25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

94

d-ar ein ikkje uttalar.

e) Som identitetsuttrykk. Om ein skriv stod eller sto, blir det neppe oppfatta som uttrykk

for nokon regional identitet. Det fungerer heller ikkje som markering av 'det moderne' å

skriva utan sluttkonsonanten, men derimot vil tradisjonalistar halda konsekvent på stod.

f) Nytt Klammeforma [sto] går ut av norma.

Konklusjon

Formene med konsonant er godt innarbeidde i nynorsk. For bad og gav gjeld det at

konsonanten kjem fram i andre bøyingsformer. Forma stod heng saman med stande,

som det no er framlegg om å gjera til eige verb i ordbøkene (jf. punktet 2.2.4.c). Dette er

godt innarbeidde skrivemåtar som det er systemdekning for, og dermed liten grunn til å

endra. Det er heller ikkje sterke grunnar for å halda på klammeforma [sto]. Me ser heller

ikkje nokon større grunn til samordning med bokmålet på dette punktet enn elles i

norma.

2.2.4.e Sterkt og svakt presens og perfektum partisipp av sterke verb som i

infinitiv sluttar på trykktung vokal (typen dra – drege/dratt)

Status i dag

Dei sterke verba nedanfor med valfri kort- og lang-form i infinitiv har i dag både sterk

og svak form i presens og perfektum partisipp, dvs. at dei er former utan og med -r i

presens og ein- eller tostavingsform i perfektum partisipp:

Infinitiv

kortform – langform

Presens

svak – sterk form

Perfektum partisipp

svak -dd / svak -dt – sterk form

gli – glide glir – glid glidd/glidt – glide

li – lide lir – lid lidd/lidt – lide

ri – ride rir – rid ridd/ridt – ride

skri – skride skrir – skrid skridd/skridt – skride

svi – svide svir – svid svidd/svidt – svide

gni – gnide gnir – gnid gnidd/gnidt – gnide

skli – sklide sklir – sklid sklidd/sklidt – sklide

stri – stride strir – strid stridd/stridt – stride

vri – vride vrir – vrid vridd/vridt – vride

be – bede ber – bed bedd/bedt – bede

by – byde byr – byd bydd/bydt – bode

dra – drage dreg – [drar] [dradd, dratt] – drege

fly – flyge flyg – flyr – floge

la – late let – [lar] [latt] – late

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!