25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

86

På grunn av at kløyvd infinitiv berre er ein rest av eit eldre system, har ein del

verb gått over frå a-ending til den vanlege e-endinga i somme dialektar (eller den

endingslause forma i trøndersk). (Jamfør at trøndersk har lik behandling av å tæL og å

kast, medan å telja høyrer til verba med a-ending etter den kløyvde infinitiven.)

I andre dialektar har somme verb gått over til å få a-ending, f.eks. heiter det

mangstad på Austlandet å finja, drekka og kunja (å finne, drikke, kunne). Berre kunna

av desse er kome inn i listene over verb med -a innanfor kløyvd infinitiv. (Dei modale

hjelpeverba skulla og vilja hadde såkalla kort staving i norrønt og hadde såleis "historisk

rett" på plass der.)

Slike overgangar til -a og til -e er det som rettskrivinga i dag har opna for ved at

ein i nynorsk kan bruka endingane i samsvar med dialekten sin så lenge ein har eit

system med kløyvd infinitiv – og det vil seia at ein i hovudsak har ei fordeling som i dei

nemnde listene.

Det systemet nynorsken har for kløyvd infinitiv nærmar seg altså eit fritt val av -e

og -a, men dette valet gjeld ikkje heilt ut. Avgrensingane i det, som er beskrivne

ovanfor, kan framstillast i ein tabell der me viser fem typar for tillaten fordeling av

infinitivsendingar (= I, II, III, IV og VI) saman med ein som ikkje er tillaten (= V). Det

siste er systemet med endingsblanding (= V), som det ikkje er dialektgrunnlag for.

Verb med

ny ending

Verb på lista for a-

ending

I. E-infinitiv kaste finne telje vere

II. Kløyvd infinitiv – godkjend i nynorsk kaste finne telje vera

III. Kløyvd infinitiv – godkjend i nynorsk kaste finne telja vera

IV. Kløyvd infinitiv – godkjend i nynorsk kaste finna telja vera

V. Endingsblanding – ikkje godkjend i nynorsk *kaste *finna *telja *vere

VI. A-infinitiv kasta finna telja vera

e) Som identitetsuttrykk. Valet av infinitivsending markerer nokså tydeleg regional

identitet. Jamvel om somme frå kløyvd infinitivsområde bruker -e-infinitiv i skriftleg

nynorsk, er det likevel mange som legg stor vekt på å bruka den dialektnære kløyvde

infinitiven.

f) Nytt Framlegget vil ikkje føra til at nokon treng endra språkvanane sine. Men kløyvd

infinitiv kan få større bruksområde. Dessutan vil ikkje krav om konsekvens vera noko

krav for å skriva rett.

Konklusjon

Både utbreiing i tale og skrift og funksjonen som identitetsmarkør talar for at alle dei tre

endingssystema må med i den nye norma.

Systemet for tillaten bruk av kløyvd infinitiv er nokså innvikla, og det gjer

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!