alltid ha -ar. Denne blanda bøyinga går no ut. Dei verba som kan bøyast både etter a-klassa og e-klassa, får no anten a-bøying eller e-bøying fullt ut, t.d. baka – bakar – baka – baka eller baka – baker – bakte – bakt […] I skulen bør elevar ikkje få feil om dei nyttar blanda bøying i samsvar med talemålet sitt. Fagnemnda har fleire gonger drøfta denne bøyingstypen utan å koma til semje om noka ny løysing. Talemålsgrunnlag Eit spørsmål som informantane i talemålsundersøkinga frå 1999 (TALE99) vart bedne om å svara på, galdt samsvaret mellom presens- og supinumforma av verba som kan bøyast både som a- og e-verb. Utgangspunktet var verbet bruka. Når ein held utanfor dei informantane som ikkje skil mellom er- og ar-endingar i det heile i presens, blir prosentfordelinga mellom dei ymse bøyingsmåtane slik: e-bøying (er – te): 12 % a-bøying (ar-a): 25 % blanda bøying I (ar–te): 60 % blanda bøying II (er-a): 3 % Ikkje uventa er det full oppslutning om e-bøyinga i Oslo, Akershus, Hedmark, og

99

denne typen med stamme som endar på éin konsonant:

Verb som på denne måten skifter ut -a i pret. med -te, bør også skifte ut -ar i pres.

med -er, enda om det er så at “i nutid er bøiningen med -er ikke gjennomført i

disse verber i de bygdemaal som har faat -te(-de) i fortid. (Indst. 1917, s. 67)

I Tilråding om ny rettskriving 1935 blir det peikt på at fortidsendinga -te i svake verb

vinn meir og meir fram i begge målformene. På grunnlag av denne utviklinga føreslår

nemnda å gjera -te obligatorisk i verb som ake, bake, bruke, knuse, koke, like, rope,

rose, ruse, skape, smake, stole og tine. Men Tilleggstilråding om ny rettskrivning 1936

legg til at i så fall må endinga -ar likevel vera tillaten i presens av desse verba, då denne

endinga “synes å stå mye sterkere i mange bygdemål enn -er”. (S. 11) Det vart valfritt

preteritum ved verb som bruka/brukte, koka/kokte, skapa/skapte.

Ny læreboknormal 1959 skriv om verb med bryting mellom a- og e-klassen:

Frå 1938 har vi hatt ei gruppe linne verb som i preteritum kunne ha skifte

mellom -a og -de/-te og tilsvarande -a eller -d/-t i preteritum partisipp, men i

presens skulle desse verba alltid ha -ar. Denne blanda bøyinga går no ut. Dei

verba som kan bøyast både etter a-klassa og e-klassa, får no anten a-bøying

eller e-bøying fullt ut, t.d. baka – bakar – baka – baka eller

baka – baker – bakte – bakt

I skulen bør elevar ikkje få feil om dei nyttar blanda bøying i samsvar med

talemålet sitt.

Fagnemnda har fleire gonger drøfta denne bøyingstypen utan å koma til semje om noka

ny løysing.

Talemålsgrunnlag

Eit spørsmål som informantane i talemålsundersøkinga frå 1999 (TALE99) vart bedne

om å svara på, galdt samsvaret mellom presens- og supinumforma av verba som kan

bøyast både som a- og e-verb. Utgangspunktet var verbet bruka. Når ein held utanfor

dei informantane som ikkje skil mellom er- og ar-endingar i det heile i presens, blir

prosentfordelinga mellom dei ymse bøyingsmåtane slik:

e-bøying (er – te): 12 %

a-bøying (ar-a): 25 %

blanda bøying I (ar–te): 60 %

blanda bøying II (er-a): 3 %

Ikkje uventa er det full oppslutning om e-bøyinga i Oslo, Akershus, Hedmark, og

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!