25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

92

Normhistorikk

Grunnarbeidet med å jamna ut skilnaden mellom bokmål og nynorsk i skrivemåten av

stum d vart gjort til 1917-rettskrivinga. Tilråding om ny rettskrivning 1935 går vidare i

dette utjamningsarbeidet. Det blir peikt på at d mellom vokalar eller i utlyd etter vokal

og diftong er eit vanskeleg punkt.

[…] i mange stutte rotord og verb i infinitiv er det naturleg å stryke d, men i

mange avleidingar og samansetningar er det bruk for han, anten av di han

høyrest i uttalen, eller av di han er nyttig for forståing og samanheng. Snart

å skriva d og snart å stryka han, synest då samanhengslaust og upedagogisk.

(S. 28–29)

Trass i at 1917-rettskrivinga hadde gjort ein del former med -d til hovudformer (breid,

breida, greid osv.), viste formene utan d “stor evne til å hevda seg i bokheimen; dei

tykkjest hava framtida for seg.” (Tilråding, s. 29) Nemnda rådde no til å innføra

eineformer av ein god del ord utan d, mellom anna brei, grei, reiskap. Korkje stod eller

bad vart omtala der, men revisjonsnemnda i 1937 føreslo av “praktiskpedagogiske”

grunnar å stryka d i preteritum sto. Her kunne ein jamføra bøyingsmønsteret stå – sto –

stått med slå – slo – slått. Dette vart likevel ikkje gjennomført i Ny rettskriving 1938,

forma [sto] kom med, men som klammeform.

Framlegg til læreboknormal 1957 peiker på at bad, drog, gav og stod har

skrifttradisjon i begge mål, dei er gamle samformer, både norske og nordiske:

For nyno. er det ikkje lett å gå over til formene ba, ga, dro. Det skulle ikkje

vera noko i vegen for å halda oppe ei fortidsform med d enda om ein i

infinitiv og presens har kortform. Som nemnt kjem konsonanten inn att i

mange avleiingar. Det kan òg nemnast at sv. som kortform til bedja har be,

til giva: ge, til draga: dra, men fortid berre bad, gav, drog. (S. 58)

Framlegget argumenterer vidare med at då bokmål i 1938 fekk dro som jamstilt form

med drog, var det eit brot med tradisjonen i bokmål og førte til ulikskap mellom bokmål

og nynorsk. Det var heller ikkje teke omsyn til at drog er ei utbreidd form i by- og

bygdemåla, og at g-en for nynorsk sin del kjem att i former som dragast, dragande,

dregen.

I 1938 jamstilte bokmål ga med gav, som til dess hadde vore samform i måla.

Nynorsk slo ikkje følgje, ikkje minst av omsynt til at v-en kjem att i andre

bøyingsformer som gjeve, gjev, gjevande, gjeving og tilgjeving, utgjeving osv. Framlegg

(1957) peikte på at dette bokmålsvedtaket var brot på samsvar, ikkje berre med nynorsk,

men òg med svensk og dansk. Derimot meinte nemnda bak læreboknormalen at

det kan vera forsvarleg å stryke d’en i stod for di det no ikkje er d i noko av

måla i infinitiv og partisipp; sto er òg den einaste av desse fortidsformene

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!