25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

84

sterkare igjennom i linne hokjønnsord enn i infinitiv. (Også m.o.t. jamvektmål

er det elles brot på denne systematiske samanhengen; kløyvd inf. er

mykje brukt i skriftmålet utan at det har fått, eller kunne få, konsekvensar

for linne hokjønnsord.)

Men også e-infinitiv er mykje brukt i nynorsk skriftmål, trass i at

forma ikkje er godkjend i lærebøker. Ved rettskrivingsdrøftingane som

gjekk føre 1938-rettskrivinga, var det sterkt på tale å gjennomføre kløyvd

inf. som einaste lærebokform i nynorsk (samstundes som bm. også gav rom

for denne forma). Men for di dei praktiske vanskane med ei slik delt

inf.ending var store, vart ikkje dette gjort. Også etter 1938 har det vist seg at

få lærebøker har nytta kløyvd infinitiv, og i lesebøkene har kløyvd inf. i

originallitteraturen i stor mon vorti overførd til a-infinitiv.

Læreboknormalen 1959 gjennomførte difor a- eller e-infinitiv som lærebok-/hovudformer,

og kløyvd infinitiv vart gjord til klammeform.

Dette kan oppsummerast slik:

Aasen -a

1901 -a/[kløyvd inf.]

1917(-19) -a/-e/[kløyvd inf.]

1938 -a/kløyvd inf./[-e]

1959 -a/-e/[kløyvd inf.]

Framlegg

2000

Talemålsgrunnlag

I målføra er kløyvd infinitiv nytta over

heile Austlandet (så nær som i ein

liten del av Østfold og Vestfold),

Telemark (bortsett frå den sørvestre

delen), Nordmøre og Trøndelag, og

dessutan Målselv og Bardu i Troms.

A-infinitiv er brukt i storparten av

Vest-Agder, i Rogaland, Hordaland

og Sogn (bortett frå den ytre delen)

og i bygder på Helgeland. E-infinitiv

er brukt i den sørlegaste delen av

Østfold, i Larvik og i den søre og

sørvestre delen av Telemark, vidare i

Aust-Agder og delar av Vest-Agder,

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!