25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

83

2.2.4 Verb

2.2.4.a Infinitivsending på -a eller -e eller kløyvd infinitiv

Status i dag

I nynorsk i dag er a-infinitiv og e-infinitiv valfrie innanfor læreboknormalen, og kløyvd

infinitiv er klammeform.

Framlegg

Innanfor nynorskrettskrivinga skal ein kunna bruka e-infinitiv, a-infinitiv eller kløyvd

infinitiv. Bruker ein kløyvd infinitiv, kan endinga -a brukast i dei verba som er markerte

eller lista opp spesielt i ordlistene, eller ein kan følgja dialekten sin.

Normhistorikk

Midlandsnormalen fekk ein slag klammeformstatus i 1901, og dermed fekk kløyvd

infinitiv det òg som del av den normalen (Framlegg til læreboknormal 1957).

Grunnregelen for kløyvd infinitiv er at verb med opphavleg kort rotstaving endar på -a,

og verb med opphavleg lang rotstaving har endinga -e. 1917-rettskrivinga inneheldt

eigentleg berre -a og -e i infinitiv, men eit rundskriv i 1919 kunngjorde at kløyvd

infinitiv skulle vera tillaten i skriftlege elevarbeid (Jahr 1992). 1938-rettskrivinga førte

med seg jamstilling for a-infinitiv og kløyvd infinitiv, og Ny rettskriving 1938 legg til:

“[I skriftlege arbeid i skulen kan og nyttast inf. på -e i alle verb: fare, kaste.]”.

Framlegg til læreboknormal 1957 seier:

Meir enn halve folket bruker kløyvd infinitiv, men for den praktiske

gjennomføringa i skriftmålet spelar det ei rolle at målføra viser mange avvik

frå hovudregelen, og såleis er innbyrdes ulike i detaljane. […] Resten av

folket gjennomfører same ending i inf. utan omsyn til om verbet er

opphavleg langstava eller kortstava. Her har då e-inf. (kaste, lese) eit større

folketal bak seg enn a-inf. (kasta, lesa). For dei som inga ending har (å kast,

å les), skulle det reint systematisk vera det same anten skriftmålet

gjennomfører inf. på -a el på -e; i praksis fører vel likevel

bokmåltradisjonen med seg at det kjennest mest naturleg med -e.

Den systematiske samanhengen mellom målføra og det nynorske

skriftmålet har vorti veikare enn før på dette punktet i og med at dei fleste

målføra anten har typen ei klokka/veka – å kasta/lesa (a-mål), eller ei

klokke/veke – å kaste/lese (e-mål), eller òg fylgjer jamvekt-regelen både i

linne hokjønnsord og i infinitiv. Det skulle difor vera rimeleg at skriftmålet

gjennomførde inf. av typen kaste/lese parallelt med ei klokke/veke. Men her

spelar skrifttradisjonen inn, og i det nynorske skriftmålet er det eit faktum at

desse kategoriane ikkje har fylgst åt. E-ending har slege tidlegare og

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!