Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

82 noken i hankjønn. Ifølgje Wetås (Wetås 2001a) har forma nokon i fleirtal vorte nokså utbreidd i nynorsk skriftmål der nynorsken krev nokre. Det kjem nok dels av at språkbrukarane manglar skiljet nokon – nokre i talemålet sitt, og dels av at dei i talemålet har forma noen, som ikkje har noko slikt semantisk skilje som vist ovanfor. Frekvensane som Nynorsk frekvensordbok viser frå materiale kring 1980, er slik: Pronomenet nokon med formvariantar er brukt i 98,7 %, noen/noe 1,3 %. I hokjønn av nokon er noka brukt i 83 % og [nokor] 17 %. Vurdering a) Talemålsutbreiinga. Talemålet gjev grunnlag for begge formene. b) Skriftleg bruk. Grunnlaget for noen er dårleg i skriftleg nynorsk. c) Den indre bygnaden. Dei to alternative pronomena har ulik struktur ved at dei viser ulike motsetningar. Nokon har tre genusformer i eintal, og eit svært spesielt innhaldsskilje i fleirtal (som omtala ovanfor). Dette er opplagt mykje meir innvikla enn det systemet svært mange nynorskbrukarar har i talemålsgrunnlaget sitt. Systemet med noen har berre skilt ut éi inkjekjønnsform. e) Som identitetsuttrykk. Pronomenet nokon har den mest nøytrale statusen i nynorsk, mens noen fungerer som ei sterk markering av det moderne, kanskje òg det urbane. Forma nokor markerer tydeleg det tradisjonelle. f) Nytt Framlegget stryk ei av hokjønnsformene or norma. (Jf. pkt. 3.2.3.d.) Konklusjon Skriftmålsfrekvensen for noen er så låg at han ikkje gjev argument for plass i norma. Men talemålsgrunnlaget er nokså sterkt for denne forma. Dessutan har dette pronomenet ein tydeleg funksjon som identitetsmarkør, som kan vera viktig pga. at det er nokså frekvent i tekstar. Ein 'urban nynorsk' blir vanskelegare å skriva utan dette pronomenet. Dessutan må det takast med at pronomenet nokon har formdistinksjonar som viser seg å vera vanskelege å praktisera for mange nynorskbrukarar. For mange vil noen opplagt vera lettare å bruka. Alternativet med å endra formdistinksjonane for nokon (t.d. til nokon – nokon – noko – nokon) vil truleg verke forvirrande, for det tradisjonelle systemet (nokon – noka – noko – nokre) må uansett også vera ein del av nynorsknorma. Mindretalsframlegget frå 13.5.02 vil her ta ut formene noen og noe.

83 2.2.4 Verb 2.2.4.a Infinitivsending på -a eller -e eller kløyvd infinitiv Status i dag I nynorsk i dag er a-infinitiv og e-infinitiv valfrie innanfor læreboknormalen, og kløyvd infinitiv er klammeform. Framlegg Innanfor nynorskrettskrivinga skal ein kunna bruka e-infinitiv, a-infinitiv eller kløyvd infinitiv. Bruker ein kløyvd infinitiv, kan endinga -a brukast i dei verba som er markerte eller lista opp spesielt i ordlistene, eller ein kan følgja dialekten sin. Normhistorikk Midlandsnormalen fekk ein slag klammeformstatus i 1901, og dermed fekk kløyvd infinitiv det òg som del av den normalen (Framlegg til læreboknormal 1957). Grunnregelen for kløyvd infinitiv er at verb med opphavleg kort rotstaving endar på -a, og verb med opphavleg lang rotstaving har endinga -e. 1917-rettskrivinga inneheldt eigentleg berre -a og -e i infinitiv, men eit rundskriv i 1919 kunngjorde at kløyvd infinitiv skulle vera tillaten i skriftlege elevarbeid (Jahr 1992). 1938-rettskrivinga førte med seg jamstilling for a-infinitiv og kløyvd infinitiv, og Ny rettskriving 1938 legg til: “[I skriftlege arbeid i skulen kan og nyttast inf. på -e i alle verb: fare, kaste.]”. Framlegg til læreboknormal 1957 seier: Meir enn halve folket bruker kløyvd infinitiv, men for den praktiske gjennomføringa i skriftmålet spelar det ei rolle at målføra viser mange avvik frå hovudregelen, og såleis er innbyrdes ulike i detaljane. […] Resten av folket gjennomfører same ending i inf. utan omsyn til om verbet er opphavleg langstava eller kortstava. Her har då e-inf. (kaste, lese) eit større folketal bak seg enn a-inf. (kasta, lesa). For dei som inga ending har (å kast, å les), skulle det reint systematisk vera det same anten skriftmålet gjennomfører inf. på -a el på -e; i praksis fører vel likevel bokmåltradisjonen med seg at det kjennest mest naturleg med -e. Den systematiske samanhengen mellom målføra og det nynorske skriftmålet har vorti veikare enn før på dette punktet i og med at dei fleste målføra anten har typen ei klokka/veka – å kasta/lesa (a-mål), eller ei klokke/veke – å kaste/lese (e-mål), eller òg fylgjer jamvekt-regelen både i linne hokjønnsord og i infinitiv. Det skulle difor vera rimeleg at skriftmålet gjennomførde inf. av typen kaste/lese parallelt med ei klokke/veke. Men her spelar skrifttradisjonen inn, og i det nynorske skriftmålet er det eit faktum at desse kategoriane ikkje har fylgst åt. E-ending har slege tidlegare og

82

noken i hankjønn.

Ifølgje Wetås (Wetås 2001a) har forma nokon i fleirtal vorte nokså utbreidd i

nynorsk skriftmål der nynorsken krev nokre. Det kjem nok dels av at språkbrukarane

manglar skiljet nokon – nokre i talemålet sitt, og dels av at dei i talemålet har forma

noen, som ikkje har noko slikt semantisk skilje som vist ovanfor.

Frekvensane som Nynorsk frekvensordbok viser frå materiale kring 1980, er slik:

Pronomenet nokon med formvariantar er brukt i 98,7 %, noen/noe 1,3 %. I hokjønn av

nokon er noka brukt i 83 % og [nokor] 17 %.

Vurdering

a) Talemålsutbreiinga. Talemålet gjev grunnlag for begge formene.

b) Skriftleg bruk. Grunnlaget for noen er dårleg i skriftleg nynorsk.

c) Den indre bygnaden. Dei to alternative pronomena har ulik struktur ved at dei viser

ulike motsetningar. Nokon har tre genusformer i eintal, og eit svært spesielt innhaldsskilje

i fleirtal (som omtala ovanfor). Dette er opplagt mykje meir innvikla enn det

systemet svært mange nynorskbrukarar har i talemålsgrunnlaget sitt. Systemet med noen

har berre skilt ut éi inkjekjønnsform.

e) Som identitetsuttrykk. Pronomenet nokon har den mest nøytrale statusen i nynorsk,

mens noen fungerer som ei sterk markering av det moderne, kanskje òg det urbane.

Forma nokor markerer tydeleg det tradisjonelle.

f) Nytt Framlegget stryk ei av hokjønnsformene or norma. (Jf. pkt. 3.2.3.d.)

Konklusjon

Skriftmålsfrekvensen for noen er så låg at han ikkje gjev argument for plass i norma.

Men talemålsgrunnlaget er nokså sterkt for denne forma. Dessutan har dette pronomenet

ein tydeleg funksjon som identitetsmarkør, som kan vera viktig pga. at det er nokså

frekvent i tekstar. Ein 'urban nynorsk' blir vanskelegare å skriva utan dette pronomenet.

Dessutan må det takast med at pronomenet nokon har formdistinksjonar som viser

seg å vera vanskelege å praktisera for mange nynorskbrukarar. For mange vil noen

opplagt vera lettare å bruka. Alternativet med å endra formdistinksjonane for nokon (t.d.

til nokon – nokon – noko – nokon) vil truleg verke forvirrande, for det tradisjonelle

systemet (nokon – noka – noko – nokre) må uansett også vera ein del av nynorsknorma.

Mindretalsframlegget frå 13.5.02 vil her ta ut formene noen og noe.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!