25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

87

rettearbeid vanskeleg, for ein må først tolka av teksten kva system forfattaren har

intensjon om å bruka. Det enklaste kunne ha vore å godta fri infinitivsending og så

rekna med at dei fleste kjem til å følgja dialektsystemet sitt. (Ei anna endring der ein

sløyfa eit tradisjonelt konsekvenskrav, er alt gjennomført: Ein kan velja mellom verteformer

og bli-former utan krav til noko konsekvent system.) Referansegruppa har

likevel ikkje vilja gå inn for eit system med slik fri infinitivsending fordi det kan føra til

ei endingsblanding utan normtradisjon både i talemål og skriftmål, som t.d. kasta saman

med vere. Difor går me inn for å føra vidare dei tre hovudsystema nynorsken har hatt på

1900-talet. (Dette framlegget vik dermed av frå vedtaket på seksjonsmøtet i mai.)

Mindretalet går imot å tillata kløyvd infinitiv, jf. vedlegg 3.

2.2.4.b Kort- og langformer i infinitiv og utlydande -d i preteritum av sterke verb

(typen gje/gjeve, gni/gnide – gneid)

Status i dag

Nynorsk har i dag kort- og langformer som jamstilte hovudformer i ei lang rekkje verb:

be(de), bla(de), blø(de), by(de), dra(ge), fly(ge), flø(de), fø(de), gjø(de), gla(de), gle(de),

gli(de), glø(de), gni(de), grø(de), ha(ve), kle(de), kvi(de), la(de), la(te), li(de), lø(de),

ri(de), rå(de), ska(de), skri(de), spa(de), sva(de), ste(de), træ(de), svi(de), skli(de),

stri(de), ta(ke), tre(de), va(de), vri(de).

Framlegg

Nynorskrettskrivinga held på valfridomen mellom kort- og langformer i infinitiv som

gjeld i dag, med unntak av trede og [bjode] som går ut i samsvar med 2000-framlegget

(jf. pkt. 3.2.4.i og 3.2.4.j).

Normhistorikk

Matias Skard fører opp valfrie infinitivsformer av t.d. ha og hava, gli og glida, gle og

gleda i Nynorsk ordbok frå 1924. Elles kom kortformer som [dra], [la] og [ta] inn som

klammeformer med 1917-rettskrivinga. Tilråding om ny rettskrivning 1935 peikte på at

sidan bokmål hadde gjennomført kortformene ha og ta, måtte også nynorsk kunna gjera

det i aktiv, og tilrådinga føreslo “å gjera dei stutte infinitivsformene av verb som be(da),

bla(da), fø(da) obligatoriske, til liks med substantiv som (ein) bre(de).” Tilrådinga

føreslo vidare at kortformene av t.d. draga og lata (når lata blir brukt som hjelpeverb)

skulle bli obligatoriske. Men 1938-rettskrivinga gjekk inn for valfridom i kort- og

langformer i infinitiv av verb som dra(ga), la(ta), ta(ka).

2000-framlegget føreslo å fjerna formene [bjode] og trede.

Talemålsgrunnlag

I TALE99 vart informantane spurde om dei ville seia gli eller glide. 87 % stilte seg bak

kortforma, 7 % valde glide og 3,5 % hevda at dei brukte begge formene. 33 % av

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!