25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

98

supinumsformer på -d(d), ingen har brukt -t(t)-endinga, medan tre bruker både -d og -t.

Vurdering

a) Talemålsutbreiinga. Formene på -d dominerer.

b) Skriftleg bruk. Begge formene er mykje brukte.

c) Den indre bygnaden. Dette representerer to ulike system som i lengre tid har vore

godkjende innanfor nynorsknorma. Typologisk og historisk representerer d-formene ein

overgang til eit system med mindre klår adjektivisk bøying, dvs. samsvarbøying, av

svake partisipp.

d) Ordgruppe. Gruppa viser til stammeutgangen, som altså er gruppekjennemerket.

e) Som identitetsuttrykk. Klassisk nynorsk held nok på -t-endinga, men elles har er -dendinga

vorte nokså "nøytral" i dag.

f) Nytt Denne valfridomen har nynorsken hatt i lang tid.

Konklusjon

I målføra er -d nokså dominerande, men det er òg godt grunnlag for -t. Det er

skrifttradisjon for begge formene. Ei endring her ville truleg skapa mange problem for

språkbrukarane som er vane med å kunna følgja dialektsystemet sitt.

2.2.4.g Valfri a-bøying, e-bøying og blanda bøying i verb med tidlegare val mellom

e- og a-bøying (typen brukar/bruker–bruka/brukte)

Status i dag

I læreboknormalen kan ein i dag velja mellom e-bøying og a-bøying av ein del verb.

Som klammeform (men nemnt berre i føreordet i ordlister), dvs. utanfor verkeområdet

til læreboknormalen, har ein i desse verba kunna bruka såkalla blanda bøying, dvs.

bøyingsmønsteret brukar – brukte.

Framlegg

I verb som ein fører opp med både a- og e-bøying i ordlistene, treng ein ikkje

konsekvent halda seg til den eine eller andre bøyingsmåten i alle bøyingsformene av

same verbet.

Normhistorikk

1917-innstillinga skreiv at landsmålet burde godkjenna valfri bøying av alle verb av

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!