25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

81

kk finst ved sida). I Trøndelag er former utan k eller g det vanlege, unnateke somme

stader i inkjekjønn og fleirtal. I Nord-Noreg blir forma nån brukt i skifte med former

som har g eller k.

nugun/någå/någen: Former med g finst i Nord-Gudbrandsdalen. I indre bygder av

Agder, i Rogaland sørfrå opp til midt i Ryfylke finst òg g-former i samanheng med den

allmenne overgangen frå k til g etter vokal. – I fleirtal er g noko meir utbreidd enn i

eintal.

nok(k)en/nok(k)on: Slike former er i bruk i Valdres (- Begnadalen), til dels i Ådal,

Hallingdal med Eggedal og Sigdal, Numedal nord for Flesberg, i Øvre Telemark, i ein

del indre bygder i Agder. I Rogaland er formene med k i bruk frå midt i Ryfylke der dei

“harde” konsonantane byrjar, og former med k er så i bruk i bymål og bygdemål

oppover heile Vestlandet til og med Romsdal. I Trøndelag ser det ut til at k-former berre

finst i inkjekjønn. I Nordland er k(k) vanleg, men former utan konsonant eller med g

finst i fleire bygder. Det same skal visst gjelda for Troms og Finnmark.

Fleirtalspronomenet nokre skal brukast når talaren har visse personar, dyr eller

ting i tankane, medan ein elles bruker nokon (jf. Hellevik 1971:80). På den måten får dei

to setningane i kvart par nedanfor ulikt innhald:

I a

I b

Kom det nokre målkvinner på møtet i går

Kom det nokon målkvinner på møtet i går

II a Kjem det nokre turistar frå Tyskland i dag, kan du opplysa om ekstraturen i

morgon.

II b Kjem det nokon turistar frå Tyskland i dag, kan du opplysa om ekstraturen i

morgon.

I setning I a og II a siktar den som spør, til visse målkvinner og turistar som han har i

tankane. I I b og II b er det heilt ope om det finst aktuelle målkvinner og turistar, dvs. at

spørsmål I a går like mykje på om det faktisk kom nokon som var målkvinne. Og

vilkåret i II b gjeld såleis om det i det heile teke kjem turistar frå Tyskland.

Dette skiljet er nok lite gjennomført i dialektane no, og på Vestlandet ser forma

nokon ut til å vera den vanlege fleirtalsforma i begge tydingane.

Skriftmålsgrunnlag

I forfattarskapane frå 30-åra fanst dette pronomenet i mange variantar; attåt noeformene

også døme som noke og noken. Slutninga Vikør trekkjer, er at eit relativt

einskapleg tradisjonelt mønster (nokon, noka, noko, nokre) held seg hjå om lag

halvparten av dei ti, medan dei andre finn ulike tilpassingar til skiftingane i talemålet.

Dei ni forfattarane frå 50-åra er ikkje representerte med anna enn hovudformene, og

hovudvekta ligg òg på dei tradisjonelle formene hjå 70-årsforfattarane. Her har berre éin

av dei ti valt bøyingsformene av noen (Øivind H. Solheim), og Rolf Sagen har brukt

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!