25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

95

ta – take tek – [tar] teke – [tatt]

Framlegg

Sterke verb på utlydande trykktung vokal kan ha svakt presens og svakt perfektum

partisipp ved sida av dei sterke formene.

Normhistorikk

Kortformene i infinitiv med svakt presens som dra – drar og ta – tar kom inn som

klammeformer med 1917-rettskrivinga. Lar som hjelpeverb var jamstilt form, og ein

kunne velja frå ordboka mellom presenskortformene byr (av by), glir (av gli) og gler (av

gle) t.d., som var jamstilte med langformene. Perfektum partisippformene [dradd],

[dratt], [latt] og [tatt] kom inn i 1959, og i 1981 kom [ladd] og [tadd] med i norma som

hankjønns-/hokjønnsform ved samsvarbøying. Fleirtalsformene [ladde] og [tadde] vart

òg godkjende då.

Talemålsgrunnlag

Sterkt partisipp finst delvis på Vestlandet og i Trøndelag, svakt partisipp er einerådande

i Nord-Noreg og på stordelen av Austlandet, også vanleg på Vestlandet og i Trøndelag.

I Språkrådet si talemålsundersøking (1999) gjev 56 % av informantane opp at dei bruker

forma glidd, medan 7 % bruker glide og 17 % glede. Partisippforma glitt blir brukt av 5

%, og 5,5 % står bak glii, gliddi.

Det er i Oslo, Akershus, Østfold, Vestfold og dei tre nordlegaste fylka at forma

glidd dominerer, der er ho så å seia einerådande. Frå 55 til 64 % av informantane i dei

andre austlandsfylka pluss Aust-Agder (64 %), Møre og Romsdal (55 %) og Trøndelags-fylka

(64 %) stiller seg òg bak denne forma. Glede/glide er brukt av nær 70 % av

informantane frå Sogn og Fjordane og 45 % av dei frå Hordaland. Knappe 90 % av dei

spurde frå Rogaland sa glede, det gjorde òg 63 % frå Vest-Agder.

Skriftmålsgrunnlag

I den undersøkte forfattargruppa i 30-åra (Vikør 1995) har éin forfattar teke i bruk

formene drar, dradd (ikkje tillatne då), lar og tar, medan dei er to (Engvald Bakkan og

Lars Berg) som skriv tatt. Dei svake perfektum partisippa vart ikkje tillatne i nynorsk

(sideformstatus) før i 1959. Hjå 50-årsforfattarane er det Halldor Holsvik som bruker

drar, tar og tatt, Vegard Vigerust vekslar mellom tar og tek, og Ragnar Ulstein og

Alfred Hauge mellom drar og dreg. Hauge er elles åleine om forma dratt. Hjå 70-

årsforfattarane tek dei svake bøyingsformene til å visa seg meir. Det er fem som bruker

drar, ein vekslar mellom drar/ dreg, fire forfattarar vel forma tar, ein vekslar mellom

tar og tek, og tre bruker lar. Partisippforma tatt er teken i bruk av tre.

I denne partisipptypen finn me i Nynorsk frekvensordbok at dei sterke partisippa

blir brukte i 45,5 % av tilfella, dei svake i 54,4 %.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!