25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

89

samsvaret dårlegare, for dei skal ha tostavingsform i presens i nynorsk dersom dei har

langform i infinitiv:

glede – gleder, gle – gler

I dei verba som har ein annan konsonant enn d i den valfrie sluttstavinga, kjem

konsonanten inn att i andre former av ordet, både i preteritum, perfektum partisipp,

presens partisipp og nomen agentis-avleiingar, f.eks. tok, teke, takande, mottakar,

flygar, flygande, havande, innehavar osv.

d) Ordgruppe. Lydforma på desse orda gjev ein peikepinn om særdrag og dvs. om

bøyingsmåte.

e) Som identitetsuttrykk. Langformene i infinitiv har fått funksjon som særdrag for

tradisjonell eller klassisk nynorsk. Dessutan høyrer nokre av langformene heime i

høgtidleg stil.

f) Nytt Her blir ikkje innført noko nytt i norma, anna enn at [bjode] og trede går ut.

Konklusjon

Grunnlaget for langformer er svakt i talemålet til å gje dei rettkomen plass i norma. Men

i skriftmålet er nok bruken stor nok til å forsvara ein plass i norma. Me kan også seia at

(det litt abstrakte) systemsamsvaret med mange dialektar (jf. ovanfor) gjev støtte for at

langformene får ha plass i norma, og ettersom nokre av verba er mykje brukte i

høgtidleg stil i langform, talar det for at typen får halda på den tradisjonelle plassen.

Utlydande -d i preteritumsformene av sterke verb i denne gruppa burde vera

valfritt ut frå systematikken i språket, altså slik at glide går saman med gleid, og gli går

saman med glei. Denne valfridomen gjekk ut med 2000-framlegget, og etter prinsipp I b

i vedtaket frå 13.5.02 skal det ikkje takast opp att til vurdering her.

2.2.4.c Gje(ve) – gi, gange – gå og stande – stå blir sette opp som skilde verb

Status i dag

Gje(ve) og gi er begge godtekne i norma, og dei blir førte opp som variantar av same

verbet.

Infinitivane [gange] og [stande] er sette opp som klammeform av gå og stå.

Framlegg

Desse verbformene skal i nynorskrettskrivinga reknast som ulike verb med separat

oppføring: gje(ve), gi, gange, gå, stande, stå.

Normhistorikk

[Gi] med presensforma [gir] kom inn som ny form i 1917 og vart klammeform til gjeva.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!