25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

88

informantane frå Agder-fylka og 25 % frå Hordaland valde langforma, elles var det

berre få frå vestlandsfylka og frå Buskerud og Telemark som brukte dei. Mykje same

utfallet gav spørsmålet om bruken av by og byde. 88,5 % sa by, 3 % byde

(heimehøyrande i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal), bjode er brukt

av 1 %. 7 % har dessutan nemnt at dei vekslar mellom to eller fleire alternativ. For dei

spurde frå Buskeud, Telemark og Sør-Trøndelag som fører opp byde, er aldri det den

einaste forma, berre eit alternativ attåt by. Infinitivane ta/take vart òg undersøkte. 86,5

% brukte kortforma, 8 % den lange, og 5,5 % oppgav at dei bruker begge. Dei fylka der

langforma var mest representert (med meir enn 20 %), var Telemark, Aust-Agder og

Hordaland.

Skriftmålsgrunnlag

I forfattarskapane frå 1930-åra som Vikør undersøkte, fann han at ni av forfattarane

brukte kortformene, berre Ragnvald Vaage heldt stort sett på langformer. Hjå dei ni

undersøkte 50-årsforfattarane brukte åtte kortformer, her var det Aslaug Høydal som

heldt på langformene (i lata får ho følgje av Heggland). Dei ti forfattarane frå 70-åra

brukte alle kortformene.

Vikør kallar innføringa av kortform i mange av desse verba for ei vellukka reform

(Rettskriving hos nynorskforfattarar 1995).

Vurdering

a) Talemålsutbreiinga. Kortformene dominerer i talemålet, og talemålsgrunnlaget for

langformene er så svakt at det ikkje gjev godt grunnlag for plass i norma.

b) Skriftleg bruk. Langformene i skriftleg bruk står litt sterkare enn i talemålet.

c) Den indre bygnaden. I nynorsk heng langformene saman med presensform utan -r og

kortformene saman med presensformer med -r, altså slik:

glide – glid

gli – glir

Siste bøyinga viser at verbet blir bøygd i presens etter nå-klassen, som altså følgjer ein

regel om at verb som endar på trykktung vokal i infinitiv, får endinga -r. (For gni(de),

skli(de), stri(de) og vri(de) gjeld "nå-bøyinga" òg preteritum, altså gnidde osv., og

dermed kan dei bøyast heilt ut etter nå-klassen.)

I mange dialektar held ein på presens utan -r i desse verba, slik at dei utgjer sin

eigen klasse skild frå nå-klassen. Ein kan formulera det slik at dersom ein har forma gli

i presens, kan ein slutta seg til at ho kan skrivast med d, og at infinitiven kan ha

langform i skriftmålet. Dette er eit litt abstrakt samsvar når det gjeld sjølve formene,

likevel viser det eit visst samsvar i klasseinndeling mellom ein del dialektar og eit

skriftmål med langformer i infinitiv. I dei aktuelle verba som er svake, blir likevel

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!