25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

93

der det er tillati å sløyfe konsonanten i nyno. (S. 58)

Det går fram av Framlegget at 9 medlemmer røysta for sto og stod som jamstilte former

medan 19 ville ha sto som hovudform. Trass i dette vart oppføringa i preteritum

stod/[sto] både i bokmål og nynorsk etter Ny læreboknormal 1959.

Korkje bad, drog eller gav har hatt klammeformer utan konsonant, [sto] har som

nemnt vore det sidan 1938. Bokmålsseksjonen har vedteke å jamstilla bad, drog, gav og

stod med dei tilsvarande preteritumsformene utan konsonant til slutt, og departementet

har i brevet sitt frå 5.12.00 bede nynorskseksjonen om å vurdera det same for nynorsk.

Ei samla referansegruppe stod bak framlegget på møtet i nynorskseksjonen

13.5.02 om å la formene med konsonant til slutt vera eineformer, og seksjonen stødde

samrøystes opp om framlegget.

Talemålsgrunnlag

Det er ikkje vanleg å uttala d-en i bad og stod. På Sør-Austlandet og Sørlandet især blir

drog uttala utan g, men g-lyden er vanleg elles i landet. Ga er den vanlegaste

talemålsforma over heile landet, men gav finst i ein del bygder, til dels skiftande med

ga.

Skriftmålsgrunnlag

I alle dei ti 30-årsforfattarskapane (Vikør 1995) er forma stod skriven med -d. I 50-åra

har Ulstein og Vigerust sto. Den siste vaklar mellom sto/stod, og sto er sporadisk brukt

av to til. Hauge og Vigerust brukte dessutan forma ga. Hjå 70-årsforfattarane har dei -dlause

formene teke seg opp, halvparten bruker her sto, som var sideform på den tida.

Sagen og Solheim gjer det, dei bruker òg forma ga. Den forma nyttar Obrestad òg.

Nynorsk frekvensordbok (1978–84) viser denne fordelinga i bruken: stod 84 %,

gav 81 %, bad 77 % og formene utan sluttkonsonant: sto 16 %, ga 19 %, ba 23 %.

Vurdering

a) Talemålsutbreiinga. Det vanlegaste er former utan sluttkonsonant.

b) Skriftleg bruk. Formene med sluttkonsonant dominerer.

c) Den indre bygnaden. Sluttkonsonanten som ein skriv i preteritum, står gjerne i andre

former av verbet. Det kan vera i langformer i infinitiv (jf. gjeve, bede) eller perfektum

partisipp (gjeve, bede), eller også i kortforma bedt. Dessutan høyrer konsonanten til i

presens partisipp og i nomen agentis-lagingar: givande, givar, bedarlag osv. Dermed

kan ein seia at den "stumme" konsonanten har eit systemgrunnlag. For stod er det ikkje

slik i verbet stå, men så lenge ein også har verbet stande, er det rimeleg at den

likelydande preteritumsforma av stå og stande blir skriven likeins. Eit tilleggsmoment

er at "stum" d er så vanleg i rettskrivinga vår, at det ikkje er noko spesielt framandt over

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!