25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

9

leggja merke til – kanskje stussa over – desse skrivemåtane. Det kan gjera at skribenten

vel å ikkje bruka nett desse formene i den teksten. Det han då gjer, er å føya seg etter

det ein kallar dei internaliserte (eller operative) normene. Internaliserte normer er eit

sosialt fenomen som ikkje er representert av klårt formulerte reglar. (Poenget med dette

skiljet mellom to normtypar går igjen i mykje normeringslitteratur, men nemningane

skifter ein del. Jamfør Nils Kristian Sundby 1974, Kjell Ivar Vannebo 1980, Ingemund

Gullvåg 1991, Helge Dyvik 1993, Lars S. Vikør 1994 og Endre Brunstad 2000.)

Det er ikkje noko absolutt skilje mellom dei to omgrepa som gjer at ein kan kategorisera

noko som klårt det eine eller det andre. Likevel er dette skiljet mellom fastsette

normer og internaliserte normer viktig for å forstå kva som skjer i den språklege

praksisen, og kva samanheng dei språkpolitiske vedtaka står i. Det ser me best når me

prøver å forstå normene som resultat av ein stadig prosess, som me skal prøva å gje ei

sosiolingvistisk framstilling av nedanfor.

1.2.2 Normdanning som prosess

Internaliserte normer blir oppfatta som kollektive mønster for åtferd. Ordet 'kollektiv'

viser til at me ser for oss normene som noko overindividuelt og noko som samstundes

høyrer til ei sosial eining.

Mønsteret for åtferd kan me sjølvsagt tolka ut frå åtferda. Men når me skal

beskriva dei kollektive mønstra, er ikkje frekvensmåling og statistikk over ytringane og

handlingane dei rette metodane å bruka. Talet på repeterte handlingar verkar nok inn på

kva me oppfattar som mønster, men det avgjer ikkje heilt og fullt kva me oppfattar som

norma. Teoretisk kan ein altså tenkja seg at fleirtalet av handlingar vik av frå norma.

Det er kanskje lettare å sjå dette når me tenkjer oss til kva normene representerer hjå

enkeltindividet, som altså ber, formidlar og praktiserer normene som del av kollektivet.

I den grad normer kan seiast å eksistera, eksisterer dei i enkeltindivida, sjølv om dei

alltid er knytte til den individuelle førestellinga om eit kollektiv. Me kan då

omformulera slik: Normene er ei tru hos individet om kva kollektivet ventar av det.

Normene er då ei kollektiv tru. Normene eksisterer ikkje i seg sjølv i kollektivet, dei

eksisterer i førestellingane og fantasien åt individa.

Normene endrar seg med tida, og dessutan finst det ulike normer i ulike samfunn.

Normene må difor vera produkt av noko anna i ein normdanningsprosess. Normene

(eller førestellingane om forventningar) byggjer individa opp på grunnlag av fleire typar

data frå samfunnet. Som sosiale vesen er me alltid svært observerande og tolkande, for

me er avhengige av aksept i samfunnet. Difor er me svært vare for kva som kan vera

normer, og prøver å justera trua vår om dei kollektive forventningane. Såleis er me med

i ein konstant prosess der me tolkar inndata frå omgjevnadene våre.

Me kan stilla opp nokre ytre faktorar som verkar inn på den individuelle

normdanningsprosessen:

1 Me må nok rekna med at me har ei førestelling om kva som er vanleg. Det vil

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!