25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

85

Bergen, Ytre Sogn, Sunn- og Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal og mest heile Troms og

Finnmark. Ein god del folk i byane bruker dessutan e-infinitiv etter påverknad frå

skriftspråket, i strid med den opphavlege dialekten på staden. Nokre bygder i Nord-

Noreg, Lofoten, Salten, har inga ending i infinitiv.

Skriftmålsgrunnlag

Vikør peiker på (Vikør 1995) at infinitivsending på -a var den mest dominerande

endinga i nynorsk i 30-åra, og at det difor er overraskande at berre to av dei ti

forfattarskapane han har undersøkt, bruker a-infinitiv. “Her kan vi sjå kor urepresentativ

ei slik forfattargruppe kan vere for heile språkbrukargruppa,” skriv Vikør. Han trur det

er talemålsomsynet som er årsak til at e-endinga står så sterkt, sidan -e-infinitiv først

kom inn med 1917-rettskrivinga, og desse ti forfattarane på andre måtar skriv nokså

tradisjonelt. Fem av dei bruker -e-infinitiv, tre kløyvd infinitiv. Etter 1938 var -einfinitiv

klammeform, og kløyvd infinitiv jamstilt hovudform. Fire undersøkte 50-

årsforfattarar nytta då -a-infinitiv, to brukte den kløyvde forma, og tre gjorde seg nytte

av -e-infinitiven. (Nokre av 50-årsforfattarane gav ut bøkene sine etter at den nye

læreboknormalen var komen.)

Etter 1959-normalen har -a- og -e-infinitiv vore hovudformer. Fire av 70-

årsforfattarane valde -e: Edvard Hoem og Rolf Sagen, som har det i talemålet, og

Ragnar Hovland og Tor Obrestad, som har -a i talemålet. Dei andre følgjer talemålet

sitt: Fløgstad, Heie og Solheim med -a, og Brodal og Forfang med kløyvd infinitiv som

då var vorten klammeform. Vikør peiker på at alle infinitivtypane er endå meir likeleg

fordelte enn før.

På grunnlag av Nynorsk frekvensordbok er det mogleg å berekna at i materialet frå

kring 1980 var e-infinitiv gjennomført i 53,1 % av tekstane, a-infinitiv i 30,1 % og

kløyvd infinitiv i 16,8 % (Sandøy 1999:215).

Vurdering

a) Talemålsutbreiinga. Talemålsgrunnlaget er nokså stort for alle dei tre

endingssystema.

b) Skriftleg bruk. Det er godt grunnlag for alle tre systema.

c) Den indre bygnaden. Kløyvd infinitiv er ikkje noko levande system i den forstand at

ein ut frå stavingslengda i moderne norsk kan slutta kva endinga skal vera. (Slik er det

framleis berre i Midt- og Nord-Gudbrandsdalen.) Det gjer at alle nye verb som kjem inn

i såkalla jamvektsdialektar, får -e-infinitiv. At ein del verb har endinga -a, er såleis ein

rest frå eit tidlegare fungerande system. Dei listene eller markeringane som ordlistene

har over verb med a-ending etter kløyvd infinitiv, byggjer nesten heilt ut på kva ord

som hadde kort rotstaving i norrønt.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!