25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

8

rammene for utgreiingsarbeidet, for å greia ut fullstendige alternative løysingar ville

vera ei umogleg oppgåve. Dei to seksjonsmøta i 2002 gav gruppa avgrensa mandat, og

denne utgreiinga prøver å gje ei fagleg framstilling av kvart av dei aktuelle punkta som

gjeld valfridom som skal gå inn i ei eventuell ny norm (kapittel 2), og valfridom som

eventuelt vil gå ut or norma (kapittel 3). For kvart punkt legg me òg fram ei vurdering

med utgangspunkt i dei allmenne retningslinjene for normeringsarbeidet. Kapittel 4 skal

visa i kortform kva følgjene av normframlegget blir. Kapittel 5 er eit samandrag av

framlegga i kapitla 2 og 3 med essensen i grunngjevingane, men utan dei faglege

drøftingane.

I referansegruppa har me ikkje hatt avrøystingar. Når nemninga ”mindretal” blir

brukt i utgreiinga, viser det til mindretalet på seksjonsmøtet 13.5.02.

Ei utgreiingsgruppe kunne sjølvsagt ha ynskt seg betre tid for å arbeida

grundigare. Alle spørsmåla kunne undersøkjast nærare, og ein kunne ha beskrive og

drøfta dei endå meir detaljert enn det som er gjort her. Å laga nye undersøkingar kunne

ikkje bli aktuelt, for slikt tek svært lang tid. Difor har me måtta ty til det som alt er

tilgjengeleg. Oppgåva vår har vore å henta fram – innanfor den tidsramma me hadde til

rådvelde – dei tilgjengelege opplysningane som me meiner er viktige for å kunna ta

avgjerd, og å setja dei inn i ei framstilling for seksjonen.

Jan Terje Faarlund melde i mai ifrå om at han trekte seg ut or referansegruppa

fordi han såg det slik at seksjonsvedtaket braut med den kursen han meinte Språkrådet

staka opp for normeringsarbeidet i 1997: å få ned talet på valfrie former i

læreboknormalen. Styret oppnemnde så i september i staden hans Åsmund Forfang.

Utanom den opphavlege skrivegruppa har også dei andre skrive noko tekst til

utgreiinga. Alle har levert materiale, vore med i drøftingane, skrive merknader til

mellombels versjonar og lese korrektur på den endelege versjonen. Runnestø og Sandøy

har hatt ansvaret for sluttredaksjonen.

1.2 Normomgrepet

1.2.1 Fastsett og internalisert norm

Det me skal føreslå i denne utgreiinga, er ei offisiell skriftnorm. Det er eit regelsett for

korleis ein skal skriva nynorsk. Eit slikt regelsett som er føreskrive i klårt formulerte

reglar som ein kan visa til, blir kalla ei fastsett (eller preskriptiv/føreskriven) norm. I

mange samanhengar finst det definerte sanksjonar for å bryta slike normer. Normer som

Språkrådet har vedteke, blir oftast nemnde som døme på slike normer, men

preskripsjonar finst også i svært mange aviser og forlag, og dessutan som "husnormer" i

departement og fylkesadministrasjon.

Sjølv om den fastsette norma tillet visse former, er det ikkje opplagt at ein

skribent tek dei i bruk. Skribentar som skriv ei visa, soli, noen, mye, so, gaid osv., vil

nok gjerne ha ei kjensle av eller eit medvit om at i alle fall ein del lesarar kjem til å

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!