25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

80

pronomena likt.

2.2.3.d nokon/noen

Status i dag

I rettskrivinga i dag er formene

nokon – noka – noko – nokre hovudformer, og som klammeformer finst

[noen – noen – noe – noen] og hokjønnsforma [nokor].

I fleirtal kan ein også bruka nokon når pronomenet ikkje viser til nokon talaren ikkje

veit om (jf. nærare omtale nedanfor).

Framlegg

Dei noverande hovudformene i læreboknormalen, nokon – noka – noko – nokre, og dei

noverande sideformene [noen – noen – noe – noen] blir jamstilte former i rettskrivinga.

Hokjønnsforma [nokor] går ut av rettskrivinga, jf pkt 3.2.3.d.

Normhistorikk

Det ubundne pronomenet nokon – noka/nokor – noko – nokre var eineform fram til

1938. Tilrådinga frå 1935 gjorde då framlegg om å innføra denne valfridomen:

nokon/noen – noka/nokor – noko/noe – nokre/noen. Grunngjevinga for dei k-lause

formene var at dei hadde sterk støtte i “de vikske, opplandske og trøndske bygdemål,

foruten i de fleste bymål” (s. 47). Desse nye formene (+ hokjønnsforma noa) fekk

klammeformstatus i Ny rettskriving 38, som dei har hatt det til i dag. Etter 1959-normalen

gjekk hokjønnsforma noa ut, og bøyingsmønsteret vart [noen – noen – noe – noen].

Bøyinga av tradisjonsformene (med k) vart endra slik at hokjønnsforma [nokor] vart

klammeform. I tillegg skulle nokon også kunna brukast i fleirtal (særleg i spørsmål og

nekting, jf. omtalen under Talemålsgrunnlag).

Talemålsgrunnlag

Kort oppsummert kan talemålsgrunnlaget skisserast slik: Nokon er brukt på Vestlandet

og dels i Nord-Noreg og på Austlandet. Noen finn me på Austlandet og i Trøndelag,

dels i Nord-Noreg. Noka (f.) finst brukt både på Vestlandet og i Nord-Noreg, nokor på

Vestlandet og Austlandet. Elles finst i Trøndelag og i Nord-Noreg inkjekjønnsforma

nåkka ofte saman med forma noen elles.

Me tek med ein del av oversikta som Framlegg til læreboknormal 1957 har om

utbreiinga av nokon/noen:

no(e)n/nån/nåen: Formene utan konsonant (no(e)n) er vanlege på Austlandet

utanom midlandsk. I Aust-Agder har bymål slike former, i bygdene møtest former med

og utan k i Gjerstad og Vegårdshei, men langs kysten blir formene utan k brukte.

Konsonanten manglar òg i byane og kystbygdene i Vest-Agder. Nokre bygder i

Romsdal og på Nordmøre har gjeve opp former utan midtkonsonant (men former med

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!